– En slimete og uspiselig snylter på kunstens tre!

Vi er alle kritikarar no. Velkomen til Kritikkbloggen Peiling.

Det ofte antag­o­nis­tiske forhold­et mel­lom kri­tikarar og kun­st­narar, mel­lom kri­tikarar og kul­turin­sti­tusjonar, har avfødd mange beiske og bitre ord opp gjen­nom his­to­ria. Irske for­fat­tarar har tradis­jonelt vore ivrige her, frå Bren­dan Behan som saman­lik­nar kri­tikaren med “ein evnukk i eit harem”, til Samuel Beck­ett som lar hov­ed­per­so­n­ane i Mens vi ven­tar på Godot boltra seg i ned­set­jande omtale av kvaran­dre – ein “diskusjon” Estragon vinn då han kallar Vladimir for kri­tikar – Crrit­ic! Vladimir vert mål­laus og skjø­nar at han har tapt.

Ein av dei sterkaste karak­ter­is­tikkane av kri­tikaren og kri­tikar­rol­la er likev­el lev­ert av ital­ien­aren Gior­gio Man­ganel­li, i ei bok frå 1986. Her heit­er det at “kri­tik­eren er en jævla par­a­sitt, en giftig sopp, en slimete og uspiselig snyl­ter på kun­stens tre! Et snylt­edyr som sug­er seg feit på magre skriben­ters sil­drende skrifter! En slib­rig ål, en nar­renes narr, trage­di­ens bak­side, en grotesk gri­mase av skur­rende lyder, lånte tanker og fanteri!”

Dette er rimelegvis ikkje eit syn vi del­er her i Kri­tikkbloggen Peil­ing, men vi noter­er at ein heller ikkje skal beve­ga seg langt ut i blog­gos­færen før ein støter på lik­nande harde ord om det pro­fesjonelle, betalte kri­tikarko­rpset – desse betre­vi­tande, ned­la­tande og elit­is­tiske smaks­dom­marane som trur dei veit betre enn “folk flest”. Hardt oppar­bei­dd innsikt og vur­der­ingskom­petanse innan dei ulike kun­star­tane vert lite påak­ta der ute, blant blog­gande mein­ingsatle­tar og skråsikre smaksdommarar. 

Det inter­es­sante her er sjølvsagt ikkje den eventuelle kreativiteten som er i sving når ein skal ord­leg­g­ja seg om kri­tikarens all­menne og særskilte kunnskaps- og dugløyse. Det inter­es­sante er grunnlaget for og grun­nto­nen i den nye kri­tikken som vert ret­ta mot den pro­fesjonelle kri­tikaren, nem­leg at kri­tikaren som ekspert er blitt his­torisk irrel­e­vant og at “dom­stale frå oven” basert på kunnskap og åre­lang oppøvd estetisk sen­si­tivitet er grunn­leg­gande “udemokratisk”, ei slags forulemp­ing av “vår” kul­turelle smak. 

Vi er alt­så alle kri­tikarar no: Ei sak er at vi som pub­likum rek­nar oss fullt ut i stand til å eval­uera eige kul­turkon­sum. Aktive blog­gar-kri­tikarar hev­dar òg gjerne at folk heller vil ha råd frå nokon dei kjen­ner, nokon med same livskjensle og smak som dei sjølv, heller enn frå folk som trur dei veit betre enn andre. Slike forsøk på å svek­ka autoriteten til kri­tikarin­sti­tut­tet kan ein gjerne kalla anti-elit­isme, pop­ulisme eller beint fram for ei demokra­tis­er­ing av kul­turell smaksdømming. 

Kri­tikaren er berre kri­tikar så lenge han eller ho vert akseptert som smaksdommar

Det sen­trale poenget her er at kri­tikaren berre er kri­tikar så lenge han eller ho vert akseptert som smaks­dom­mar av pub­likum. Kun­st­dom­maren har sjølv ein dom­mar, nem­leg det pub­likum av opplyste lek­menn og –kvin­ner som han eller ho (i prin­sip­pet) rep­re­sen­ter­er. Det har sjølvsagt alltid vore slik at kri­tikken og kul­tur­jour­nal­is­tikken må finna pub­likum heime med sine for­mat og hen­ven­delses­former. Dette er meir krev­jande no enn før: Den nasjonale og glob­ale pro­duk­sjon og formidling av kul­tur­pro­dukt (bøk­er, film, musikk, TV-pro­gram, dataspel, pro­gram­vare og så vidare) er utan his­torisk side­stykke, både med omsyn til volum, mang­fald og dis­tribusjon­shastighet. Inter­ak­tive medi­er og dig­i­tale nettverk gjev til­gang til kul­tur­pro­dukt og kunnskaps­basar i hit­til ukjent skala, dei skaper nye samhan­dlings­former og kan spela ei vesent­leg rolle i meir omfat­tande sosiale, poli­tiske og kul­turelle utviklingsprosessar.

Det pub­likum kri­tikken og kul­tur­jour­nal­is­tikken skal finna gehør hos med sine for­mat og tiltale­former er òg i endring: Endringar i og mang­faldig­gjer­ing av pub­likum sine kul­turelle smak­sprefer­ansar, som føl­gje av høgare utdan­ningsnivå, nye gen­erasjonar med andre typar mediekom­petanse og erfaringar med andre kul­tur­ar og nye kul­tu­rut­trykk, har gjeve eit langt meir “dynamisk” og samansett kul­tur­felt enn tidle­gare. Dei formidlingsmes­sige utfor­dringane som føl­gjer av dette, er betydelege.

Utvi­da rom for dia­log og diskusjon mel­lom inter­esserte amatørar og pro­fesjonelle kritikarar

Her i Peil­ing vil vi utfors­ka desse endra vilkåra for ein oppegåande kul­tur­jour­nal­is­tikk, som òg i stor grad definer­er det land­skapet og dei kli­ma­tiske forhol­da kri­tikken lyt beve­ga seg i, der den lyt forsvara sin plass, der den, som alltid opp gjen­nom his­to­ria, lyt endra og fornya seg, inn­ta nye posi­tu­rar og roller, bry­ta sjangerkrav og finna opp nye. Vi inviter­er til bidrag om kri­tikkens his­to­rie og insti­tusjon­alis­er­ing, og til analysar av kri­tikkens vilkår og situ­asjon i dag, innan dei ulike kun­star­tane. Ikkje minst ønskjer vi kul­tur­jour­nal­is­tiske bidrag – repor­tas­jar, kom­men­tarar og kri­tikkar, gjerne der ein prøver ut bestemte kri­tikar­roller og eksper­i­menter­er med etablerte sjangerkrav. 

Med Inter­net­tet sine pre­sen­tasjons- og koplingsmu­ligheter, med utvi­da rom for kon­tek­stu­alis­er­ing og sjanger­mang­fold, utvi­da rom for dia­log og diskusjon mel­lom inter­esserte amatørar og pro­fesjonelle kri­tikarar – innan Akademia og utan­for, så burde det vera lyse tider for kri­tikken, den jour­nal­is­tiske, den essay­is­tiske og den akademiske, og alle dei bland­ings­formene som vil kun­na opp­stå når desse møtest i eit felles dig­i­talt rom. Vi ønskjer oss òg bidrag om kul­tur­pro­duk­sjo­nens poli­tiske økono­mi, om kul­tur­poli­tikk og kulturmarked.

Bidragsy­tarar til Kri­tikkbloggen Peil­ing vil i første omgang vera stu­den­tar på mas­terkurset Kul­tur­jour­nal­is­tikk og kun­stkri­tikk ved Insti­tutt for infor­masjons- og medievit­skap. Men alle — stu­den­tar, tilsette og andre — som er opptekne av kor­leis vur­der­ingskri­terier og verd­setjing i den kul­turelle offent­ligheten inngår i iden­titets- og opin­ion­sska­pande pros­es­sar med betyd­ning for poli­tisk og sam­funns­mes­sig forståing og engas­je­ment, dei er velkomne med bidrag. 

Alt­så, føre­ta ei peil­ing, og gje oss – lesarane – peil­ing. Velkomen med bidrag.

TEMA

O

ffentli
ghet

91 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen