Ein fri sosialistisk vilje

Det var på tide med ein god biografi om Olav Dalgard, ein radikal fritenkjar som gjorde viktig pionérarbeid i norsk kultur.

Om biografens frem­ste oppgåve er “aldri å for­ringa livet”, slik Tor Bomann-Larsen hev­dar, har Jan Olav Gat­land gjort godt arbeid med fram­still­inga av livet og vir­ket til kul­tur­ar­bei­daren og kun­stnaren Olav Dalgard.

Det var ein radikal fritenk­jar som drog frå Voss lands­gym­nas til Oslo hausten 1920 for å stud­era, 22 år gamal. 

Dal­gard gjorde seg raskt gjel­dande i organ­isas­jo­nane til dei to rørs­lene han var knytt til heile livet — arbei­dar­rørsla og mål­rørsla. Tru­leg såg han dette som to sider ved same sak — eitt levande, folke­leg norsk skrift­språk som føre­set­nad for ein demokratisk kultur.

Omslaget til biografien om Olav Dalgard, gitt ut på Samlaget 2013.

Omslaget til biografien om Olav Dal­gard, gitt ut på Sam­laget 2013.

Kul­tur- og språkpoli­tikk var klassekamp. I DNA såg ein pos­i­tivt på nynorsk for­di det var eit folkemål, men i 1929 slo Ap sin Språk- og kul­turkomité fast at nynorsken ikkje var så sam­lande som mål­rørsla hev­da: Arbei­darane sitt språk var dår­leg rep­re­sen­tert, kon­solid­er­ingsli­na til Noregs Mål­lag vart stem­pla som poli­tisk reak­sjonær. Dal­gard stod her på Koht si line i språkpoli­tikken, og han inklud­erte aust­norsk og bytalemål i teateroppsetjin­gane sine. 

Om og for folket

Det var “kun­st um og for folket” som galdt. På teater­fel­tet bal­anserte Dal­gard kra­va til “sosialt teater” med eit kul­turped­a­gogisk pro­gram. Eit mål om å gjera arbei­darar mot­takelege for kul­tur­go­dene “overk­lassen” hadde hatt monopol på, utan spørsmål ved om det var klassebestemte trekk ved “kul­tur­ar­ven”, var neppe uomtvista — verken på 1920- eller 1930-talet.

Heller ikkje kravet til pro­fesjon­alis­er­ing av teatret, som kunne opp­fat­tast som ei form for inte­grering i den bor­gar­lege kul­tur­of­fent­ligheten, var til hin­der for at Dal­gard par­al­lelt engas­jerte seg i den organ­is­erte teater­rørsla der målet var å frig­jera arbei­dark­lassen frå bor­garkul­turen og bru­ka teatret som pro­pa­gan­damid­del i den poli­tiske kampen.

Pionér

Dal­gard ser ut til å ha unngått øydande ide­ol­o­giske stri­dar om slike spørsmål, og vi kunne gjerne fått vita meir om kor­leis, men det er lett å tenk­ja seg at den prag­ma­tiske og kun­nige Dal­gard har late arbei­det tala for seg. Hans teater­poli­tiske og dra­matur­giske grunnsyn ned­feller seg i arbei­det. Biografien gjev innsyn i kor­leis Dal­gard arbei­d­de, som dra­maturg og lit­terær kon­sulent. Ikkje minst arbei­det som rådg­je­var for kjente og ukjente for­fat­tarar teik­nar eit fint bilde av Dal­gard, som fag­mann og ven. Gat­land har fine fram­still­ingar av sam­spelet og samar­bei­det mel­lom Dal­gard og for­fat­tarar som Upp­dal, Ørjasæter og Vesaas. Dette er noko av det mest verd­fulle ved denne biografien. 

Det er lett å bli impon­ert over alt Olav Dal­gard fekk utret­ta, innan teater, film, lit­ter­atur. Aktiv lit­ter­aturkri­tikar var han heile livet, han var den første som tala nynorsk i radio og dreiv aktiv kul­tur­formidling i pro­gram­posten “Sett og hørt”. Han var ein av dei store norske film­pi­onérane, og ei organ­isatorisk dri­vkraft der han engas­jerte seg. Han skreiv lære­bøk­er om teater og filmskodespel.

Føregripande politikk

Opplysnings­man­nen Dal­gard var også ein fram­synt kul­tur­poli­tikar. Tid­leg var han ute med fram­legg om teaterut­dan­ning — ikkje berre om teater­skule, han ville etablera teater­vit­skap og ‑his­to­rie som uni­ver­sitetsfag. Han ville ha estetisk opplæring i skulen. Han ville skulera utø­varar av folkelege kun­st­former, oppø­va deira kri­tiske kun­st­sans og fornya folkekun­sten. Dal­gard føre­greip med sine fram­legg og kul­tur­poli­tiske tenk­ing myk­je av det som seinare er blitt offent­leg kulturpolitikk.

Gat­land legg alt dette fram for oss, men vi sak­nar at han saman­fat­tar det i ein sterkare his­torisk og kul­tur­poli­tisk saman­heng. Vi skulle t.d. gjerne fått vita meir om det von­brotet Dal­gard seint i livet gav uttrykk for, over folk si lunkne hald­ning til kun­st og kul­tur — for “ein som trud­de på arbei­dark­lassen som det nye kul­turberande ele­ment i sam­fun­net”. Den grad­vise avpoli­tis­eringa av kun­sten utover på 1930-talet er tru­leg ein del av von­brotet. Kun­sten og sær­leg filmme­di­et vart delvis tenkt som ledd i ein pro­pa­gan­daof­fen­siv, og delvis som eit ledd i å utvikla ein arbei­dark­ul­tur — men par­al­lelt var det den kul­turped­a­gogiske tenkinga som vann fram, i takt med sosialdemokrati­et si ero­bring av sam­funnsin­sti­tusjo­nane. Etter 1945 vart kul­turped­a­gogikken nær ein­erå­dande. Kor­leis handterte Dal­gard dette?

“Utopisk rest”

Så har somme etterlyst Dal­gard sitt “oppg­jer” med Stal­in sitt ter­rorvelde. Dal­gard kom aldri med open kri­tikk av under­trykkinga i Sov­jet, sjølv om han “bekla­ga” man­ge­len på ytrings­fridom og påpeik­te avs­tanden mel­lom “ide­al og realitet” i Sov­je­tu­nio­nen. Mi tese er at Dal­gar­ds “mang­lande oppg­jer” heng saman med det omtalte von­brotet, og at han ville behol­da ein “utopisk rest” — både ei tru på kun­stens sam­funn­som­for­mande poten­sial og at Sov­jet kunne utvikla ein demokratisk sosial­isme. Éi side ved dette er at Dal­gard i stor grad var for­ma og inspir­ert av sov­jetisk og tysk avant­gardis­tisk film- og teaterkun­st, ei anna beun­dringa av Sov­je­tu­nio­nen etter 1917-rev­o­lusjo­nen, som pre­ga alle delar av arbei­dar­rørsla utover 1920- og 1930-talet. Hendin­gane under kri­gen, og Dal­gard sine opplevin­gar som krigs­fange i Sach­sen­hausen, skapte neppe noko stort behov for eit “oppg­jer” frå hans side. Om dette er ei rime­leg tese, får vi ikkje noko godt svar på hjå Gatland.

Det var på tide at det kom ein skikke­leg biografi om Olav Dal­gard. Gat­land har no rudd grun­nen for oppføl­g­jande studi­er der organ­isas­jon­shis­toriske forhold, sosial­his­to­rie og skif­tande kul­tur­poli­tiske tenkemå­tar i arbei­dar­rørsla i sterkare grad vert trukke inn for å kas­ta lys over vir­ket til Dal­gard og andre sosial­is­tiske kulturarbeidarar.

TEMA

A

rbeider
partiet

16 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen