Obama vinn presidentvalet 2012

Det er gode grunnar til å forvente at Obama vinn presidentvalet i haust. Splittande nominasjonskamp i Det republikanske partiet er ein av dei.

Eg skal i ein mini­se­rie vur­dere dei ame­ri­kanske pre­si­dent­kan­di­da­tane sine sjan­sar for å vinne valet som kjem til haus­ten i år. Kon­klu­sjo­nen er i tit­te­len, medan nyan­sane og grunn­gje­vin­gane for påstan­den blir pre­sen­tert under­vegs. For nokon kan det opp­le­vast som ei fest­brems at vin­na­ren blir “avslørt” alle­reie no, og til det er å seie det open­berre: ingen sit på fasi­ten. Kan­skje viser spå­dom­men seg å vere grun­dig feil. Det er like fullt fleire gode grun­nar til at Obama har store sjan­sar for att­val, og det er desse momenta det blir peika på i denne serien. Mange av argu­menta spring ut frå val­fors­kings­te­ori og –empiri, medan andre er eigne kon­teks­tuelle vur­de­rin­gar. Det første som talar for at Obama sigrar er ståa i Det repub­li­kanske par­tiet om dagen, og det ser vi nærare på i denne første delen.

Split­tande nomi­na­sjons­pro­sess er negativt

Der­som nomi­na­sjons­pro­ses­sen i eit parti blir lang­va­rig, har den som til slutt blir par­ti­ets kan­di­dat dår­le­gare sjan­sar for å bli pre­si­dent .[1] Blant anna blei Wal­ter Mon­dale grun­dig slått i 1984-valget etter å ha måtta kjempe hardt for nomi­na­sjo­nen. Det same gjeld Gold­wa­ter og McGovern. Også sit­tande pre­si­den­tar som har måtta gå eks­tra­run­dar før valet har fått det tøft: Pre­si­den­tane Gerald Ford og Jimmy Car­ter måtte ned­kjempe interne riva­lar før hovud­sla­get, og luk­kast ikkje å vinne gjenvalg.

Intern kiving

To for­kla­rin­gar pei­kar seg ut tanke på kvi­for lang­va­rige nomi­na­sjons­pro­ses­sar slår uhel­dig ut for pre­si­dent­kan­di­da­tane. Den eine er at vel­ja­rane i løpet av nomi­na­sjons­kam­pen byg­ger opp interne mot­set­na­der som er vans­ke­leg å legge bak seg. Jo len­ger tid kan­di­da­tane må bruke på intern kiving, dess større risiko er det for at nomi­na­sjons­pro­ses­sen utvik­lar seg i den skitne ret­nin­gen. Det vil kunne ret­tast påstan­dar som kan falle mei­nings­mot­stan­da­rane tungt for brys­tet, og dei som har støtta tapar­kan­di­da­tane kan miste moti­va­sjo­nen til å stemme på par­tiet sin ende­lege kandidat.

