Kautokeino-opprøret og fornorsking i nord

Kautokeino-opprøret i 1852 markerte starten på ein langvarig fornorskingspolitikk av Nord-Noreg, og ei systematisk politisk undertrykking av den samiske befolkninga.

Opp­rø­ret i Kau­to­kei­no i 1852 ska­ka dei nors­ke sty­res­mak­te­ne. Den 8. novem­ber gjekk 35 flytt­sa­mar, som var læsta­dia­na­rar (ei reli­giøs sekt), først til fysisk åtak på same­fa­mi­li­ar i områ­det som ikkje had­de vil­ja late seg omven­de og var syn­di­ge og ubot­fer­di­ge. Dinest gjekk fer­da til kyr­kje­sta­den. Her slo dei i hel lens­mann Lars Johan Bucht og han­dels­mann Carl Johan Ruth. Dei set­te fyr på huset og kram­buer som han­dels­man­nen had­de, og sokne­prest Hvos­lef og flei­re and­re vart mis­hand­la.

To av opp­rø­ra­ra­ne mis­ta livet i sam­band med åta­ket. Sty­res­mak­te­ne fekk raskt kon­troll over situa­sjo­nen og set­te inn 50 sol­da­tar. I 1854 vart to av leia­ra­ne, Aslak Jacob­sen Hætta og Mons Aslak­sen Som­by, døm­de til døden av Høgste­rett og hals­hog­de 14. okto­ber same år. Tre av opp­rø­ra­ra­ne døyd­de før eller under retts­saka. Ni av dei fekk livs­va­rig feng­sel, med­an 15 slapp unna med feng­sels­straf­fer på år eller måna­der. I til­legg måt­te opp­rø­ra­ra­ne sva­re til sta­ten 3000 rein og opp­lev­de med det øko­no­misk ruin. Med den­ne dom­men fekk det­te opp­rø­ret sto­re dimen­sjo­nar.

Kau­to­kei­no-opp­rø­ret og offent­leg­hei­ta
His­to­ria om den nors­ke offent­leg­hei­ta er pre­ga av man­ge spen­nings­for­hold langs ideo­lo­gis­ke, kul­tu­rel­le og geo­gra­fis­ke lin­jer. I den­ne blog­gen pub­li­se­rer me med jav­ne mel­lom­rom djup­dykk i flei­re av des­se. I den­ne artik­ke­len tek his­to­ri­kar Knut Dørum for seg kjøl­vat­net av Kau­to­kei­no-opp­rø­ret i 1852, og drøf­ter hen­din­ga si avgje­ran­de bety­ding for for­hol­det mel­lom offent­leg­hei­tas sen­trum og peri­fe­ri – og mel­lom sama­ne og lan­dets sty­res­mak­tar.

Kvifor?

Kor­leis har så Kau­to­kei­no-opp­rø­ret blitt for­klart? Ei for­kla­ring lan­sert av etno­gra­fen Gutorm Gjes­sing er at det pro­fi­tab­le brenne­vins­sa­let til han­dels­man­nen og pres­ten og alko­hol­mis­bru­ket for­der­va sama­ne øko­no­misk og moralsk, og at det­te vart hovud­år­sa­ka til opp­rø­ret. Ei meir omfat­tan­de for­kla­ring med flei­re ele­ment er sei­na­re lan­sert av sosio­lo­gen Per Otnes. Han mei­ner opp­rø­ret var ein sosi­al pro­test ret­ta både mot fra­man­de inn­tren­ga­rar driv­ne av pro­fitt­hun­ger og mot eit hard­hendt norsk retts­ap­pa­rat. Dinest såg han ei reli­giøs moti­ve­ring i læsta­dia­nis­men, ei ny kris­ten­doms­for­stå­ing som den svens­ke pres­ten Lars Levi Læsta­di­us (1800–1861) had­de for­kynt og gjen­nom det fått man­ge til­hen­ga­rar blant nors­ke og svens­ke samar. Læsta­di­us mana folk til høga­re moral og vil­le ha stren­ge for­bod mot det han såg på som syn­dig livs­før­sel, og ikkje minst mana han fol­ka sine til hand­fas­te hand­lin­gar mot dei urei­ne, syn­di­ge og van­tru. Både Gjes­sing og Otnes er sam­de om at det samis­ke opp­rø­ret gjekk ut frå ei rørs­le som sosi­alt kjem­pa mot norsk over­makt, men som også fann næring i reli­giøs radi­ka­lis­me som gjekk ut over dei som stod utan­for rørs­la.

Mykje av det same synet har den neder­lands­ke his­to­ri­ka­ren Nelle­jet Zorg­dra­ger. Ho mei­ner i dok­tor­av­hand­lin­ga si at hovud­for­kla­rin­ga på opp­rø­ret er dei kolo­nia­lis­tis­ke og ned­la­tan­de hald­nin­ga­ne som embets­menn og han­dels­menn møt­te dei med på kyr­kje­sta­den, ting­sta­den og han­dels­plas­sen. I den sterkt karis­ma­tis­ke rørs­la som Læsta­di­us had­de ski­pa, fann sama­ne ei sterk over­ty­ding om at dei repre­sen­ter­te det hei­la­ge og rett­vi­se i møte med nord­menn som ikkje lev­de etter den ret­te trua. Dei kjen­de ei gud­gje­ven plikt til å straf­fe nord­men­ne­ne. Noko som kan ha for­ster­ka sin­net og mis­nøya, var grense­sper­rin­ga mel­lom Noreg og Fin­land kort tid før opp­rø­ret som øyde­la for som­mar­bei­tet i fins­ke områ­de for sama­ne i Kau­to­kei­no-områ­det.

Sosialt opprør og religiøs vekking

Tore Pry­ser sum­me­rer opp mykje av fors­kin­ga når han ser opp­rø­ret som eit resul­tat av bry­tin­gar mel­lom samar og nors­ke inn­flyt­ta­rar, slik som pres­tar og lens­menn som var lite kva­li­fi­ser­te og syn­te lite for­stå­ing for samisk kul­tur. Den læsta­di­ans­ke vek­kin­ga som i for­kyn­nin­ga si gjekk til åtak på alko­hol­mis­bruk og sed­løy­se, fekk sterk brodd mot preste­ska­pet og dei verds­le­ge sty­res­mak­te­ne som utnyt­ta sama­ne i brenne­vins­han­de­len og var bru­ta­le mot dei. Vek­kin­ga had­de i åra før 1852 utløys­te reli­giø­se demon­stra­sjo­ner blant sama­ne, og dei som had­de del­te­ke, var blitt straf­fa med inn­dra­ging av rein.

ZjvbduB8IVgxaekSfOPaVQvXE6DAik-I08sD75-k9CYg

Fra Nils Gaups film­a­ti­se­ring av Kau­to­kei­no-opp­rø­ret (Foto: Erik Aavatsmark/Rubicon)

Pry­ser har vil­ja sjå opp­rø­ret også i saman­heng med Thra­ne-rørs­la, sjølv om det ikkje var direk­te sam­band. Ikkje minst vil han vur­de­re reak­sjo­na­ne til dei nors­ke sty­res­mak­te­ne som ei føl­gje av at Thra­ne-rørs­la had­de tru­ga sta­bi­li­ten i det nors­ke sam­fun­net. I etter­tid såg sty­res­mak­te­ne man­ge spor av sam­band mel­lom sama­ne og thra­nit­ta­ne. Eitt indi­si­um var at den tysk­fød­de Hein­rich Anders frå det kom­mu­nis­tis­ke for­bun­det had­de vit­ja sjøl­vas­te Læsta­di­us i 1847. Pry­ser finn også prov for at både Høgste­rett og statt­hal­dar Løven­skiold i 1850-åra såg opp­rø­ret som ein trug­sel mot stat og sam­funn på line med Thra­ne-rørs­la, og at det måt­te vere ei kop­ling mel­lom Kau­to­kei­no-opp­rø­ret, Thra­ne-rørs­la og februar­re­vo­lu­sjo­na­ne omkring i Euro­pa. Høgste­rett mein­te sama­ne had­de vil­ja tvin­ge fram ei sam­funns­mes­sig jam­stil­ling mel­lom seg og dei sosi­alt høgare­stå­an­de, noko som vil­le øyde­leg­gje sivi­li­sa­sjo­nen. Retts­saka og dom­men speg­la fryk­ta til sty­res­mak­te­ne for flei­re opp­rør under inn­tryk­ket av revo­lu­sjons­for­sø­ka rundt omkring i Euro­pa i 1848. Hand­te­rin­ga av opp­rø­ret står fram som ein del av reak­sjo­nen som Thra­ne-rørs­la alt had­de utløyst.

Men straffe­re­ak­sjo­nen vart mykje har­da­re mot sama­ne enn mot thra­nit­ta­ne. Til dels hang døds­straf­fa saman med at Kau­to­kei­no-opp­rø­ret var val­de­leg og før­te til drap, til dels speg­lar straf­fa at til­hø­vet mel­lom nors­ke sty­res­mak­te­ne og sama­ne var blitt meir og meir kon­flikt­fylt. Som Einar Nie­mi poeng­te­rer, før­te opp­gje­ret med sama­ne til at læsta­dia­nis­me som ei kris­ten ret­ning for sama­ne vart for­dømd, og sama­ne kun­ne ikkje len­ger opent vere læsta­dia­na­rar, sjølv om den­ne reli­giø­se rørs­la ald­ri braut med den nors­ke stats­kyr­kja. Iføl­gje Nie­mi had­de bile­tet av sama­ne som dei edle vil­le slått sprek­kar med det blo­di­ge opp­rø­ret, og dei stod no fram som rå og fra­man­de. Det­te bidrog til at den nors­ke sta­ten meir og meir stram­ma inn mino­ri­tets­po­li­tik­ken sin i sis­te del av 1800-talet.

Frå edelt naturfolk til primitiv rase

Frå rundt 1860 og i 70–80 år fram­over dreiv dei nors­ke sty­rings­mak­te­ne ein sta­dig meir sys­te­ma­tisk for­nors­kings­po­li­tikk and­sy­nes kve­ner og samar i Nord-Noreg. Ein vil­le plan­te ster­ka­re norsk­na­sjo­na­le hald­nin­gar hos samar og kve­ner nord­på. Nasjons­byg­gin­ga kom til å gå hand i hand med ei rase­lære som vur­der­te sli­ke folke­slag som under­leg­ne nord­menn i intel­li­gens og kul­tur. Det galdt å mins­ke iden­ti­tets­kjens­la og sam­hal­det blant dei og under­gra­ve språ­ket og kul­tu­ren dei­ra. For­nors­kings­po­li­tik­ken fekk ster­kast utslag i språk- og skule­po­li­tik­ken, og born og unge på skule­ben­ken mer­ka mest til til­taka. Samar og kve­ner skul­le tvin­gast til å lære seg norsk, leve som nord­menn og ta i bruk nors­ke skik­kar. Det kom restrik­sjo­nar mot å tale anna enn norsk på sku­len.

Vik­tig var det også at Finans­de­par­te­men­tet i 1848 inn­leia ein poli­tikk i Finn­mark som betyd­de at sty­res­mak­te­ne ikkje i same grad som tid­le­ga­re god­tok dei gam­le bruks- og eige­doms­ret­ta­ne til sama­ne, som var kol­lek­ti­ve, ikkje knyt­te til ein­skil­de per­son­ar. No vil­le sty­res­mak­te­ne rek­ne grun­nen i Finn­mark som stat­leg og ta frå «nomade­folk, lap­pe­r­ne» ret­tar, og nye og etab­ler­te samar og kve­ner skul­le ikkje få sta­tus som eiga­rar. I 1863 kom lova om stat­leg jord­sal, følgd av ei ny lov i 1902. I 1869 krav­de amt­man­nen at dei som kjøp­te eller leigde seg jord i Sør-Varan­ger, måt­te kun­ne snak­ke norsk eller svensk. Knut Einar Erik­sen og Einar Nie­mi ser den lang­va­ri­ge for­nors­kings­po­li­tik­ken i stor utstrek­ning som eit resul­tat av fryk­ta for finsk eks­pan­sjon i nord­om­rå­da. Føre­stil­lin­ga om «den fins­ke faren» i Noreg bot­na til ein viss grad i tenden­sar i nabo­lan­det til å drøy­me om eit Stor-Fin­land, der eit utan­riks­po­li­tisk mål kun­ne bli å inn­lem­me fins­ke områ­de i and­re land i Fin­land. Den kvens­ke befolk­nin­ga i Noreg kun­ne der­med bli ein trug­sel. Sik­ring av ter­ri­to­ri­et mot Russ­land er også ein del av bile­tet. Det kom i stand avta­lar om grense­sper­rin­gar mel­lom lan­da i nord­om­rå­det, og i 1860 vart Noreg og Russ­land sam­de om utle­ve­ring av uønsk­te ele­ment, som for norsk del dreid­de seg om å kvit­te seg med kvens­ke inn­vandra­rar som vart ein sosi­al og øko­no­misk byr­de for det offent­le­ge.

For­nors­kings­po­li­tik­ken kom langt på veg til å umyn­dig­gje­re sama­ne poli­tisk og kul­tu­relt. Det norsk-etnis­ke arbei­dar­klas­sen fekk ald­ri opp­le­ve noko som kom i nær­lei­ken når det galdt under­tryk­king og ned­vur­de­ring. Ein ny oppo­si­sjon nedan­frå reis­te seg i 1860-åra.

Litteratur

Pry­ser, Tore 1982: Gesel­lar, rebel­lar og sver­ma­rar. Om far­le­ge folk kring 1850. Oslo.

Erik­sen, Knut Einar og Einar Nie­mi 1981: Den fins­ke fare. Sik­ker­hets­pro­ble­mer og mino­ri­tets­po­li­tikk i nord 1860–1940. Oslo.

Nie­mi, Einar 2003: I nasjo­nal­sta­tens tid, 1814–1940, bd. 2, i Norsk inn­vand­rings­his­to­rie.

Zorg­dra­ger, Nelle­jet 1997: De rett­fer­di­ges strid. Kau­to­kei­no 1852. Oslo.

Gjes­sing, Gutorm 1953: Tra­ge­di­en i Kau­to­kei­no. Hål­øyg­min­ne.

Otnes, Per 1970: Den samis­ke nasjon. Inter­esse­or­ga­ni­sa­sjo­ner i same­nes poli­tis­ke his­to­rie. Oslo.

TEMA

N

orgeshi
storie

19 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen