«Å røre ved Kronede Hoveder»: om dei norske adresseavisenes barndom

Korleis blei dei første avisene i Christiania og Trondheim introdusert for allmennheita på 1760-talet, og kva slags funksjonar fylte dei i offentlegheita?

I euro­pe­isk måle­stokk opp­sto dei nors­ke avi­se­ne seint. Noreg var som kjend ein pro­vins under­lagt det dans­ke konge­ri­ket, med Køben­havn som det udis­ku­tab­le sen­trum – både poli­tisk, øko­no­misk og kul­tu­relt. Den førs­te dans­ke (men rett nok tysk­språk­le­ge) avi­sa blei alle­reie etab­lert i 1634, over hund­re år før den nors­ke avis­pres­sa tok til. Den førs­te dansk-språk­le­ge avi­sa såg dagens lys i 1725.

Rett nok blei det gjort eit mis­luk­ka for­søk på å stif­te avis i Ber­gen i 1722, men det var først i 1763 at Noreg fekk si førs­te ordi­næ­re og regel­mes­sig utgit­te avis med Nors­ke Intel­li­genz-Sed­de­ler i Chris­tia­nia. I løpet av dei nes­te sju åra blei såkal­la adresse­avi­ser etab­lert i ytter­le­ga­re fire nors­ke byar (Ber­gen i 1765, Trond­heim i 1767, Aren­dal i 1769 og Stav­an­ger i 1770). Nam­net adresse­avis spe­ler på kop­lin­ga til adresse­kon­to­ra, dei offent­le­ge opp­lys­nings­by­råa som på 1700-talet had­de kon­ge­leg pri­vi­le­gi­um til å for­mid­le kunn­gje­rin­gar i euro­pe­is­ke byar.

Om dei tid­le­gas­te adresse­avi­se­ne kan kal­last for aviser ut i frå dagens defi­ni­sjo­nar, er kan­skje tvil­samt, men ambi­sjo­na­ne om å utfø­re eit sam­funns­opp­drag var til sta­des frå førs­te prent.

Norske Intelligenz-Seddeler: Nyheitsavis eller annonseorgan?

Førsteutgåva av Norske Intelligenz-Seddeler

Første­ut­gå­va av Nors­ke Intel­li­genz-Sed­de­ler (25. mai, 1763)

Man­ge har len­ge «for­lan­get og øns­ket og se nyt­ti­ge efter­ret­nin­ger Nor­ge betref­fen­de», obser­ve­rer utgje­var og bok­tryk­kar Samu­el Con­rad Schwach i førs­te utgå­ve av Nors­ke Intel­li­genz-Sed­de­ler 25. mai 1763, og lover så å utgje sitt blad kvar veke. Der­et­ter føl­ger eit vik­tig atter­hald, då «den­ne heele nyt­tig­ge Ind­ret­ning» var avhen­gig av alle «Patrio­ters God­hed og Vil­lig­hed, i at ind­s­ende til Bog­tryg­ge­ri­et alt hvad der­til erag­tes tien­ligt». Schwach opp­gav ingen sjan­ger- eller tema­mes­si­ge restrik­sjo­nar. Var det nyt­tig, var det vel­ko­ment!

Den unge bok­tryk­ka­ren var opti­mis­tisk på veg­ne av den nye avi­sas fram­tid. I avi­sas opnings­dikt blir spørs­må­let «Men skriv­ter! Hvor er de?» med eitt besvart: «Jo mænd De fin­des!». Ende­leg kun­ne pub­li­kum lese ei norsk avis som «fører Norsk Beret­ning»! Sågar skul­le avi­sa «Fyl­dest­gi­ø­re dig i all­er­størs­te Grad», og slik vise at Noreg «ejer og For­stand».

[…] Men Skriv­ter! Hvor er de?

Jo mænd! De fin­des, som om Nor­ge ogsaa taler;

Men hvad kand Nor­ge for, at alle ej vil see?

Her kom­mer nu et Blad, som fører Norsk Beret­ning

Om en og anden Ting, som ogsaa tiene kand;

Det and­re vii­se skal til Deres Efter­ret­ning:

At Nor­ge haver Folk, som ejer og For­stand.

