Samfunnsoppdragets læregutar

Journalistideal på diett: Nokre statistiske refleksjonar over norske journaliststudentar dei siste 25 år.

“… presse­folk ser på skolen som et rede for halvs­tud­erte akademikere som ingen kon­takt har hatt med et lev­ende pressemiljø, mens jour­nal­is­televene ser på pressen som et reak­sjonært ele­ment som forsinker kam­p­en for et sosial­is­tisk Norge”, bekla­ga jour­nal­ist Odd­var Aasen seg i eit lesarinn­legg i Jour­nal­is­ten i 1974. Sitatet er hen­ta frå Fra fjær­penn til Inter­nett (1996) av Rune Ottosen, og illus­tr­erer nokre lang­varige stereo­typ­i­ar og kon­flik­tlin­jer mel­lom pres­sa og jour­nal­is­tut­dan­ningane i Noreg.

Ele­vane Aasen snakka om gjekk på Norsk jour­nal­ist­skole. Den vart grunnlagd i Oslo i 1965 når stat­en tok over Jour­nal­is­takademiet, oppret­ta av presse­or­gan­isas­jo­nane i 1951. Organ­isas­jo­nane tapte då den formelle mak­ta over utdan­ninga, men følte lenge, med Ottosens ord, “soleklar rett til å blande seg inn i det de betrak­tet som sitt ekte­fødte barn”. 

“Et arne­sted for revolusjonære»

Når den all­menne radikalis­eringa i sam­band med EF-stri­den, Viet­namkri­gen og Ottosen-komi­teen på tid­leg syt­ti­tal òg nådde jour­nal­ist­stu­den­tane, gjekk ryk­ta raskt i pres­sa om skulen som “et arnest­ed for rev­o­lusjonære”, og lei­in­ga vart ofte og høg­lytt kri­tis­ert av presse­or­gan­isas­jo­nane. Dels gjekk dette på at dei var for ettergje­vande for “radikale strømninger”, men like myk­je var dette ein strid om kva som var god jour­nal­is­tikk og kor­leis jour­nal­is­tikk best kan lærast, der naudsynet av meir prak­sis­basert under­vis­ning og eit lågt jour­nal­is­tisk nivå hjå lærarane var van­lege ankepunkt. At endåtil folk som ikkje var erfarne jour­nal­is­tar skulle under­vise var òg eit heitt tema når når dis­trik­t­shøgskulen i Vol­da etablerte si jour­nal­is­tut­dan­ning i 1971.

Den sterkaste poli­tiske kri­tikken av jour­nal­ist­stu­den­tane stil­na utover syt­ti­talet, i takt med den ålmenne avradikalis­eringa av poli­tikken og stu­den­tane. Om ein fram­leis i dag finn dømer på at jour­nal­is­tar er bekym­ra for radikale jour­nal­ist­stu­den­tar, skjer dette van­legvis i mod­er­ate orde­lag, der ein, med E24-redak­tør Per Vale­brokk sine ord, “håpa at jour­nal­ist­stu­den­tane tek til vitet”. Men oftare enn frykt for for sterkt poli­tisk engas­je­ment er kri­tikken no heller at stu­den­tane er for lite engas­jerte, som når Har­ald Stanghelle 16. mars i år sa at han skulle ynskje at journalistutdanningane

… ikkje berre la vekt på karak­ter­ar frå vidaregåande, men på engas­je­ment i organ­isas­jon­slivet, det å vise at ein er tett knyt­ta til det sam­fun­net ein skal fun­gere i som jour­nal­ist, at ein la vekt på folk som hadde job­ba litt forskjel­lige stadar, med andre ord at ein skapte ein større vari­asjon (…) Ingent­ing er galt med gode karak­ter­ar, men som jour­nal­ist bør du ha ein slags følelse, ein res­o­nans­botn ovan­for eit sam­funn som ein skal vera ein del av som jour­nal­ist, ei dju­pare forståing av det, og det er slett ikkje alltid at det er dei med best karak­ter­ar, dei som har brukt heile tida på å skaffe seg dei, vis­er seg vere dei beste journalistane.

Stanghelle sine ord røyver òg ved ein annan van­leg skep­sis i bran­sjen til jour­nal­ist­stu­den­tar: dei er skule­flinke, men manglar livser­far­ing. Oftast går dette saman med eit hand­verk­side­al om at jour­nal­is­tikk best lærast gjen­nom prak­sis i redak­sjo­nane, og at jour­nal­is­tut­dan­ning i beste fall er ei ufull­s­tendig (for teo­retisk) føre­bu­ing til yrket, i ver­ste fall vekkas­ta tid, slik Jon Hus­tad uttryk­te det i Jour­nal­is­ten i 2009 under over­skrif­ta “Jour­nal­is­tut­dan­ning — helst ikkje”:

Les norske jour­nal­ist­stu­den­tar George Orwell, stud­er­er dei reise­bre­va til Knut Ham­sun, les dei Italia-essaya til Hans E. Kinck eller The Econ­o­mist? Skriv dei essay om den amerikanske bor­garkri­gen, stud­er­er dei årsak­ene til krakket i 1929? Eller for den del: Lær­er dei seg kom­mareglane? Nei, stort sett ikkje. Dei kon­sen­tr­erer seg om form og teknikk. Meis­trar dei så teknikken og for­ma når dei kjem ut i ein redak­sjon? Nja… dei brukar vel om lag like lang tid på å læra seg hand­ver­ket som dei som ikkje har gått på ei norsk jour­nal­is­tut­dan­ning. Norske jour­nal­is­tut­dan­ningar (…) er for norske jour­nal­is­tar det Prak­tisk ped­a­gogisk utdan­ning er for norske lek­torar: eit metas­tudi­um, og for dei fleste prak­tiske føremål bortkas­ta tid.

Sur­veyun­der­søkingar vis­er at denne typen hald­ningar ikkje er uvan­lege hjå norske jour­nal­is­tar, men dei har ein klår alder­spro­fil: di eldre jour­nal­is­tane er, di oftare vek­t­legg dei hand­verk­skunnskap og livser­far­ing fram­for formell utdan­ning som vik­tig for jour­nal­is­tar. At slike syn­spunkt no er min­dre van­lege er nok myk­je eit resul­tat av utdan­ningsrev­o­lusjo­nen i bran­sjen: Berre dei ti siste åra har ande­len med høgare utdan­ning auka frå 70 til 95 pros­ent, og i dag har 35 pros­ent av jour­nal­is­tane over fire år med høgare utdan­ning.

Sen­tralt i denne utviklin­ga står jour­nal­is­tut­dan­ningane. Fram til 1987 var utdan­ningane i Oslo og Vol­da ein­erå­dande, og utek­samin­erte kring 85 stu­den­tar i året. I 1987 kom høgsku­lane i Sta­vanger og Bodø etter, og seinare har fleire fleirårige jour­nal­is­tut­dan­ningar vorte oppret­ta — og nokre ned­lagde, inklud­ert Mediehøgskulen Gim­lekollen (1997-), Samisk jour­nal­is­tut­dan­ning (2000-), BI (2002–11, spe­sialis­ert mot økonomisk jour­nal­is­tikk), Bjørk­nes pri­vatskole (2000–6), Norges Kreative fagskule/MI (2003-) og Uni­ver­sitetet i Bergen (2005-). Her bør ein òg nemne oppret­tin­ga av ei mas­terut­dan­ning i jour­nal­is­tikk i Oslo i 2001, og fleire nye mas­terut­dan­ningar knytt til doku­men­tarfilm (Lille­ham­mer, Volda).

Kva syn har desse jour­na­lis­tik­kens arvin­gar på pro­fe­sjo­nen si rolle i samfunnet?

Den store auken i talet som no tek jour­nal­is­tikkret­ta utdan­ning har kome sam­stun­des med stag­nasjon i bran­sjen. I 1981 var det 3400 medle­mer av Norsk Jour­nal­ist­lag. I dei to hend­ingsrike tiåra etter vart dette talet nesten tre­dobla, men dei siste ti åra har medlem­stalet halde seg nok­så sta­bilt. Saman med natur­leg avgang har dette bidrege til at å ha jour­nal­is­tut­dan­ning har gått frå å vere noko nok­så sjeldsynt til å verte den van­le­gaste veg­en inn i yrket: I 2005 hadde 13 pros­ent av dei aktive jour­nal­is­tane som kom inn i yrket på sek­sti­talet ei jour­nal­is­tut­dan­ning, og ande­len var større for kvart tiår (dei som star­ta i yrket på syt­ti­talet: 20 pros­ent, åtti­talet: 29 pros­ent, nit­ti­talet: 39 pros­ent, fyrste delen av totusen­talet: 53 pros­ent). I dag verkar slik utdan­ning vere endå van­le­gare blant nye journalistar.

På den eine sida er dei eldre gen­erasjo­nane jour­nal­is­tar sin stadi­ge skep­sis til jour­nal­ist­stu­den­tane lett å mis­tenke­leg­gjere som utslag av tilårskomen nos­tal­gi eller som behagelege syn­spunkt i indre pro­fesjon­sstri­dar. Men vi har òg å gjere med ein reell fagstrid, med ulike syn på kva som er god jour­nal­is­tikk, kva som skal vere jour­nal­is­ten si rolle i sam­fun­net og kor­leis jour­nal­is­tikk best kan lærast. At gen­erasjon­s­mot­set­ningane her òg i ein viss grad har vore omsnud­de klasse­mot­set­nadar, (der nyko­marane typisk har rekrut­tert sosialt høgare enn jour­nal­is­tane dei ein gong skal erstat­te) kan ha bidrege til at desse mot­set­ningane har halde seg levande så lenge.

Eg skal her ikkje gå nærare inn i argu­men­ta i denne fagstri­den. Der­i­mot vil eg formi­dle litt frå norsk jour­nal­ist­forsk­ing sine stu­di­ar av jour­nal­ist­stu­den­tar gjen­nom dei siste 25 år: Kva gjer jour­nal­is­tut­dan­ninga med stu­den­tane? Kven vert stu­den­tar, kvar vil dei arbei­de og kva syn har desse jour­nal­is­tikkens arvin­gar på pro­fesjo­nen si rolle i samfunnet?

Journalistutdanning — liten verknad?

I tidle­gare forsk­ing har den uformelle opplæringa i redak­sjo­nane vorte tillagd stor vekt i formin­ga av nye jour­nal­is­tar. Når grunnop­plæringa av desse no har fly­t­ta seg ut av redak­sjo­nane og inn i høgsku­lar og uni­ver­sitet, har det vore stor inter­esse for kva rolle jour­nal­is­tut­dan­ningane har i pro­fesjon­ssosialis­eringa. I kva grad endrar denne “grad­i­fi­ca­tion of jour­nal­ism” — som Slavsko Splichael og Col­in Sparks kalla fenomenet i sin pio­ner­studie (1994) — stu­den­tanes hald­ningar og yrke­sam­bisjonar i løpet av studi­et? Og endrar dei seg i møtet med yrkeslivet?

På slut­ten på nit­ti­talet vart det gjort mange sur­veystudi­er av jour­nal­ist­stu­den­tar i ulike land. Felles for desse var likev­el at dei var ein­gongstil­felle for stu­den­tane det gjaldt, og ein vis­ste difor lite om kva endringar som fann stad i løpet av studie- og yrkeskar­ri­eren. For å bøte på dette gjen­nom­førde eg saman med Rune Ottosen (HiO) og Gunn Bjørnsen (no HVO) på totusen­talet pan­el­stu­di­ar av fleire kull jour­nal­ist­stu­den­tar i Oslo og Vol­da som del av det norske Stud­Da­ta-pros­jek­tet. Stu­den­tane fekk sur­ve­yar ved stud­i­es­tart, stud­ies­lutt og etter nokre år i yrkeslivet.

Stu­den­tar frå lågare sosiale kår føre­trekk oftare enn andre ein ikkje-kon­fron­terande journalistikk

Ikkje uven­ta fann vi at stu­den­tane ori­en­terte seg sterkare mot bran­sjen di seinare dei kom i løpet, m.a. i form av meir spe­sialis­erte ynskjer til fagfelt og arbei­dsstad, og ved å vise større vil­je til å arbei­de med tema som ein kunne vente hadde lågare sta­tus i utdan­ningane enn i bran­sjen (som sport- og livsstil­sjour­nal­is­tikk). Meir over­raskande var at endringane var svært små: På trass av hun­drevis av timar med under­vis­ning og prak­sis i jour­nal­is­tikk, var jour­nal­ist­stu­den­tane sine svar — deira tilslut­ning til ulike sam­funnsroller for pres­sa, deira syn på kva eigen­ska­par som kjen­nemer­ka ein god jour­nal­ist, kva som var vik­tig å lære i utdan­ninga eller kvar dei ville arbei­de — i store trekk dei same når dei star­ta og når dei slut­ta i studi­et. Og endringane var også ganske små når vi spurde dei etter nokre år i yrkeslivet.

Det er open­bert for alle som har vore involvert i jour­nal­is­tut­dan­ning at stu­den­tane gjen­nomgår ei stor fagmes­sig utvikling i løpet av studi­et. Kvi­for fram­stod då utdan­ninga ha så liten effekt på deira hald­ningar og øvrige yrke­sori­en­ter­ing? To fork­laringar er her nærliggjande.

Det fyrste er at jour­nal­is­tut­dan­ning i ein viss grad “lær­er fisk å sym­je”. I 2000 hadde 59 pros­ent av stu­den­tane hatt løn­na jobb som jour­nal­ist før dei tok til på studi­et (34 pros­ent på fulltid), og hadde slik på føre­hand gjen­nomgått ei viss yrkessosialis­er­ing. At stu­den­tar sjølvsagt òg har eit føre­handsin­ntrykk om pro­fesjo­nen og denne sine ide­al frå media, film og lit­ter­atur kan òg ha vore medverkande.

Det andre er at folkelege bilete av yrke­sut­dan­ning er forvir­ra av dår­lege metaforar: heller enn å sjå stu­den­tane som “tome kar”, “blanke tavler” eller “leirk­lumpar” som vert fylde eller for­ma gjen­nom sosialis­eringa i utdan­ninga og redak­sjo­nane, er det gode argu­ment for at “pro­fesjonelle” hald­ningar i jour­nal­is­tikken òg er tyde­leg pre­ga av det Pierre Bour­dieu kallar eins habi­tus, varige tanke- og han­dlingsmøn­ster som er djuprø­ta i oss i vår tidlege oppvekst under bestemte sosiale vilkår. Slik kan ein t.d. fork­lare kvi­for stu­den­tar frå lågare sosiale kår kon­sekvent oftare enn andre føre­trekk ein ikkje-kon­fron­terande jour­nal­is­tikk og vek­t­legg hand­verksmes­sige ide­al fram­for kreative. I eit slik per­spek­tiv er kven som vert jour­nal­ist­stu­den­tar eit like vik­tig spørsmål som kva dei lær­er på studiet.

Å hevde at jour­nal­is­tut­dan­ning er utan effekt fram­står som ein open­bert urime­leg pås­tand. Men at slik utdan­ning i liten grad verkar ha innverk­nad der ein kan­skje ville ven­ta det mest — i hald­ningar og ide­al — burde vere tankevekkjande.

Den nye vin

Kva bak­grunn har dei nye jour­nal­ist­stu­den­tane — sosialt, yrkesfa­g­leg, utdan­ningsmes­sig? Kva hald­ningar har dei til yrket? Kva job­byn­skjer har dei? Og kor­leis skil dagens jour­nal­ist­stu­den­tar seg frå tidle­gare? Om slike spørsmål oftast kjem frå bran­sjen, har dei vidare inter­esse: Å stud­ere kor­leis desse jour­nal­is­tikkens arvin­gar har endra sin sosiale pro­fil kan gje peikepin­nar om yrkets fram­tidi­ge sosiale sta­tus, og endringane i yrke­shald­ningar er sameleis eit innblikk i den neste gen­erasjo­nen av jour­nal­is­tar — inklud­ert deira syn på samfunnsoppdraget.

Der fleste­par­ten før kom til jour­na­list­ut­dan­ninga som jour­na­list­lær­lin­gar, er dei no langt oftare mediestudentar

Våre tidle­gare stu­di­ar av jour­nal­ist­stu­den­tane i Oslo og Vol­da har i 2005, 2008 og 2012 vorte fyl­gd opp i nordiske sur­ve­yar, der tilsaman 4674 stu­den­tar ved 30 insti­tusjonar (10 i Norge) har del­teke. Vi har slik svært gode data for å seie noko om denne utviklin­ga dei siste tolv åra. I til­legg finst nokre eldre under­søkingar av norske jour­nal­ist­stu­den­tar som gjev eit viss saman­likn­ings­grunnlag, der særskild tre bør nem­nast. Den fyrste er Kirsten Beate Mag­nus sin studie av ele­vane ved Norsk jour­nal­ist­skole i 1965–75 i Den fagut­dannede jour­nal­ist (mel­lomfag­soppgåve, Insti­tutt for sosi­olo­gi, UiO 1975). Den andre er Splichal og Sparks sin ovan­nem­nde fleir­nasjonale studie, der Rune Ottosen gjen­nom­førte sur­veyen til Oslo-stu­den­tane i årsskiftet 1987/8. Den siste stu­di­en — og den eg her vil nytte for saman­likn­ing — er Johann Rop­pens sur­vey av stu­den­tane ved jour­nal­is­tut­dan­ningane i Oslo, Vol­da, Sta­vanger og Bodø i kan­didatoppgå­va “Kven er vi — og kva står vi for” (1988).

Om det sjølvsagt er avgren­sa kva slike sta­tis­tiske saman­likningar kan vise, er det likev­el mog­leg å trekke nokre for­sik­tige his­toriske lin­jer 25 år attende — til nok­så andre tider for norsk jour­nal­is­tikk og det offentlege ord­skiftet. Det er forteljin­ga om lær­lin­gane som vart stu­den­tar, om avisme­di­ets fall, om poli­tisk og sosial main­stream­ing, og eit slankare — men neppe betre — sam­funnsop­p­drag for journalistikken.

Frå lærlingar til studentar

Gjen­nom­snittsalderen til jour­nal­ist­stu­den­tane i Oslo, Vol­da, Bodø og Sta­vanger er i dag 23,4 år — fire år lågare enn i 1988. Dette er i stor grad eit resul­tat av endra opp­tak­sreglar, hov­ud­sak­leg påført utan­frå. Dei siste femten åra har m.a. rege­len vore at minst halv­parten av stu­den­tane kjem inn på primærvit­nemål­skvoten (i prak­sis: ele­var rett frå vidaregåande som konkur­rerer på basis av karak­ter­ar). Stu­den­tane har, som ein natur­leg fyl­gje av dette, min­dre utdan­ning og erfar­ing frå yrkes- og bran­sje­liv enn før.

Om jour­na­list­stu­den­tar fram­leis er ei sosi­alt pri­vi­le­gert gruppe, er dei det i klart min­dre grad enn før

I 1988 hadde nesten alle (86 pros­ent) teke høgre utdan­ning før studi­et (halv­parten meir enn to år), og mange ver­ka ha hatt jour­nal­is­tisk erfar­ing frå før — 34 pros­ent som fulltid­stilsette jour­nal­is­tar. I 2012 har færre (63 pros­ent) høgare utdan­ning før studi­et, og utdan­ninga dei har er kortare. Berre 10 pros­ent har tidle­gare arbei­dd fulltid som jour­nal­is­tar (29 pros­ent på deltid), og svært få har annan fulltids yrkeserfaring.

Ikkje uven­ta med­før­er dette høgst ulike framtid­spla­nar: Nesten alle i 1988 (80 pros­ent) hadde pla­nar om å gå ut i jour­nal­istyr­ket ved avs­lut­ta studi­um. I 2012 er det berre 30 pros­ent som er heilt sikre på at dei ynskjer å arbei­de som jour­nal­ist “i framti­da” (69 pros­ent er heilt eller delvis sikre), og fleir­talet plan­legg ta meir utdan­ning etter studiet.

I sum fram­står dette som ei vik­tig his­torisk forskyv­ing: der flesteparten før kom til jour­nal­is­tut­dan­ninga som jour­nal­istlær­lin­gar, er dei no langt oftare medi­es­tu­den­tar.

Mindre eliteprega

Den fyrste Mak­tutred­nin­gen (Norske jour­nal­is­ter: Et grup­pe­porterett, Lorentzen og Høy­er 1974) sitt funn om at jour­nal­is­tikken i liten grad rekrut­ter­er frå lågare sosiale lag er fram­leis dekk­jande, om kan­skje ikkje i like stor grad som før. Det same kan ein seie om journaliststudentane.

Når Johann Rop­pen i 1988 fann at stu­den­tane “i svært sterk grad” kom frå eliten i sam­fun­net, var dette basert på ein sterk over­rep­re­sen­tasjon av høgsta­tusyrke og høgare utdan­ning hjå forel­dra: 60 pros­ent av fedrane hadde slik utdan­ning, mot berre 14 pros­ent i den yrke­sak­tive befolkninga. Men der ande­len i befolkninga med høgare utdan­ning har dobla seg dei siste 25 åra, har ande­len med slike fedre vore nok­så kon­stant hjå jour­nal­ist­stu­den­tane. Det er eit klart sig­nal om at jour­nal­is­tut­dan­ning, trass sine fram­leis høge karak­terkrav, har vorte min­dre sosialt ekskluderande (men merk at det her er vik­tige skil­je mel­lom utdanningane).

Vi har berre anek­do­tisk kunnskap om stu­den­tane i 1988 var born av jour­nal­is­tar, men det fram­står ha vore nok­så van­leg. I 2000 hadde ein av fem jour­nal­ist­stu­den­tar i Oslo og Vol­da slik bak­grunn, og i 2012 berre ein av tjue. Stu­dia fram­står slik òg i stadig min­dre grad bidra til at jour­nal­istyr­ket går i arv.

Halv­par­ten av stu­den­tane i 1988 ville stemme SV eller RV

At dei store jour­nal­is­tut­dan­ningane — sam­la sett — no i min­dre grad er attrak­tive frå born av dei mest velut­dan­na sosiale laga (og jour­nal­is­tar), kan lesast på fleire måtar. Det kan tyde på at yrket har ein fal­lande sosial sta­tus. Men det kan òg vere eit teikn på at dei eld­ste yrkesret­ta utdan­ningane for desse grup­pene er erstat­ta av andre utdan­nings- og yrkesløp. Dette veit vi lite om. Det som er sikkert, er at om jour­nal­ist­stu­den­tar fram­leis er ei sosialt priv­i­legert gruppe, er dei det i klart min­dre grad enn før.

Indoktrineringsleire for kulturelle marxister?

Også poli­tisk fram­står jour­nal­ist­stu­den­tane i dag ha vortne meir main­stream. Halv­parten av stu­den­tane i 1988 ville stemme SV eller RV, og 13 pros­ent Ap (hen­haldsvis 7 pros­ent og 38 pros­ent i befolkninga ville gjere det same). Sam­stun­des ver­ka dette i liten grad gå saman med ei poli­tis­ert jour­nal­istrolle: 62 pros­ent meinte sam­funnsjour­nal­is­tikk burde vere par­tipoli­tisk uavhengig, og berre 6 pros­ent hadde noko imot å arbei­de i ei mediev­erk­semd med eit anna poli­tisk syn enn dei sjølve.

I 2012 er deira poli­tiske pro­fil langt min­dre sær­pre­ga: Det er fleire jour­nal­ist­stu­den­tar som vil stemme Høgre (19 pros­ent) enn SV eller RV (tilsaman 18 pros­ent), 35 pros­ent vil stemme Ap og 13 pros­ent Ven­stre. Stu­den­ter stem­mer slik no langt meir likt den ålmenne befolkninga, og også skil­naden til jour­nal­is­tar flest har vorte nok­så liten. Inter­es­sant nok fram­står dei òg stadig min­dre ven­strevrid­de enn sam­funnsstu­den­tar ved uni­ver­site­ta, ei gruppe som i 2000 hadde nok­så lik par­tipro­fil. At kon­sekvent berre 35 pros­ent av jour­nal­ist­stu­den­tane no seier seg svært inter­esserte i å arbei­de med sam­funn og poli­tikk som tema, og 17 pros­ent beskriv seg som svært inter­essert i poli­tikk (26 pros­ent i liten/ingen grad) er ytter­legare teikn på at Anders B. Breivik sine ord i 2009 om jour­nal­is­tut­dan­ningane som “indok­triner­ingsleire for frem­tidi­ge gen­erasjon­er av kul­turelle marxister/multikulturalister/politisk kor­rek­te” no ikkje er sær­leg dekk­jande. Òg “demon­strasjon­sek­shibis­men” som Odd­var Aasen bekla­ga seg over i 1974 fram­står i dag vere min­dre grunn til otte enn Stanghelles spørsmål om stu­den­tanes engas­je­ment i sam­fun­net dei skal dekkje.

Avisenes fall, vekeblada og fjernsynets vekst

Medan avisene dei siste femten åra har gjen­nomgått ein teknisk rev­o­lusjon, har det i same tid­srom vorte stadig færre norske jour­nal­ist­stu­den­tar som ynskjer arbei­de i avis, til fordel for tv og magasin.

Hovden2013_figur1

I 1988 ville halv­parten av stu­den­tane arbei­de i avis, og resten fordelte seg likt på radio og fjern­syn. I 2005 var dette møn­steret nok­så likt — med eit visst innslag av stu­den­tar som ville arbei­de i mag­a­sin og veke­blad. I 2012 er det der­i­mot slik at fleire ynskjer arbei­de i fjern­syn enn i avis. At stu­den­tane sine ynskjer ikkje berre enkelt fyl­gjer arbei­ds­mark­naden er likev­el klårt ved at nesten ingen dei siste tolv åra — jamt berre 2–3 pros­ent — har net­tavis som fyrste­val. Den auka inter­es­sa for radio/tv-jour­nal­is­tikk har nok òg med at dette har vorte eit van­le­gare under­vis­ningstil­bod. I Vol­da, som hadde slik spe­sialis­er­ing frå starten, har ande­len stu­den­tar som vil arbei­de i avis kon­tra radio/TV vore nok­så uforan­dra dei siste ti åra. I Oslo der­i­mot, som fekk slike tilbod seinare, er ande­len som ynskjer arbei­de i avis i same peri­ode meir enn halvert (frå 69 pros­ent til 27 pros­ent), og ande­len som vil arbei­de i kringkast­ing meir enn for­dobla (frå 23 pros­ent til 53 prosent).

Norske stu­den­tar fyl­gjer her ein felles nordisk trend, men her finst det vik­tige skil­nadar: inter­es­sa for å arbei­de i avis har falle mest i Fin­land og Dan­mark, og minst i Sverige. I mot­set­nad til Norge er nedgan­gen i Fin­land fyrst og fremst ei drei­ing mot mag­a­sin, ikkje kringkast­ing, og i Dan­mark er nedgan­gen tydle­gare knytt til eit van­le­gare ynskje for å arbei­de utan­for tradis­jonelle områder for jour­nal­is­tikken — som PR.

I eit sam­funnsper­spek­tiv er likev­el slike endringar i jobbprefer­ansar min­dre vik­tige enn spørsmål om kva tema jour­nal­ist­stu­den­tane ynskjer arbei­de med, og kva syn dei har på pres­sas sam­funnsrolle. I eit lengre per­spek­tiv verkar det rime­leg å lese drei­in­ga mot mag­a­sin og kringkast­ing som eit teikn på at i alle fall over­vak­ings- og infor­masjons­funksjo­nen til pres­sa fram­står min­dre sen­tral for studentane.

Vi har her ikkje så gode data for saman­likn­ing før dei siste sju åra. Til gjeng­jeld er det inter­es­sant lesnad.

No numbers, please

Bort­sett frå at stu­den­tane seier seg inter­esserte i stadig færre tema, er det små endringar i denne peri­o­den: kul­tur og samfunn/politikk er tema som flest seier seg svært inter­esserte i å arbei­de med, og få er inter­esserte i å arbei­de med økono­mi og næringsliv. I lys av dei siste åras finan­skris­er må det siste seiast vere oppsiktsvekkande.

Hovden2013_figur2

Det er heller ikkje store endringar i syn på kva som er sen­trale jour­nal­is­tiske fer­digheit­er: kjeldekri­tikk, presseetikk og språk/rettskriving er alle ting som meir enn tre av fire stu­den­tar i peri­o­den seier er svært vik­tig å lære på utdanninga.

Journalistikk — for eigen del?

Når stu­den­tane vert spurde om moti­va for å søk­je seg til jour­nal­istyr­ket, er det sjølvre­alis­eringa som dominer­er: dei vil arbei­de med ting som inter­esser­er dei, vere kreative og ha eit fritt yrke. Utsik­ter til god løn og høg sta­tus vert nem­nd av fleire no enn før, men færre oppg­jev ynskjet om å deltake i sam­funns­de­bat­ten som vik­tig moti­vasjon. Det før­er oss over til samfunnsoppdraget.

Hovden2013_figur3

Eit slankare samfunnsoppdrag

I Rop­pens studie i 1988 var gransk­ing av mak­thavarar og rask nyheits­formidling sen­trale ide­al for stu­den­tane: 40 pros­ent sette over­vak­ing og å skape debatt om offentlege organ og insti­tusjonar som pres­sas vik­ti­gaste oppgåve (12 pros­ent pri­vate bedrifter og insti­tusjonar). Deretter kom å bringe nyhende til folk så raskt som råd (18 pros­ent), debat­tere stridsspørsmål og prob­lem som er oppe i tida (10 pros­ent), få fram syn­spunk­ta til dei som sjel­dan får ordet i sam­funns­de­bat­ten (8 pros­ent), få fram neg­a­tive sider ved sam­fun­net (6 pros­ent), utvikle folk sine intellek­tuelle og kul­turelle inter­ess­er (8 pros­ent) og under­halde (1 pros­ent). I hov­ud­sak verkar dagens norske stu­den­tar fyl­gje same møn­ster: gransk­ings­funksjo­nen vert som før oftare trekt frem som svært vik­tig enn infor­masjons­funksjo­nen, og under­hald­ning er tilsvarande svært få som dreg fram.

Hovden2013_figur4

I peri­o­den 2005-12 ser vi likev­el at gransk­ingside­alet i stu­dentenes auger fram­står verte ein stadig vik­ti­gare del av sam­funnsop­p­draget, medan intellek­tuelle ide­al om å dri­ve sam­funns­de­batt og stim­ulere pub­likum til å tenkje nye tankar begge har fal­lande opp­slut­ning (også dette er eit felles trekk for dei skan­di­naviske land). Også ide­alet om nøy­tralitet har auka tilslut­ning. Dei norske jour­nal­ist­stu­den­tane sitt sam­funnsop­p­drag av 2012 fram­står i ei stadig slankare og min­dre kom­pleks utgåve enn før, der tradis­jonelle intellek­tuelle og poli­tiske oppgåver for jour­nal­is­tikken er ned­tona til fordel for over­vak­ing av mak­thavarane. Om nokon sikkert ynskjer lese dette som ein siger for den kri­tiske jour­nal­is­tikken, er dette ein lesnad som høver dår­leg med andre trekk i peri­o­den, som den kon­stant låge ande­len som seier seg poli­tisk inter­essert og nedgan­gen i ande­len som seier at arbeid mot urettvise er ei sen­tral jour­nal­is­tisk oppgåve.

Det er tvert imot grunn til å spør­je om ikkje jour­nal­is­tikkens nye vin er i ferd med å verte til eddik for sam­funnsop­p­draget sin del, og om dette “slankare” sam­funnsop­p­draget ikkje fyrst og fremst er ei auka tilslut­ning til det Olof Peters­son har omtalt som jour­nal­isme, ein pro­fesjons­byg­g­jande ide­olo­gi der jour­nal­is­tane er folkets rid­darar i kam­p­en mot eli­tanes mak­t­mis­bruk. Om det er rett, må ein nok søk­je fork­laringa ikkje berre i sam­funns- og teknologiutvikling, men òg i endringar i pro­fesjo­nen og rekrut­teringa til journalistutdanningane.

For det fyrste går stu­den­tanes auka fokus på gransk­ingside­alet inn i ei velk­jend forteljing om den “indre vendin­ga” i norsk jour­nal­is­tikk, ein pros­ess som er drøf­ta av mange, inklud­ert Odd Raaum i boka Pressen er løs! (1999), i Mar­tin Eide sin artikkel “Det jour­nal­is­tiske mis­taket” (1988) og i under­teik­na si avhan­dling. For det andre må vi hugse kven som no tek jour­nal­is­tut­dan­ning: Der jour­nal­is­tut­dan­ning i 1988 for dei fleste mark­erte ein start på (eller for mange: eit framhald av) ei jour­nal­istkar­rière, har flesteparten av nye jour­nal­ist­stu­den­tane ikkje umid­del­bare pla­nar om slikt. All sosi­olo­gi til­seier at dette tilhøvet, saman med stu­den­tanes lågare sosiale inte­grering i bran­sjen, må med­føre ei lausare men­tal inte­grering i jour­nal­istver­da, ein jour­nal­is­tikkens Entza­uberung (avtrylling) om ein vil, eit svakare følt engas­je­ment for jour­nal­is­tikkens indre og ytre strid­er, eller det ein med Pierre Bour­dieu kan kalle ein svakare jour­nal­is­tisk illu­sio, som fram­står vere bestemt til å misopp­fat­tast av dei eldre jour­nal­istlærarane og jour­nal­is­tane som ein serie av indi­vidu­elle faglege og moralske prob­lem hjå stu­den­tane (“uen­gas­jert”, “lat”, “lite seriøs”).

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

3 KOMMENTARER

  1. Takk for inter­es­sant og grundig kronikk.

    Jeg synes særlig sitatet fra Øgrim er interessant:
    “Les norske jour­na­list­stu­den­tar George Orwell, stu­de­rer dei reise­breva til Knut Ham­sun, les dei Italia-essaya til Hans E. Kinck eller The Eco­nomist? Skriv dei essay om den ame­ri­kanske bor­gar­kri­gen, stu­de­rer dei årsa­kene til krak­ket i 1929? Eller for den del: Lær­er dei seg komma­reg­lane? Nei, stort sett ikkje.”

    Det jeg selv savn­er hos norsk jour­nal­is­ter er kunnskaper utover det jour­nal­istfaglige, dvs jour­nal­is­ter som er sol­id kunnskap om noe mer, fra andre fagfelt. Vik­tige unntak er f.eks. Ste­in­feld som er his­torik­er. Slik kunnskap gir helt annet grunnlag for jour­nal­is­tar­bei­det på et konkret område, f.eks. Rus­s­land i Ste­in­felds til­felle. Kan­skje burde det jour­nal­istfaglige komme som en påbygn­ing til disi­plinkunnskap fra fag som his­to­rie, økono­mi eller statsvitenskap?

  2. Helge Øgrim says:

    Veldig inter­es­sant fra Hov­den. Dessverre var det ikke jeg som skrev om Orwell, Ham­sun og jour­nal­ist­stu­den­ter, men der­i­mot Jon Hustad.
    Vi fikk en feil da arkivet ble fly­t­tet for noen år siden, med doble bylines som resul­tat. Jeg har i høy­den redi­gert den vel­skrevne tek­sten til Jon http://www.journalisten.no/story/58087

til toppen