Tekst-TV — massemediet som alle gløymde

Stygt, utrendy og døyande. Elska av mange, men gløymd av fleire. Trass i at dei vart møtt med både latter og vantru har medieforskarar sett tekst-TV under lupa.

Det er over 40 år sidan den fyrste tekst-TV-tenesta i ver­da vart lan­sert, og meir enn 30 år sidan Noreg fekk det fyrste ver­ke­leg sto­re digi­ta­le masse­me­di­et. Mil­lio­nar bruk­te tekst-TV, like­vel ser det ut til at dei fles­te har gløymd det i dag.

Tekst-TV har vore ein del av euro­pea­rars kvar­dags­liv i over før­ti år. Trass i at medi­et i peri­odar had­de like høge lesar­tal som dei største papir­avi­se­ne, har medie­fors­ka­ra­ne kna­pt brydd seg om medi­et. Men i februar kom boka Tele­text in Euro­pe – from the Ana­log to the Digi­tal Era ut. Boka gjer, gjen­nom 15 uli­ke artik­lar, ein vit­ska­pe­leg intro­duk­sjon til tekst-TV. Teks­ta­ne er redi­gert av Hall­vard Moe og Hil­de Van den Bulck, som høve­s­vis fors­kar på media ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen og Uni­ver­si­te­tet i Ant­wer­pen.

I NRK går det fortsatt gjetord om den gangen Dagsrevyen ringde politiet for oppdaterte ulukkestal, og vakthavande oppgav tala han fann på Tekst-TV.

I NRK går det fort­satt gjet­ord om den gan­gen Dags­revy­en ring­de poli­ti­et for opp­da­ter­te uluk­ke­stal, og vakt­ha­van­de opp­gav tala han fann på Tekst-TV.

Tele­text in Euro­pe er ein god­bit til medie­ner­dar som likar å mim­re. Ho er òg ei nyt­tig opp­sum­me­ring av opp- og ned­tu­ren til det fyrste digi­ta­le masse­me­di­et vårt. Like­vel, som tid­liga­re redak­tør i NRK Tekst-TV, og med ein stor por­sjon god­hug for medi­et, opp­le­ver eg at boka ikkje doku­men­te­rer hei­le his­to­ria til tekst-TV i Euro­pa. Til det er ho for pre­ga av at redak­tø­r­a­ne har slitt med å fin­ne fors­ka­rar som had­de lyst til å bidra. Det­te har for­fat­ta­ra­ne reflek­tert over sjølv, i inn­lei­ings­ka­pit­let. Her skriv Moe og Van den Bulck om kor over­ra­ska dei var då dei byr­ja under­sø­kje kva som har vore skri­ve om tekst-TV tid­le­ga­re. Når dei spur­de kol­le­ga­er om det­te, fekk dei stad­festa ikkje ber­re at det had­de vore lite inter­es­se for det, men også at dei­ra inter­es­se for feno­me­net blei møtt med van­tru og lat­ter.

At Moe og Van den Bulck like­vel ikkje vart avskrek­ka av reak­sjo­na­ne frå kol­le­gar, er eg glad for. Dei har klart å lage ei vik­tig og lære­rik sam­ling artik­lar om tekst-TV før medi­et for­svinn ut av his­to­ria.

Digitale signal i analog innpakking

Tele­text in Euro­pe er utgje­ve på Nor­di­com for­lag, er på 250 sider, og inne­held bidrag frå 15 for­fat­tar med ulik til­nær­ming til tekst-TV. Den fyrste delen av boka gjev uli­ke per­spek­tiv på medi­et frå ein vit­skap­leg stå­stad. Redak­tø­r­a­ne for­sø­ker å for­kla­re kvi­for medie­fors­ka­rar ikkje har brydd seg om tekst-TV, og lan­se­rer flei­re teori­ar: Medi­et var inge­ni­ør­styrt og opp­stod nær­mast til­fel­dig; det var lite kon­tro­vers kring medi­et; det er nær­mast umog­leg for ein fors­kar å gje­re «opp­tak» av side­ne og medi­et er ikkje minst – som redak­tø­r­a­ne med ret­te pei­kar på – svært kje­de­leg.

Den andre delen av boka gjev pre­sen­ta­sjo­nar av tekst-TV i flei­re euro­pe­is­ke land: Sveits, Fin­land, Sve­ri­ge, Island, Noreg, Kroa­tia, Ita­lia og Frank­ri­ke. Utva­let ver­kar å vere litt til­fel­dig, og eg sak­nar kan­skje spe­si­elt ein artik­kel om Stor­bri­tan­nia: At tekst-TV vart opp­fun­ne av BBC er rett nok nemnt flei­re sta­der i boka, men dei fyrste sto­re tenes­te­ne Ceefax og Oracle (BBC og ITV) had­de for­tent eig­ne artik­lar.

Sjølve opp­ha­vet til tekst-TV er så vidt nemnd i inn­lei­ings­ka­pit­let, men redak­tø­r­a­ne har ikkje teke sjan­sen på å ta med ein eigen tekst om kor­leis medi­et opp­stod. Det er litt synd, for det er rela­tivt sjel­dan at eit masse­me­di­um bok­sta­ve­leg talt opp­står i eit hôl.

Tekst-TV-fak­ta
Tekst-TV vart lan­sert i Stor­bri­tan­nia i 1974 og i Noreg i 1983.

Tekst-TV i Noreg nåd­de popu­la­ri­tets­top­pen så seint som i 2005 – då bruk­te 62 pro­sent av nord­menn NRK Tekst-TV kvar veke.

I dag ligg bru­ken av Tekst-TV jamnt med dei største papir­avi­se­ne, rundt 20 pro­sent av folket bru­ker Tekst-TV kvar veke.

Tekst-TV opp­stod nær­mast til­fel­dig: Då stan­dar­den for over­fø­ring av TV-sig­nal vart utfor­ma på 1930-tal­let, var inge­ni­ø­ra­ne som stod bak stan­dar­den uro­le­ge for at sig­nala kun­ne bli så ster­ke at dei kun­ne lage hôl i TV-røy­ra om det ikkje var eit rela­tivt langt opp­hald mel­lom kvart bile­te. Etter kvart vis­te det seg at tom­rom­ma var mykje stør­re enn dei måt­te vere, og ein byr­ja bru­ke dei til å sen­de test­sig­nal til TV-appa­rat.

I 1972 opp­da­ga BBC at tom­rom­met kun­ne nyt­tast til å sen­de tekst direk­te til TV-appa­ra­tet. Ana­lo­ge TV-sig­nal blir sendt som eitt og eitt bil­de, med eit kort opp­hald mel­lom kvart bile­te. Tekst-TV blir over­ført ved å bru­ke des­se tom­rom­ma i dei van­le­ge TV-bile­ta. Sig­nala er digi­ta­le, og om ein for­stør­rar bile­ta kraf­tig kan ein sjå tekst-TV som små kvi­te prik­kar i kan­ten av bile­tet. Det tok to år å utvik­le stan­dar­den, og i 1974 vart BBCs tekst-TV Ceefax lan­sert. Den fyrste ver­sjo­nen var vel­dig enkel: Rein tekst i åtte uli­ke far­gar. Sei­na­re kom andre ver­sjon av stan­dar­den, som opna for enkel gra­fikk, bok­sta­var i dob­bel høgd, skjult tekst og nokre få andre funk­sjo­nar.

Brutalistisk form

Mi eiga erfa­ring med tekst-TV star­ta i 2009, då eg, nokså mot­vil­lig, fekk redak­tør­an­svar. NRK Tekst-TV ver­ka ikkje akku­rat som ein bran­sje å byg­gje kar­rie­re i. Men, det tok ikkje vel­dig lang tid før eg opp­da­ga kor fasci­ne­ran­de medi­et er, i sin bru­ta­lis­tisk enk­le og ras­ke form. Det er det mest avgren­sa medi­et eg nokon sin­ne har arbeidd med: Nyheits­sa­ke­ne er avgren­sa til 550 teikn, tit­la­ne maks 39 teikn. Ingres­sa­ne er om lag like lan­ge som ei Twit­ter-mel­ding.

Tekst-tv har i det siste blitt opna for kunst.

Tekst-tv har i det sis­te blitt opna for kunst.

Det kan­skje mest under­hal­dan­de bidra­get i Tele­text in Euro­pe er Is It Just Text?, der Raquel Mey­ers skriv om tekst-TV som kunst. Mey­ers argu­men­te­rer for at det fyrst er no, når medi­et er i avslut­nings­fa­sen av livet, at det ver­ke­leg blir opna for kunst. Ho saman­lik­nar tekst-TV med bru­ta­lis­me i arki­tek­tu­ren:

Text is used una­dor­ned and rough-cast, like con­cre­te. Bru­ta­lism has an unfor­tu­na­te repu­ta­tion of evo­king a raw dyst­o­pia and tele­text evo­kes an «object of nos­tal­gia» (…). Tele­text and bru­ta­lism has more in com­mon than the raw aspect and unpre­ten­tious hone­sty. Both heral­ded a new age, a chan­ging socio-eco­no­mic socie­ty, and cap­tu­red the spi­rit of their time and con­tra­dic­tions.

«Utopia is on its way»

Flei­re av artik­la­ne i Tele­text in Euro­pe gjev inn­blikk i his­to­ria bak tekst-TV. Den sto­re revo­lu­sjo­nen medi­et stod for ved inn­fø­rin­ga på 70-talet er like­vel i liten grad omtalt. Det var utan tvil revo­lu­sjo­ne­ran­de. NRK har eit rela­tivt stort arkiv med avis­klipp og omta­le av tekst-TV-utvik­lin­ga, nokre av artik­la­ne er gans­ke for­nøye­le­ge å lese i dag. I 1977 skreiv for eksem­pel maga­si­net Radio Times i Stor­bri­tan­nia:

Uto­pia is on its way. Touch a few buttons … and your tele­vi­sion scre­en will throw up, in writ­ten form, the late­st news, the cur­rent sports sco­re, the most recent weather forecast, exact­ly when you want it and for as long as it takes you to read it. Ceefax is the name of the sys­tem. So far only a limi­ted num­ber of sets can rece­i­ve it. But soon it will be as com­mon as colour.

Tekst-TV vart raskt popu­lært, og vart rul­la ut i dei fles­te vest­euro­pe­is­ke land på 1970- og 80-talet. I 1983 ved­tok Stor­tin­get at NRK kun­ne star­te sen­din­gar, og NRK Tekst-TV vart offi­si­elt lan­sert 2. februar 1983.

I løpet av det fyrste året vart Noreg visst­nok lan­det i Euro­pa med høgas­te tekst-TV-bruk per inn­byg­gjar.

Bru­ken steig jamnt utover 80- og 90-talet, og ved årtu­sen­skif­tet had­de NRK Tekst-TV omtrent like man­ge lesa­rar som Dag­bla­det og Aften­pos­ten. 2005 vart topp­året, då var det like man­ge som las nyhei­ter på NRK Tekst-TV som det var lesa­rar av papir-VG.

Kjapt, trygt og billig

I Euro­pa har tekst-TV fyrst og frem­st vore eit nyheits­me­di­um. Nyheits­te­nes­te­ne er omtalt i flei­re av land­ar­tik­la­ne i Tele­text in Euro­pe, men det mang­lar ein gjen­nom­gri­pan­de ana­ly­se av nyheits­me­di­et tekst-TV: Had­de «nyhei­ter når du vil» inn­verk­nad på pub­li­kum?

Medi­ets frem­ste kjenne­mer­ke er at det er raskt. Heilt fram til 2012 vart NRK Tekst-TV pub­li­sert med ter­mi­nal­ko­dar i eit grense­snitt som såg like pri­mi­tivt ut som det tekst-TV gjer for lesa­ra­ne. Men kjapt var det: Det tok omtrent eitt sekund frå pub­li­se­ring til artik­la­ne var dyt­ta ut til alle TV-sen­da­ra­ne i hei­le lan­det. Ein fryd for ein nett­jour­na­list som på den tida var vand med lan­ge cache­ti­der på nett­si­de­ne.

I Nor­den, kan­skje i res­ten av Euro­pa òg, had­de pub­li­kum enormt høg til­tru til tekst-TV. Ikkje ber­re pub­li­kum, for­res­ten: I NRK går det fort­satt gjet­ord om den gan­gen Dags­revy­en ring­de poli­ti­et for opp­da­ter­te uluk­ke­stal, og vakt­ha­van­de opp­gav tala han fann på tekst-TV.

Minimalisme-erotikk og skandalar

Men tekst-TV har ikkje ber­re blitt brukt til nyhei­ter: I 1992 la dei bri­tis­ke sty­res­mak­te­ne ut tele­text-lisen­sen på ITV og Chann­el 4 på anbod. Som eit resul­tat av det­te vart ITVs popu­læ­re Oracle-tenes­te lagt ned, til sto­re pro­testar frå bru­ka­ra­ne. Tenesta vart erstat­ta av Tele­text Ltd, som m.a. lan­ser­te nokre av ver­das fyrste sex- og dating­si­der på tekst-TV.

Tekst-TV har ikkje berre blitt brukt til nyheiter.

Tekst-TV har ikkje ber­re blitt brukt til nyhei­ter.

Frank­ri­ke fylg­de tett etter. Her var tekst-TV sup­plert med Mini­tel, ein slags for­lø­par til inter­nett, men med same gra­fis­ke utsjå­nad som tekst-TV. I kapit­let Tele­text and Video­text in Fran­ce beskriv Lyom­be Eko mel­lom anna Mini­tel som «the crad­le of onli­ne sexual capi­ta­lism». Han skriv og om kor­leis Mini­tel utvik­la «mini­ma­lis­me-ero­tikk». Porno­in­du­stri­en vis­te tyde­leg­vis veg, òg når medi­et var avgren­sa til tekst i åtte far­gar:

One of the most notab­le featu­res of the his­tory of the Fren­ch Mini­tel video­tex sys­tem is that sec­tions of it were quick­ly trans­for­med into spaces of onli­ne sexual capi­ta­lism known as Mini­tels roses. The­se sex-the­med onli­ne ser­vices were com­mer­cial enter­prises whose stock-in-tra­de was sex, and sex-the­med pro­ducts and ser­vices. (…) Many Fren­ch entre­preneurs made a for­tu­ne on the Mini­tel Rose (which, iro­ni­cal­ly they sub­se­quent­ly inve­sted in the up-and-coming Inter­net).

Ero­tik­ken for­svann rela­tivt kjapt frå medi­et då platt­for­mar som rett og slett had­de betre por­no kom på banen. Rekla­men had­de der­imot gode dagar: 90-talet var dei kom­mer­si­el­le glans­da­ga­ne for tekst-TV, med mil­lion­om­set­ning på annonse­sal.

Kor mange år står att?

Tekst-TV har vore eit stort dilem­ma for dei fles­te euro­pe­is­ke kring­kas­ta­ra­ne. I flei­re år har alle vis­st at medi­et var over mid­dags­høg­da. Sam­ti­dig har lesar­tala vore så høge at ein ikkje kun­ne igno­re­re tenesta hel­ler.

Haus­ten 2001 la BBC ned tekst-TV-tenes­te­ne sine. Pro­tes­ta­ne vart enor­me, og etter å ha tenkt seg litt om, lap­pa dei saman tenes­te­ne og relan­ser­te dei nokre måna­der sei­na­re. I Skan­di­na­via var det til­sva­ran­de dis­ku­sjo­nar, og i 2009 var NRK eigent­leg kla­re til å skru av hei­le Tekst-TV, men éin mil­lion dag­le­ge bru­ka­rar gjor­de at vi ikkje tok sjan­sen. Løy­sin­ga vart å auto­ma­ti­se­re sto­re delar av Tekst-TV, og i løpet av eit par år ska­ler­te vi ned beman­nin­ga frå 15 med­ar­bei­da­rar til én.

Medi­et kan umog­leg ha man­ge år att før dei sis­te tenes­te­ne blir skrudd av. Eg er difor vel­dig glad for at Moe og Van den Bulck har skri­ve om tekst-TV, og eg vonar vi kjem til å sjå flei­re sli­ke fors­kings­pro­sjekt i åra som kjem: Medi­er vil kome og gå, og vi bør prøve å lære det vi kan av dei før dei for­svinn.

Kjelder:

Moe, Hall­vard og Hil­de Van den Bulck (red.) (2016): Tele­text in Euro­pe. Göte­borg, Nor­di­com.

Bol­stad, Erik og Brit Hen­schi­en (2011, upub­li­sert): NRK Tekst-TVs his­to­rie. Oslo, NRK.

Kirch­ner, Lau­ren (2012): «Tele­text Lives On in Scan­di­na­via», Colum­bia Jour­na­lism Review. 

Newcomb, Horace (2014): Ency­clo­pe­dia of Tele­vi­sion (Muse­um of Broad­cast Com­mu­ni­ca­tions). New York, Rout­led­ge.

TEMA

M

ediehis
torie

23 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
til toppen