Jo meer, Min læse­re! Man Dig bedst kand for­nø­je;

Jo meer begiær­lig Du afhæn­ter det­te Blad,

Jo meer man Stræ­be skal, og have sig for Øje:

At Fyl­dest­gi­ø­re Dig i all­er­størs­te Grad.

(Intel­li­gens­sed­la­nes opnings­vers)

Av første­ut­gå­va å døm­me er det liten tvil om at Intel­li­gens­sed­la­ne var meint som eit ledd på vegen mot ein styr­ka norsk iden­ti­tet og sjølv­kjens­le. Både avi­sas tit­tel, pro­gram­er­klæ­ring og opnings­vers er pre­ga av refe­ran­sar til det nors­ke og det patrio­tis­ke. Som det i ei sei­na­re utgå­ve vart påpeikt: Bladet skul­le vere til ære og nyt­te for fedre­lan­det.

Kva er det som gjer at etter­tida omta­ler nett­opp Intel­li­gens­sed­la­ne som Noregs førs­te avis? Med tan­ke på den rike tids­skrift­flo­ra­en som veks fram i Noreg på 1700-talet, er det­te eit rime­leg spørs­mål. Intel­li­gens­sed­la­ne had­de vis­se lik­skaps­trekk med tids­skrif­ta, både med omsyn til utgi­vings­fre­kvens, typo­gra­fi og sjan­ger­bruk. Men der tids­skrift­lit­te­ra­tu­ren foku­ser­te på bort­imot tid­lau­se spørs­mål rundt vit­skap, reli­gion, filo­so­fi og moral, intro­du­ser­te den nye avi­sa ein heilt ny grad av aktua­li­tet i sitt kunn­gje­rings­stoff. Med dei meir eller mind­re fas­te vig­net­tane som tje­neste­sø­ken­de, bekjent­gjø­rel­ser, til kjøps, tap­te saker, auk­sjo­ner, fød­te og døde samt inkom­ne skip, opna Intel­li­gens­sed­la­ne opp for ei byr­jan­de insti­tu­sjo­na­li­se­ring av offent­leg infor­ma­sjons­sprei­ing. Kunn­gje­rin­gar som tid­le­ga­re var delt gjen­nom jun­gel­te­le­gra­fen – even­tu­elt i form av flyge­blad eller bod­stik­ker – fekk ved hjelp av avi­se­ne ein effek­tiv veg inn i den enkel­te pri­vat­sfæ­re og vida­re inn i det fel­les offent­le­ge rom. Slik bidrog aver­tis­se­ments­stof­fet til å desen­tra­li­se­re og til­gjen­ge­leg­gje­re den såkal­la nors­ke beret­ning. Sam­stun­des bør sprei­ings­ef­fek­ten ikkje over­dri­vast: Sjølv om avi­se­ne blei delt av man­ge lesa­rar i meir eller mind­re orga­ni­ser­te lese­sirk­lar, utgjor­de avi­sas opp­lag (om lag to hund­re) i under­kant av tre pro­sent av byens inn­byg­gjar­tal mot slut­ten i 1765.

Tre veker før avi­sa såg dagens lys, pub­li­ser­te Schwach eit notat der han greia ut om den plan­lag­de hovud­dis­po­si­sjo­nen for dei koman­de num­ra. Her kjem det klart fram at annonse­for­mid­ling skul­le vere avi­sas hovud­verk­semd. Det rom som even­tu­elt blei ledig, skul­le fyl­last med små for­tel­jin­gar i pro­sa eller på vers. Alle­reie etter dei førs­te num­ra kan ein mer­ke at aver­tis­se­ments­stof­fet ikkje på langt nær blei så omfat­tan­de som for­ven­ta, og ymse over­skots­stoff (sann­yn­leg­vis hen­ta frå and­re skrif­ter) blei raskt inklu­dert. Sær­leg kjem det­te til syne under den breie spal­ta Oeco­no­mis­ke og and­re Efter­ret­nin­ger. Para­dok­salt nok for ei byavis, som nep­pe had­de ein stor lesar­ska­re utan­for Chris­tia­nias gren­ser, fekk pub­li­kum her ser­vert tips om kor­leis ein skal føre­byg­ge sjuk­do­mar hos sau, kor­leis ein skal dyr­ke åker og kor­leis ein lag­rar sitro­nar gjen­nom vin­ter­halv­året. At det sist­nemn­de styk­ket blei tryk­ka midt på som­ma­ren, tyder også på at stoff­til­fan­get nep­pe var for­mi­da­belt.

Etter kvart som annonse­an­de­len sta­bi­li­se­rer seg på eit nivå til­sva­ran­de under halv­par­ten av avi­sas spalte­plass, aukar inn­sla­get av teks­tar i essay-, dikt, brev- og fabel­form. Styk­ka fyl­ler som regel både før­te- og andre­sida og er gjer­ne spreidd ut over flei­re utgå­ver, noko som gjer dei til utgå­ve­nes mest omfangs­rike enkelt­teks­tar. Des­se tek ofte opp morals­ke, filo­so­fis­ke og smaks­re­la­ter­te tema frå ein ofte kri­tisk syns­vin­kel. Sær­leg får styk­ket «Om Sma­gen i at skri­ve» ein vik­tig plass i avi­sas spe­de start som debatt­or­gan. Essay­et kri­ti­se­rer dei moder­ni­ser­te og «for­dær­ve­de» skrive­reg­la­ne, og blir gjen­stand for ei rek­kje applau­de­ran­de og kri­tis­ke til­svar. Den­ne er utgangs­punk­tet for eit svært kri­tisk brev frå ein ano­nym inn­sen­dar:

Cri­ti­quer, som gjer­ne agtes onde, for den viden­de og gjen­nem­træn­gen­de Kraft der føl­ger med dem, og som de oftest fører med sig, er dog u-skateer­li­ge og gode, naar de bru­ges ret, og hol­des inden sine Grænd­ser, naar al Onds­kab, naar al Hevn­gjer­rig­hed, og naar al skar­nag­tig Skum­len er deru­d­en fore, thi da seer man ikke sjel­den: at de lære og for­bed­re.

Kri­tik­ken og mei­nings­inn­hal­det fekk alt­så spalte­plass i Intel­li­gens­sed­la­ne, i kon­trast til opp­fat­nin­gar om at adresse­avi­ser ber­re dreiv kunn­gje­rings­ar­beid. Det betyr like­vel ikkje at Intel­li­gens­sed­la­ne var eit oppo­si­sjo­nelt organ i ein poli­tisk og sam­funns­de­bat­te­ran­de kon­tekst. Sjølv om Schwach unn­gjekk å søke om kon­ge­leg pri­vi­le­gi­um for si adresse­verk­semd, og såleis utnyt­ta eit hål i pri­vi­le­gi­ums­ord­nin­ga, val­de sty­res­mak­ta­ne i Køben­havn å aksep­te­re avi­sas eksis­tens – i føl­gje Svenn­ik Høy­er på grunn av dens poli­tis­ke tann­laus­heit. Schwach var sann­syn­leg­vis høgst med­vi­ten om at kon­gens god­vil­je var lett å omven­de, og la sjølv flei­re restri­ki­ve avgren­sin­gar på avi­sas man­dat: Ein skul­le ber­re tryk­ke stoff som «betref­fer alle­ene Kon­ge­ri­get Nor­ge», og all rap­por­te­ring frå det poli­tis­ke sen­trum i Dan­mark vart der­med ute­luk­ka.

Avismotstand i Trondheim

Førsteutgåva av Adresseavisen

Første­ut­gå­va av Adresse­avi­sen (3. juli, 1767). Legg mer­ke til det kon­ge­le­ge vapen­skjol­det, som fram­leis pry­der avi­sas emblem.

Adresse­avi­sen i Trond­heim vart ski­pa i 1767, og er med det Noregs desi­dert elds­te avis som fram­leis kjem ut. Hel­ler ikkje i Trond­heim blei nyvin­nin­ga pre­sen­tert i bly­ge orde­lag. I føl­gje utgje­var Mar­ti­ni­us Nis­sen vil­le bladet (med det ful­le nam­net Kon­ge­lig alle­ne pri­vi­lige­re­de Trond­heims Adres­se-Con­toirs Efter­ret­nin­ger) møte både mis­hag, lat­ter og skul­din­gar om kjet­te­ri:

Hvo opfandt noget Nyt, som en af man­ge las­tes?

Og som et Kiæt­te­rie af Daa­ren tidt for­kas­tes,

For­di han Føl­ger­ne og Nyt­ten ei kan see,

Og tro­er han haver Ret til alle Ting at lee?

Hvad saa uskyl­digt kan man sig vel fore­ta­ge?

Som ey den Van­hæld har at las­tes og mis­ha­ge?

[…] Jeg som Adres-Con­toir i Tron­hiem vil opret­te,

Jeg maae med Vil­lig­hed jo ogsaa ven­te det­te,

At det, som i vor Bye saa usæd­van­ligt er,

Ey Bifald fin­de vil saa snart hos en og hver.

Sjølv om Adresse­avi­sen had­de fått mono­pol­rett av kon­gen, som avi­sas ful­le namn indi­ke­rer, blei det flei­re gon­ger gjort for­søk på å stop­pe utgi­vin­ga. Trond­heims myn­dig­hei­ter mein­te nem­leg at bor­ga­ra­nes infor­ma­sjons­be­hov ikkje var stort nok til å rett­fer­dig­gje­re ei avis, og at byens ein­as­te bok­tryk­kar had­de krav på kon­kur­ranse­vern. Det var nett­opp avsla­get på eit slikt pri­vi­le­gi­um som i 1721 grus­la det stut­te ber­gens­ke avis­for­sø­ket Den Riden­de Mercu­ri­us.

Ei skisse av ein borgarleg offentlegheit

Mar­ti­ni­us Nis­sens visjo­nar om å til­by byen ein ny offent­leg­heits­are­na kjem tyde­leg fram i form av eit skjønn­lit­te­rært styk­ke alle­reie i førs­te utgå­ve. Teks­ten, med tit­te­len «Avis-Dis­cours», skild­rar eit sel­skap som kvar post­dag sam­lar seg på det loka­le verts­hu­set og debat­te­rer stof­fet i ei ikkje-namn­gitt avis. Dia­lo­gen mel­lom des­se bor­ga­ra­ne blir saman­lik­na med ord­skif­tet i ei lov­gi­van­de for­sam­ling:

Der sæt­tes Kon­ger og Fyrs­ter baa­de ind og af, uden at betæn­ke, hvor liden eller slet ingen Myn­dig­hed de der­til har. Der stil­ler de Arme­er i Mar­ken, som ingen Pen­ge kos­ter at under­hol­de. Der jager de et fient­ligt Par­tie efter det andet paa Flug­ten, og ere dog saa langt fra dem, at de ikke kan see, mind­re ram­me dem. Der eqvi­pe­rer de en Flo­de til Land­gang, som ved Mod­vind og god Vind sey­ler lige langt. Der leve­rer de sto­re Felt­slage og udgy­der dog ikke en Draa­be Blod.

Men det er vel ikkje for­svar­leg for den geme­ne hop å «røre ved kro­ne­de Hoved­er» på den­ne måten, skyt for­tel­jin­gas obser­ve­ran­de hovud­per­son inn. Skal van­le­ge menn «ind­træn­ge sig i de For­ret­nin­ger, hvor­til man ikke er kal­det»? Jo, sva­rer verts­hus-eiga­ren. Den som viser seg fram på ver­das skode­plass, skal ven­te at «enhver, som er Til­skuer, rai­son­ne­rer over ham, hvor­le­des han spil­ler sin Per­son». Slik skal avi­sa hjel­pe bor­ga­ra­ne til å øve sin for­stand, hev­dar han. Men viss dei «kro­ne­de Hoved­er» blir møtt med van­ære og for­nær­min­gar og viss fol­kets deli­be­ra­sjon fører til frak­sjons­dan­ning og saman­rot­ting, kan sli­ke øvin­gar ikkje len­ger tole­re­rast. Skild­rin­ga­ne er langt på veg i tråd med Tryg­ve Rii­ser Gun­der­sens omta­le av 1700-talets offent­leg­heits­for­stå­ing i Dan­mark-Noreg:

Det poten­si­elt far­li­ge er […] mulig­he­ten for for­ening – den monu­men­ta­le for­tet­tin­gen som kan opp­stå i de sjeld­ne til­fel­le­ne hvor myria­de­ne av menin­ger i bak­ga­ter, bonde­stuer og bor­ger­hjem krys­tal­li­se­res til én.

Ei for­ei­ning av mennes­kjer og mei­nin­gar blir i dag sett på som eit open­bart aspekt ved eit demo­kra­ti, og som ein fun­da­men­tal føre­set­nad for ytrings­fri­dom. Men sam­stun­des er ikkje den­ne ret­ten iden­tisk med fri­do­men til å ytre seg. Sta­tens frykt for offent­leg frak­sjons­dan­ning var også reell i Noreg len­ge etter inn­fø­rin­ga av grunn­lo­vens para­graf 100. Til dømes blei mili­tær­makt, med hei­mel i den såkal­la opp­rørs­lova, flei­re gon­ger nyt­ta for å bry­te opp fre­de­le­ge men oppo­si­sjo­nel­le folke­sam­lin­gar på 1800-talet (blant anna under bonde­toga i 1818 og under torgs­la­get 17. mai 1829). Mis­ten­ke­leg­gje­rin­ga av orga­ni­se­ring og frak­sjons­dan­ning gjaldt også den etab­ler­te poli­tik­ken: Alle for­mer for val­kamp­verk­semd og stem­me­på­verk­nad blei betrak­ta som eit brot på val­lova til langt ut på 1800-talet.

Bod­ska­pen i Adresse­avi­sens for­tel­jing kan også sjå­ast i lys av Jür­gen Haber­mas sine nor­ma­ti­ve skild­rin­gar av den bor­gar­le­ge offent­leg­hei­tas vekst og fall. Haber­mas si offent­leg­heits­for­tel­jing tek utgangs­punkt i kor­leis det vek­san­de han­dels­bor­gar­ska­pet i vest­le­ge bysam­funn på 1700-talet gav opp­ha­vet til ein ny are­na som var skilt ut frå det pri­va­te, der kaffi­husa og offent­le­ge all­men­nin­gar dan­na are­naar for eit rasjo­nelt ord­skif­te mel­lom uav­hen­gi­ge bor­ga­rar. Gjen­nom drøf­tin­gar om morals­ke og poli­tis­ke spørs­mål i det opne rom blei ide­en om ein fel­les offent­leg dis­kurs skapt, hev­dar Haber­mas, som ikkje var til sta­des i tid­le­ga­re sam­funn. I kraft av avi­se­nes og tids­skrif­tas fram­komst blei «fol­kets røst» ytter­le­ga­re eks­po­nert og eks­pan­dert, og i takt med aukan­de kom­mer­sia­li­se­rings- og pro­fe­sjo­na­li­se­ringstenden­sar har sam­fun­net inn­tatt (re)føydale trekk: Dei reel­le sam­funns­på­ver­kan­de debat­ta­ne har blitt over­ført til maktas skjul­te kor­ri­do­rar, med­an den medie­dek­te offent­le­ge sam­ta­le i rea­li­te­ten er ein evig­va­ran­de bok­se­kamp mel­lom etab­ler­te og insti­tu­sjo­na­li­ser­te frak­sjo­nar.

I Adresse­avi­sa åtva­ra for­fat­ta­ren om at dei poli­tis­ke debat­ta­ne kan ska­pe uhel­di­ge frak­sjo­nar. Den­ne åtva­rin­ga blir delt av Haber­mas. Del­ta­ka­ra­n­es fri­dom i høve til ein­an­nan er ein fun­da­men­tal føre­set­nad for å ska­pe ein for­nuf­tig og rasjo­nell offent­leg­heit, hev­dar han: Først når del­ta­ka­ra­ne ser bort i frå alle sta­tus­sym­bol, og ikkje repre­sen­te­rer and­re enn seg sjølv, kan argu­men­tets auto­ri­tet vin­ne over det sosia­le hie­rar­ki­ets auto­ri­tet.

Der­som Adresse­avi­sens offent­leg­heits­skild­rin­gar sei­er noko om kva slags ord­skif­te avi­se­ne vil­le leg­ge til ret­te for, er den nep­pe for­ei­ne­leg med den moder­ne for­stå­ing av offent­leg­hei­ta som ein debatt­arena med tyde­le­ge for­grei­nin­gar til kon­kret lov­gje­van­de verk­semd. I det­te fal­let fram­står den som ein luk­ka offent­leg­heit, kor bor­ga­ra­ne søker å imi­te­re dei reel­le avgjerds­pro­ses­sa­ne, fram­for å ha reel­le makt­på­ver­kan­de ambi­sjo­nar. Vans­ke­leg er det då å sjå på adresse­avi­se­ne som ein sjølv­sten­dig insti­tu­sjo­nell for­len­ging av den kaffi­hus-offent­leg­hei­ta som Haber­mas snak­kar om. Som Rii­ser Gun­der­sen også er inne på, bør ikkje syt­ten­hundre­ta­lets offent­leg­heits­ideal tol­kast som eit frislepp av den offent­le­ge røys­ta, men hel­ler som eit slags kon­ser­ve­ran­de nasjo­nalt dan­nings­pro­sjekt:

I ste­det bør vi sna­re­re for­stå de nye patrio­tis­ke offent­li­ge insti­tu­sjo­ne­ne som et for­søk på å inter­ve­ne­re over­for den ufor­mid­le­de offent­li­ge menin­gen. Opi­nio­nen skal tuk­tes og dan­nes, inn­gis med den ret­te bor­ger­ånd og stats­fø­lel­se.

Rekonstruert utgåve av Adresseavisens første handpresse. Presentert på fjernsynet under avisas 200 års-jubileum.

Adresse­avi­sens førs­te hand­pres­se, rekon­stru­ert i tre fjer­de­les stor­leik. Pres­sa, som kun­ne tryk­ke 200 aviser per time, vart pre­sen­tert i sam­band med avi­sas 200-års­ju­bi­le­um i 1967 (skjerm­dump frå NRK).

Schizofrene aviser?

Inn­hal­det i Trond­heims førs­te avis syner både lik­skaps­trekk og ulik­hei­ter med Intel­li­gens­sed­la­ne i Chris­tia­nia. Trass i det vid­løf­ti­ge intro­duk­sjons­styk­ket, er det sam­funns­de­bat­te­ran­de og poli­tis­ke mei­nings­inn­hal­det omtrent frå­ve­ran­de, med­an inn­sla­get av lokalt og nasjo­nalt nyheits­stoff er noko meir fre­kvent enn i Intel­li­gens­sed­la­ne sitt fød­sels­år. Vig­net­ten Adskil­li­ge Nyt har ofte ein form som me i dag gjer­ne vil karak­te­ri­se­re som tab­loidstoff. Her får lesa­ra­ne både ser­vert blo­dig kri­mi­nal­stoff om mord og offent­le­ge avret­tin­gar, samt meir lett­bein­te for­tel­jin­gar om blant anna ei sak om ei van­skapt ku, ein «mål­laus mann» som plut­se­leg fekk atten­de sitt mæle samt om ein Ork­dal-fami­lie «som ble­ve angreb­ne af en stærk Opkas­tel­se» etter å ha druk­ke kaf­fi med rotte­gift.

Mar­ti­ni­us Nis­sen pub­li­ser­te ei rek­kje natur­vit­ska­pe­le­ge og his­to­ris­ke styk­ke med eit klart all­menn­opp­ly­san­de man­dat, og Trond­heims adresse­avis var slik også eit pro­dukt av opp­ly­sings­ti­das ide­ar.  Blant anna had­de Chris­ti­an Fes­ter, mathe­ma­ti­cus ved De Angels­ke Stif­tel­ser, ein meir eller mind­re fast spal­te med utgrei­in­gar om mate­ma­tik­kens his­to­rie og om uli­ke mate­ma­tis­ke pro­blem. Ved flei­re høve finn ein også heil­si­der som blir vigd til ast­ro­no­mis­ke stor­hen­der i Finn­mark, og i eit num­mer blir his­to­ria om «glas­sets opp­rin­nel­se» for­tald over flei­re sider.

I dag omta­lar me gjer­ne våre riks­dek­kan­de laus­salsavi­ser som «schi­zo­fre­ne», på grunn av sin måte å kom­bi­ne­re seriøst og meir tab­lo­id nyheits­stoff. Med sin sali­ge blan­ding av under­vi­sing og under­hal­ding, er kan­skje det­te også ei pas­san­de skild­ring av våre førs­te adresse­avi­ser?

Sensurens tidsalder

Då Adresse­avi­sens utgje­var åtva­ra mot frak­sjons­dan­nin­gar og oppo­si­sjo­nel­le utsegn, skjed­de det i ei tid pre­ga av streng stat­leg sen­sur. I Noreg måt­te ein sen­de alle tryk­te pub­li­ka­sjo­nar til føre­hands­kon­troll hos bis­ko­pen, med­an pro­fes­so­ra­ne had­de til­sva­ran­de opp­gå­ve i Dan­mark. Med tan­ke på dei avgren­sa vil­kå­ra offent­leg­hei­ta lev­de under på 1700-talet, vil Haber­mas sine ide­ar om den fram­vek­san­de bor­gar­le­ge offent­leg­hei­ta gjer­ne fram­stå som over­dre­vent idea­li­se­ran­de. I alle fall gir Haber­mas si fram­stil­ling eit util­strek­ke­leg bile­te for å for­stå pre­mis­sa­ne som låg til grunn for den offent­le­ge mei­nings­kul­tu­ren i Dan­mark-Noreg i den­ne peri­oden.

Det var først Napo­le­ons­kri­ga­ne som tvang fram ei reell nyheits­pres­se i Noreg, hjul­pe fram av aukan­de etter­spur­nad etter nyhei­ter samt han­dels­blo­ka­den som i 1807 hind­ra impor­ten av dans­ke aviser. Men når ein snak­kar om norsk aviser som uav­hen­gi­ge og kri­tis­ke are­naar, fri frå stat­leg kon­troll og sen­sur, var det inn­fø­rin­ga av grunn­lo­ven i 1814 og dens trykk­fri­doms­pa­ra­gaf som for alvor bana veg for ei pres­se med poli­tisk gjen­nom­slags­kraft.

Dei nors­ke adresse­avi­se­ne på 1760-talet var ikkje mas­se-medi­um, og kan nok hel­ler ikkje betrak­tast som deli­be­ra­ti­ve mei­nings­are­naar. Men vår tid­le­gas­te avis­pres­se har like­vel ein sen­tral plass i norsk offent­leg­heits­his­to­rie, sær­leg i kraft av sitt tek­nisk-insti­tu­sjo­nel­le bidrag: Dei bidrog til å ska­pe nye band mel­lom mennes­kjer og geo­gra­fis­ke områ­de, og end­ra sjøl­ve tids­for­lø­pet og dek­nings­gra­den i ska­pin­ga av pub­li­kums fel­les­er­fa­rin­gar. Alt det­te er utvil­samt grunn­leg­gjan­de føre­set­na­dar for fram­veks­ten av ein brei og del­ta­kan­de offent­leg­heit.

Kjelder:

Eide, Mar­tin (red) (2010): Norsk Pres­ses His­to­rie: En sam­funns­makt blir til 1660–1880. Oslo: Uni­ver­si­tets­for­la­get.

Haber­mas, Jür­gen (1991): Bor­ger­lig offent­lig­het. Oslo: Gyl­den­dal .

Høy­er, Svenn­ik (1995): Pres­sen mel­lom tek­no­lo­gi og sam­funn: nors­ke og inter­na­sjo­na­le per­spek­ti­ver på presse­his­to­ri­en fra Guten­berg til vår tid. Oslo: Uni­ver­si­tets­for­la­get.

Kon­ge­lig allene­pri­vi­lege­re­de Tron­hiem Adres­se-Con­toirs Efter­ret­nin­ger, årgang 1767–1769

Stø­ren, Wil­helm K. (1966): Adresse­avi­sen to hund­re år. Trond­heim: A/S Adresse­avi­sen.

Nors­ke Intel­li­genz-Sed­de­ler, årgang 1763–1765.

Nøding, Aina (2007): Vit­ti­ge kame­le­oner. Lit­te­rære teks­ter i nors­ke adresse­avi­ser, 1763–1769. Oslo: Uni­ver­si­te­tet i Oslo.

Sprau­ten, Knut (1992): Oslo bys his­to­rie: Byen ved fest­nin­gen. Oslo: Cap­pe­len.

Sta­tis­tisk sen­tral­byrå (1980): Nor­ges førs­te folke­tel­ling 1769. Oslo.

Viken, Øystein Idsø (2009): «”Et Blad som fører Norsk Beret­ning” – Ein inten­sjo­nal påstand mot struk­tu­rel­le tesar gjel­dan­de nyhende­kon­junk­tu­ra­ne i Nors­ke Intel­li­genz-Sed­de­ler 1763–74». For­tid 6, nr. 1.

TEMA

J

ournali
stikk

114 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen