13 nøklar til Det kvite huset

Denne modellen har pekt ut rett vinnar av presidentvalet i USA sju av sju gonger.

Det finnast ei rekke model­lar for å predikere utfal­l­et av amerikanske pres­i­dent­val. Ein av dei som merk­er seg ut både med tanke på fram­gangsmåte og suk­sess er Allan Licht­man sine «13 nøk­lar til Det kvite huset». Licht­man gjer vur­deringar av tret­ten ulike pås­tan­dar, og der­som fem eller færre av dei blir klas­si­fis­ert som usanne, blir kan­di­dat­en til par­ti­et som sit med mak­ta spådd gjen­val. Om seks eller fleire pås­tan­dar er feil, vil kan­di­dat­en til utfor­drarpar­ti­et vinne. Sidan nøk­lane vart intro­dusert i 1981, har fram­gangsmåten predik­ert den rette pres­i­den­ten i alle dei sju forsø­ka frå 1984–2008.

Licht­man har no vore ute med sine vur­deringar for pres­i­dent­valet i år, og han endar på Oba­ma som vin­nar. Under føl­ger dei tret­ten pås­tan­dane, og dei som per i dag blir vur­dert som usanne for 2012 er utheva:

  1. Par­ti­man­dat: Etter mel­lom­vala har den sit­tande pres­i­den­ten sitt par­ti fleire seter i Rep­re­sen­tan­ta­nes hus enn det hadde ved førre mellomval.
  2. Konkur­ranse: Pres­i­den­tkan­di­dat­en til par­ti­et som sit med mak­ta har ingen ser­iøse utfor­drarar frå eigne rekker.
  3. Posisjon: Kan­di­dat­en til par­ti­et som sit ved mak­ta er president.
  4. Tred­jepar­ti: Det finnast ingen tred­je pres­i­den­tkan­di­dat av sær­leg storleik.
  5. Økono­mi på kort sikt: Den nasjonale økonomien er ikkje i resesjon under valkampen.
  6. Økono­mi på lang sikt: Vek­sten i brut­tonasjon­al­pro­dukt per innbyg­gar er lik eller større enn gjen­nom­snit­tet for dei to foregåande presidentperiodane.
  7. Endringspoli­tikk: Den sit­tande pres­i­den­ten gjer store poli­tiske endringar.
  8. Sosial uro: Det er ingen lang­varig sosial uro i løpet av perioden.
  9. Skan­dale: Admin­is­trasjo­nen i Det kvite huset er ikkje involvert i nokon større skandale.
  10. Utanriks/militær fiasko: Den sit­tande admin­is­trasjo­nen opplev ikkje nokon større utan­riks eller mil­itær fiasko.
  11. Utanriks/militær suk­sess: Den sit­tande admin­is­trasjo­nen opp­når større utan­riks eller mil­itær suksess.
  12. Karis­ma: Kan­di­dat­en til det sit­tande par­ti­et er karis­ma­tisk eller nasjonalhelt.
  13. Karis­ma (utfor­drar): Kan­di­dat­en til utfor­drarpar­ti­et er ikkje karis­ma­tisk eller nasjonalhelt.

Som ein kan sjå er dei fleste punk­ta over ikkje objek­tive. Det vil seie at ein må gjere vur­deringar av i kva grad pås­tanden er sann eller usann, noko som kan gi rom for usem­je. Mod­ellen har også fått kri­tikk for å inklud­ere for mange fak­torar på for få obser­vasjonar, og for å predikere valvinnaren i staden for å predikere den nøyak­tige opp­slut­naden til kan­di­datane (som er vanskel­e­gare). Men for kvar gong mod­ellen tip­par den rette kan­di­dat­en som vin­nar, minkar skep­sisen mot Licht­man sine argument.

Mange av nøk­lane svarar til fak­torar som også andre predik­sjon­s­model­lar har med, blant anna økono­mi og forde­len med å sitte i posisjon. Det er inter­es­sant å merke seg at ingen av nøk­lane tek for seg valkam­p­en. Licht­man har sjølv utta­la at val ikkje er hes­teved­deløp der kan­di­datane vek­slar på lei­in­ga frå den eine dagen til den andre, slik ein kan få inntrykk av i media. Ei alter­na­tiv tolk­ing av valkam­p­ef­fek­ten er at innsat­sen frå dei to par­tia nøy­tralis­er­er kvaran­dre, og at vi der­for hadde sett den verkelege effek­ten der­som eitt av par­tia ikkje hadde ført nokon valkamp i det heile.

Kjelde: Licht­man, Allan J. (2005): The Keys to the White House: A Sure­fire Guide to Pre­dict­ing the Next Pres­i­dent.Row­man & Lit­tle­field Pub­lish­ing Group, Inc.

TEMA

P

residen
tvalget
i USA
2012

20 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen