Bolivia: Pressefridommens gode eksempel — eller sjølvsensurens land?

Bolivia er det landet utom Europa med den friaste pressa. Friare enn den danske og amerikanske pressa. I alle fall om ein skal tru pressefridomsorganisasjonen Reportere Uten Grenser.

På to år har Bolivia avansert sek­sti plas­sar på indek­sen over presse­fridom den Paris-baserte organ­isas­jo­nen Reportere Uten Grenser kjem ut med kvart år. Det einaste ikkje-europeiske lan­det som kan måla seg med Bolivia, er Cana­da. Saman del­er desse ein 16. plass med Auster­rike på indek­sen. Land som Dan­mark, Tysk­land, Frankrike og USA ligg bak Bolivia.

Denne posisjo­nen har alt­så det søramerikanske u‑landet trass i at det med sine nærare 200 statskupp­forsøk top­par kup­p­sta­tis­tikken på verds­ba­sis. Likev­el har dei siste 25 åra vore pre­ga av ein demokra­tis­er­ing­spros­ess i Bolivia, og med det føl­gjer presse­fridom. Det kan sjå slik ut, i alle fall.

2006 Press Freedom Index


Presse­fridom­sin­dek­sen plass 1–53 (illus­tr­ert gjengiving)

Mot­stri­dande rapportar
Reportere Uten Grenser sin årlege indeks blir laga ved at eit spør­jeskje­ma med 50 spørsmål om presse­fridom blir sendt rundt til 130 kor­re­spon­den­tar som rep­re­sen­ter­er 14 ulike part­naror­gan­isas­jonar til Reportere Uten Grenser. Skje­maet blir også sendt til jour­nal­is­tar, advokatar, forskarar og men­neskerettigheit­sak­tivis­tar, og spørsmåla går i hov­ud­sak på kor mange jour­nal­is­tar som er blitt drep­ne, tru­ga, fengsla og lik­nande i dei ulike lan­da. Gjen­nom analy­ser­ing av svara får lan­da eit tal som indik­er­er større presse­fridom di lågare talet er (sjå tabell). Svara er basert på tilhø­va frå 1. sep­tem­ber eitt år til 1. sep­tem­ber neste år.

— I Bolivia var det nesten ingen aggresjon over­for pres­sa i denne peri­o­den det siste året, seier Benoit Hervieu, ans­var­leg for den amerikanske desken i Reportere Uten Grenser.

Men sam­tidig som det i denne indek­sen ser lyst ut for presse­fridom­men i Bolivia, teik­nar fleire andre presse­fridom-organ­isas­jonar eit anna bilete. Mange av desse mein­er Evo Morales, fork­jem­paren for urfolket i lan­det som vann pres­i­dent­valet i feb­ru­ar i år, har ført ein poli­tikk som tru­gar meir enn frem­jar den boli­vianske pressefridommen.

Evo Morales (foto: Alain Bachellier)


Bolivias pres­i­dent Evo Morales under et besøk i Frankrike i mai 2006 (foto: Alain Bachel­li­er. Bildet er pub­lis­ert med en Cre­ative Com­mons-lisens.)

Flori­da-baserte Inter Amer­i­can Press Asso­ci­a­tion er i ein rap­port frå 2006 om utviklin­ga for den boli­vianske presse­fridom­men klare i sitt syn på Morales, som med pla­nar om å nasjon­alis­era Bolivias olje- og gassførekom­star tok pres­i­dent­posten til stor fortvil­ing for mel­lom andre USA: “Still­inga teken av hans admin­is­trasjon over­for den boli­vianske pres­sa har ført til eit kli­ma med ope fiend­skap og aukande spenning.” 

Rådg­je­var ved den boli­vianske ambas­saden i Storbri­tan­nia, Pablo Ossio, mein­er rap­porten teik­nar eit skeivt bilete.

— Om lag 80 pros­ent av pres­sa i Bolivia er pri­vateigd, og sidan eigarane stort sett er vel­ståande, er dei neg­a­tive til Morales. Dei ser etter alle teikn på at han avgren­sar presse­fridom­men, så då trur dei han gjer det. Dessu­tan er mange av desse media medlem­mar av Inter Amer­i­can Press Asso­ci­a­tion (IAPA).

I alt tolv boli­vianske medie er medlem­mar av IAPA, vis­er tal frå organ­isas­jo­nen sjølv. Ossio grun­ng­jev sitt syn­spunkt om ei fri boli­vian­sk presse med dei skrivne lovene. — Den boli­vianske kon­sti­tusjo­nen garan­ter­er for stor presse­fridom i lan­det, seier han.

Ossio vis­er til at artikkel 7 i kon­sti­tusjo­nen har gjeve jour­nal­is­tar ytringfridom sidan 1967, og at det også har kome ord­ningar dei seinare åra som er frem­jande for presse­fridom­men. I 2004 kom det til dømes ein forord­ning som opna for utvid­ing av lokalra­dionettver­ket, noko som er svært vik­tig i eit land der nesten ein femdel av folket er anal­fa­betar. Og i 2005 kom infor­masjon­slo­va, som slår fast at offentlege ten­este­menn er pålagde å svara på hen­vendin­gar frå pres­sa innan 15 dagar. Dessu­tan stop­pa Morales eit fram­legg frå sitt eige par­ti, “Movimien­to al Social­is­mo” (“Rørsla for sosial­isme”) om ei lov som skulle kon­trollera jour­nal­is­tar, og som ville vera meir restrik­tiv over­for presse­fridom­men, påpeik­er Hervieu i Reportere Utan Grenser:

— Evo Morales ville ikkje ei gong debat­tera denne lova, seier han

Ossio mein­er dette er eit uttrykk for den posisjo­nen pres­sa har i Bolivia.

— Fram­legget gjekk ikkje gjen­nom for pres­sa har for stor makt.

Fridom­sav­gren­sande lover og sjølvsensur
På den andre sida er det også ein del lover mange vil opp­fat­ta som avgren­sande for presse­fridom­men. Jour­nal­is­tisk verk­semd kan berre utførast av per­son­ar med uni­ver­sitets­grad i jour­nal­is­tikk, og straf­felo­va har ein para­graf om at ærekrenkingar av offentlege ten­este­menn frå jour­nal­is­tisk hald kan føra til inntil to års fengsel, eller tre år om det er tale om pres­i­den­ten. Brot på kon­sti­tusjo­nen eller bor­garane sine ret­tigheit­er blir ført for ein presse­dom­stol med 40 personar.

Likev­el er ingen nokon gong dømte av denne dom­stolen, og berre to sak­er har vore oppe for den. Her­nan Alber­ro, utdan­na jour­nal­ist med mas­ter i poli­tikk og pro­gramdi­rek­tør i Argenti­na-baserte Cen­ter for the Open­ing and Devel­op­ment of Latin Amer­i­ca, skriv årlege forsk­ingsrap­por­tar om saman­hen­gen mel­lom økonomisk fridom og presse­fridom i Latin-Ameri­ka. Han mein­er det at få sak­er er oppe for dom­stolen ikkje kan takast som eit ein­ty­dig teikn på høg grad av presse­fridom, noko han trur kan vera ein av grun­nane til den høge plasseringa til Bolivia på Reportere Uten Grenser sin indeks.

— Reportere Uten Grenser kan seia at når få blir prøvde for ret­ten, gjer det ikkje noko, men at lover som avgren­sar presse­fridom­men er der, kan jo ver­ka inn i høve til sjølvsen­suren, seier Alberro.

Ein annan som finn den høge plasseringa til Bolivia over­raskande, er Car­los Da Sil­va. Han har vore jour­nal­ist rundt om i Sør-Ameri­ka, og har job­ba myk­je på gren­sa mel­lom Brasil, som han kjem frå, og Bolivia. I til­legg har han vore kor­re­spon­dant i Noreg under Uten­riks­de­parte­mentet sitt inter­nasjonale press­esen­ter, og også hatt ulike sam­funnsvit­skapelege forskn­ing­spros­jekt i Sør-Amerika.

— Eg trur ikkje på slike utrekningar, eg trur meir på kunnskapen ein får “på bakken” ved å snakka med kol­le­gaer, ven­ner og lik­nande, seier Da Sil­va, og underbyggjer:

— Du er fri til å kri­tis­era, men det er far­leg, så eg veit ikkje kor fritt det då eigent­leg er. Dei demokratiske struk­tu­rane til­seier fridom, men gjer dei moralske og etiske struk­tu­rane det? Eg er naturlegvis svært glad for den høge plasseringa Bolivia har fått, men forheld meg skeptisk.

Alber­ro mein­er Reportere Uten Grenser sin måte å måla på med spørsmål om ulike for­mer for aggresjon over­for jour­nal­is­tar, ikkje fan­gar så godt opp lite syn­lege tilhøve i min­dre land. Han saman­lik­nar USA, som er på 53. plass i årets indeks, med Bolivias plassering.

— I USA har det vore ein del jour­nal­is­tar i fengsel, og det er lett å sjå, medan skjulte angrep og trugslar, som det er meir av i Bolivia, ikkje blir fan­ga opp.

- Anerk­jend indeks
Kajsa Törn­roth, leiar for avdelin­ga for presse­fridom i World Asso­ci­a­tion of News­pa­pers, er klar på at Reportere Uten Grenser sin indeks er til å sto­la på, men at det at den er laga av ein europabasert organ­isas­jon kan ver­ka inn på resultata.

— Den er svært pålite­leg og godt anerk­jent. Men det er klart at slikt som føregår “bak sce­na” i land langt unna Paris, vil nok kunne ver­ta fan­ga opp betre med annleis målin­gar av insti­tusjonar som ligg nærare.

Det fak­tum at dette er ei måling teke føre seg av ein europeisk organ­isas­jon, er noko Alber­ro også trur kan vera med på å fork­lara den høge plasseringa til Bolivia. Målin­gane blir gjort med “europeiske auge”, mein­er han. 

— Hjå dei blir det i mange saman­hen­gar sett på som velkom­men at styres­mak­tene har eit aktivt forhold til pres­sa eller også tek over mediev­erk­semder, for­di det som oftast før­er til noko bra for europeiske media, og dei statlege media der fun­ger­er godt. Men slik er det ikkje her etter­som pres­sa his­torisk har blitt brukt til poli­tiske mål. Reportere Uten Grenser prøver ikkje å sjå kva poli­tikken i lan­det vil gjera med presse­fridom­men i det lange løp.

Da Sil­va trur dessu­tan den boli­vianske pres­sa er lett å bru­ka politisk:

— Eg er 46 år gam­mal, og har reist rundt og sett myk­je i dei søramerikanske lan­da. Eg har til dømes vore ein del på gren­sa mel­lom Bolivia og Brasil, og avisene der har ofte over­skrifter som open­bart ikkje er sanne. Boli­via­narane er tem­me­leg ukri­tiske og det er høg grad av analfebetisme, så dei kjøper his­to­ri­er lett.

- Demokrati nyde­leg på papir
Alber­ro påpeik­er at Bolivia har vore kjend for å ha ei tem­me­leg fri presse i høve til andre søramerikanske statar, og med tanke på at det er eit fat­tig land, i fjor fat­ti­gast i Sør-Ameri­ka med brut­tonasjon­al­pro­dukt på under 3000 dol­lar per innbyg­ger (sjå fak­ta om Bolivia på globalis.no. Alter­na­tivt Verds­banken).

Men den økonomiske fridom­men i Bolivia er synkande, og på Her­itage Foun­da­tion sin indeks over økonomisk fridom som kom i jan­u­ar i fjor var Bolivia det lan­det i ver­da med fjerde størst tilbakegang. Dermed er presse­fridom­men også på veg i feil ret­ning, mein­er Alber­ro, som forskar på denne samanhengen.

— I ei verd der pres­sa er avhengige av mark­naden vil det med meir avgren­sa økonomisk fridom også bli avgren­sa presse­fridom. Det fak­tum at den økonomiske fridom­men går nedover må då den boli­vianske pres­sa “kom­pensera” for ved å gje frå seg noko av presse­fridom­men så dei får meir økonomisk stø­nad frå styres­mak­tene ved til dømes å ”reklam­era” for dei.

Dette går alt­så stikk i strid med Reportere Uten Grenser sin indeks. Grun­nen er at dette ikkje er å finna i verken tal eller ord, under­strekar Alberro.

— Eg vil seia det er ein over­gangssi­t­u­a­tion i desse dagar. Endringane er ikkje i form av lovg­jev­ing, men jour­nal­is­tane står over­for press dei ikkje har gjort før. Dette er ofte økonomisk press der pres­sa blir beløn­na eller straf­fa alt etter­som omta­la av styres­mak­tene er forde­lak­tig eller ikkje. 

Inter Amer­i­can Press Asso­ci­a­tion uttrykkjer det slik i framhaldet av sin rap­port: “Viss ein ting har karak­teris­ert Bolivia i deira 24 år med demor­ati, har det vore respekt for presse- og ytrings­fridom hjå admin­is­trasjo­nane. I alle fall desse kon­sti­tusjonelle ret­tighei­tane har ikkje vore offer for store angrep eller restrik­sjonar”. Vidare ram­sar rap­porten opp fleire anled­ningar der Evo Morales og andre frå styres­mak­tene har utvist stor mis­nøye med at dei er omta­la neg­a­tivt i boli­vian­sk presse, samt andre tilhøve som organ­isas­jo­nen mein­er er uttrykk for at det går feil veg med pressefridommen. 

Hervieu frå Reportere Uten Grenser påpeik­er at indek­sen deira er laga utifrå svara ulike men­neske med kom­petanse på fel­tet gjev på eit spør­jeskje­ma, og er med det aud­mjuk i høve til at den nok ikkje fan­gar opp til dømes sjølvsen­sur og kor­rup­sjon i sær­leg grad.

— Bolivia si plasser­ing var ei over­rask­ing, og ein må vera for­sik­tig med indek­sen. At eit land kjem høgt kan også vera eit uttrykk for at pres­sa ikkje tør å behand­la “far­lege” område som kor­rup­sjon, traf­fick­ing, brot på men­neskerettigheitar også vidare, og dermed heller ikkje blir utsette for åtak og lik­nande. Slik er det i Bolivia for­di det er stor usta­bilitet i poli­tikken, og det er myk­je kor­rup­sjon av jour­nal­is­tar frå til dømes lokale politikarar.

Da Sil­va utd­ju­per poenget ved å visa til saman­hen­gen mel­lom lov og ret­tar på den eine sida, og prak­sis på den andre.

— Kva er defin­isjo­nen på demokrati? Demokrati er nyde­leg på papir. Den boli­vianske kon­sti­tusjo­nen er dette papiret. Men kor­leis kan ein saman­lik­na svært ulike land med kvaran­dre i høve til dette, og kor­leis det blir prak­tis­ert? Å rangera kven som er num­mer ein og kven som er num­mer to her, er ikkje lett. 

Fram­tidi­ge utsikter
Alber­ro fryk­tar at avgrensin­gar i presse­fridom­men også vil visa seg gjen­nom lovreg­u­leringar i framti­da. Pres­i­dent Morales har uttalt poli­tisk stø­nad frå Venezue­las pres­i­dent, Hugo Chávez, og blei i 2005 også skul­da for å ha mot­teke økonomisk stø­nad frå den venezue­lanske leiaren. Chávez kom til mak­ta ved demokratisk val i Venezuela i 1999, sju år etter at han hadde vore med å leia eit kupp­forsøk, og har sett mange kon­tro­ver­sielle reformer ut i livet. Venezuela har falle på Reportere Uten Grenser sin indeks frå 77. plass til 115. plass dei åra indek­sen har eksis­tert, frå 2002 til 2006. 

Alber­ro er redd Morales vil føl­g­ja fote­fara til Chávez når han no skal for­ma ein ny boli­vian­sk kon­sti­tusjon. Den skal vera klar i august i år.

— Foreløpig er dette fyrst og fremst frykt, men det kan fort bli realitet. Fryk­ta er at med all den insti­tusjonelle omro­keringa når dei for­mar den nye kon­sti­tusjo­nen, vil det fort kunne slå ut i min­dre presse­fridom. Dette er ein ten­dens me har sett svært klart i Venezuela lenge, og som me fryk­tar i Bolivia. Fryk­ta blir enno større med tanke på at Bolivia er meir usta­bilt enn Venezuela, og at det dermed er enno vanskel­e­gare å for­ma konstitusjonen.

Artikkelfor­fattaren stud­er­er jour­nal­is­tikk ved Uni­ver­sitetet i Bergen.

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen