Eit stille åtak på fienden

Valkampfilmane til Arbeidarpartiet verkar sympatiske, men er også underforståtte åtak mot høgresida.

USA, måndag 7. sep­tem­ber, 1964: I ei reklamepause i måndags­fil­men, eit pro­gram «alle» amerika­narar såg, ser me ei lita jente som teller kro­n­bla­da til ein blom. I det ho når ni, blir stem­men hen­nar avløyst av det som umiskjen­ne­leg er ei nedteljing av eit meir mil­itært slag. Jen­ta stiv­nar, det zoomast inn, og me høyr­er ein vald­sam eksplosjon og ser ein atom­sopp spe­gle seg i pupillen hen­nar. Ein mannstemme erk­lær­er: «These are the stakes – we much either love each oth­er, or we must die.» 

Videoen avs­lut­tar med ei opp­for­dring å stemme på pres­i­dent John­son ved valet i novem­ber – «the stakes are too high for you to stay home.»

«Daisy Girl» som videoen blei kalla, blei berre sendt som reklame ei gong – men til gjeng­jeld vist fleire gonger i nyhen­dema­gasin og debattpro­gram. John­son-kam­pan­jen blei skul­da for å skremme vel­jarar og for uret­tfer­di­ge åtak på motkan­di­dat­en, Gold­wa­ter, som blei skil­dra som «trig­ger­hap­py». Det var fare for at han ville trykke på den store raude knap­pen. Dette blei aldri sagt direk­te i videoen, men sinte reak­sjonar til både par­ti­et og TV-kanalen same kveld tyda på at dei fleste forsto rekla­men som eit slikt åtak.

Norsk poli­tisk kul­tur er ikkje like aggres­siv som den amerikanske, men me finn åtak på poli­tiske mot­stan­darar her heime òg

Norsk poli­tisk kul­tur er ikkje like aggres­siv som den amerikanske, men me finn sjølvsagt åtak på poli­tiske mot­stan­darar her heime òg. Eg vil seie at Arbei­darpar­ti­et, både i valkam­p­en 2009 og i årets valkamp, har nyt­ta reklamev­ideoar til å gå til åtak på Fram­stegspar­ti­et, gjen­nom å indi­rek­te seie at eigent­leg er det Arbei­darpar­ti­et som er «for folk flest». Ein vik­tig skil­nad frå «Daisy Girl» er at desse videoane er myk­je meir sub­tile og, ikkje minst, pakkar åtaket inn saman med eit pos­i­tivt bod­skap om Arbei­darpar­ti­et sin eigen politikk.

Omsorgsfulle onkel Jens

Eit av Arbei­darpar­ti­et sine retoriske stunts i 2009-valkam­p­en var nettstaden «hva-er-viktig-for-deg.no» Her kunne alle som ville, nytte seks ord til å skrive kva som var vik­tig for dei. Arbei­darpar­ti­et sitt sen­tral­styre lova å lese alle inn­leg­ga som kom inn.

Denne inter­ak­tive kam­pan­jen er inter­es­sant nok i seg sjølv, men i dette til­fel­let vil eg sjå nærare på videoen som intro­duserte kam­pan­jen. Her syn­er nem­leg Arbei­darpar­ti­et, og meir spe­si­fikt, Jens Stoltenberg, at dei verke­leg bryr seg om oss van­lege folk.

Dei fire per­so­n­ane i videoen er alle ordinære kvardags­men­neske, som bryr seg om ting me alle bryr oss om: Ein god skule, eit godt hel­sevesen, god eldreom­sorg, musikk og fot­ball. Eg vil tru ytst få av oss ikkje kan iden­ti­fis­ere seg med minst ein av desse men­nes­ka og det dei tykkjer er vik­tig. Retorikaren Ken­neth Burke hev­da at iden­ti­fikasjon er den grunn­leg­g­jande føre­set­naden for retorikk. Iden­ti­fikasjon er når retoren ska­par ei forteljing der han og tilhøyrarane spelar på same lag, har dei same inter­essene og det same utgangspunk­tet. Det er net­topp det Arbei­darpar­ti­et gjer her: Mot slut­ten av videoen dukkar Jens Stoltenberg opp, og på hans plakat står det «At alle har en trygg jobb». Film­språket, som er meir kon­ven­sjonelt enn me kan­skje tenkjer over til dag­leg, over­før­er dei fire andre per­so­n­ane sine stand­punkt til Stoltenberg – han er ein som bryr seg om det van­lege folk bryr seg om, han bryr seg alt­so om oss.

Denne med­kjensla som gjen­nom­syrar videoen er særskilt tyde­leg i starten: Eit nær­bilete av ein eldre, tyde­leg skrøpe­leg mann som kikkar sak­te opp, deretter klypp over til eit over­syns­bilete av rom­met, der me kan sjå sonen kikke uro­leg på far sin, som sit krum­bøygd på sen­ga, for deretter å sjå rett i augene på tilsko­daren med eit lite, bekym­ra smil. Dette er dem­pa, men likev­el effek­tive emosjonelle verkemid­del som slår an ein tone for heile videoen – det hand­lar fyrst og fremst om omsorg.

Eit nær­bi­lete av ein eldre, tyde­leg skrø­pe­leg mann som kik­kar sak­te opp, der­etter kan me sjå sonen kikke uro­leg på far sin

Arbei­darpar­ti­et, rep­re­sen­tert ved Stoltenberg, blir pre­sen­tert i videoen som eit par­ti som bryr seg: Dei vil høyre kva som er vik­tig for oss, men sam­stun­des veit dei det allereie – dei har ei føling ute blant folket, veit kva som er vik­tig for folk flest.

Dei blå vil rive ned Den Norske Modellen

Ein av årets valkam­pvideoar er «Den Norske Mod­ellen». Her for­tel stort­ing­spres­i­dent og Ap-poli­tikar (og skogsar­bei­dar med folke­leg dialekt) Dag Ter­je Ander­sen oss kor­leis den norske mod­ellen fun­ger­er, kvi­for den er ein suk­sess og kva som er his­to­ria bak – heile tida medan ei hand teik­nar opp fig­u­rar på ei tavle. Det blir ganske snøgt tyde­leg at det er ein oppo­sisjon mel­lom det ein kan tolke som «van­lege folk» og «rik­folk», sist­nem­nde blir avbile­ta i blå dres­sar og har namn som «Skipsmegler Ander­sen» — denne blåk­led­de gjen­gen riv til og med ned heile velferdsstat­en i ein scene i videoen!

Det er van­leg å rep­re­sen­tere høgresi­da i poli­tikken som blå – med andre ord: Høgresi­da er slett ikkje for van­lege folk, tvert om er den til for rik­folk som skipsmeklarar og NHO-direk­tørar. Dette blir sjølvsagt aldri sagt direk­te i videoen, men eg vil likev­el hevde at sidan bile­ta er sopass lite tvi­ty­di­ge, og i ljos av kon­tek­sten stort­ingsval 2013, der valet verke­leg står mel­lom ven­stre- og høgresi­da, er det liten tvil om at dette stand­punk­tet er ein vik­tig del av Arbei­darpar­ti­et sin retoriske strate­gi. Videoen blei brått ekstra aktuell då Siv Jensen gjekk til kraftig åtak på den norske mod­ellen i tala si til Frp sitt landsmøte.

Høgre­sida er slett ikkje for van­lege folk, tvert om er den til for rik­folk som skips­mek­la­rar og NHO-direktørar

Det er fleire vik­tige skil­nadar mel­lom desse to rekla­mane og «Daisy Girl». Den vik­ti­gaste, frå mitt per­spek­tiv, er kor myk­je meir sub­tile Arbei­darpar­ti­et sine videoar er. Dei pakkar åta­ka mot Fram­stegspar­ti­et inn i ein pos­i­tiv, men veldig grunn, pre­sen­tasjon av sin eigen poli­tikk – dei gjeng til åtak på fien­den gjen­nom å pre­sen­tere seg sjølv som folkelege, kan ein seie. Ein kan sikkert argu­mentere for at «Hva er vik­tig for deg» ikkje er eit åtak i det heile tatt, men det er vik­tig å hugse kor­leis Fram­stegspar­ti­et meir eller min­dre alltid har plassert seg sjølv på folket si side, og kri­tis­ert Arbei­darpar­ti­et for å vere ei fjern poli­tikark­lasse. Arbei­darpar­ti­et prøver med denne videoen å slå tilbake gjen­nom å pre­sen­tere seg sjølv som omsorgs­fulle og folkelege – kan­skje ein kan seie at dei nyt­tar ein «show, don’t tell»-teknikk.

«Den Norske Mod­ellen» er eit tydle­gare åtak – tekst og voiceover pre­sen­ter­er utelukkande dei pos­i­tive sidene ved den norske mod­ellen og Arbei­darpar­ti­et si rolle i utviklin­ga av han, men bile­ta skil­drar tyde­leg ei høgre­side som er langt frå folke­leg, ja, den er til og med ein trussel mot velfer­da til folk flest.

Åtak­sre­torikk kan lett bli mis­luk­ka retorikk. Det er ofte meir effek­tivt å fram­stille seg sjølv som eit godt alter­na­tiv fram­for å fyke i stru­pen på mot­stan­daren. Å gå til åtak på Fram­stegspar­ti­et, som aldri har vore i reg­jer­ing, kan vere ekstra risik­a­belt. Då er det ein fordel å pre­sen­tere åta­ka sine indi­rek­te, gjen­nom visuelle appel­lar, og pak­ka inn i eit pos­i­tivt bod­skap om eigen poli­tikk. Arbei­darpar­ti­et fram­s­tend sym­pa­tisk, sam­stun­des som hin­tar til at Frp ikkje er det alter­na­tivet for folk flest dei pås­tend å vere. Slik retorikk vil neppe vinne vel­jarar over frå Fram­stegspar­ti­et sine kjer­netrop­par, men den kan kan­skje dra poten­sielle Ap-vel­jarar opp frå sofaen, og få tvi­la­rane til å bestemme seg.

TEMA

V

algkamp

48 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen