Revolusjon eller administrasjon?

I valkampen lukkas Erna Solberg og Høgre å framstille politikken sin på ei måte som lét dei setje dagsorden, medan SV og Lys­bak­ken kom­mu­ni­serte på ein måte som kor­kje gjeng godt saman med medie­bi­le­tet eller med det SV har opp­nådd i regje­ring.

Poli­tiske par­ti ynskjer ikkje berre å påverke kva poli­tikk media skal skrive om, men også kor­leis media og vel­jarar skal forstå poli­tikken. Å få kon­troll over dag­sor­den hand­lar dermed ikkje berre om kva sak­er som kjem på. Kor­leis desse sak­ene blir fram­stilte, og i kva lys er også svært vik­tig. I årets stort­ingsval klarte Høgre seg godt i fram­still­inga, eller framin­ga, av sakane. SV sto til stryk. Suk­sessen til Høgre kan fork­laras med å sjå på kor­leis par­ti og vel­jarar forstår kon­septet politikk.

Direktør Solberg

Erna Sol­berg i Dagsnytt atten, dagen etter at Noreg har fått ny regjeringsplattform:

Vi er selvføl­gelig opp­tatt av at vi skal levere, vi er opp­tatt av at vi skal vise resul­tater, at vår poli­tikk skal gi bedre resul­tater. Alt dreier seg ikke bare om hvor mye penger man bevil­ger, det dreier seg også om at man har ideer og løs­ninger som gjør at du kan sørge for at du kan få gode resul­tater for de pen­gene. Veldig mye dreier seg også om led­er­skap, det å ha stor gjen­nom­føringskraft. Det er vik­tig å løfte gjen­nom­føringskraften, være opp­tatt av resul­tatopp­nåelse, mer enn aktiviteten som dri­ves. For det kan godt tenkes at det vi hadde tenkt fak­tisk ikke gir det resul­tatet det var ment å gi. Da er vi vil­lige til å foran­dre poli­tikk, for man skal ikke være forels­ket i virkemi­d­lene, man skal være opp­tatt av å nå målene. (mi utheving)

Det er som eit opp­sum­merande ekko av Høgre sin valkam­pre­torikk: Høgre sitt val­pro­gram (pdf) har tit­te­len «Nye ideer og løs­ninger». Høgre vil «investere i framti­da» og kvart kapit­tel inneheld ei smør­brødliste med «Høyres løs­ninger». Gode løysin­gar skal syte for at skat­te­be­ta­larane sine pen­gar ikkje blir sløst vekk av byråkrati, men blir nyt­ta til å levere gode resul­tat. Poli­tikk skal ein dri­ve kost­nad­sef­fek­tivt – nett som eit føretak.

Erna Solberg taler etter valgseieren (Foto: Skjermdump fra Høyres Facebook-konto / CF-Wesenberg).

Erna Sol­berg taler etter val­g­seieren (Foto: Skjer­mdump fra Høyres Face­book-kon­to / CF-Wesenberg).

Kamerat Audun

Audun Lys­bakken, kvelden der SV gjer sitt nest dår­legaste val i his­to­ria. Han lovar kom­pro­miss­laus mot­stand mot ei ny reg­jer­ing: “Vi skal gå i spis­sen for mot­standen mot høyrekreftene og vi skal gjøre det med den stol­theten som kom­mer av at vi har foran­dret Norge og gjort det rødere og grøn­nere mens vi har vært i regjering».

Han snakka vidare om alle kam­pane SV hadde vunne i reg­jer­ing. SV sitt val­pro­gram heit­er «Stort nok til å drømme om, konkret nok til å tro på”. Dei vil “skape et ret­tfer­dig og miljøvennlig sam­funn” og smør­brødlis­tene er innleia med “SV job­ber for”.I valkampinnspurten snakka SV om å mobilis­ere alle medlem, støtte­spelarar og poten­sielle vel­jarar. Poli­tikk er ein kamp for foran­dring – nett som ein revolusjon.

Det er ikkje til­feldig kor­leis dei ulike par­tia føre­trekk å pre­sen­tere sin eigen poli­tikk, tvert om speglar det kor­leis dei forstår kva poli­tikk er, kva ein stat er. Og der­som par­ti­et si forståing høver bra med kor­leis media og vel­jarar tenkjer, ja, då får par­ti­et lettare set­je dag­sor­den i valkam­p­en – noko som kan­skje er med på å avg­jere val­re­sul­tatet. Opp­fat­tar ikkje Høgre poli­tikk som føre­tak­slei­ing, som admin­is­trasjon, medan SV ser på poli­tikk som sam­funn­somvelt­ing – som revolusjon?

Audun Lysbakken portrettert i SV si eige valkampavis "Del Godene" (Foto: Skjermdump fra delgodene.no / Johanna Siring).

Audun Lys­bakken portret­tert i SV si eige valkam­pavis “Del Godene” (Foto: Skjer­mdump fra delgodene.no / Johan­na Siring).

Me fors­tend ver­da gjen­nom grunn­leg­g­jande metaforar

Å tenkje i metaforar

Båe par­tileiarane fram­stil­lar poli­tikken sin på eit metaforisk sett. Det er vik­tig å ikkje tenkje på metafor i tradis­jonell for­stand, slike me gjerne forbind med dikt og poet­isk språk­bruk. I mot­set­nad til Stoltenberg, som kalla Mongstad-pros­jek­tet «vår måneland­ing» eller Jagland som kalla reg­jeringa sitt pros­jekt «Det Norske Hus», har ikkje Lys­bakken (ver­sjon 2013) sagt at SV ser på poli­tikken sin som rev­o­lusjonær. Det same gjeld for Sol­berg – ho har aldri eksplisitt saman­lik­na Noreg og eit føretak.

Poenget er at SV snakkar om poli­tikk som ein snakkar om rev­o­lusjon – ei omgri­pande omvelt­ing ein må kjempe fram, medan Høgre snakkar om poli­tikk som ein snakkar om føre­tak­slei­ing – imple­menter­ing av nye løysin­gar og tyd­leg leiarskap. Å forstå eit omgrep – eller eit felt (engel­sk: domain) – med ord ein van­legvis nyt­tar til å snakke om eit anna felt blir kalla kog­ni­tiv metafor. Vit­skaps­folk frå fel­tet kog­ni­tiv lingvis­tikk hev­dar at måten me tenkjer på i all hov­ud­sak er metaforisk – me fors­tend ver­da gjen­nom grunn­leg­g­jande metaforar. Nokon av desse metaforane er uni­verselle, til dømes TID ER ROM (me seier at tida går og at me har lagt for­ti­da bak oss), medan andre er spe­si­fikke for ein viss kul­tur, til dømes er den klas­siske opp­fat­ninga av poli­tikk i USA basert på metaforen AMERICA IS A FAMILY (tenk berre på «The found­ing fathers»).

Eit sen­tralt teo­retisk poeng er at me ikkje kan leg­gje desse metaforane vekk – det er rett og slett umog­leg for oss å tenkje og reson­nere om tid på ein måte som er uavhengig av kor­leis me tenkjer og reson­ner­er om rom. Det tyder ikkje at metaforane er sta­tiske: Metaforen TID ER ROM er samansett av eit tilnær­ma uen­de­leg sett med koplin­gar (map­pings), moglege kor­re­spon­dansar mel­lom kjelde­fel­tet (source domain) ROM og målfel­tet (tar­get domain) TID. I dag­leg språk­bruk kan me akti­vere nokre koplin­gar og slå av andre, kreativ språk­bruk kan starte koplin­gar som aldri har vore i bruk før, og på denne måten kan ein til og med byg­gje ut nye metaforar, til dømes KJÆRLEIK ER EI REISE.

Politiske frames

Kva har alt dette med poli­tisk pre­sen­tasjon å gjere? Det meste. Der­som me fors­tend poli­tikk på eit metaforisk sett, må poli­tikarane klare å bruke desse metaforane til sin fordel. Retorisk dyk­tige poli­tikarar kan kom­mu­nis­ere slik at deira fram­still­ing av røyn­dom­men og av eigen poli­tikk klinger godt med ein viss kog­ni­tiv metafor, men også slik at mot­stan­darane får prob­lem med å frem­je sin poli­tikk på ein forde­lak­tig måte. Ein har aktivert koplin­gar som er meir ten­lege for ein sjølv enn for mot­stan­daren, ein har klart å set­je dag­sor­den ikkje berre for kva poli­tikk media skal skrive om, men om kor­leis ein skal forstå poli­tikken. Dei har gjort ei god framing.

Her lukkas Høgre i valkam­p­en, medan SV snubla leng­je før mål­streken. Erna Sol­berg fra­ma poli­tikken til Høgre på ei måte som lét dei set­je dag­sor­den, medan Lys­bakken kom­mu­nis­erte på ein måte som kork­je gjeng godt saman med mediebiletet eller med det SV har opp­nådd i regjering.

Arbei­dar­par­tiet har pre­sen­tert skryte­dia­gram på Face­book om sine poli­tiske resul­tat, nett som ein føre­taks­leiar gjer for aksjonærane.

Noreg er eit føretak

Lat oss gjere eit tan­keeksper­i­ment: I Noreg tek den dominerande forståin­ga av poli­tikk den metaforiske for­ma NOREG ER EIT FØRETAK. Rein­spik­ka kog­ni­tive lingvis­tikarar gjen­nom­førar eksper­i­ment, både i form av spør­jeskje­ma sendt til store grup­per og i form av data­mask­in­model­lar, når dei skal finne ut om ein kog­ni­tiv metafor eksis­ter­er og kva slag koplin­gar som er aktive, men sidan eg ikkje er eit rikt amerikan­sk uni­ver­sitet, held eg meg på fyrste nivå av forsk­inga – analyse av den lingvis­tiske over­fla­ta, av kor­leis me nyt­tar språk og bilete i poli­tisk kommunikasjon.

Erna Solberg snakker forretninger (Foto: Kilian Munch / Norsk olje og gass. CC: by sa-2.0)

Erna Sol­berg snakker for­ret­ninger (Foto: Kil­ian Munch / Norsk olje og gass. CC: by sa‑2.0)

Det finst ein god del data som støt­ter hypote­sa om at NOREG ER EIT FØRETAK er ein aktiv metafor. New Pub­lic Man­age­ment-ide­olo­gien er kan hende det mest open­berre hin­tet (eit vik­tig poeng i kog­ni­tiv lingvis­tikk er sjølvsagt at metaforane ikkje berre påverkar kor­leis me kom­mu­nis­er­er, men rett og slett kor­leis me hand­lar og lev – alt­så ikkje berre kor­leis me forstår poli­tikken, men også kor­leis me for­mar den). Måten andre par­ti enn Høgre og SV kom­mu­nis­er­er er eit anna teikn – Arbei­darpar­ti­et har pre­sen­tert skry­te­di­a­gram på Face­book om sine poli­tiske resul­tat, nett som ein føre­tak­sleiar gjer for aksjonærane. FrP vil ha ein enklare kvardag for folk flest – dei vil levere betre ten­ester, betre veg­ar og eldreom­sorg, for færre pen­gar – net­topp som eit godt føre­tak. Ikkje minst kan reduk­sjo­nen av valkam­p­en til eit val mel­lom to statsmin­is­terkan­di­datar bli lese som eit symp­tom: Valet står mel­lom to styreleiarar, Jens eller Erna. Vel­jarane er gen­er­al­for­sam­lin­ga, reg­jeringa er føretaksstyret.

God framing frå Høgre

Høgre sine valkamp­strate­gar har klart å dra nytte av denne metaforen. For det fyrste har dei vore heldige – par­tileiaren deira er ein av to statsmin­is­terkan­di­datar. For det andre har dei klart å snakke om Høgre-poli­tikk som om dei snakka om føre­tak­slei­ing, sam­stun­des som denne måten å snakke på synte fram alt det dei raud­grøne ikkje har fått til. Skat­telette er klas­sisk Høgre-poli­tikk, når dei snakkar om gode løysin­gar som skal gje oss meir for pen­gane snakkar dei til vel­jarane som aksjonærar – me skal få mest mog­leg att for investeringane me gjer. Skat­telette er slett ikkje ven­stresi­da sin poli­tikk – så å forstå vel­jarar som aksjonærar er ikkje forde­lak­tig for dei raudgrøne.

Høgre er også oppteken av at løysin­gane skal gje gode resul­tat – dei skal opp­nå mål, levere oss auka tryg­gleik, gode veg­ar, rask behan­dling når me er sjuke. Då vert vel­jarane brått kun­dar som skal bli so nøgde som mog­leg. Høgre sin fordel her er den mas­sive medieom­ta­la av kor­leis byråkrati­et har feila under dei raud­grøne – han­dlingslam­min­ga 22. juli, kaoset på Ahus, utgrei­ing på utgrei­ing om utbyg­ging av jern­banenet­tet. Grafane til Ap som skal syne kor såre vel alt er blir då ikkje så effek­tive – media har jo for­t­alt oss at det slett ikkje gjeng så bra, og Høgre si kopling klikkar rett inn i den forteljin­ga. Vik­ti­gast er kan­skje kor gjen­nom­ført Høgre snakkar om poli­tikk på denne måten – det gjer bod­skapen deira tydlege og styrkar framin­ga dei er ute etter.

Få av oss har opp­levd vel­dige omvel­tin­gar som revo­lu­sjo­nar. Deri­mot møter me alle føre­tak og lik­nande einin­gar i dagleglivet.

SV i utakt med folket

SV snakka om noko heilt anna. For dei er poli­tikk store sam­funnsendringar, ein rev­o­lusjon. Det er abso­lutt mog­leg at ulike kog­ni­tive metaforar kan eksis­tere par­al­lelt på dette nivået, både i same kul­tur og i same hjerne (medan på meir basale nivå, som TID ER ROM, vil det ikkje vere rom for slik drastisk skil­nad), men ein av metaforane vil vere den dominerande.

Heikki Holmås og andre frå SV i demonstrasjon. (Foto: Tore Netland/SV)

Heik­ki Holmås og andre frå SV i demon­strasjon. (Foto: Tore Netland/SV)

POLITIKK ER REVOLUSJON ligg nok støtt i hjartet til det sosial­is­tiske protest­par­ti­et SV, men eg trur det er trygt å seie at dei berømte folk flest ikkje fors­tend poli­tikk som ein rev­o­lusjon. Eit vik­tig poeng i teorien om kog­ni­tiv metafor er at kjelde­fel­tet bør vere noko me kjen­ner betre til enn målfel­tet, og få av oss har opplevd slike veldige omveltin­gar som rev­o­lusjonar. Der­i­mot møter me alle føre­tak og lik­nande einingar i dagleglivet. I til­legg, som allereie nem­nt, med­verkar mediebiletet og NPM-ide­olo­gien til å akti­vere forståin­ga av poli­tikk som admin­is­trasjon og føre­tak­slei­ing. SV klarar ikkje å møte vel­jarar flest eller massemedia.

Dårleg kommunikasjon frå SV

Sam­stun­des har ikkje SV grei­dd å frame poli­tikken dei har gjen­nom­ført i reg­jer­ing som store, struk­turelle endringar. Par­ti­et har vore tyd­leg på at dei har opp­nådd full barne­hagedekn­ing og mel­lombels stop­pa olje­bor­ing i Lofoten, men kvi­for er dette radikalt, kor­leis er det rev­o­lusjonært? SV har opp­nådd resul­tat, men dei klarar ikkje å ta i bruk metaforen dei fors­tend poli­tikk gjen­nom når dei skal kom­mu­nis­ere resul­ta­ta sine. Dei har ikkje klart å sende rev­o­lusjo­nen på TV.

Par­ti­et klarar heller ikkje å fork­lare kvi­for ein bør forstå poli­tikk som ein rev­o­lusjon. Noreg går jo som kjent nok­så bra, folk flest har det godt, kvi­for skal me mobilis­ere, kvi­for skal me kjempe, vil me eigent­leg ha noko så vald­samt som ein rev­o­lusjon? Kan­skje tid­sanden er mot dei, for er det ikkje betre og tryg­gare med litt betre løysin­gar, nokre nye idear, tydle­gare lei­ing som kan gje oss meir utbytte for skattpen­gane og levere betre tenester?

TEMA

R

etorikk

104 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen