Grunnlova og menneskerettane

Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje lenger ser verdien av å ha ei Grunnlov?

For nokre veker sidan lever­te Stor­tin­gets men­neske­retts­ut­val sin rap­port om men­neske­ret­tar i Grunn­lova. Man­da­tet var å utgreie og frem­je for­slag om ein «begren­set revi­sjon av Grunn­lo­ven med det for­mål å styr­ke men­neske­ret­tig­he­te­nes stil­ling i norsk rett». Den offent­le­ge debat­ten om for­sla­get har ikkje vore spe­si­elt påtren­gan­de. Eller la oss seie det som det er: Det har ikkje vore ein offent­leg debatt å snak­ke om her. Rap­por­ten gjeld den størs­te grunn­lovs­re­vi­sjo­nen sidan 1814. Difor er det påfal­lan­de at merk­sem­da har vore så liten. Vi snak­kar her om spørs­mål som i 1814 sam­la hei­le nasjo­nen og om eit doku­ment som er grunn­lag for den sam­funns­ord­nin­ga vi er ein del av.

Kon­tras­ten blir stor om vi ser til and­re land, til dømes Island. Der dis­ku­te­rer ein no om dagen ein full­sten­dig reform av grunn­lova. I mot­set­nad til i Noreg er grunn­lov­s­ar­bei­det på Island ein nasjo­nal dug­nad. Sosia­le media gjer det­te mog­leg, og den nasjo­na­le grunn­lovs­ko­mi­te­en er både på Face­bo­ok og Twit­ter. Finans­kri­sa var som kjend sær­leg merk­bar på Island. Den syn­leg­gjor­de grunn­lova si vik­ti­ge rol­le i sty­rings­sys­te­met og vern av grunn­leg­gjan­de ret­tar og ver­di­ar. Skil­na­den til det nors­ke grunn­lov­s­ar­bei­det er som natt og dag. Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje len­ger ser ver­di­en av å ha ei Grunn­lov i det heile?

Kva ver­di­ar bør eigent­leg vere uttryk­ke­leg ver­na i vår høgs­te rettskjelde?

Ser vi på den omfat­tan­de og vel­skriv­ne rap­por­ten til Men­neske­retts­ut­va­let er det flei­re spørs­mål som for­te­ner ein grun­dig og brei offent­leg debatt. Eitt spørs­mål er kva for nye men­neske­ret­tar vi bør grunn­lovs­fes­te. Men­neske­retts­ver­net i Grunn­lova er i hovud­sak fram­leis på 1814-nivå, med­an det juri­disk har skjedd ei enorm utvik­ling dei sis­te seks­ti åra. Men­neske­retts­ut­va­let har teke utgangs­punkt i FN si Verd­s­er­klæ­ring om men­neske­ret­ta­ne frå 1948. Vida­re har dei gjort eit utval basert på kva dei opp­fat­tar som heilt sen­tra­le ret­tar og ver­di­ar i det nors­ke sam­fun­net i dag. Av nye ret­tar som blir føre­slått grunn­lovs­fes­ta er mel­lom anna for­bod mot sla­ve­ri og tvangs­ar­beid, ret­ten til rett­fer­dig ret­tar­gang, ret­ten til pri­vat­liv og for­bod mot dis­kri­mi­ne­ring. Ja, sli­ke basa­le indi­vid­ret­tar finst fak­tisk ikkje i Grunn­lova i dag. Sjølv om ret­ta­ne ikkje er kon­tro­ver­si­el­le, er det eit vik­tig spørs­mål om dei bør gje­rast syn­le­ge i Grunn­lova.

Kva ver­di­ar bør eigent­leg vere uttryk­ke­leg ver­na i vår høgs­te rettskjelde?

Eit vans­ke­le­ga­re og meir omdis­ku­tert spørs­mål er om også dei såkal­la øko­no­mis­ke, sosia­le og kul­tu­rel­le ret­ta­ne bør få ein plass i Grunn­lova. Men­neske­retts­ut­va­let føre­slår å grunn­lov­fes­te ret­ten til utdan­ning, helse­hjelp, til­freds­stil­lan­de leve­stan­dard og sosi­al trygg­leik. Dei vil òg grunn­lov­fes­te ret­ten til kul­tu­rell iden­ti­tet og del­ta­king i kul­tur­li­vet. Det er liten tvil om at des­se ret­ta­ne gir uttrykk for krav og for­vent­nin­gar bor­ga­ra­ne har til sta­ten i dag. Det er ret­tar vi alle­reie finn i vår vel­ferds­stat. Ret­ten til utdan­ning, helse­hjelp, trygd og sosia­le tenes­ter (sosia­le og øko­no­mis­ke ret­tar) er detal­jert regu­lert i lover og for­skrif­ter. Grunn­lov­fes­ting vil ikkje gi grunn­lag for nye krav frå bor­ga­ra­ne mot sta­ten. Men ret­ta­ne vil få eit prin­si­pi­elt sett betre fun­da­ment og det vil kun­ne bli vans­ke­le­ga­re for lov­gje­va­ren å opp­he­ve eller sterkt redu­se­re sli­ke ret­tar. Det er ikkje sjølv­sagt at det­te er nød­ven­dig eller ønskeleg.

Oscar Wer­ge­lands male­ri «Eids­vold 1814» (kil­de: eidsvoll1814.no)

Det er poli­tisk sem­je om å end­re § 2 til ein ”verdi­pa­ra­graf” i Grunn­lova ved å inklu­de­re set­nin­ga: «Den­ne Grund­lov skal sik­re Demo­kra­ti, Rets­stat og Men­neske­ret­tig­he­der­ne». Etter alt å døme vil end­rin­ga bli ved­te­ken i løpet av vår­en. Det vil då føl­gje av § 2 at Grunn­lova skal sik­re alle men­neske­ret­ta­ne, ikkje ber­re dei ret­ta­ne som av uli­ke grun­nar fann vegen inn i doku­men­tet i 1814. Er det nød­ven­dig å gje­re meir? Spørs­må­let er om § 2 vil gi til­strek­ke­leg vern til dei ein­skil­de ret­ta­ne. Bør vi nyt­te 200-års­mar­ke­rin­ga for Grunn­lova til å sik­re dei ein­skil­de ret­ta­ne som fak­tisk tener som verdi­grunn­lag for den moder­ne retts- og vel­ferds­sta­ten slik Men­neske­retts­ut­va­let invi­te­rer til? 

Eit av med­le­me­ne av Men­neske­retts­ut­va­let, Carl I. Hagen, tok dis­sens med omsyn til spørs­må­let om grunn­lovs­fes­ting av øko­no­mis­ke, sosia­le og kul­tu­rel­le ret­tar. Han er usamd i at den­ne typen ret­tar skal løf­tast opp i Grunn­lova. Hagen mei­ner idea­lis­tis­ke mål og pro­gram­er­klæ­rin­gar kan svek­ke omdøm­met og retts­verk­na­den til and­re men­neske­ret­tar og at grunn­lov­fes­ting kan bli for kost­bart og leg­gje band på den øko­no­mis­ke poli­tik­ken. Hagen mål­ber ei frykt for at dom­sto­la­ne skal gri­pe inn i øko­no­mis­ke og vel­ferds­po­li­tis­ke prio­ri­te­rin­gar. Til dømes ved å prø­ve om sat­sa­ne for sosial­stø­nad fak­tisk gir ein «til­freds­stil­len­de Leve­stan­dard», som det hei­ter i for­sla­get til ny § 111. Eller at stri­den om lokal­sjuke­husa får ein ny retts­leg dimen­sjon gjen­nom «Ret­ten til nød­ven­dig Helbredshjelp». 

Grunn­lovs­fes­ting av men­neske­ret­ta­ne rører ved fun­da­men­ta­le spørs­mål for den moder­ne retts- og velferdsstaten

Fryk­ta for sli­ke verk­na­der, gjer­ne omtalt som ein neg­a­tiv form for «retts­leg­gje­ring», er nok litt over­dri­ven. For det fyrs­te har vi hatt nokre sli­ke ret­tar i Grunn­lova i flei­re tiår. Det­te er plik­ta for sta­ten til å leg­gje til ret­te for at arbeids­dyk­ti­ge men­nes­ke kan skaf­fe seg inn­tekt ved arbeid (§ 110), plik­ta til sta­ten for å leg­gje til ret­te for at det samis­ke fol­ket skal kun­ne sik­re og utvik­le språ­ket, kul­tu­ren og sam­funns­li­vet sitt (§ 110a) og ret­ten til mil­jø (§ 110b). Så vidt vi er kjen­de med har det­te enno ikkje ført til at dom­sto­lar og for­valt­ning har blitt rent ned av arbeids­lau­se, samar og natur­ver­na­rar. Grun­nen er at den­ne for­ma for over­ord­na og sym­bolsk regu­le­ring ikkje er sær­leg eig­na til å ska­pe indi­vi­du­el­le ret­tar som kan hand­he­vast ved dom­sto­la­ne. Ret­ta­ne er også ver­na i norsk lov gjen­nom til dømes helse- og omsorgs­te­neste­lova, eller men­neske­retts­lova. Det er i prak­sis ordi­næ­re lover som tener som det pri­mæ­re retts­grunn­la­get for indi­vi­du­el­le krav mot sta­ten. Grunn­lovs­fes­tin­ga av ret­ta­ne gir like­vel kra­vet ei sær­leg tyngd. 

Det er nep­pe grunn til å fryk­te det sam­fun­net Carl I. Hagen ser føre seg som resul­tat av for­sla­get frå Men­neske­retts­ut­va­let. Ei så omfat­tan­de grunn­lovs­fes­ting av indi­vi­du­el­le ret­tar og plik­ter for sta­ten som Men­neske­retts­ut­va­let legg opp til gir like­vel grunn til å spør­je om kor langt vi bør gå i å retts­leg­gje­re poli­tis­ke spørs­mål og verdi­prio­ri­te­rin­gar. Den nors­ke vel­ferds­sta­ten er utvik­la etter and­re verds­krig, utan stør­re bin­din­gar frå Grunn­lova. Er det grunn til å bin­de fram­ti­di­ge lov­gjeva­rar ved å grunn­lov­fes­te sen­tra­le vel­ferds­gode? Eller bør vi fram­leis ha til­lit til at Stor­tin­get vil tref­fe gode poli­tis­ke val også i åra som kjem? 

Spørs­må­let om grunn­lovs­fes­ting av men­neske­ret­ta­ne rører ved fun­da­men­ta­le spørs­mål for den moder­ne retts- og vel­ferds­sta­ten. I dag blir des­se spørs­må­la debat­tert på Grunn­lovs­sym­po­si­et til Det juri­dis­ke fakul­tet. Vi håpar debat­ten held fram i and­re fora. Spørs­må­la gjeld oss alle.

TEMA

M

enneske
rettigh
eter

51 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen