Kreftblogging frå tabu til avismat

Talet på kreftbloggar er stadig veksande. Sunn avismat, meiner medieforskar.

På sine heime­si­der lin­kar Kreft­for­ei­nin­ga til eit breitt utval av blog­gar skriv­ne av kreft­rå­ka per­son­ar. Blog­ga­ne er svært popu­læ­re og for­ei­nin­ga regist­re­rer at talet på kreft­blog­gar på net­tet veks. 

– Man­ge har god nyt­te av å skri­va om sjuk­do­men. Det er ei form for hjelp til sjølv­hjelp, kor per­sona­ne får til­bake­mel­din­gar på det dei skriv og mot­tek støtte­er­klæ­rin­gar i ei vans­ke­leg tid. Sli­ke pasi­ent­blog­gar flo­re­rer på net­tet og i løpet av dei sis­te åra har talet på kreft­blog­gar teke heilt av, sei­er presse­sjef i Kreft­for­ei­nin­ga Erik Vigan­der.

Les også:
«Det har hjelpt meg enormt å dela det eg ten­ker og føler.» Kreft­rå­ka Mari­ell for­tel om sjuk­dom­men og blog­gin­ga.

Sam­stun­des ber han pasi­en­tar og pårø­ran­de utvisa akt­semd.

– Det er vik­tig at det ikkje utvik­lar seg eit open­heits­ty­ran­ni, slik Per Fugel­li åtva­ra om. Det må ikkje bli slik at om ein ikkje står fram og er open om sjuk­do­men sin, så har ein «mind­re ver­di», slår Vigan­der fast. 

– Kan vera ubehageleg

Medie­fors­kar Anders Fager­jord ved Uni­ver­si­te­tet i Oslo sei­er det er flei­re for­kla­rin­gar på kvi­for per­son­ar vel å dela noko så pri­vat som sjuk­dom på net­tet.

– Når ein møter ei kri­se i livet, må ein ofte skri­va his­to­ria om seg sjølv på nytt. Iføl­gje psy­ko­lo­gar kan ein blogg fun­ge­ra som ein spe­gel; ein vert kjend med seg sjølv gjen­nom det ein skriv. Såleis er ein blogg både enkelt for ein sjølv og til­gjen­ge­leg for and­re å lesa, sei­er han.

Beg­ge er like­vel viss på poten­si­el­le ulem­per eit vell av kreft­blog­gar på net­tet kan føra med seg. 

Vigan­der sei­er ein ofte er infor­ma­sjons­sø­kan­de i tida etter at ein har vor­te dia­gnos­ti­sert med kreft. Han mei­ner det finst mykje nyt­tig infor­ma­sjon på net­tet, men i myl­de­ret av infor­ma­sjon kan det kan­skje for nokon opp­le­vast som skrem­man­de å fin­na kreft­blog­gar med bile­te og detal­jer­te skild­rin­gar.

– Fyrst og fremst kan det for nokon som nett­opp har fått stilt dia­gno­sen, vera ube­ha­ge­leg å sjå bile­te av folk frå sjuke­hus­sen­ga med leid­nin­gar kop­la til krop­pen.

Ikkje alle har behov for å opp­sø­ka eller å dela den­ne type pri­vat infor­ma­sjon, mei­ner Vigan­der.

– Me må ha respekt for dei som vil ver­na om pri­vat­li­vet, påpei­ker han. 

Billig og tilgjengeleg klikkvinnar

Medie­opp­sla­ga som omhand­lar kreft­blog­gar er man­ge. Fager­jord mei­ner saker om sjuk­dom og per­son­lege kam­par fell inn under den sta­dig vek­san­de «du-jour­na­lis­tik­ken» i nett­avi­ser og under­byg­gjer medie­sam­fun­net sitt dag­le­ge fokus på livs­stil, helse og vel­vê­re. Såleis er aviser med på å bidra til stør­re open­heit. Det er posi­tivt, mei­ner medie­fors­ka­ren.

– Per­son­lege for­tel­jin­gar om men­nes­ke appel­le­rer til lesa­ra­ne og det gene­re­rer side­vis­nin­gar. Avis­re­dak­sjo­nar opp­når man­ge klikk på saker om kreft­pa­si­en­tar som skriv blogg. Sake­ne er enk­le og bil­li­ge å pro­du­se­ra, og dei er lett til­gjen­ge­le­ge for jour­na­lis­tar. I ein avis­kvar­dag pre­ga av dår­le­ga­re råd og ned­kut­tin­gar er det­te saker det er natur­leg å prio­ri­te­ra, poeng­te­rer Fager­jord.

I front for dei kreftramma

– Kreft var len­ge eit skum­melt og tabu­be­lagt tema. For 30–40 år sidan var sjuk­do­men nær­ast «for­bo­den» å snak­ka om. Då er det posi­tivt at sam­fun­net i dag har eit meir ope for­hold til sjuk­do­men og at per­son­ar tør stå fram med opp­le­vin­ga­ne sine, sei­er Vigan­der.

Kreft­for­ei­nin­ga opp­lev­de tide­nes pågang på Face­bo­ok-side­ne då Anbjørg Sætre Håtun gjekk bort 21. janu­ar.

Vigan­der trekk fram Håtun og nyleg avdøyd­de Karl Erik Bøhn som vik­ti­ge front­fi­gu­rar for sjuk­do­men. Beg­ge var med på å gje sjuk­do­men eit and­le­te i offent­leg­hei­ta.

– Håtun og Bøhn gjekk i front for dei kreft­ram­ma. Dei var føre­bi­le­te og tale­røyr for open­hei­ta kring kreft, slår Vigan­der fast.

Spår kraftig vekst i krefttilfelle

Tal Ver­das helse­or­ga­ni­sa­sjon (WHO) pub­li­ser­te nyleg syner at talet på nye kreft­rå­ka vil sti­ga med 8 mil­lio­nar årleg fram mot 2022. I 2012 vart det regist­rert om lag 14 mil­lio­nar kreft­dia­gno­sar på verds­ba­sis. I 2022 fryk­tar fors­ka­ra­ne at så man­ge som 22 mil­lio­nar men­nes­ke vil få stilt dia­gno­sen.

Iføl­gje tal frå Kreft­re­gis­te­ret var det i peri­oden 1957–1961 regist­rert litt over 8.000 årli­ge kreft­til­fel­ler i Noreg. I peri­oden 2007–2011 had­de det­te talet økt til i over­kant av 28.000.

TEMA

J

ournali
stikk

113 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

KOMMENTÉR
  1. Knut Holt says:

    Det som irri­te­rer meg med alle kreft­blog­ge­ne er at de som står frem er så foban­na poli­tisk kor­rek­te. Ingen tør set­te spørs­måls­tegn med selve dia­gnosem. nød­ven­dig­he­ten av å behand­le og behand­lings­må­ter, og ingen tør å kri­ti­se­re det behand­len­de appa­ra­tet eller lege­ne, eller tør å snak­ke om alter­na­ti­ve behand­lings­må­ter.

    Noen må begyn­ne å ban­ne i den hel­li­ge nors­ke kreft­kjer­ka og det gans­ke kraf­tig også, for kon­ven­sjo­nell kreft­be­hand­ling i regi av det nors­ke helse­ve­se­net er under all kri­tikk hvis en kjø­lig skal vur­de­re resul­ta­te­ne.

    Når det avog­til ser ut som behand­lin­gen gir godt resul­tat, skyl­des det­te som oftest at en opp­da­ger begyn­nen­de for­and­rin­ger som nok kan kate­go­ri­se­res som kreft, men som ald­ri vil­le utvik­let seg til noen alvor­lig syk­dom, behand­ler dis­se og så kom­mer dis­se inn i sta­ti­stik­ken.

    En slik kri­tikk tur­te en fak­tisk ta for 30 år siden, men nå er kon­for­mi­te­ten total.

til toppen