Fascismens nye drakt

Identitarismen har eit ungdommeleg og akademisk preg, og freistar å gje nye svar på modernitetens problem. Men røtene ligg hjå fascismen.

Dei hev­dar å rep­re­sen­tere noko nytt, ein “fjerde veg” vekk frå gam­le poli­tiske kat­e­go­ri­ar. Dei står for eit nytt verdssyn, ein ny kul­tur og ei poli­tisk rørsle som både avvis­er den gam­le orde­nen med glob­alis­er­ing og røverkap­i­tal­isme, sam­stun­des som dei tek vare på dei beste ideane og ver­diane den vestlege sivil­isas­jo­nen har skapt. Dei mein­er å vere Europa si redning.

Iden­ti­taris­men star­ta i Frankrike under nam­net Bloc Iden­ti­taire, og seinare i den langt meir aktive ung­dom­sor­gan­isas­jo­nen Généra­tion Iden­ti­taire. Dei har erk­lært krig mot 68-arane, noko som vert uttrykt i klartekst i det auster­rikske man­i­festet Généra­tion Iden­ti­taire av Markus Will­inger og den pop­ulære franske videoen Généra­tion Iden­ti­taire – A Dec­la­ra­tion of War From the Youth of France. Og det er lett å forstå kvi­for. Man­i­festet og videoen rekkjer ein fordøm­mande peikefin­ger mot styres­mak­tene og kul­ture­liten i Europa for å ha over­sett beho­va til folket, og anklager dei for å ha for­rådt europeiske og nasjonale ver­diar for å leg­gje til rette for storkap­i­tal­en og mas­sein­nvan­dring. Det er litt som å henge i kom­men­tar­fel­tet til Face­book-sida til enkelte Frp-poli­tikarar, berre meir velfor­mulert og reflek­tert retorikk, og antikapitalistisk.

Den førnem­nte krigserk­læringsvideoen etter­let liten tvil [forf. omsetjing]:

Vi er Gen­erasjon iden­titær (den iden­titære generasjon)
Vi er gen­erasjo­nen som vert drepen for å sjå på feil per­son, for å nek­te nokon ein sigarett eller ha ei “hald­ning” som irriter­er nokon.
Vi er gen­erasjo­nen av etnisk splin­tring, av samek­sis­tensens full­s­tendi­ge kol­laps og tvun­gen raseblanding.
Vi er gen­erasjo­nen som er dobbelt straffa:
Dømd til å betale for eit sosialt sys­tem som er så gen­erøst mot fra­mande at det ikkje lenger kan bere vårt folk.
Vår gen­erasjon er ofra til 68-arane som ville frig­jere seg frå tradis­jon, kunnskap og autoritet i utdanning.
Vi forkas­tar dykkar his­to­riebøk­er for å forme våre min­ner på ny.
Vi trur ikkje lenger at “Khad­er” nokon gong kunne bli vår broder, vi har stog­ga å tru på den “glob­ale lands­byen” og “men­neske­fam­i­lien”.
Vi har oppda­ga at vi har røter, ei arv og difor ei framtid.
Vår arv er vårt land, vårt blod, vår identitet.
Vi er arvin­gane av vår eiga framtid.
Vi skrud­de av fjern­synet for å marsjere i gatene.
Vi malte slagord på veg­gane, og ropte gjen­nom høg­ta­larane etter “ung­dom i makt” og lòt våre Lamb­da-fan­er fly høgt.
Lamb­daen, malt på stolte Spar­ta­narars skjold, er vårt symbol.
Forstår du ikkje kva dette tyder?
Vi vil ikkje rykkje attende, vi vil ikkje gje etter.
Vi er lei og trøytt på dykkar feigheit.
Dykk kjem frå åra av etterkrig­sopp­gang, pen­sjons­forde­lar, SOS rasisme, “mang­fald”, sek­suell frig­jer­ing og ein sekk med ris frå Bernard Kouchner.
Vi er 25 pros­ent arbei­d­sløyse, sosial gjeld, mul­ti­kul­turelt kol­laps og ein eksplosjon av anti-kvit rasisme.
Vi er knuste famil­iar, og unge franske sol­datar som døyr i Afghanistan.
Du kjøper oss ikkje med eit ned­la­tande blikk, ein elendig jobb i det offentlege og ein klapp på skuldra.
Vi treng ikkje dykkar ungdomspolitikk.
Ung­dom ER vår politikk.
Tru ikkje at dette er eit ringe manifest.
Dette er ei krigserklæring.
De er av gårs­da­gen, vi er av morgondagen.
Vi er Généra­tion Identitaire.

I Markus Will­inger si krigserk­læring kan vi høyre ekkoet av klagesongen frå ytre høgre; “Dei har forder­va flag­ga våre, knust våre grenser, og vridd på sjølve nam­net åt ting. Med dei [68-arane. Forf. merk­nad] er heim­lan­det ikkje lenger lan­det av eins fedre! Det er ein tåkete idé, ein abstrak­sjon, ein kon­struk­sjon.” Vidare skriv han at eit folks iden­titet er biol­o­gisk, og at det er denne som gjer alle folk uer­stat­telege: “Eit folks iden­titet, minne og “pros­jek­tar” kjem frå eit særskilt nedar­va utgangspunkt.” Will­inger sin pås­tand er at 68-arane (det andre vil kalle kul­tur­marx­is­tar) har opna dørene for mas­sein­nvan­dring av fra­mande folk, og at Europa etter tuse­nar av år med stolt his­to­rie no står for fall. Ikkje for­di dei fra­mande er sterkare, men for­di vi er for red­de for å fryk­te. Vi er indok­trinert og kua av 68-arane, og fryk­ter å verte omta­la som rasis­tar, og gjev etter for anti-europeisk rasisme i staden. “68-arane sin ide­olo­gi har infis­ert Europa. Det er ein sjuk­dom som vil drepe oss, om vi ikkje finn ein kur.”

Desse utdra­ga illus­tr­erer kva desse iden­titære ønskjer. Det van­lege omkvedet om at dei er “etno­plu­ral­is­tar” og berre opp­tatt av å verne om kul­turell eige­nart let fal­skt. Deira kamp er ikkje ein for å utjamne sosiale eller økonomiske ulik­skaper, eller for å styrke rettvisa i sam­fun­net, men for å reinske lan­det, nasjo­nen, kul­turen og rasen for fra­mand påverk­nad, anten det no er “kul­tur­marx­is­tar” eller innvan­drarar frå andre delar av ver­da. Dei opplev desse kreftene som ein trugsel mot sin etniske eige­nart. Mot blod og jord.

Om det er noko som skil dei frå klas­sisk fas­cisme, så er det nett fokuset på etnisitet og biol­o­gisk opphav. Fas­cis­men i sin opphavelege ital­ienske form var ikkje rasis­tisk på same vis som nasjon­al­sosial­is­men. Men medan fleire av medlem­mane av det iden­titære miljøet har bak­grunn frå nynazis­tiske miljø, er det lettare å spore tankegod­set via tenk­jarar ein van­legvis omta­lar som fascistiske. 

Den fascistiske arva

Fas­cis­men er ikkje ein enkel ide­olo­gi å opp­sum­mere, det er difor heller ikkje open­bert kor­leis iden­ti­taris­men pas­sar inn. Ein gøymer seg gjerne bak idear som etno­plu­ral­isme og før-fascis­tiske filoso­far. Det er likev­el fram­leis mog­leg å spore iden­ti­taris­men til fire hov­udin­spi­rasjonar, iføl­gje det iden­titære opp­slagsver­ket Meta­pe­dia:

1. Det nye høgre, eller Nou­velle Droite, ei nytenk­ing av høgr­eradikalis­men ført an av Alain de Benoist og hans forsk­ings­gruppe Groupe­ment de recherche et d’é­tudes pour la civil­i­sa­tion européenne eller GRECE.

2. Tradis­jon­al­is­men, ein filosofi inspir­ert av franske René Guénon og hans tilheng­jarar, som søk­te den opphavelege reli­gion, filosofi og tradis­jon. Tradis­jon­al­is­men har fleire vari­antar, inklud­ert ein mys­tisk-religiøs, vit­skap­leg (saman­lik­nande reli­gionsvit­skap) og ein poli­tisk, òg kjend som radikal tradis­jon­al­isme. Den poli­tiske tradis­jon­al­is­men er nær knytt til fas­cis­men gjen­nom sin opphavs­mann Julius Evola som ikkje berre ten­estegjorde for Mus­soli­ni, men og for SS under kri­gen, og som var inspi­rasjon­skjel­da til myk­je av den fascis­tiske ter­roren i Italia i etterkrigstida.

3. Arke­o­fu­tur­is­men til Guil­laume Faye, som er ein kom­bi­nasjon av tradis­jon­al­is­mens arkaisme og for­tid­snos­tal­gi med futur­isme og omfamn­ing av mod­erne teknolo­gi. Futur­is­men er som kjend fas­cis­mens føre­trek­te kunstform.

4. Metapoli­tikk, etter kom­mu­nis­ten Anto­nio Gram­sci sine idear om kor­leis ein vinn hege­monisk og poli­tisk makt ved først og fremst å endre kul­turen. Ein vinn ikkje i poli­tikken ved å kjempe poli­tisk, men å endre den kul­turelle pre­mis­sen for poli­tikken. Metapoli­tikk inneber å jobbe gjen­nom kul­turin­sti­tusjonar og dra dei i ei ret­ning som ein finn ønskjeleg. 

Dette er med andre ord eit med­vite pros­jekt for å omdanne fas­cis­men. Bloc Iden­ti­taire og seinare Généra­tion Iden­ti­taire springer direk­te utifrå Nou­velle Droite og GRECE i Frankrike. Andre miljø på ytre høgre har latt seg inspirere ikkje berre av retorikken, men av hamskiftet.

Den fjerde veg

Ved sida av Alain de Benoist og Julius Evola er det få namn som vert nem­nt så ofte som Alexan­dr Dug­in, rus­sisk fas­cist og akademikar som nyleg vart sagt opp frå uni­ver­sitetet i Mosk­va. Han har lang fart­stid på ytre høgre, og var medlem av fascis­tiske miljø allereie før Sov­jet fall. Gjen­nom nit­ti­talet og 2000-talet var han aktiv i fleire ulike miljø, og sen­tral for nasjon­al­bol­sje­vikane og seinare det nyeurasi­atiske miljøet. Kor stor påverk­nad han har hatt på Kreml er uvisst, men han har bygd seg eit ryk­te som ide­olog og geopoli­tisk ana­lytikar. Myk­je av rus­sisk poli­tikk i seinare år har spegla Dug­in sine forslag om å vende attende til Rus­s­lands autoritære og religiøse arv, samt å ekspan­dere mot Ukraina.

I The Fourth Polit­i­cal The­o­ry legg han fram sin nyaste ver­sjon av sin ide­olo­gi. Boka er utg­jeven på engel­sk av det iden­titære for­laget Ark­tos, og prøver å fork­lare kvi­for desse nye tankane ikkje berre står i kon­trast til lib­er­al­isme, kap­i­tal­isme og sosial­isme, men òg fas­cisme. Noko den ikkje gjer så over­ty­dande. Dug­in hev­dar at ideen om den fjerde poli­tiske teorien vart fødd i eit møte mel­lom han og Alain de Benoist i Rus­s­land, men så langt har ikkje omgrepet slått an utan­for iden­titære kret­sar. Og Dug­in ser ut til å slå betre an i utlandet enn heime i Rus­s­land – hjå dei identitære.

Lik klas­sisk fas­cisme har iden­ti­ta­ris­men fleire møte­punkt med ytre venstre

I sitt for­fat­tarskap utviklar Dug­in sine eurasi­atiske idear, der Austen skal fun­gere som mot­pol mot den atlantiske sivil­isas­jo­nen – det vil seie dei lib­erale demokra­tia i Vest-Europa og Ameri­ka. Den føres­låtte eurasi­atiske alliansen vil bestå av land som omfam­nar tradis­jonelle styre­sett, og avfeiar lib­er­al­is­men, som Iran, Kina og Syr­ia. Gjerne ispedd litt ortodokse og tradis­jon­al­is­tiske religiøse forestill­inger. Rus­siske anti-homo-lover pass­er veldig godt inn i sistnemnte. 

Allierte på venstresida

Via Dug­in og Rus­s­land har iden­ti­taris­men opna dørene til å rekrut­tere frå­falne ven­str­eradikalarar som har anti-amerikanisme og anti-israelisme som lei­etrå­dar. Fas­cis­men vart defin­ert av kom­mu­nis­ten Geor­gi Dim­itrov som eit uttrykk for den reak­sjonære kap­i­tal­is­men og impe­ri­al­is­men. Marx­is­men ser fas­cis­men for å vere kap­i­tal­is­men, impe­ri­al­is­men og bor­garskapen som synar sitt sanne andlet når dei vert pres­sa. Ei rev­o­lusjonær anti-kap­i­tal­is­tisk rørsle, med appell til arbei­dark­lasse, som det fas­cis­men eigent­leg er og alltid har vore, vert difor ikkje kjend att som fascis­tisk av dei gam­le dog­matikarane på ven­stresi­da. Og slik verkar sjølv iden­ti­taris­men som eit mog­leg svar på spørsmåla som har pla­ga den radikale ven­stresi­da etter kom­mu­nis­mens fall, ein mot­pol til lib­er­al­isme og kap­i­tal­isme, og ein plat­tform for ein slags iden­titet i nasjo­nen og folket. 

Om artikke­len
Denne artikke­len er ein ned­ko­r­ta ver­sjon av “Fas­cis­mens unge andlet”, pub­lis­ert i Samti­den 4/15. Mate­r­i­al er òg hen­ta frå bokessayet “Iden­titærane kjem!” i Human­ist 3/14. For å lese om eit beslek­ta ital­ien­sk alter­na­tiv tilrå­dast “The New Fas­cists” pub­lis­ert via Hate Speech Inter­na­tion­al om ital­ienske nyfascis­tar i Cas­a­Pound Italia som har inspir­ert fleire identitære.

Denne type lefling med det iden­titære og fas­cisme finn vi blant ein del kjende tidle­gare AKP/Raudt-medlem­mar som sam­lar seg på Face­book (desse er gjerne eksklud­erte eller utmelde over “jøde­spørsmålet”, m.a.o anti­semit­tisme). Dei har funne seg ein alliert i kam­p­en mot vest­leg impe­ri­al­isme og «jøde­mak­ta» rep­re­sen­tert av Israel. I Face­book-grup­pa “Vi som bryr oss om avisa Klassekam­p­en”, er refer­ansar til Dug­in og støtte til Putins Rus­s­land ikkje sjel­dan kost. Steget til å støtte opp om det iden­titære pros­jekt er heller ikkje langt, om ein ikkje kjen­ner att fas­cis­men som eit rev­o­lusjonært anti-kap­i­tal­is­tisk fenomen.

Men lik klas­sisk fas­cisme har iden­ti­taris­men fleire møtepunkt med ytre ven­stre, ikkje berre i kraft av å vere rev­o­lusjonær og anti-kap­i­tal­is­tisk, men òg i sin valte strate­gi og fokus på iden­titet. Gram­s­cian­sk metapoli­tikk over­lap­par med evo­lian­sk apo­liteia — ein trekk seg unna nor­malpoli­tikken, til fordel for å jobbe kul­turelt. I staden for å endre poli­tikken, endrar ein pre­mis­sen poli­tikken vert drøf­ta på. Ein job­bar seg sak­te, men sikkert, gjen­nom insti­tusjo­nane og erver­var påverk­ingskraft på dette viset. Dei iden­titære vender 68-arane sin strate­gi imot dei. Anklager om fascis­tiske sym­pa­tiar kan snøgt avfeiast med at ein er ikkje poli­tisk, ein har berre inter­esse for europeisk kultur. 

Ytre ven­stre­side har lenge heg­na om iden­titet­spoli­tikk. Poli­tikk dri­ven fram av særin­ter­essene til under­tryk­te grup­per som homofile, kvin­ner, ikkje-euro­pear­ar og lik­nande. Motivet er å styrke desse grup­pene og jam­stelle dei med resten av sam­fun­net, og ein gjer det gjen­nom å krevje særskilte ret­ter som skal bidra til dette. Her ligg det diverre eit prob­lem. Det er lett å sym­pa­tis­ere med minorite­tar som kjem­per for like ret­tar, men kva om desse ret­tane dei vil ha utelukker andre sine rettar? 

Og kor­leis skal ein skil­je mel­lom denne iden­titet­spoli­tikken og den poli­tikken som vert ført av Ku Klux Klan og andre “white pride” og rasis­tiske, høgreek­streme organ­isas­jonar? Intu­isjo­nen for­tel oss jo at dette er noko heilt anna for­di vi veit kvar denne type poli­tikk ender opp, men kor­leis skal ein fork­lare det intellektuelt?

I Skan­di­na­via har iden­ti­ta­ris­men hovud­sak­leg slått rot på ytste høgre­fløy i Sverige

Det er dette prob­lemet dei iden­titære utnyt­tar i dag når dei pre­sen­ter­er sin etnosjåvin­isme og nasjon­al­isme som iden­titet­spoli­tikk. Deira iden­titet er den (kultur)kristne euro­pear, nominelt kvit (frå papir­far­ga til oliv­en). Dei er ikkje rasis­tar, seier dei, men dei vil kjempe for sin kul­tur og iden­titet, heller enn andre sin. Med andre meinast her jødar, mus­li­mar og folk med fleire pig­menter i huden enn det som ein rek­nar som europeisk. Som med alle nasjon­al­is­tar, så er det sjølvsagt eit fokus på den iden­titære sin eigen kul­tur og etnisitet som står sen­tralt. Dei har oppda­ga sine røter, seier dei, og dei er europeiske, dei er franske, tyske, rus­siske, ned­er­landske og så bortet­ter. Dei føler at forel­dregen­erasjo­nen har frårø­va dei deira rettmes­sige band til for­ti­da og forfe­drane deira, og slik til deira iden­titet. Dei søk­jer difor å opprette gam­le band til blod og jord.

Dei iden­titære er ikkje minst opp­tatt av å oppl­yse om den urett som vert gjort mot euro­pear­ar, såkalla anti-kvit rasisme som dei mein­er råkar dei. Dei mein­er at deira inter­ess­er vert satt til side til fordel for andre ikkje-europeiske inter­ess­er, og at dette ikkje berre er diskrim­iner­ing, men rasisme og at det er eit resul­tat av ein hov­ud­laus kul­tur­rel­a­tivisme satt ut i liv av 68-arane og tilheng­jarane av Frankfurterskulen.

Nordisk identitet

I Skan­di­navia har iden­ti­taris­men hov­ud­sak­leg slått rot på ytste høgre­fløy i Sverige, der mel­lom anna Nordiska för­bun­det og seinare SDU har vore påver­ka av tankegod­set. Nordiska för­bun­det var ein rein nazior­gan­isas­jon som prøvde å finne legit­imitet i ein rebrand­ing som iden­titær organ­isas­jon. Dei hadde mange avleg­g­jarar som Nordiska fes­ti­valen, Nordiska för­laget (vart star­ta nokre år før i 2001, og gjekk inn i for­bun­det) og, ikkje minst, den tradis­jon­al­is­tiske blog­g­por­tal­en, og no iden­titær tenkje­tank, Mot­pol. Då organ­isas­jo­nen vart ned­lagt i 2010, hadde dei klart å etablere tradis­jon­al­is­men og iden­ti­taris­men som rel­e­vante omgrep for nordiske nyfascis­tar. Nordiska fes­ti­valen, som hadde gitt scene til David Duke og andre kjende nazis­tar, vart avløyst av Iden­titär ide, der mel­lom anna Alexan­dr Dug­in har talt. Nordiska för­laget gjekk inn i det danske tradis­jon­al­is­tiske for­laget Inte­gral Tra­di­tion Pub­lish­ing og heit­er no Ark­tos, som har gjeve ut fleire iden­titære tek­star, deri­blant Généra­tion Iden­ti­taire av Markus Will­inger. Nyleg vart ung­doms­fylkinga til Sverigedemokra­ter­na, SDU, skilt frå mod­er­par­ti­et på grunn av iden­titære sym­pa­tiar. Dei har tidle­gare pro­dusert ein eigen sven­sk ver­sjon, Salute to the Euro­pean Youth, av Généra­tion Iden­ti­taire si krigserklæring.

Når dei iden­ti­tære erklæ­rer krig mot 68-arane, er det for­di det fin­nes ei gro­botn for det

I Noreg har miljøet vore lite. Eit forsøk på å etablere sida Iden­titær Bergen på Face­book klarte aldri å vekke noko sær­leg engas­je­ment. Mest aktivitet finn ein rundt tidsskriftet Kul­tOrg og organ­isas­jo­nen med same namn — eller Kul­tur­or­gan Skad­in­au­jo. Organ­isas­jo­nen spring ut frå miljøet i den ned­lagte nazis­tiske organ­isas­jo­nen All­ger­man­is­che Hei­d­nis­che Front eller Heden­sk front grunnlagd av “Greven” Varg Vikernes. Kul­tOrg har alltid hatt ein klar tradis­jon­al­is­tisk pro­fil, med vek­t­leg­ging av skan­di­navisk kul­tur, natur og his­to­rie. Dei tradis­jon­al­is­tiske og seinare iden­titære ele­men­ta er kry­dra inn her og der. Tidsskriftet får sel­skap av høg­norsk­tidsskriftet Mål­man­nen som i til­legg til språk- og kul­turstoff, har lagt seg på det dei vil kalle ei “nasjon­alsin­na” lin­je. Nettma­gasinet Kul­turverk har ein vid pro­fil, som i til­legg til lange artik­lar om kul­tur, motkul­tur, his­to­rie og djupøkolo­gi server­ar omsetjin­gar av Dug­in og anna tradis­jon­al­is­tisk og iden­titært stoff. Desse sist­nem­nte rea­ger­er ofte kraftig på å verte satt i sam­band med identitarismen. 

Avvising av demokratiet

Der iden­ti­taris­men har hatt høve til å vekse seg langt større enn her heime, har vi sett kor­leis dei iden­titære kan gjen­nom­føre store aksjonar som press­er innvan­drarar ut av det offentlege rom. Iden­titære etablerer ein nasjon­al­sjåvin­is­tisk iden­titet som knytt herkomst til stad, blod til jord. Dei fornek­tar kan­skje å vere rasis­tiske, men etter­let ingen tvil om kven som høyr­er heime “her” på “vår jord og vårt land”. Det er ditt blod og din etnisitet som avg­jer kven du er og kvar du høyr­er heime. Dei som skil seg ut i ein slik saman­heng er fra­man­dele­ment som må skil­jast ut og i beste fall deporterast.

Det spel­er ingen rolle i ei slik saman­heng om du snakkar om kul­tur, etnisitet eller rase. Rasis­men var kan­skje ikkje ein sen­tral bestand­del i klas­sisk ital­ien­sk fas­cisme, men har med tida blitt ein sen­tral del av nasjon­stanken som dominer­er i ulike nyfascis­tiske ret­ningar. Slik òg i iden­ti­taris­men, trass protes­tar mot dette. Gjen­nom Putins poli­tikk ser vi denne nasjon­al­sjåvin­is­men, og søken etter for­ti­da og eit his­torisk Stor-Rus­s­land har ført til ei avvis­ing av det lib­erale demokrati­et og aggres­siv ekspan­sjon inn i nabolan­da. Her spel­er ein sterkt på iden­titet­spoli­tikk, og på rus­siske minorite­tars kjensle av å vere i ein utan­forskap eller for­føl­gd av majoriteten av Ukraina og andre land som med tida er tenkt innlem­ma i Stor-Russland.

Dagens ung­dom fryk­tar dei ikkje vil kunne nyte dei same godane som forel­dregen­erasjo­nen nyter godt av. Når dei iden­titære erk­lær­er krig mot 68-arane, er det for­di det finnes ei gro­botn for det. Dei avvis­er demokratiske pros­es­sar til fordel for aksjon­isme og metapoli­tikk. Dette appellerer til ein desil­lusjon­ert gen­erasjon som ser aukande arbei­d­sløyse, innvan­dring, gjeld­skris­er og for­fall av sosiale ten­ester i ein saman­heng, og som ser at dei demokratisk valte leiarane er lam­ma og ute av stand til å gjere noko. For dei er iden­ti­taris­men eit alter­na­tiv til oppsmul­drande kul­turell iden­titet og impo­tent demokrati:

“Vi hev­dar at folket kan gjere tusen gonger betre vur­deringar i avg­jerande sak­er enn dine valte rep­re­sen­tan­tar som lever i ide­ol­o­giske bobler.” (Markus Willinger) 

Omtalt litteratur

Will­inger, Markus (2014): Généra­tion Iden­ti­taire. Ark­tos.
Dug­in, Alexan­dr (2012): The Fourth Polit­i­cal The­o­ry. Ark­tos.
Hild­yard, Nicholas (1999): “Blood” and “Cul­ture” — Eth­nic Con­flict and the Autori­tar­i­an Right”. Cor­ner­House Brief­ing 11.

***

Tilsvar og replikk

TEMA

F

ascisme

1 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

3 KOMMENTARER

  1. Moterett mein­ingskon­troll

    Under tite­len “Moterik­tig fas­cisme” kjem Kris­t­ian Bjørke­lo med eit inn­legg i UiB-tid­skriftet Vox Pub­li­ca. Inn­legget vert pre­sen­tert som ein “ned­ko­r­ta ver­sjon av «Fas­cis­mens unge andlet», pub­lis­ert i Samti­den 4/15”. Det er det ikkje: Det er ein umar­bei­dd ver­sjon av det upphavlege Samti­den-stykkjet — der so godt som alt det eg kri­tis­erte i mitt refuserte tilsvar er vorte stroke eller umfor­mulert. Slik demon­str­erar Bjørke­lo at han ikkje er inter­essert i debatt og sam­stun­des syn­er han ufriv­iljugt at han fak­tisk hev vore nøy­dd å taka kri­tikken min ser­iøst. Det refuserte tilsvaret hev no vorte prenta i Mål­man­nen nr 1 2016 under tite­len “Tal no eller tei for alltid, Bjørkelo”.

    Bjørke­lo her­mar frå den iden­titære krigslysin­gi, der dei iden­titære hev­dar at “Nous sommes la généra­tion de la frac­ture eth­nique, de la fail­lite totale du vivre-ensem­ble, du métis­sage imposé.” Dette kann umset­jast med at “Me er ættle­den av etnisk upp­kløyv­ing, det mis­luk­ka mangkul­turelle sam­fun­det og den påprak­ka upp­b­landin­gi”. Bjørke­lo vel der­i­mot å umset­ja det til at “Vi er gen­erasjo­nen av etnisk splin­tring, av samek­sis­tensens full­s­tendi­ge kol­laps og tvun­gen raseblanding”.

    “Métis­sage imposé”: Dei iden­titære kon­stat­er­ar eit faktum
    Det franske ordet “métis­sage” tyder fak­tisk ikkje noko anna enn upp­b­land­ing, men Bjørke­lo vel å umset­ja det til “rase­b­land­ing” — med alle dei assosi­asjo­nane til nazis­men som dette før­er med seg. I framhaldet av reson­nementet so meinte han i Samti­den at dei iden­titære med dette ord­valet var avs­lørte, og at dei stod for “rein­spik­ka rasisme” og “rase­hy­giene” — men dette hev han alt­so stroke frå den nye ver­sjo­nen i Vox Pub­li­ca. Vart grunnlaget for tynt, jamv­el for Bjørkelo?

    I røyn­di gjer ikkje dei iden­titære anna enn å kon­stat­era eit fak­tum: Mangkul­tur­al­is­men hev mis­lukkast, men i staden for å taka lær­dom av dette, so vil styres­mak­tene føra hon­om vidare med tvang. Dette hev me den franske pres­i­den­ten sine eigne ord på. I ei tala på den poly­tekniske skulen, den 17. desem­ber 2008, so seg­jer pres­i­dent Sarkozy ende ut at “métis­sage” er noko som skal tvin­gast igjenom:

    “Kva er målset­naden? Det kjem til å vekk­ja upp­s­tuss, men målet er å løysa den utb­jodin­gi me hev med upp­b­land­ing (métis­sage). Den upp­b­land­ing­sut­b­jodin­gi (défi du métis­sage) som det 21. hun­dradåret gjev oss. Det er ikkje eit val, det er noko me plik­tar. Det er eit imper­a­tiv. Ein kann ikkje gjera det på annan måte. Med fåre for å ham­na i store prob­lem. Me lyt endra oss, alt­so skal me endra oss. Me kjem til å endra oss yver­alt, i pri­vate verk­semder, i admin­is­trasjo­nane, i utdan­ingsstel­let, i dei poli­tiske par­tii. Og me skal for­p­lik­ta oss på at det skal gje­va resul­tat. Um den repub­likanske vol­un­taris­men ikkje funger­ar, so er det naudsynt at repub­likken gjeng vidare med meir tvin­gande metodar.”

    Um det verkelegt er slik at det er “tvun­gen rase­b­land­ing” som Sarkozy her tek til ords for — både i pri­vate verk­semder, i admin­is­trasjo­nane, i utdan­ingsstel­let og dei poli­tiske par­tii — er ikkje dette noko som ein hev lov til å prob­lema­tis­era utan å ver­ta mis­tenkje­leg­gjord for å vil­ja dri­va med “rase­hy­giene”?

    Kor som er: I staden for å spin­na vidare på sitat­fus­ket sitt um “tvun­gen rase­b­land­ing”, slik Bjørke­lo gjorde i Samti­den, so polemis­er­ar Bjørke­lo denne gongen mot den iden­titære tenk­jaren Markus Will­inger. Will­inger er tyde­leg på at han mein­er nasjo­nen hev ein biol­o­gisk kom­po­nent, ikkje berre ein reint kul­turell. Dette gjer at dei iden­titære ikkje berre er fascis­tar, men jamv­el knyter seg upp mot reint nazis­tisk tankegods, vil Bjørke­lo ha det til no.

    Etnonasjon­al­isme er ikkje nazisme
    At nasjo­nen hev ein biol­o­gisk sub­stans er ikkje nazis­tisk, det er snarare fyrestellingar som gjeng heilt attende til dei fyrste nasjon­al­statane på 1700- og 1800-talet. Nasjon kjem frå “nais­sance”, fød­sel, det er eit hope­hav ein er fødd inn i. Nett som fam­i­lien so hev nasjo­nen eit biol­o­gisk utgangspunkt: Adop­sjon og innvan­dring hev vore undan­ta­ki som stad­fester rege­len, men i dag er upp­kløyvde famil­iar og mas­sein­nvan­dring med på å knusa desse tradis­jonelle strukturane.

    At nasjo­nen hev ein biol­o­gisk sub­stans, det er sjølve grunnlaget for den demokratiske nasjon­al­is­men der suv­eren­iteten gjeng ut frå folket og ikkje ut frå styres­mak­tene. Når den prøys­siske kon­gen, Fredrik IV, i 1849 nek­ta å taka imot tilbodet frå Frank­furter-par­la­mentet um å ver­ta konge i eit sam­la Tysk­land, so var det med nett denne grun­ng­jevin­gi. Han vilde ikkje “pluk­ka upp ei kruna frå rennesteinen”, som han for­mulerte det.

    Den repub­likanske, franske nasjon­al­is­men vert gjerne sett upp som mot­stykkjet til den roman­tiske, tyske nasjon­al­is­men, men då er det verdt å mer­ka seg kor­leis “Mar­seil­lasen” rått og bru­talt vert avs­lut­ta med “Qu’un sang impur abreuve nos sil­lons” (“Måtte eit ure­int blod vat­na åkrane våre”. Med “ure­int blod” meinte dei franske rev­o­lusjonære i dette høvet ein utan­land­sk monark)…

    I mot­set­nad til dei iden­titære, so finst det andre som heilt eksplisitt hev tala um rase. Den 5. mars 1959, so sagde ein viss Charles de Gaulle dette:

    “Det er fram­ifrå at det finst gule fran­skmen­ner, svarte fran­skmen­ner, brune fran­skmen­ner. Det syn­er at Frankrike er ope for alle rasar og at det svarar til eitk­vart uni­verselt. Men det er på vilkår at dei vert verande ein liten minoritet. Elles kjem ikkje Frankrike lenger til å vera Frankrike. Under alle ums­tende so er me fram­for alt eit europeisk folk som er runne or den kvite rasen, or gresk og latin­sk kul­tur og or kris­te­leg religion.”

    Dette er ordi åt den fran­skman­nen som lei­d­de dei frie franske styrkane og som frigjorde Frankrike frå den nazis­men og fas­cis­men som Bjørke­lo vil kny­ta dei iden­titære upp mot. Slik sett so er det tankevekk­jande å sjå kor­leis gren­sone for aksept­able ytringar langsamt er vortne flutte. I 2016 vert ein sle­gen i jam­brei­dd med nazis­men der­som ein hev syns­må­tar som lik­nar dei til lei­daren for den anti-nazis­tiske mot­stand­skam­p­en under krigen…

    Det iden­titære trik­løveret i Noreg: Ein sub­stanslaus konspirasjonsteori
    På same måten som i tidle­gare stykkje i Human­ist (“Iden­titærane kjem”) og i Samti­den (“Fas­cis­mens unge andlet”), so tek Bjørke­lo upp att kon­spir­asjon­ste­orien sin um at det kring pub­likasjo­nane Kul­torg, Mål­man­nen og Kul­turverk skal finnast eit “iden­titært” miljø. Bjørke­lo hev fenge atten­de­visande tilsvar kvar einaste gong han hev komme med desse pås­tan­dane, og det er ingen andre enn Bjørke­lo og miljøet kring Human­ist som hev freista frem­ja denne teorien i offentlegt norskt ord­skifte. No er det tid for at Bjørke­lo endelegt kjem med noko sub­stan­sielt som kann under­byg­g­ja pås­tan­dane. Er han ikkje i stand til det, so bør han vera ærleg og san­na at han ikkje hev grunnlag for pås­tan­dane som han freis­tar utbrei­da um andre.

    Det same gjeld for­resten ogso for dei kalkulert upre­sise og insin­uerande pås­tan­dane som han kjem med um Face­book-grup­pa “Vi som bryr oss om avisa Klassekam­p­en”, ei grup­pa som sam­lar meir enn 4000 men­neske og som er vorte ein av dei mest inter­es­sante diskusjon­sare­naene i dagsens Noreg.

    I inn­legget sitt vert Kris­t­ian Bjørke­lo tit­ulert som “stipen­di­at ved Insti­tutt for infor­masjons- og medievit­skap”. I mot­set­nad til under­skrivne so hev Bjørke­lo enno ingen ret­te­leg vit­skap­leg titel frå UiB å slå i bor­det med. Kor som er so spelar det min­dre rol­la: Styr­ketil­høvet mil­lom oss i dag er slik at Bjørke­lo kann nyt­ta arbei­d­s­ti­di si til å skri­va um oss — medan me risik­er­ar vårt eige arbeid av di me nyt­tar fri­ti­di vår på skribentverk­semd. Ei skribentverk­semd som Bjørke­lo og venene hans freis­tar stem­pla med nemningar som einast er eigna til å støy­ta folk ut i kulden, både poli­tisk og sosialt. So lenge det er slik, so skal det like fullt få vera vårt priv­i­legium å stå uppreiste i stor­mvin­den frå dei moterette meiningsvaktarane.

    Olav Torheim,
    Redak­tør for tid­skriftet Mål­man­nen og med dok­tor­grad i fysikk frå Uni­ver­sitetet i Bergen.

  2. Artig å lese litt kon­spir­asjon­ste­ori­er fra nymarx­is­tiske aktivis­ter som ikke har formell kom­petanse innen sak­er de uttaler seg som angivelige «ekspert­er» om. Mer av dette takk. Det er god underholdning.

  3. Takk til Olav Torheim for et godt tilsvar.

    Her et inter­vju med en rep­re­sen­tant fra GI i forbindelse med dere ikkevold­elige demon­strasjon ved Calais.

    http://newobserveronline.com/well-fight-vow-french-militants/

til toppen