Stopp støtta til nynorskdiskriminerande riksaviser

Det er på høg tid at staten set i verk tiltak for å gjera slutt på forboda riksaviser har mot nynorsk.

I 2015 var ver­di­en av moms­fri­ta­ket for aviser iføl­gje Finans­de­par­te­men­tet 1,5 mil­li­ar­dar kro­ner. Moms­fri­ta­ket er grunn­gje­ve med eit ønskje om å støt­ta ytrings­fri­dom og norsk språk. I 2009 gjekk like­vel over ein fem­te­del av den indi­rek­te presse­støt­ta i lom­ma på nynorsk­dis­kri­mi­ne­ran­de VG, som har redak­sjo­nelt for­bod mot nynorsk. Den­ne sum­men utgjer om lag det same belø­pet som den sam­la direk­te presse­støt­ta, pro­duk­sjons­til­sko­tet, som går til 149 aviser. I 2015 var den­ne støt­ta på 303 mil­lio­nar. Det er merk­ver­dig at riks­avi­ser som kneb­lar sine jour­na­lis­tar og steng ute eit av to jam­stil­te nors­ke skrift­språk, skal støt­tast med sli­ke sum­mar når dei open­bart ikkje lev opp til for­ven­tin­ga­ne som ligg til grunn for fri­ta­ket.

Det nyt­tar ikkje å kas­ta om seg med språk­po­li­tis­ke mål og ønskjer om å styr­ka nynorsk. Om media ikkje vil sjå sitt språk­le­ge ansvar sjølv, må sta­ten kom­ma med til­tak.

Nyting utan yting

I 2009 fekk dåve­ran­de styre­med­lem i Språk­rå­det, Tor Fugle­vik, pub­li­sert debatt­inn­leg­get Stats­støt­tet dis­kri­mi­ne­ring i Dagens Nærings­liv, ei av riks­avi­se­ne som steng ute nynors­ken. Han vil­le at Stor­tin­get skul­le nyt­ta hand­sa­min­ga av stor­tings­mel­din­ga Mål og mei­ning til å ta eit opp­gjer med dis­kri­mi­ne­rin­ga som Syl­fest Lom­heim har omtalt som ei «insti­tu­sjo­na­li­sert dis­kri­mi­ne­ring av eit språk som alle­reie står svakt.»

Nynorskfri sone. Skjermbilde av forsida på vg.no 10. mai 2016.

Nynorsk­fri sone. Skjerm­bil­de av for­si­da på vg.no 10. mai 2016.

Dis­kri­mi­ne­rin­ga i riks­me­dia er sær­leg pro­ble­ma­tisk, like­vel er det riks­avi­se­ne VG, Aften­pos­ten, Dag­bla­det og Dagens Nærings­liv som tener mest på moms­fri­ta­ket. Alle for­byr nynorsk på redak­sjo­nell plass, og vel slik å nyta utan å yta. VG har i til­legg fått merk­semd for å gje att eit Fro­de Gryt­ten-dikt på bok­mål, og Aften­pos­ten har fått merk­semd for å omset­ja nynorsk-tekstar frå sine sam­ar­beids­avi­ser til bok­mål, til dømes inter­vju med Jon Fos­se.

Des­se avi­se­ne driv alt­så eit aktivt arbeid mot nynorsk, til trass for at ein bur­de ven­ta det mot­set­te så len­ge dei nyt godt av moms­fri­ta­ket. At ei støt­te som er til for å styr­kja ytrings­fri­do­men og skrift­språ­ka våre finan­sie­rer omset­jing frå nynorsk til bok­mål, gjer det tyde­leg at moms­fri­ta­ket òg kan gå mot si hen­sikt.

Handling må til

I Soria Moria-erklæ­rin­ga frå 2005 blei dei raud­grø­ne regje­rings­par­tia sam­de om at sta­ten måt­te ta ansvar for å leg­gja til ret­te for meir like­ver­di­ge vil­kår mel­lom dei nors­ke skrift­språ­ka. Ein blei òg samd om at ein poli­tikk som er tuf­ta på eit opp­rik­tig ønskje om å sik­ra levan­de norsk skrift­kul­tur, må omfat­ta til­tak som er sær­leg inn­ret­ta på å støt­ta nynorsk språk. 

I Språk­rå­det sin rap­port Norsk i hundre! er det skri­ve at sta­ten ved å støt­ta media, òg må kun­na stil­la språk­le­ge krav om bruk av nynorsk. Men i Mål og mei­ning, som byg­gjer på Soria Moria-erklæ­rin­ga og Språk­rå­det sin rap­port, la depar­te­men­tet ber­re fram at dei «ven­tar at riks­dek­kjan­de aviser i stør­re grad gjev høve til å nyt­ta nynorsk på redak­sjo­nell plass». I den same mel­din­ga er det fast­sett eit behov for eit meir heil­hjar­ta og sys­te­ma­tisk arbeid for å styr­kja nynorsk. Men vil­jen til å gje­ra noko for å føl­gja opp det­te beho­vet, er frå­veran­de. Det er ikkje nok å ven­ta, det har òg regje­rin­ga fast­sett, og ein kan spør­ja seg kor det blir av til­ta­ka.

Staten støttar vond sirkel

Sta­ten grei­er ikkje ein­gong å føl­gja opp Grunn­lova slik støtte­ord­nin­ga­ne er i dag. I § 100 står det at «Dei stat­le­ge sty­res­mak­te­ne skal leg­gje til ret­te for eit ope og opp­lyst offent­leg ord­skif­te». Men ved å støt­ta riks­avi­ser som nek­tar jour­na­lis­ta­ne sine å nyt­ta nynorsk, støt­tar sta­ten sna­ra­re ein vond sir­kel som bidrar til dår­le­ge hald­nin­gar til nynorsk, og til usik­ker­heit kring eige språk. Det sist­nemn­te gjeld sær­leg unge nynorsk­bru­ka­rar som gjer­ne går over til bok­mål etter kvart som dei blir eldre, men òg andre mål­folk har behov for å møta eige språk. Språk­rå­det skriv i sin rap­port at ein ikkje må under­vur­de­ra masse­me­dia si bety­ding som are­na for fram­vi­sing av språk og språk sin sta­tus. Her blir det òg pei­ka på at språk­bru­ken i media påver­kar folk sine språk­va­ner, og at ute­sten­ging av nynorsk frå riks­avi­ser har neg­a­ti­ve verk­na­dar på den offent­le­ge sam­tala på norsk. 

Etter­som sam­funns­ut­vik­lin­ga ten­de­rer til å redu­se­ra opp­slut­nin­ga kring det minst bruk­te språ­ket, er eit høgt tal på nynorsk­bru­ka­rar eit vik­tig grunn­lag for å styr­kja posi­sjo­nen til nynorsk. Det er difor vik­tig med til­tak som kan leg­gja til ret­te for at så man­ge som råd kan og vil nyt­ta nynorsk. Eit til­tak som går ut på å stop­pa støt­ta til nynorsk­dis­kri­mi­ne­ran­de riks­avi­ser vil­le ver­ka posi­tivt med tan­ke på rekrut­te­ring av nynorsk­bru­ka­rar. Sam­stun­des vil­le til­ta­ket ver­ka pro­ak­tivt med tan­ke på å mot­ver­ke usik­ker­heit kring eige språk, og utvik­lin­ga av dår­le­ge hald­nin­gar til nynorsk, som bidrar til det først­nemn­te. Slik vil­le til­ta­ket igjen gjort det offent­le­ge ord­skif­tet både meir ope og opp­lyst.

Eit språk som riksavisene skjøner

Det står mykje for­nuf­tig i Norsk i hundre! og Mål og mei­ning, men i sist­nemn­te er det ikkje lagt fram for­slag om kutt av støt­te til nynorsk­dis­kri­mi­ne­ran­de riks­avi­ser. No må sta­ten visa at det mei­nast alvor med språk­po­li­tik­ken. Ein kan ikkje ausa ut flei­re hundre­tals mil­lio­nar kro­ner til riks­avi­ser som kneb­lar jour­na­lis­ta­ne sine, og som ikkje bidrar til å styr­kja norsk språk, for­stått som både bok­mål og nynorsk. Noko av det som ligg til grunn for moms­fri­ta­ket er trass alt at media skal bidra til å styr­kja des­se skrift­språ­ka.

Det å stop­pa støt­ta til riks­avi­ser som steng ute nynorsk vil hel­ler ikkje vera eit inn­grep i den redak­sjo­nel­le fri­do­men til pres­sa, som enkelte hev­dar. Om det ikkje had­de vore for øns­ket om å styr­ka ytrings­fri­do­men og det nors­ke språk, så vil­le ikkje aviser hatt moms­fri­tak, så eit krav om mot­yting bør ikkje vera så kon­tro­ver­si­elt. Til­ta­ket vil såleis ber­re vera eit inn­grep i støtte­ord­nin­ga­ne til pres­sa, ikkje i dei­ra redak­sjo­nel­le fri­dom. Eg mei­ner ikkje at sta­ten skal tvin­ga moms­fri­ta­ket på riks­avi­se­ne. Til­ta­ket vil ver­ka opp­mo­dan­de, det hand­lar ber­re om å nyt­ta eit språk som riks­avi­se­ne skjø­ner.

TEMA

M

ediestø
tte

47 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

3 KOMMENTARER

KOMMENTÉR
  1. Viss mål­fol­ket ynskjer å lesa nyhen­de og bøker på nynorsk, kan ein la data­pro­gram maskin­om­set­te nett­si­der og e-bøker. Pro­gram­va­re for det­te fin­st alle­reie. Når teks­ter er digi­ta­le i sta­den for på papir kan omset­ting gje­rast kost­nads­fritt og auto­ma­tisk slik at alle får all tekst på den mål­for­ma dei føre­trek­ker.

  2. HARALD: Auto­ma­tisk omset­jing har ikkje god nok kva­li­tet.

    • Petter: Akku­rat nå vil man­ge si det. Men det blir litt som en i 1990 had­de argu­men­tert for at mobil­te­le­fo­ner ikke er en bruk­bar løs­ning på noe for­di de ikke har god nok kva­li­tet.

      Hvis en hundre­del av pen­ge­ne som bru­kes årlig på men­neske­over­set­ting og tryk­king av p-aviser og p-bøker for opp­fyl­lel­se av mål­lova had­de blitt inves­tert i bedre og frie maskin­over­set­tings­pro­gram­mer, vil alle kun­ne få all tekst på fore­truk­ket mål­form med god over­set­tings­kva­li­tet.

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
til toppen