Svake kan­di­da­tar

Den andre grun­nen til at lang­va­rige pri­ma­ries er et dår­lig utgangs­punkt for pre­si­dent­val­get kan vere at ingen kan­di­dat utmer­kar seg som spe­si­elt sterk. Der­som ein sit­tande pre­si­dent får ein reell utford­rar frå sitt eige parti, er det uttrykk for stor mis­nøye mot pre­si­den­ten. For repub­li­ka­na­rane i år er det ikkje eit kva­li­tets­teikn at ein sli­ten gamal sir­kus­hest som Newt Gingrich har halde koken såpass langt ut i løpet. Mange ame­ri­kanske vel­ja­rar vil huske han frå hans tid på 1990-tallet som speaker i Repre­sen­tant­huset, der han var ein split­tande figur. Av mange blei han opp­fatta som lunete, og han blei enda­til for­søkt detro­ni­sert av sine eigne parti­fel­lar. Det luk­kast dei ikkje med, men Gingrich har det siste tiåret sirkla utan­for dei inn­erste kret­sene av Det repub­li­kanske par­tiet, og sørga for livs­opp­hald gjen­nom lobby­verk­semd og bok­skri­ving. Når det viste seg at han heldt stand i pri­mær­vala og seilte opp som ein reell utford­rar til Mitt Rom­ney, dukka hans parti­in­terne mot­stan­da­rar igjen opp og advarte mot å velge det dei mei­ner er ein kan­di­dat med små sjan­sar for å vinne mot Obama. Der Rom­ney er ein per­son som kan trekke uav­hen­gige røys­ter til seg, er Gingrich ein kon­ser­va­tiv kan­di­dat med ei bro­ket poli­tisk his­to­rie. Gingrich på si side pei­kar på at repub­li­ka­na­rane valde ein mode­rat kan­di­dat både i 1996 (mot sit­tande pre­si­dent Clin­ton), og sist i 2008, utan hell. Inter­vju med Gingrich kan du sjå her.

Rick San­to­rum sprang opp som troll av eske like før dei første cau­cu­ses i Iowa. Med eit ube­sudla medi­arulle­blad for­kynte han ein sosial­kon­ser­va­tisme som fanga inter­essa til den gruppa av repub­li­kanske vel­ja­rar som er opp­te­ken av slikt. Dei er det mange av i USA, og ver­ken Rom­ney (mor­mo­nar) eller Gingrich (serie­mono­gam, i beste fall) vek­ker begeist­ring hjå desse vel­ja­rane. Åtte­barn­fa­ren San­to­rum vann i Iowa, Min­ne­sota, Colo­rado og Missouri, og er i skri­vande stund fram­leis ein poten­si­ell vin­nar. Det skal like­vel over­raske om han stikk av med sei­e­ren i nomi­na­sjons­va­let. Dei sosial­kon­ser­va­tive hadde si tid då George Bush Jr. var pre­si­dent, og fleir­ta­let av ame­ri­ka­na­rar leng­tar ikkje til­bake til den tida, hel­ler ikkje fleir­ta­let av repub­li­ka­na­rane om ein skal tru pre­dik­sjons­mark­na­dane (sjå gra­far under).

Mitt Rom­ney har alle­reie vore i ein nomi­na­sjons­kamp tid­le­gare, og ver­kar som den ster­kaste kan­di­da­ten. Han er ein vel­lukka for­ret­nings­mann, han har mode­rate poli­tiske mei­nin­gar med eit stort ned­slags­felt hjå vel­ja­rane, og han har pen­gar å svi av. Men til liks med andre spør han seg kan­skje kvi­for han enno ikkje har rista av seg mot­kan­di­da­tane. Det er nok ikkje fordi han er mor­mo­nar, for Ken­nedy var kato­likk og Obama var svart, og det hindra dei ikkje i å nå heilt til topps. Meir sann­syn­leg er det at han ikkje har den karis­maen som dei beste kan­di­da­tane i tid­le­gare pre­si­dent­val har hatt. Vi nemde to av dei nett­opp, Rea­gan og Clin­ton er to andre. Rom­ney er kan­di­dat av eit mindre for­mat. Vi skal hugse at han tapte nomi­na­sjons­kam­pen i 2008 mot ein kan­di­dat som sei­nare bukka under for Obama. Denne gon­gen kan det sjå ut som han får opp­dra­get med å fronte Obama i pre­si­dent­va­let, og tve­kam­pen vil bli ei for­mi­da­bel utford­ring for Romney.

På Intrade kan ein spe­ku­lere i kven som vinn nomi­na­sjons­kam­pen, og gra­fen under viser Rom­ney sine esti­merte vin­nar­sjan­sar. Per 16. februar var dei omkring 75%. Res­ten er for­delt med cirka 15%for San­to­rum og 5% kvar for Gingrich og Paul.  New York Times viser også ein opp­da­tert over­sikt over kor mange dele­ga­tar kan­di­da­tane har vunne til no.

Kviles­kjer

2012 kan for­tone seg som eit kviles­kjer for repub­li­ka­na­rane. Dei hadde ei sterk røyrsle i dei neokon­ser­va­tive, leidd av dyk­tige folk med ein misjon. Richard Pearl, Donald Rums­feld, Dick Che­ney og kom­pani søkte makt, vann makt og brukte makt med George Bush Jr. ved roret. Dei tærde også på omdø­met til Det repub­li­kanske par­tiet ved å køyre kom­pro­miss­laust på i kri­gen mot ter­ror og i penge­po­li­tiske spørs­mål. Etter at Bush si doble pre­si­dent­pe­riode var over, var USA djupt involvert i ein upo­pu­ler krig i Irak, og stod sam­stun­des innan­lands opp til hal­sen i råtne pen­gar og finan­si­ell sys­tem­krise. Då Bush gjekk av som pre­si­dent hadde han den lågaste stan­dinga hjå vel­ja­rane av alle ame­ri­kanske pre­si­den­tar sidan Gal­lup starta målin­gane på midten av 1930-talet.

McCain for­søkte å dis­tan­sere seg frå den avgå­ande pre­si­den­ten ved for­rige pre­si­dent­val i 2008, men det syn­kande ski­pet stod ikkje til å redde, og med Leh­man Brothers-kollapsen berre veker før valet kom skud­det for bau­gen på par­tiet og kan­di­da­ten. [2]Dei siste fire åra har dei kon­ser­va­tive kref­tene omgrup­pert seg, men dei er fore­lø­pig ikkje i stand til å gå i takt. Tea Party-røyrsla kunne ei stund virke som den nye vinen på den kon­ser­va­tive sida, men då Wash­ing­ton Post gjorde eit heil­hjarta for­søk på å få over­sikt over gras­rot­røyrsla, viste det seg at den var sva­kare enn ein kunne ha inn­trykk av. Stor­lei­ken var infla­tert, mei­nin­gane deira sprika, og fleste­par­ten av med­lem­mane var ikkje inter­es­sert i poli­tikk(!).  Det var ei pro­test­røyrsle som sparka opp­over mot det etab­lerte poli­tiske etab­lis­se­men­tet, men den sparka både opp til høgre og opp til venstre. Alle poten­si­elle kan­di­da­tar som var kopla til røyrsla er i prak­sis ute av nomi­na­sjons­kam­pen i 2012: Her­man Cain og Michelle Bach­man hadde sine minutt i rampe­ly­set, men måtte ganske tid­leg gje seg. Sarah Palin stilte aldri offi­si­elt som kan­di­dat. Ron Paul er fram­leis med, men hans kan­di­da­tur heng i ein alt for tynn tråd.

Det repub­li­kanske par­tiet er for tida i ei ideo­lo­gisk og stra­te­gisk bøl­gje­dal, og det er vans­ke­leg å spore ver­ken intern eller eks­tern entu­si­asme omkring par­tiet sine kan­di­da­tar. Ein val­kamp­ve­te­ran for demo­kra­tane sitt råd til den sit­tande pre­si­den­ten er å “pre­serve radio silence and let a party bent on suicide go about its business”.

For­del Obama.


[1] Ken­ney, Pat­rick J. and Rice, Tom (1987): The Rela­tion­ship between Divi­sive Pri­ma­ries and Gene­ral Election Out­co­mes. Ame­ri­can Jour­nal of Poli­ti­cal Science. 31(1) 31–44.

[2] Arne­sen, Svein­ung (2011): “How pre­dic­tion mar­kets help us under­stand events‘ impact on the vote in US Pre­si­den­tial Elections”. The Jour­nal of Pre­dic­tion Mar­kets.5(3) 42–63.

0 KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
 
til toppen