Kvaliteten må bergast, ikkje definerast

Mediemangfaldsutvalet går utanom halve problemet: det som handlar om kvalitet.

Medie­mang­fald­sut­valet blei opp­nem­nt i sep­tem­ber 2015. Sven Egil Omdal kalla det straks «Støt­te­forenin­gen for syke mødre» og hev­da at det «lign­er deprimerende mye på et arveoppgjør. Det eneste som er godt rep­re­sen­tert, er misunnelsen».

Utvalet var stort sett samansett av leiarar frå bran­sjen ein skulle greie ut støt­te­ord­ningar for. Dét bukk-til-havre­sekk-prin­sip­pet kan knapt over­førast til andre bran­s­jar og felt. Nokre vil meine at ein her finn fork­laringa på at utvalet ikkje kjem med fram­legg om innsparingar, men tvert om går inn for å plusse på omkring 800 mil­lionar skat­tekro­ner. Samansetjin­ga har nok også sitt å seie for kor­leis utvalet diskuter­er nøkkelom­grep som «sam­funnsnyt­tig» og «kvalitet».

Demokratiet

Men om ein aksepter­er den skildringa av sto­da på fel­tet som låg i man­datet utvalet har arbei­dd ut frå, og som utvalet sjølv har utpensla i til dels stor detaljrik­dom, er ikkje talet på innsparte eller ekstra kro­ner eigent­leg så vik­tig. Spørsmåla utvalet skulle svare på, kan i kort­form gjerne for­mulerast slik: Kor­leis kan vi red­de demokrati­et slik vi kjen­ner det, og kva vil det koste?

Medie­mang­fold­sut­val­get

Alt prin­sip­ielt kul­tur- og mediepoli­tisk arbeid i Noreg har nem­leg sidan tusenårsskiftet hatt grunnlag i utgrei­in­ga av ytrings- og infor­masjons­fridomen som Fran­cis Sejer­st­ed og utvalet hans laga. Det enda i 1999 med ei vel­luk­ka nyfor­mu­ler­ing av para­graf 100 i Grunnloven, ende­leg vedteken i 2004. Her blei eigent­leg eitt av fleire mogelege syn på demokrati­et spikra fast: eit nor­ma­tivt syn som seier at det offentlege ord­skiftet i ei «open» og «opplyst» ålmente er ein avg­jerande vik­tig del av det. Og stat­en blir gitt ans­varet for at dette ide­alet er realisert.

Utvalet vis­er til den vik­ti­gaste teo­retikaren på området «ålmen­ta og rol­la ho spelar i demokrati­et», Jür­gen Haber­mas. I Süd­deutsche Zeitung kom­menterte han i mai 2007 spørsmålet om sub­si­dier­ing av pri­vateigde medi­um. Han vedg­jekk at det var noko kon­train­tu­itivt i det å skulle gripe inn over­for mark­nad­skreftene i mediefel­tet, etter­som det his­torisk net­topp var mark­naden som skapte den kri­tiske pres­sa som kjen­neteik­nar demokratiske sam­funn, laus­riv­en frå og kri­tisk over­for staten.

Men på den andre sida, sa Haber­mas, er det også slik at mark­nadens økonomiske krefter kan kome til å øyde­legge det sam­funns­mes­sig verd­fulle dei sjølv skapte: kri­tisk, sol­id infor­masjon til pub­likum. Om mark­naden før­er til tap av denne kvaliteten, er det snakk om det ein kallar mark­nadssvikt. Ein må «obser­vere utviklin­ga på mis­tenksamt vis» og hugse at «ein mark­nadssvikt i denne sek­toren har ikkje noko demokrati råd til».

Mangfald utan grenser

Mediesys­temet er no pre­ga av ei krise skapt av alle dig­i­talis­eringas trugsmål mot gam­le for­ret­ningsmodel­lar. Oppgå­va er å gjere sys­temet meir robust, betre tilpas­sa nye vilkår. Men alt i man­datet for utvalet merk­er ein at «medie­mang­fald» knapt er det største prob­lemet: «Dig­i­talis­erin­gen av medi­ene har bl.a. ledet til at pub­likums til­gang til infor­masjon og ulike medi­er er større enn noen gang», heit­er det der. «Pub­likum har større muligheter enn noen gang til å velge hvor­dan, hvor og når de vil ta i bruk ulike medi­er», blir det også sagt, om nokon skulle vere i tvil. Dette er i tråd med den erfaringa kvar og ein med smart mobil­tele­fon, net­tbrett eller andre typar data­maskin har gjort: Her er mang­faldet så å seie utan grenser; alle tenkelege og utenkelege posisjonar i poli­tikk, kul­tur og sam­funnsliv er representerte.

Kul­tur­min­is­ter Lin­da Hof­s­tad Hel­le­land omgitt av medlemmene i Medie­mang­fald­sut­valet ved over­lev­eringa av utgrei­in­ga. (foto: Kulturdepartementet).

Det største prob­lemet er, med eit visst unntak som eg snart kjem til, ikkje mang­faldet, det er kvaliteten. Ålmen­ta er som heil­skap utan tvil «open», spørsmålet er om ho er «opplyst». Utvalet snakkar då også heile tida om «kvalitet­sjour­nal­is­tikk» og «sam­funnsvik­tig jour­nal­is­tikk» og lar oss slik forstå at det også finst jour­nal­is­tikk som verken er sam­funnsvik­tig eller av kvalitet.

Trugsmålet

Spørsmålet om diver­sitet er via eit eige kapit­tel, det tred­je i utgrei­in­ga. Det er vel­skrive og infor­ma­tivt og skil i tråd med aktuell medievit­skap­leg tenk­ing på fel­tet mel­lom avsendar‑, innhalds- og bruks­man­g­fald. Det første hand­lar om mang­fald på eigar­si­da, det andre om eit mang­fald av sjan­grar og idéar, det tred­je om i kor stor grad pub­likum fak­tisk gjer bruk av og slik realis­er­er mang­faldet dei står overfor.

Her ligg det eine reelle trugsmålet mot mang­faldet: At mediebrukarane sine frie val ender med at dei meir eller min­dre isol­erer seg frå kvaran­dre i mediemiljø der bod­skapen og per­spek­ti­va i hov­ud­sak er dei same frå alle kan­tar. Ekkokam­mer, kallast det. Gjer brukarane dette på kvar sin kant av mein­ingsspek­teret, får ein ei ålmente som er sterkt polaris­ert, utan reell, «san­ningssøkande» dia­log på tvers. Net­tet gjer dette til eit tenkje­leg scenario.

Men for det første er det over eit halvt hun­dreår sidan Paul Lazars­feld og Eli­hu Katz viste at folk bur i nabo­lag og har famil­iar og ven­er som dei fak­tisk snakkar med, og at den ein­skilde føl­ge­leg ikkje er heilt utlev­ert til kva media for­tel om ver­da. For det andre er det i Norge gjort empirisk forsk­ing ved Insti­tutt for sam­funns­forsk­ing som kon­klud­er­er med at «ekkokam­mer» knapt finst her i landet.

Prob­lemet er med andre ord igjen kvaliteten meir enn mang­faldet. Og gjer ein som dette utvalet, og ser det reelle «bruks­man­g­faldet» som det avg­jerande, må tilsvarande «bruk­skvaliteten» vere avg­jerande her. Med andre ord: Kor­leis skal stat­en bidra til at alle brukarane, heile pub­likum, fak­tisk får del i det kval­i­ta­tivt beste av jour­nal­is­tisk og annan vik­tig, kunnskaps­basert infor­masjon som mediesys­temet har å by på?

Det overordna

Utvalet for­mulerer i kapit­tel 3, på side 23, eit overord­na mål: «Med sik­te på å fremme en felles, åpen og opplyst offentlig sam­tale, bør stat­en legge til rette for at alle borg­ere kan bruke et mang­fold av uavhengige nyhets- og aktu­alitetsme­di­er.» Ein seier så det er vik­tig å inklud­ere brukarar på tvers av sosioøkonomiske skil­je, at målet føre­set avsendar- og sær­leg innhalds­man­g­fald, at det er plat­tform­snøy­tralt og at det peik­er mot det vik­tige i tiltak som skal motvirke frag­menter­ing og polarisering.

Alt dette er vel og bra. Men defin­isjo­nen av «kvalitet» og «sam­funnsnytte» manglar, trass i at dei alt­så er nøkkelom­grep både i man­datet og i utgrei­in­ga. På side 24 blir det direk­te sagt at «kvalitet» – det som svarar til «opplyst» i para­graf 100 – ikkje er tatt med i mål­for­mu­leringa «for­di det ikke bør være myn­dighetenes opp­gave å avgjøre hva som utgjør kvalitet, men at dette i stedet bør over­lates til den enkelte redak­tør, og pub­likums eksplisitte vur­deringer av innhold­et og mer implisitte kvalitetsvur­deringer gjen­nom fak­tisk bruk».

Om artikke­len
Kom­mentaren vart først pub­lis­ert i Dag og Tid 10. mars 2017.

Folk som er vel kjende med til dømes Pres­sas faglege utval, snakkar alt­så som om «myn­dighetene», stat­en, var einaste tenkelege plasser­ing av ei slik oppgåve. Alt som kjem ut av jour­nal­is­tikk frå «uavhengige» medi­um som har ein redak­tør og som i prin­sip­pet tar Ver Varsam-plakat­en alvor­leg, er etter utvalet si mein­ing å rekne som kvalitetsjournalistikk.

Det er ikkje sikkert at alle brukarar vil vere samde med dette avsendarsynspunktet.

TEMA

M

ediepol
itikk

40 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen