Det alternative høgre. Alt-right. Eit omgrep som på kort tid har glidd inn i daglegtalen, særleg sidan det amerikanske presidentvalet i november 2016 og terroren under Unite the Right-demonstrasjonen i Charlottesville, Virginia i august i år.
Mellom 24. og 27. september skulle foreninga The Berkeley Patriot ha arrangert ei såkalla Free Speech Week (FSW) på byens universitet, eit særs kontroversielt initiativ i etterdønningane av Charlottesville og det valdelege samanstøytet mellom Trump-tilhengjarar og Antifa i Berkeley i slutten av august. Den siste månaden har universitetsmiljøet førebudd seg på alt det denne veka ville innebere: avlyst undervisning, publisering av ei lang liste med gjenstander som ville vore forbudt å ta med på campus, og ein overhengande fare for utøving av vald.
Det er nærliggjande å sjå dette arrangementet som eit reint pr-framstøyt frå den profilerte alt-høgre-provokatøren Milo Yiannopoulos – ein av dei inviterte talerane – noko ein kommentar i avisa San Francisco Chronicle og har gjort (Yiannopoulos vart opphaveleg invitert i februar men føredraget vart då avlyst). Saman med han skulle og Donald Trump sin tidlegare rådgjevar Steve Bannon vore, samt kommentatoren Ann Coulter. Veka var delt inn i tematiske bolkar som “Feminism Awareness Day,” “Islamic Peace and Tolerance Day,” og “Mario Savio is Dead.”
Om artikkelforfatteren
Asbjørn Grønstad er professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB. Grønstad er for tiden gjesteprofessor og Fulbright Fellow ved Department of Film and Media, UC Berkeley.
Mindre enn eit døgn før det heile skulle føregå vart arrangementet avlyst. Hovudpersonen Yiannopoulos dukka rett nok opp på campus søndag 24. september og snakka foran rundt 50 tilhøyrarar, noko som må kunne seiast å vere noko av eit antiklimaks. Det høyrer med til historia at The Berkeley Patriot har klaga universitetet inn til justisdepartementet for brudd på ytringsfridomen.
Den symbolske effekten av at ytre høgre isceneset ei ytringsfridomsveke akkurat ved Berkeley-universitetet er vidare åpenbar nok. Det var her, som første stad i USA, at studentane vinteren 1964–65 tilkjempa seg retten til å drive politisk kommunikasjon og aktivisme på campus. Sjølv om studentrørsla den gongen sloss for ein generell politisk ytringsfridom, var ho og tydeleg situert på venstresida, med røter i borgarrettigheitsrørsla.
Det har vorte sagt og skrive mykje om det alternative høgre den siste tida, om mainstreaming av synspunkt som for kort tid sidan vart rekna som ytterleggåande, om Breitbart News, white supremacy, anti-feminisme, rasemessig profilering og så vidare. Men kvar kjem eigentleg alt dette frå? Kva er dei ideologiske røtene til alt-right-rørsla?
Motsett av det ein skulle tru, så var ikkje valet av Trump til president på nokon måte den galvaniserande hendinga for det alternative høgre i USA. Snarare var dette eit forstyrrande element i ein langsiktig og diskré plan for å setje attende det amerikanske demokratiet. Dette skriv Nancy MacLean, historieprofessor ved Duke University, i det som må vere ei av årets mest sentrale men og polariserande akademiske publikasjonar, den allereie sterkt omdiskuterte Democracy in Chains: the Deep History of the Radical Right’s Stealth Plan for America (Penguin, 2017). Boka er ført i pennen av ein spesialist på sosiale rørsler i USA men er kanskje mest ei idéhistorisk framstilling av det libertarianistiske tankegodset slik det vert definert av økonomiprofessoren og nobelprisvinnaren (frå 1986) James McGill Buchanan (1919–2013).
James Buchanan: Ideologen
Soga om Buchanan tar til midt på 1950-talet, då han fekk støtte av rektor Colgate Whitehead Darden Jr. til å etablere eit nytt forskingssenter for politisk økonomi og sosialfilosofi ved University of Virginia, eit senter som i tillegg fungerte som ein tenketank for libertarianismen. MacLean argumenterer godt for at det går ei direkte ideologisk line frå Buchanan til vår tids alternative høgre.
Den historiske konteksten for Buchanan sin visjon var Brown v. Board of Education, høgsterettsavgjerda som i 1954 gjorde slutt på segregering i den offentlege skulen. Denne skapte så mykje harme mellom konservative politikarar i Virginia at dei rett og slett truga med å stenge skular som innretta seg. For konservative intellektuelle som Buchanan, som kom frå Tennessee, handla ikkje striden om den gjennomgripande rasismen bak segregeringa som kulturell praksis men derimot om det dei oppfatta som ei uakseptabel svekking av delstatens rettigheiter. At liberale frå nordstatane skulle diktere politikken i Virginia og andre sørstatar var noko Buchanan tok personleg.
I tillegg var han provosert over dei auka statlege omkostningane som desegregerte skular ville innebere; slik han såg det, måtte dei velståande i sør, i form av stigande skattar, betale rekninga for ei politisk endring dei var imot i utgangspunktet. Forskingssenteret til Buchanan hadde som ambisjon å utvinne idéar og teori som kunne slå kraftfullt tilbake mot ein stadig meir undertrykkjande liberalisme.
Buchanan sitt senter oppnådde ikkje så mykje i det korte løp. Dei neste åra av amerikansk historie styrka motkreftene seg betrakteleg, i form av mellom anna den stadig meir vitale borgarrettigheitsrørsla, Barry Goldwater sitt solide valnederlag i 1964, generasjonskampen på 1960-talet, studentopprøret, feministrørsla, mobiliseringa mot Vietnamkrigen, og miljøvernrørsla.
Ikkje nok med det, heller ikkje republikansk politikk var i nærleiken av å imøtekomme Buchanan sine ideal. Under Nixon este statsapparatet ut og the Environmental Protection Agency vart etablert. I Reagan sin regjeringsperiode vaks statsunderskotet. Og sjølv den omstridde pro-segregeringsguvernøren George Wallace støtta offentleg pengebruk så lenge den kom dei kvite til gode.
Men, og dette er ein av MacLean sine hovudhypotesar, i eit lengre perspektiv framstår Buchanan som den kanskje mest sentrale idelogiske kjelda til forsøket frå det radikale høgre på å undergrave det amerikanske demokratiet. The Center for the Study of Public Choice, som vart grunnlagt i 1956, vart etterkvart ein leverandør av idéar og arbeidskraft til ulike institusjonar finansiert av den innflytelsesrike finansmannen og milliardæren Charles Koch (som også, kom det fram av konfidensielle brev frå slutten av 1990-talet, sprøyta inn midlar i Buchanan sitt senter): the Cato Institute, the Heritage Foundation, Americans for Prosperity, the State Policy Network, the Tax Foundation, the Competitive Enterprise Institute, og fleire andre. Dette er organisasjonar som arbeider med å påverke juridiske oppfatningar og praksis i alt frå helsepolitikk til våpenkontroll (noverande visepresident Mike Pence har fartstid i fleire av desse).
Framveksten av det radikale høgre
I løpet av dei siste 6–7 åra har “fruktene” av denne langvarige og stille mobiliseringa tatt til å manifestere seg på fleire vis.
Eit av dei første teikna var det som skjedde i Wisconsin og i New Jersey i 2011. I Wisconsin lukkast guvernør Scott Walker med å stramme inn forhandlingsrettar for offentleg tilsette, og i New Jersey gjekk guvernør Chris Christie til åtak på lærerane. I statar som Iowa, North Carolina, Louisiana og Mississippi forsøkte GOP-politikarar (republikanerar) å kontrollere universiteta (mellom anna ynska ein enkelte stader å fjerne tenure-ordninga), og rektorar som nekta å samarbeide vart fjerna. Kutta i offentleg utdanning vart meir aggressive enn før, samstundes som ein pressa gjennom skattefritak for privatskular.
Lovforslag med det føremålet å gjere det vanskelegare å stemme vart hyppige (til dømes gjennom å redusere antalet lokaler for førehandsstemming i demokratiske bydeler og strøk med sterk afro-amerikansk og/eller latino-dominans), og i perioden 2011–2012 vart over 180 lover retta inn mot låglønte og minoritetar introduserte. Seinare kom kampanjen mot Obama sin Affordable Care Act.
Ein del av denne aktiviteten spring ut av arbeidet til ei tankesmie med band til Koch. The American Legislative Exchange Council produserer kvart år hundrevis av lovutkast for republikanerane, med eit gjennomslag på 20 prosent. Det handlar mellom anna om ting som avskaffing av klimatiltak, privatisering av offentlege institusjonar, endring av skattereglar, nedkjemping av fagforeningar, og utvida fullmakter for politiet mot ulovlege immigrantar. I boka si spekulerer MacLean faktisk på om dette representerer ein koordinert kampanje med det medvitne formål å øydeleggje USA sine politiske institusjonar.
Skattelegging av dei rike er feil fordi det er umoralsk å stjele fruktene frå andre sitt arbeide
Eit viktig poeng for MacLean er at dei som no har tatt styringa over GOP ikkje berre er alminnelege neoliberale marknadskapitalistar, og at dei filosofiske leiestjernene ikkje er “the usual suspects” som Ayn Rand, Milton Friedman, Adam Smith eller Friedrich A. Hayek. Det nye amerikanske radikale høgre vil truleg attende til oligarkiet, til styreformene i statar som Virginia før 1954.
Ideologen til dette prosjektet, forutan Buchanan sjølv, er John C. Calhoun frå South Carolina (på hans tid den rikaste staten i landet), mannen Richard Hofstadter ein gong kalla “the Marx of the master class1Richard Hofstadter, The American Political Tradition and the Men Who Made It, New York: Random House, 1948..” Calhoun, som var vise-president både under John Quincy Adams og Andrew Jackson og seinare senator, var ein Yale-utdanna, monoman og svært mislikt strateg som spesialiserte seg på skatteopprør. Til liks med Buchanan var han opptatt av å ivareta den økonomiske minoriteten sine rettar, og som Buchanan meinte han at demokratiet som styreform var ueigna til å forsvare fridom i ein snever finansiell forstand. I Calhoun sin reduksjonistiske filosofi står klassekonflikten mellom skatteprodusentar og skattekonsumentar sentralt.
Over eit hundreår seinare overtar og vidareutviklar Buchanan desse perspektiva, både i si akademiske og aktivistiske verksemd. Særleg opptatt var han av den uinnskrenka makta den føderale regjeringa har til å få dei velståande til å betale for tenester dei sjølve er imot, som til dømes betre skular, nyare lærebøker, og fleire emne for afro-amerikanske elevar.
Slik Buchanan, og Calhoun før han, forstod det, handla kampen for eit fritt samfunn om fridomen til å kunne bli rik utan offentleg innblanding. Skattelegging av dei rike er feil fordi det er umoralsk å stjele fruktene frå andre sitt arbeide. Å verne om rikdom var difor, slik Buchanan såg det, å verne om individet. Men eit interessant trekk ved dette idéuniverset er at fienden som vert utpeika ikkje er politikarar eller advokatar men kollektivet; det vil seie sjølve førestillinga om at politiske mål berre kan oppnås om fleire borgarar går saman og organiserer seg. Ikkje overraskande var såleis arbeiderrørsla og borgarrettigheitsrørsla mellom hovudmotstandarane for Buchanan.
I den typen diskré aktivisme som Buchanan representerer er det ikkje lenger viktig kven som lagar spelereglane. Poenget er at reglane kan endrast, og målet er å etablere juridiske bindingar av permanent art for statsapparatet.
Tidleg på 1970-talet fanga Buchanan sitt arbeide interessa til før nemnde Koch, som ba om hjelp til sitt Cato Institute og til planen om å redde kapitalismen frå det grådige demokratiet. Koch finansierte også The Libertarian Party, som gjekk til val mot Reagan i 1980 med broren David som kandidat. MacLean legg vekt på at hemmeleghald må ha vore eit modus operandi for folk som Buchanan og Koch, fordi dei var innforstått med at dei støtta interessene til eit lite mindretal av befolkinga – den såkalla eine prosenten – og såleis ikkje kunne vinne gjennom argumenter åleine.
Det gamle republikanske partiet er historie, og det nye alternative høgre er atskilleg råare på alle punkter
Det sentrale, skjulte trekket Koch sitt lag føretok var å ta over det republikanske partiet, ein prosess som skaut fart frå slutten av 1990-talet og framover. Dei politiske idéane til dette laget er radikale snarare enn konservative. Fordi libertarianerane var såpass få, trengte dei ein base av konservative som kunne rekrutterast gjennom felles saker; mellom anna forsøkte ein å dra med det religiøse segmentet, trass i at Buchanan som mange libertarianerar var ateist. Lojaliteten til dette nye høgre går ikkje til GOP, og fleire tradisjonelle republikanerar har mista setet sitt grunna ulydighet mot det nye regimet.
Det kan godt vere, skriv MacLean, at ein er så vant til å betrakte det amerikanske politiske landskapet langs demokrat-republikanar-aksa at det har gjort oss blinde for det som eigentleg er på ferde. Det gamle republikanske partiet er historie, og det nye alternative høgre er atskilleg råare på alle punkter.
Ei anti-demokratisk rørsle
For MacLean representerer denne overtakinga av GOP ikkje noko mindre enn eit femtekolonneåtak på det amerikanske demokratiet. Trekka er fleire: mangelen på transparens, strategien som går ut på å gjere det normale politiske systemet dysfunksjonelt, og vissheita om at sakene aldri vil vinne støtte hjå majoriteten. Ei slik rørsle liknar ikkje på ei klassisk sosial rørsle men representerer noko illevarslande og usunt.
Men nett då denne rørsla hadde som mest momentum skjedde det noko Koch og hans allierte ikkje hadde rekna med – Trump vart USA sin 45. president. Ikkje berre er han ingen libertarianer, men hans økonomiske visjon står langt unna det ein kan kalle Buchanan-skulen. Trump vil verne den nasjonale industrien, han er imot kutt i social security, han vil bygge ut vegnettet og attpåtil lage ein enorm mur. Som republikansk president hamnar Trump mellom to fundamentalt ulike tilnærmingar til økonomisk politikk, John Maynard Keynes sin utjamningsmodell og Calhoun/Buchanan sin ekstreme libertarianisme.
Calhoun og Buchanan tar i og for seg ikkje feil når dei påstår at det finst ein konflikt mellom visjonen om økonomisk fridom og demokratiet. Majoritetar vil nødvendigvis bruke den politiske prosessen til å betre sine vilkår. Mange framsteg opp gjennom historia har krevd skattelegging: offentleg utdanning; bygging av vegar, bruer og tunellar; utvikling av industri; forebygging av fattigdom; og diverse miljøtiltak, for å nemne noko. Problemet er at Buchanan sitt syn er grunnleggjande antidemokratisk og at det er i ferd med å sementere seg hjå det alternative høgre i USA. Ironisk nok vert populistiske kjernefenomen som xenofobi, anti-feminisme og kunnskapsforakt nytta som innmat i denne antidemokratiske pølsa.
Når folk som Yiannopoulos og Ann Coulter vitjar ein allereie uroleg campus som Berkeley, fungerer dei ikkje berre som ein katalysator for potensielt valdelege konfrontasjonar, men og som nyttige idiotar for eit demokratifiendtleg program dei neppe anar konsekvensane av.
Berkeley og ytringsfridomsrørsla
Under dei første store demonstrasjonane ved Sproul Hall på Berkeley-universitetet i desember 1964 vart nesten 800 av dei 4000 deltakande studentane arrestert, inkludert Mario Savio, leiaren for Free Speech-rørsla. Det var hans forsøk på å støtte Student Nonviolent Coordinating Committee (SNCC), ein av nøkkelorganisasjonane til borgarrettigheitsrørsla, på campus som på sett og vis representerte starten på ytringsfridomsrørsla. Massearrestasjonane avfødte endå større demonstrasjonar, noko som på nyåret 1965 førte til at fleire av studentane sine krav vart innfridde. Universitetskansler Edward Strong trakk seg i mars same år som følgje av all uroa.
Når dagens kansler Carol Christ nyleg oppmoda universitetssamfunnet om å akseptere dei inviterte provokatørene, handlar det mellom anna om å respektere arven frå Savio si tid. Men den gong var spørsmålet om ytringsfridom uløyseleg knytta til borgarrettigheitsrørsla og arbeidet for større diversitet i eit då mykje meir homogent universitetsmiljø. Verdiane til Yiannopoulos og sentrale aktører innan det alternative høgre er eit trugsmål mot det mangfaldet som eit sunt demokrati må bestå av og som gir meining til sjølve omgrepet ytringsfridom.
***
MacLean, alt-right og kritikken: Debatten om boka
Boka til MacLean har i løpet av sommaren generert ein større diskusjon i aviser og sosiale medier i USA, og forfattaren har kanskje ikkje uventa blitt sterkt kritisert av høgresida. I ein artikkel for The Chronicle of Higher Education imøtegår ho ein del av kritikken.
Slik eg oppfattar denne kritikken, går innvendingane særleg på to ting: at MacLean overdriv rolla til Buchanan som sjefsideolog for den moderne libertarianismen i USA, og at åtaket på det politiske systemet ikkje er det ho kallar ein “stealth plan” men noko som pågår meir openlyst. Ein treng ikkje vere del av det alternative høgre for å sjå, dersom ein les boka, at MacLean flørtar med konspirasjonsteoriar. Men det er samstundes tydeleg nok at denne tendensen er eit utslag av det litterære grepet forfattaren nyttar i framstillinga, som på svært vellukka vis gir eit i utgangspunktet tørt idéhistorisk stoff ein sterk narrativ puls. Om ho strekk tolkinga av Buchanan vél langt, så er boka også basert på eit svært grundig og omfattande arkivarbeide som gir belegg (om ikkje fasit) for lesinga av Buchanan.
Mi eiga vurdering er at forfattaren i alle fall ikkje er heilt på jordet når det gjeld påstanden om libertarianismen har hatt ein “stealth plan.” Dei mange eufemismane Buchanan nytta ved forskingssenteret sitt peikar til dømes i den retning, og det same gjer reaksjonane til ein del av dei konservative republikanerane som dei siste åra har blitt skyve ut. Argumentet til MacLean harmonerer og med den nokså vanlege oppfatninga, kanskje særleg frå europeisk side, at så mange amerikanske veljarar stemmer imot sine eige interesser. Til slutt, sjølv om MacLean kan ha bomma på enkelte punkter, så endrar ikkje det på det overordna perspektivet i boka.
Glimrende gjennomgang av Mac leans bok som jeg ennå ikke har lest. Har imidlertid lyttet til foredrag hun har hatt om boka. Og hun nevner her nettverket av høyreradikale tenketanker internasjonalt, og som er langt fra oppriktige om sin agenda. I Norge har vi vår egen variant Civita som er del av dette nettverket. Atlas Network som finansieres av bla a Koch brødrene. I dette nettverker fins uhumskheter som Heartland Foundationen som finansierer alternativ klimaforskning kun for å så tvil om vitenskaplig forskning og anbefalinger om kutt i utslipp.