Skam skapar fellesskap

NRK sin nett-serie Skam har gitt tenåringar eit rom for perspektivrik og nyansert debatt. Det har i liten grad blitt fanga opp av media, som publiserer klikkstoff framfor å undersøke kva som gjer serien fascinerande og interessant.

Når sis­te epi­so­de av ten­årings­se­ri­en Skam gjekk på luf­ta for ei veke sidan, had­de dei aller fles­te fått med seg at den­ne seson­gen har hand­la om Isak, som blir for­els­ka i ein gut. Minst like man­ge vil ha fått med seg den sto­re medie­merk­sem­da seri­en har fått. I veka som gjekk, hand­la den sto­re Skam-saken om ein svensk skri­bent som kri­ti­ser­te for­hal­det mel­lom karak­te­ra­ne Noora og Wil­liam, og kal­te sist­nemn­de «ein poten­si­ell vald­tekts­mann». Debat­ten hand­la mind­re om seri­en enn om svensk femi­nis­me.

Saken kan karak­te­ri­se­re sto­re delar av Skam-dek­nin­ga: Rela­tivt dår­leg infor­mert om sjøl­ve seri­en, og med bruk av kom­men­ta­to­rar og eks­per­tar som ikkje har sær­skilt kva­li­fi­sert kunn­skap om tema­et. Det er synd – for debat­ten ung­dom sjølv har om seri­en på skam.p3.no og i sosia­le media, er av ein heilt annan karak­ter.

Til trass for liv­leg debatt og mange­si­dig hyl­ling, er det ikkje så man­ge som har under­søkt kor­leis ten­årin­ga­ne sjølv opp­lev, tol­kar og bru­kar Skam. Vi har gått gjen­nom all dek­ning seri­en har fått i norsk media, og alle kom­men­ta­ra­ne på blog­gen der Skam blir pub­li­sert. I til­legg har vi inter­vjua flei­re ung­dom­mar i mål­grup­pa. Slik fann vi ut tre vik­ti­ge ting: Skam fasci­ne­rar på tvers av kjønn, geo­gra­fi, klas­se og etni­si­tet. Ten­årin­ga­ne er vel­dig enga­sjer­te i seri­ens karak­te­rar – og dei snak­kar saman om Skam.

Det­te inklu­de­rar så klart ein god por­sjon drøm­ming om kjek­ke skode­spe­la­rar og for­håp­nin­gar om kor­leis det skal gå med seri­ens roman­tis­ke par. Ved førs­te blikk kan det­te ver­ke som over­fla­tisk fan­kul­tur, men det er ofte i den­ne såkal­la «ship­pin­ga» av fik­ti­ve par­for­hald at meir grunn­leg­gjan­de dis­ku­sjo­nar star­tar.

Alle­reie i førs­te sesong av Skam, der hand­lin­ga krin­sar kring Eva og kjæras­ten Jonas, mei­ner man­ge at Jonas er ned­la­tan­de mot Eva. (foto: NRK)

Alle­reie tid­leg i førs­te sesong, der hand­lin­ga krin­sar kring Eva og kjæras­ten Jonas, duk­ker det opp kri­tis­ke stem­mar:

«Men ser dere ikke hvor slem Jonas er mot Eva? Han er ned­la­ten­de og tror han er bed­re enn hen­ne.»

Den­ne dis­ku­sjo­nen utvik­lar seg gjen­nom sesong 1, og får ein ny avleg­gjar i and­re sesong, kring for­hal­det mel­lom Noora og Wil­liam. Her blir det hef­tig dis­ku­tert om Wil­liam er mani­pu­le­ran­de eller ikkje, og om Noora sine gode prin­sipp kan­skje er litt for fast­lås­te.

Sesong 3, som intro­du­se­rar ein skeiv tema­tikk, har blitt opp­da­ga også utan­for Noreg, og ten­årin­gar frå Dan­mark til Abu Dha­bi dis­ku­te­rer no for­hal­det mel­lom Isak og Even på uli­ke inter­nett­fora. Dis­ku­sjo­nen er kjenne­teik­na av detal­jer­te ana­ly­ser av seri­en, og at del­ta­ka­ra­ne trekk inn erfa­rin­gar frå sine eig­ne liv når dei snak­kar om karak­te­ra­ne.

I sesong 2 blir det hef­tig dis­ku­tert om Wil­liam er mani­pu­le­ran­de eller ikkje, og om Noora sine prin­sipp er for fast­lås­te. (foto: NRK)

Spe­ler det ei rol­le at man­ge dis­ku­te­rer kjær­leiks­li­vet til fik­ti­ve ten­årin­gar? Ja, mei­ner vi. For det førs­te får 16-årin­ga­ne åpen­bart sunn tre­ning i å debat­te­re. For det and­re har dis­ku­sjo­nar som om Jonas syner Eva respekt eller ikkje eit vida­re ned­slags­felt enn det fik­ti­ve uni­ver­set på Hart­vig Nis­sen VGS. Her får ung­dom­ma­ne ein sjan­se til å dis­ku­te­re kor­leis ein bør behand­le kvar­and­re. Sli­ke dis­ku­sjo­nar; med utgangs­punkt i fik­ti­ve karak­te­rar vi kan rela­te­re oss til, men like­vel ha avstand frå; all­menn­gjer men­nes­ke­le­ge pro­blem, og lar oss bli del av eit fel­les­skap der vi kan for­stå våre eig­ne liv.

DETTE ER SKAM:

  • Nett­se­rie som pub­li­se­res dag­lig på skam.p3.no og består av kor­te fil­mer samt utdrag fra sms-, Face­bo­ok- og Insta­gram-kom­mu­ni­ka­sjon.
  • Sesong 1 ble lan­sert 22. sep­tem­ber 2015. Sesong 2 gikk vår­en 2016 og sesong 3 har gått høs­ten 2016. Sesong 4 er plan­lagt sendt vår­en 2017.
  • Seer­tal­le­ne har ste­get jevnt og sesong 3 har i snitt blitt sett av 789 000.
  • Sis­te klipp i sesong 3 ble sendt 16. desem­ber og er alle­re­de blitt sett av over en halv mil­lion seere. Det­te inklu­de­rer blant annet svens­ke og dans­ke pub­li­kum­me­re, samt seere fra hele ver­den.

Kil­de: NRK.no

Fors­king syner at dei aller fles­te inter­nett­bru­ka­rar ikkje del­tek aktivt i sli­ke dis­ku­sjons­fora, og ingen av ten­årin­ga­ne vi har inter­vjua sei­er at dei har skri­ve noko på skam­blog­gen eller i dei man­ge face­bo­ok­grup­pe­ne. Skam kan også inn­lem­me den­ne tau­se majo­ri­te­ten i fel­les­ska­pet sitt.

I tred­je sesong har alle som har fulgt seri­en fått kjen­ne på kjens­le­ne til ein syt­ten år gamal homo­fil gut. Vi har fått opp­le­ve både Isaks for­els­king i Even, og reds­la for å ikkje bli aksep­tert. Filo­so­fen Martha Nuss­baum hev­dar at nett­opp evna til å vek­kje for­stå­ing og empa­ti for dei som er ann­leis enn oss er det som gjer at kunst, og sær­skilt for­tel­jin­gar, er vik­tig i det moder­ne demo­kra­ti­et. Sjølv om det er vik­tig for skei­ve å opp­le­ve å bli repre­sen­tert i ei TV-for­tel­jing, er det vel så vik­tig at det sto­re fleir­ta­let får opp­le­ve kor­leis skeiv kjær­leik i bunn og grunn er det same som hete­ro­fil kjær­leik – og sam­stun­des for­stå dei spe­si­el­le utford­rin­ga­ne det fører med seg. Gjen­nom Even og Isaks his­to­rie har sto­re delar av den nors­ke ten­årings­be­fol­kin­ga fått ein sjan­se til det.

Kva er det som gjer at nett­opp Skam har klart å for­me eit slikt fel­les­skap? For det førs­te må vi sjå på sjøl­ve seri­en. Ung­dom­ma­ne vi har snak­ka med, sei­er dei kan kjen­ne seg vel­dig godt igjen i mil­jø­et Skam skild­rer. Sam­stun­des lik­nar seri­en på ein såpe­ope­ra, med enga­sje­ran­de dra­ma, men med ein vik­tig skil­nad: Kom­plek­se karak­te­rar som lærer noko i løpet av ein sesong, og som ikkje blir fram­stilt i svart/kvitt. Sexis­tis­ke, berek­nan­de Wil­liam får gjen­nom­gå – men det får også poli­tisk kor­rek­te Noora. Vi får føle på Isak sin red­sel for å kom­me ut av ska­pet, men også sjå kor­leis han er så opp­tatt av sine eig­ne pro­blem at han opp­fø­rer seg dår­leg mot ven­ne­ne sine, og utnyt­ter ei første­klasse­jen­te.

Slik kla­rar Skam å vise at ingen er per­fek­te, og kor­leis vi kan kjen­ne igjen og for­stå morals­ke blind­flek­kar hjå oss sjølv og and­re.

Gjen­nom Even og Isaks his­to­rie har sto­re delar av den nors­ke ten­årings­be­fol­kin­ga fått ein sjan­se til å opp­le­ve at skeiv kjær­leik i bunn og grunn er det same som hete­ro­fil kjær­leik. (foto: NRK)

For det and­re sti­mu­le­rer måten Skam blir pub­li­sert på til enga­sje­ment. Det at ein ald­ri veit når eit nytt klipp blir pub­li­sert gjer at det å ven­te og å snak­ke om Skam blir ein del av kvar­da­gen. Det­te enga­sje­men­tet får eit natur­leg utløp i kom­men­tar­fel­tet til Skam-blog­gen: Sidan kvart klipp har ny infor­ma­sjon og ein liten dra­ma­tisk clif­f­han­ger, er det mate­ria­le for dis­ku­sjon kvar gong.

Om ein ber­re fyl­gjer med på medie­de­bat­ten, står ein i fare for å gå glipp av at all­menn­kring­kas­ta­ren NRK gjort noko vik­tig med Skam: I sta­den for å sit­te i kvart sitt ekko­kam­mer, har ten­årin­ga­ne blitt ført saman, ved hjelp av ei fel­les medie­opp­le­ving som er mat for dis­ku­sjon og reflek­sjon.

TEMA

N

RK

61 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen