Ungdommar er teknologiske deterministar

Den teknologiske utviklinga er grunnleggande open. Ungdommar som torer å utfordra dei sosiale medienes tvangstrøye kan utgjera ei veldig kraft.

Dei fleste ele­var på vidaregåande sku­lar er på eit sta­di­um i livet der dei enno ikkje har reflek­tert noko sær­leg over teknologiutviklin­ga, og sine eigne val­moglegheit­er når det gjeld medieåt­ferd. Ung­dom­mane er stort sett teknolo­gien­tu­si­as­tar, og berre dei fær­raste har klart for seg kva makt- og mark­nad­spros­es­sar som styr­er sam­funnsutviklin­ga. Endå færre prøver å sjå kri­tisk på si eiga rolle i det heile.

I dette essayet set eg diag­nose på norske skuleel­e­var sitt forhold til sosiale medi­um som Face­book, Twit­ter og Insta­gram. Det verkar som ung­dom­mar føler at dei er nøy­dde å bru­ka dei nye medi­ene for å hen­ga med i det sosiale livet. ’Sidan alle andre gjer det, må eg sjølv gjera det også’. ’Det er jo berre slik’. I den grad ung­dom­mar har slike opp­fat­ningar kan dei kallast tek­nol­o­giske deterministar.

Eg håper ele­var på vidaregåande vil lesa dette essayet, og difor er det skrive med fær­rast moge­leg faglege refer­ansar og fra­man­dord. Fyrst prøver eg å fork­lara det vanskelege omgrepet “tek­nol­o­gisk deter­min­isme” ved å bru­ka eit his­torisk eksem­pel, nem­leg kolonis­eringa av den amerikanske prærien ved hjelp av damp­tog og telegrafi på 1860-talet. Deretter vis­er eg kor­leis Face­book og andre medi­um i vår eiga tid lovar oss den same typen grense­laus fridom som fram­skrit­tet på prærien lovde amerika­narane. Opti­mis­men rundt Face­book var sær­leg tyde­leg under den egyp­tiske rev­o­lusjo­nen i 2011, og eg diskuter­er to artik­lar i Bergens Tidende som fork­lar­er hendin­gane heilt forskjel­lig: I det eine til­fel­let var det Face­book som forår­sa­ka rev­o­lusjo­nen, i det andre til­fel­let var det frus­trasjo­nen blant egyptarane sjølve som tente gnisten.

I det sist­nem­nte eksem­pelet ligg det håp. Der­som ung­dom­mar skal kun­na overvin­na den tek­nol­o­giske deter­min­is­men i seg sjølve, må dei inn­ta den same modi­ge hald­ninga som unge egyptarar gjorde i 2011. Norske ung­dom­mar må tenk­ja at dei sjølve kan påver­ka utviklin­ga av dei sosiale medi­ene, og gjera dei så gode som moge­leg for det norske sam­fun­net. Denne tankegan­gen kan kallast “mediedesign”.

Kva er teknologisk determinisme?

Å vera tek­nol­o­gisk deter­min­ist betyr at du trur sam­funnsutviklin­ga vert dri­ven fram av teknolo­giar meir enn av inter­essene til enkelt­men­neske og grup­per. No for tida er sosiale medi­er eit godt eksem­pel på dette. Face­book har endra det sosiale livet til ung­dom over heile ver­da utan at ung­dom­mane sjølv vart råd­spurt, og har forår­sa­ka ein rev­o­lusjon i måten folk kom­mu­nis­er­er med kvaran­dre på. I det min­ste er dette ei hevd­vun­nen oppfatning.

Mange har ei over­driv­en tru på at teknolo­giar gjer ver­da betre. Begeist­ing over fram­skritt og framtid er ikkje det rette hvis begeistringa er ugjen­nomtenkt eller grunnlaus. Då kan den fak­tisk vera eit uttrykk for man­gel på fridom. Begeistringa kamu­flerer ei kjensle av at ein er dømt til å delta i dei aktivite­tane som dominer­er no. Då bit ein tennene saman og er entu­si­astisk, og slår hardt ned på dei som tenkjer annleis. Dei som ikkje vil bru­ka Face­book er gamaldagse. Dei roman­tis­er­er tidle­gare tiders livs­førsel, og nek­tar å ta innover seg verkeleghei­ta slik den er no. Dei kan gjerast narr av som rep­re­sen­tan­tar for tanken om at “alt var betre under krigen”.

Deter­min­is­ten tenker at teknolo­gien fun­ger­er på ein forhånds­bestemt måte

Feilplassert begeistring gjer at ein overs­er eit vik­tig prob­lem, nem­leg at me eigent­leg ikkje kan gjera heilt som me vil. Me er ikkje frie! Dei gigan­tiske tek­nol­o­giske struk­tu­rane er sterkare enn vår per­son­lege vil­je, i hvert fall så lenge me fer­dast ute i det materielle sam­fun­net. Tenk deg at du skal til Ams­ter­dam. Du skrur av TVen, for­let huset, kjem ut i trafikksys­temet, vert frak­ta til ein fly­plass, skrur av mobilen, tek fly­et til ein annan by, skrur på mobilen, går gjen­nom fly­plassen, kjem ut i trafikksys­temet, sjekkar inn på hotel­let, og skrur på TVen. Du går i ei sluse som du er tvun­gen til å vera inni. Sjølv om du kan tenk­ja på kva du vil så er krop­pen din fan­ga i dette tek­nol­o­giske systemet.

No vil eg gå nærare inn på kva deter­min­isme er, og vil bru­ka utbrei­in­ga av jern­ba­nen i USA på 1860-talet som eksem­pel. Då var det ei vold­som framtid­stru, og den var deter­min­is­tisk. Kjer­nen i denne måten å tenk­ja på er at utviklin­ga av sam­fun­net hov­ud­sak­leg skjer gjen­nom oppfinning av nye teknolo­giar som er meir effek­tive enn dei gam­le. Jern­ba­nen kan frak­ta meir gods og pas­sas­jer­ar enn hest og vogn kan, og sette i gang ein trans­portrev­o­lusjon. Sosial og kul­turell utvikling kjem som eit resul­tat av at stadig meir avanserte teknolo­giar vert kon­struerte, og dei byg­gjer på alt det avanserte som allereie er utvikla. Sivil­isas­jo­nen breier seg utover prærien, der det tidle­gare berre var aude­mark. Det ligg i sak­ens natur at denne tek­nol­o­giske utviklin­ga ska­par endringar i folks livs­førsel og kvardagsliv. Jord­bruk­sland vert opna opp, han­de­len blom­strar og mange fleire men­neske kan ver­ta rike og nøgde.

Litografi frå 1868, produsert av firmaet Currier & Ives: "Across the Continent. Westward the course of empire takes its way".

Litografi frå 1868, pro­dusert av fir­maet Cur­ri­er & Ives: “Across the Con­ti­nent. West­ward the course of empire takes its way”.

Det finst ibuande eigen­ska­par ved teknolo­giar som gjer dei godt brukande til visse ting, og ikkje til andre ting. Jern­ba­nen forår­sakar sivilis­er­ing­spros­essen pga. sitt store trans­portvolum, behovet for stasjons­b­yar langs lin­ja, mark­naden for jern til skinnene, og så bortet­ter. Når ein teknolo­gi har vorte intro­dusert i sam­fun­net vil den nød­vendigvis føra til endringar; dette er ikkje noko som er oppe til debatt. Indi­a­narane sin tid­salder er ute. Deira livs­førsel var basert på store natur­land­skap der dyr beit­er og kan jak­tast på, og dette livet har ingen sjanse i det nye tek­nol­o­giske landskapet.

Fram­skrit­tet er uun­ngåe­leg.

Deter­min­is­ten tenker at teknolo­gien fun­ger­er på ein forhånds­bestemt måte

. ’Det går ikkje an å vera imot utviklin­ga’, seier han, ’for eg er berre eit lite men­neske i den store saman­hen­gen’. I USA på 1860-talet fanst det eit ide­al om “man­i­fest des­tiny”. Det var amerika­naranes klare skjeb­ne å gjen­ska­pa det beste frå den gam­le ver­da i den nye ver­da. Dette krevde heile tida nye ter­ri­to­ri­er, heilt til det ikkje var meir igjen å kolonis­era. Utviklin­ga vert dermed uun­ngåe­leg, og du treng eigent­leg ikkje tenk­ja på det. Det var heilt natur­leg at bilen kom etter jern­ba­nen, og så kom fly­et, og alt var med på å gjera den amerikanske sivil­iasjo­nen meir perfekt.

Sidan 1800-talet har det blitt stadig min­dre poli­tisk kor­rekt å tenk­ja slik, og dei fær­raste slår seg på brys­tet og seier ’Eg er ein tek­nol­o­gisk deter­min­ist’. Det ville jo høyrest ut som du ikkje trur at det er moge­leg med per­son­leg ini­tia­tiv, og at ein ikkje kan endra på ting gjen­nom samar­beid og poli­tisk mobilis­er­ing. Det paradok­sale er at deter­min­isme fun­ger­er som ei opti­mistisk hald­ning for unge men­neske som lever i omskiftelige tider. Eg sjølv er fri, mens teknolo­gien kjem og påverkar meg fra utsida.

Facebook gjer deg fri!

Hvis ein teknolo­gi fun­ger­er bra, slik som mange mein­er at Face­book gjer, vil den ver­ta opp­fat­ta som pos­i­tiv, og hvis den fun­ger­er dår­leg, slik som DAB-radio kan vera eit eksem­pel på, så vil den ver­ta opp­fat­ta som neg­a­tiv. I begge til­felle er det teknolo­gien som fork­lar­er endringane, og ikkje mine eigne han­dlin­gar. Slik vert tek­nol­o­gisk deter­min­isme ein god intellek­tuell over­lev­ingsstrate­gi, og du kjen­ner deg fri.

Men kva slags fridom er dette? Tenk på kor­leis Steve Jobs og dei andre entre­prenørane bak nye medi­er vert fram­stilt. Suzanne Beck­mann, pro­fes­sor ved Copen­hagen Busi­ness School, omta­lar han slik: “Han har, på en teknisk avansert, men sam­tidig lekker og bruk­er­vennlig måte, gitt oss fri­het. Fri­het til flek­si­bilitet og mobilitet. Det er nærmest en rev­o­lusjon. Han har rev­o­lusjon­ert vår måte å føle oss frie på” (Klassekam­p­en, 12.10.2011). Jav­el. Steve Jobs har laga tek­nol­o­giske løysin­gar som vert sprei­dd ut i sam­fun­net på ein så total måte at me nesten er dømt til å meina at dei for­be­trar liva våre. Det er akku­rat som med jern­ba­nen på 1800-talet. Kven kan vel vera imot framskrittet?

I mot­set­ning til tradis­jonelle medi­um som radio og fjern­syn pro­duser­er ikkje sosiale medi­um innhald. Dei lagar ikkje nyheit­er, fik­sjons­fil­mar eller radioteater. Face­book sender brukarane sitt innhald fram og tilbake inni nettver­ket, og sen­sur­erer vekk det som vert kla­ga på, men elles er dei (lik­som) nøy­trale og usyn­lege. Net­topp denne man­ge­len på innhald er sosiale medi­um sitt frem­ste karak­tertrekk, og dei har jo med­ført ein slags revolusjon.

Twit­ter og Face­book lær­er deg å hev­da deg sjølv betre

Men kva går rev­o­lusjo­nen ut på? Nettverks­baserte medi­um har gjort at folk kan skaf­fa seg infor­masjon myk­je raskare enn i den analoge tid­salderen, då ein­veg­sme­di­ene domin­erte. Rel­e­vant infor­masjon er no alltid tilgjen­ge­leg, til og med på do. Endå vik­ti­gare er det at folk kan delta i offent­leg kom­mu­nikasjon heilt sjølve. Me kan skri­va, leg­ga ut bilete, fil­ma videoar og delta i større eller min­dre offentlegheit­er med våre meiningar. Slik sett har sosiale medi­um med­ført ei endå sterkare demokra­tis­er­ing i Norge enn det som lokaldemokrati­et og velferdsstat­en allereie har stim­ulert til.

I sum har sosiale medi­um “forår­sa­ka” ein enorm auke i den tek­nol­o­gisk formid­la kom­mu­nikasjo­nen mel­lom van­lege folk, og fir­ma som Telenor, Riks-TV og Spo­ti­fy ten­er like enorme sum­mar på å levera infra­struk­turen for det heile. Alt har blitt fri­are og meir indi­vid­u­al­is­tisk. Twit­ter og Face­book lær­er deg å hev­da deg sjølv betre, og gjer deg til ein betre tilpas­sa sam­funns­bor­gar – i hvert fall innafor det sam­fun­net som dei nye medi­ene ska­par. Folk som tek medieut­dan­ning får inter­es­sante job­bar der dei driv med strate­gi, formidling og pro­gram­mer­ing som styrkar dei nye medi­enes påverk­ing. Der­som du vil, kan du fint tenk­ja at det er fan­tastisk å leva no!

Sosiale mediers rolle under den egyptiske revolusjonen

Men som de skjø­nar er eg ein av skep­tikarane. Dei siste åra har eg jevn­leg lest ordet “Face­bookrev­o­lusjo­nen”, og eg vert like irritert kvar gong. Tanken er at Face­book var så vik­tig for koordiner­inga av møte og protesthandlin­gar på Tahrir­plassen i Kairo, at dette medi­et foran­dra verkeleghei­ta i Egypt. Eg kan ikkje seia at det er direk­te feil, men eg kan seia at eg vert deprimert av å tenk­ja at det skulle vera rett.

Bergens Tidende for­mulerer ein slik deter­min­is­tisk Egypt-analyse i artikke­len “Face­book foran­dret ver­den”, trykt den 28. feb­ru­ar 2011. Språk­forskar Lin­da Kjosaas vert inter­vjua, og mein­er at Face­book var heilt avg­jerande for organ­is­eringa av demon­strasjo­nane. Sær­leg Face­book-grup­pa “Vi er alle Khaled Said” hadde stor mobilis­er­ingsef­fekt, og fekk over ein mil­lion medlem­mer. Ifølge Kjosaas var Face­book “en vik­tig møteplass for aktivis­tene og en forut­set­ning for at rev­o­lusjo­nen fant sted”.

Faksimile frå Bergens Tidende, 28. februar 2011.

Fak­sim­i­le frå Bergens Tidende, 28. feb­ru­ar 2011.

Analy­sen føre­set at egyptarane får si drama­tiske sam­funn­somvelt­ning for­di ein tek­nol­o­gisk muligheit dukkar opp, og det gjer den på eit til­feldig tid­spunkt i egyp­tisk saman­heng, sidan Face­book sin opp­komst vit­tar­leg vart bestemt av den amerikanske sivil­iasjon­sutviklin­ga. Plut­se­leg får egyptaren kraft til å tvin­ga sin vil­je gjen­nom. Ende­leg kan folk ska­pa press­grup­per på Face­book, etter hun­drevis og tusen­vis av år utan denne mulighei­ta. I vår teknologik­vardag fram­står det som heilt natur­leg å gje Mark Zucker­berg æra for at det vart rev­o­lusjonære til­stan­dar i Nord-Afri­ka. Me er så trygge på god­hei­ta i våre medi­ete­knolo­giar at me lett kan tru at dei no sveipar gjen­nom den mus­limske ver­da og ska­par fram­skritt og demokrati.

Men i denne analy­sen ligg det ei alvor­leg under­vur­der­ing av det poli­tiske dyret som eit men­neske er. Ei min­dre deter­min­is­tisk analyse av hendin­gane i Egypt kan inter­es­sant nok finnast i den allereie siterte utgå­va av Bergens Tidende frå feb­ru­ar 2011. Under sek­sjo­nen “Utland” finn eg ein artikkel med tit­te­len “Vi fant krefter i oss selv vi ikke vis­ste vi hadde”.

Dette er eit inter­vju med Ahmed Al Hin­dawi, ung­dom­sråd­gi­var for Den ara­biske liga. Han har ei sosial fork­lar­ing på dei drama­tiske hendin­gane. Ifølge han er prob­lemet at regimet består av eldre menn som ikkje tek den store ande­len unge men­neske med i beslut­ning­spros­es­sane. Unge men­neske kan lett få seg utdan­ning, men det er ikkje lett å få arbeid etter­på, og sær­leg ikkje arbeid med ans­tendig lønn og håp om eit mid­delk­las­se­liv. På grunn av sti­gande pris­ar på ris, korn og dri­vstoff har den økonomiske kvarda­gen blitt endå hardare dei siste åra. Egyptarar flest er fat­ti­gare enn på mange tiår, og lever under ned­verdi­gande vilkår målt etter sitt eige lands normal.

Her vert rev­o­lusjon­stil­stan­dane i Egypt alt­så fork­lart med at det var poli­tisk vil­je til å utføra dei. Slik fridom­størst er velk­jent frå den franske rev­o­lusjo­nen og hun­drevis av folkelege opprør gjen­nom tidene. Den egyp­tiske vil­jen vert vakkert for­mulert av Ahmed Al Hindawi:

Våre forel­dres gen­erasjon trodde at man blindt skulle følge autoriteter og ide­olo­gi­er, enten det nå var reli­gion, kom­mu­nisme, panara­bisme, etc. Men vi har ingen ide­olo­gi og ingen ledere. Vi har verdier og prin­sip­per. Vi er også mer kri­tiske enn våre forel­dre. Vi vet at vi ikke skal tro alt som mak­thav­erne sier.

Her boblar det av anti-deter­min­isme; av motvil­je mot å akseptera at det må fort­set­ja å vera slik det er.

På ein og same dag hadde alt­så Bergens Tidende to heilt forskjel­lige fork­laringar på rev­o­lusjo­nen i Egypt, med tit­lane “Face­book foran­dret ver­den” og “Vi fant krefter i oss selv vi ikke vis­ste vi hadde”. Den fyrste fork­lar­er hendin­gane med at Face­book gjorde rev­o­lusjo­nen moge­leg, og den andre med at krefter i dei unge egyp­tiske demon­stran­tane gjorde den moge­leg. Den fyrste fork­laringa er teknolo­gi-deter­min­is­tisk og den andre kan kallast sosial-deter­min­is­tisk. Eg tvi­lar på at poli­tisk redak­tør Sjur Holsen og kul­turredak­tør Hilde Sand­vik har tenkt noko sær­leg på forskjellen. Det er jo heller ikkje van­leg at avisene for­mulerer ein kon­sis­tent teknolog­i­te­ori i sine formålsparagrafar.

Lag mediet sjølv!

Det store dilem­maet dreier seg om å finna ut kva du sjølv mein­er om utviklin­ga av media og sam­fun­net dei er ein del av. Eg mein­er at eit medi­um kan bidra til nye for­mer for samkøyring av han­dlingsvil­je, men at energien til å hand­la må koma frå men­nes­ka. I Nord-Afri­ka kom rev­o­lusjo­nen frå ei djup felles mis­nøye med kvardagslivet som til slutt vart samkøyrt til ein mek­tig protest på Face­book – og på Tahrirplassen.

Hvis dette er rik­tig må det finnast eit alter­na­tiv til teorien om tek­nol­o­gisk deter­min­isme. Den finst sjølvsagt, men uheldigvis har den eit endå meir tungvint namn. Den vert ofte kalla “sosial-kon­struk­tivisme”, noko som er meint å sig­nalis­era at dei teknolo­giane som er vik­tige for sam­fun­net vert kon­struert gjen­nom sosiale krefter. Denne teorien framhev­er at i mange his­toriske til­felle var det dei sosiale beho­va blant folk som var den reelle grun­nen til endringa. Sosial-kon­struk­tivis­tane fork­lar­er ikkje utviklin­ga som ein effekt av ein teknolo­gi, men som ein pros­ess der mange ulike krefter er med å bestem­ma kva som skjer. Det er sær­leg fordelin­ga av poli­tisk makt og pen­gar som pre­gar utviklin­ga. I Noreg har me sosialdemokrati og nokol­unde ret­tfer­dig fordelt vel­stand, medan i Egypt hadde dei dik­tatur og ekstreme forskjel­lar i vel­stand. Også stor­leiken på dei ulike sosiale grup­pene påverkar utviklin­ga, til dømes forhold­et mel­lom høgt og lågt utdan­na, som er vidt forskjel­lig i Noreg og Egypt. Det er alt­så ikkje teknolo­gien i seg sjølv som styr­er, og det er ikkje gitt på føre­hand kor­leis utviklin­ga vil skje. Dei ulike kreftene set begrensin­gar og utøver press, men dei kon­trollerer ikkje utviklin­ga. Ingent­ing kon­trollerer utviklin­ga! Den er grunn­leg­gande open for forhan­dlin­gar, til­feldigheit­er og vilje.

Sosiale medi­er bør rede­sig­nast slik at dei får nors­kare ver­diar enn dei har no

I denne teorien ligg det meir håp enn i deter­min­is­men. Det går an å påver­ka den tek­nol­o­giske utviklin­ga! “Filoso­fane har berre for­tol­ka ver­da på forskjel­lige måtar, poenget er å foran­dra den”, sa Karl Marx. Eg vil kom­ma med eit kon­struk­tivt forslag før eg gjev meg. Me må laga nye medi­er sjølve! Me må des­igna våre eigne medi­er frå bot­nen og opp! Då dreier det seg ikkje om å analy­sera den eksis­terande ver­da pas­sivt, men om å kon­struera ei ny verd aktivt, slik Marx anbe­faler. Dette kallar eg mediedesign.

Mediedesign er grunn­leg­gande verdibasert. Det går ikkje an å laga eit nytt medi­um utan sam­tidig å realis­era visse åtferdsmøn­ster og ver­diar på kost­nad av noko andre. God medieutvikling hand­lar om å finna dei beste kom­mu­nika­tive funksjo­nane, og byg­ga dei inn i måten teknolo­gien fun­ger­er på.

Tenk på kor mange andre måtar ein kan kom­mu­nis­era på enn dei som er utbrei­dd i sosiale medi­er no. Det fram­står tru­leg som absurd for den jevne entu­si­ast at Insta­gram, som eit av dei nyaste medi­ene, burde hatt ein gen­uint sam­funnsendrande funksjon for å forte­na begeistring. Dette er jo berre meint å vera gøy! Men det er ikkje berre gøy. Eit nytt verdisys­tem vert utvikla i liva våre. Face­book, Insta­gram og Twit­ter dyrkar indi­vid­u­al­isme, og inspir­erer til same mak­t­fordel­ing i den norske offentleghei­ta som den dei har i USA. Kjendis­ar og rik­folk kjem alltid best ut. Dei sosiale medi­ene, slik dei fun­ger­er no, er såleis fan­tastiske verk­tøy til å spreia amerikanske ver­diar i Norge.

Men vil me eigent­leg ha desse ver­diane? Der­som alle tenkjer deter­min­is­tisk, så går jo utviklin­ga sin skeive gang, og alle er nokol­unde nøgde utan å vera frie. Då tenkjer me kan­skje ikkje godt nok over kva ver­diar me inn­før­er mens det enno går an å påver­ka utviklin­ga, og kjem fyrst til å rea­gera poli­tisk når ver­diane er kropp­s­leg­gjort i ein ny gen­erasjon av ung­dom­mar. Då er det for seint.

Mediedesign krev mot til å vel­ja seg eit verdis­ett som ein kjem­per for å inn­føra. Eg mein­er at sosiale medi­er bør redes­ig­nast slik at dei får norskare ver­diar enn dei har no. Dei burde vera kollek­tive, jam­byrdi­ge og lokale, og dei burde byg­gast for å inspir­era – eller deter­min­era – unge men­neske til å ver­ta heilt andre vak­sne enn dei vil bli slik situ­asjo­nen er no. Men så lenge utviklin­ga av nye medi­er skjer på den inter­nasjonale mediein­dus­trien sine pre­miss er det liten sjanse for at sosialdemokratiske ver­diar vil pre­ga framti­da vår. Endringar i hald­ningar og behov må koma frå heilt andre hald.

Eg har sterk tru på at norske uni­ver­sitets- og høgskulemiljø kan endra innret­ninga på dei sosiale medi­ene, og endå sterkare tru på at unge, engas­jerte ele­var på vidaregåande sku­lar kan ver­ta ein mak­t­fak­tor. Tenk på motet til dei unge egyptarane! Norsk ung­dom har sjølvsagt også poten­sial for eit slikt mot. Der­som dei tenkjer ordent­leg over sin eigen mediebruk kan dei innsjå at det er moge­leg å stå imot ten­densen til å tenk­ja at alt allereie er avgjort. Ung­dom­mar som tor­er å utfor­dra dei sosiale medi­enes tvangstrøye kan utg­jera ei veldig kraft, og på lengre sikt kan dei endra det norske sam­fun­net til det betre.

Dette inn­legget vart opprin­ne­leg halde som eit føre­drag under “Framtid­skon­fer­ansen” på Nor­dahl Grieg vidaregåande skule, 20. feb­ru­ar 2013. Då var tit­te­len “Teknologide­ter­min­isme. Ein van­leg tenkjemåte blant folk som er begeis­tra for nye medier”.

TEMA

F

acebook

76 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

  1. […] at me verken er tekno-opti­mis­ter eller tekno-deter­min­istar, men i staden er tekno-prag­ma­tis­tar (leste net­topp ein fin utgrei­ing om net­topp dette). Å vel­je kva me vil bruke slik teknolo­gi til vil vere opp til oss. Og viss me fort­set­ter å lære […]

til toppen