Hagen-dom styrkar Stortinget

Carl. I Hagen sin standhaftige kamp endte med ein viktig høgstrettsdom. Den har styrka Stortingets makt til å regulere pensjonane våre.

Olje­inn­tek­te­ne går ned, og arbeids­løy­sa stig. Sen­tral­bank­sje­fen åtva­rar om ein øko­no­misk vin­ter. Sam­stun­des avsei­er Høgste­rett i det stil­le ein dom som styr­kar Stor­tin­gets fram­ti­di­ge hand­lings­rom over­for stats­øko­no­mi­en. Det kan vi tak­ke ingen rin­ga­re enn Carl I. Hagen for.

Så kva har Hagen og Høgste­rett med vår øko­no­mis­ke fram­tid å gjere?

His­to­ria er den­ne: Då Hagen avslut­ta si lan­ge kar­rie­re som stor­tings­re­pre­sen­tant i 2009, fekk han inn­vil­ga pen­sjon etter Stor­tin­gets pen­sjons­ord­ning. Året etter end­ra Stor­tin­get lova om stor­tings­pen­sjon i sam­band med ei brei omleg­ging av pen­sjons­sys­te­met etter pen­sjons­for­li­ket i 2005. For Hagen vart det nye pen­sjons­grunn­la­get dår­le­ga­re enn det han fyrst vart innvilga.

Carl I. Hagen under eit debattmøte i Bergen i 2012.

Carl I. Hagen under eit debatt­møte i Ber­gen i 2012.

Hagen gikk difor til sak med påstand om at den etter­føl­gjan­de lov­end­rin­ga var grunnlovsstridig.

Spørs­må­let er klas­sisk: Er Grunn­lovas for­bod mot til­bake­ver­kan­de lover til hin­der for at Stor­tin­get end­rar ein lov­be­stemt øko­no­misk rett til ska­de for inne­ha­va­ra­ne av retten?

Dom­men fall 19. febru­ar, og Hagen tap­te så det sus­te. Resul­ta­tet var ikkje over­ras­kan­de for dei som kjen­ner jus­sen på det­te fel­tet. Dom­men er like­vel vik­tig ut over Hagens sak.

Få reg­lar i norsk rett har vore så poli­tisk og juri­disk omstrid­de som Grunn­lova para­graf 97 og dei enk­le orda: «Inga lov må gjevast til­bake­ver­kan­de kraft.» Ber­re dei sis­te åra har Høgste­rett avsagt flei­re ple­nums­dom­mar på det­te områ­det, alle under skarp dissens.

På pen­sjons­om­rå­det har det der­imot vore til­syne­la­tan­de fred og har­mo­ni, sidan Høgste­rett i to dom­mar i 1996 god­tok at Stor­tin­get redu­ser­te ekte­felle­til­legg for alders­pen­sjon og til­leggs­pen­sjon til uføre­pen­sjo­nis­tar med verk­nad for løpan­de pensjonar.

Sam­stun­des har det hei­le tida vore litt usik­kert kva 1996-dom­ma­ne vil­le bety for fram­ti­di­ge og breia­re end­rin­gar i pen­sjons- og trygde­sys­te­met. Med Hagens pen­sjons­dom er den­ne tvi­len vesent­leg mind­re og til Stor­tin­gets fordel.

For det fyrs­te kan dom­men lesast som ei viss svek­king av den tra­di­sjo­nel­le sær­stil­lin­ga stats­pen­sjo­na­ne har hatt i pen­sjons­sys­te­met. Pen­sjons­ord­nin­ga­ne til offent­leg til­set­te er rek­na for sær­ret­tar knytt til arbeids­av­ta­len, og har stør­re vern mot etter­føl­gjan­de lov­re­gu­le­ring. Høgste­rett er like­vel klår på at også stats­pen­sjo­nar kan måt­te tole jus­te­ring, ikkje minst lov­be­stem­te stat­le­ge pen­sjons­ret­tar, slik som Hagens stortingspensjon.

For det and­re legg Høgste­rett stor vekt på at Stor­tin­gets jus­te­rin­gar i pen­sjons- og trygde­sys­te­met er nød­ven­di­ge for at vel­ferds­ord­nin­ga­ne våre skal kun­ne finan­sie­rast også i fram­ti­da. Høgste­rett pei­kar pila rett fram­over mot fram­ti­das øko­no­mis­ke utford­rin­gar: «Sen­tra­le stikk­ord er et bære­kraf­tig pen­sjons­sys­tem, like­be­hand­ling og en rett­fer­dig for­de­ling mel­lom generasjonene.»

Adres­sa for den­ne mel­din­ga er ikkje sak­sø­kar Hagen, men dei 169 til­lits­val­de på Løvebakken.

Ret­ten og dom­sto­lane er oljen i stats­ma­ski­ne­riet vi ikkje ser og fyrst mer­kar om dei blir borte

Høgste­retts for­hold til Stor­tin­get har ham­na i medias søke­lys den sis­te tida i sam­band med utnem­nin­ga av ny høgste­retts­jus­ti­tia­ri­us. Media har bolt­ra seg i kari­ker­te omta­ler av søka­ra­ne langs ein akse mel­lom dom­stols­ak­ti­vis­me og stor­tings­lo­ja­li­tet. Midt i alt stå­ket avsei­er alt­så Høgste­rett ein dom, som direk­te trekk opp ei vik­tig gren­se mel­lom dom­stols­makt og lovgivarmakt.

Pen­sjons- og trygde­ret­tar utgjer ein vesent­leg del av stats­bud­sjet­tet. Stor­tin­gets hand­lings­rom over­for des­se ret­ta­ne er difor vik­tig for stats­øko­no­mi­en. Det er det­te Hagens pen­sjons­dom hand­lar om. Dom­men styr­kar Stortinget.

Pen­sjo­nis­tar og trygde­mot­ta­ka­rar er på ingen måte retts­lau­se på den vegen Høgste­rett har sta­ka ut. Grunn­lova ver­nar fram­leis mot klårt uri­me­le­ge eller urett­fer­di­ge inn­grep i pen­sjo­na­ne våre. Det­te kan vere der ei lov­end­ring slår svært dår­leg ut for ei mind­re eller spe­si­elt sår­bar grup­pe pen­sjo­nis­tar. Ut over det­te set Høgste­rett sam­fun­net føre individet.

Ret­ten og dom­sto­la­ne er oljen i stats­ma­ski­ne­ri­et vi ikkje ser og fyrst mer­kar om dei blir borte. Hagens pen­sjons­dom får ikkje verk­nad for and­re enn Hagen med det fyrs­te. Om fem, ti eller tjue år der­imot, når mis­hø­vet mel­lom pen­sjo­nis­tar og skatte­be­ta­la­rar blir slik at pen­sjons­sys­te­met må jus­te­rast for å vere bere­kraf­tig, vil Hagens pen­sjons­dom på nytt vak­ne til liv, og gi vide ram­mer for Stor­tin­gets reguleringsmakt.

Det ligg ein dei­lig iro­ni i tan­ken om at den kon­tro­ver­si­el­le Frp-kjem­pens stand­haf­ti­ge kamp mot sys­te­met har styr­ka Stor­tin­gets makt til å regu­le­re pen­sjo­na­ne våre.

TEMA

H

øyester
ett

6 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen