Kritisk tillit til journalistikk

Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit.

Media pro­duser­er ein verkelegheit­sef­fekt gjen­nom alle sine opp­slag og repor­tas­jar, og gjen­nom sine sanse­lege for­mer. Men bor­garane bør ikkje utan vidare tenk­ja at denne ver­da er verke­leg, slik som det du kan sjå og høyra direk­te. Tvert imot må me vera vak­t­same over­for jour­nal­is­tiske media slik me er over­for dei fleste andre kreftene i samfunnet. 

Ingen andre kan ta ans­var for kor­leis du forstår ting, og du bør forstå dei utifrå din kvardag, i ditt sosiale stra­tum og utifrå dine poli­tiske haldningar. 

Men det er eit krav til, nem­leg at du ikkje berre føy­er deg inn i den kon­ven­sjonelle hald­ninga, med faste for­mu­leringar og faste syndebukkar.

Ei slik hald­ning kan kallast “å ha kri­tisk tillit”.

Samfunnsoppdrag, skepsis og forvirring

Ter­renget er forvir­rande. Sam­stun­des som me forbinder tillit med noko grunn­leg­gande pos­i­tivt, går jour­nal­is­tikkens sam­funnsop­p­drag ut på å set­ja dei rådande tillits­forhol­da i tvil. Per­son­lege tillits­forhold treng nem­leg ikkje alltid vera gode for sam­fun­net. Dei kan vera ego­is­tiske, og skju­la kam­er­aderi og intern mak­t­mis­bruk i sen­trale insti­tusjonar. Jour­nal­is­tikken har difor ikkje som sam­funnsop­p­drag å inng­je tillit så myk­je som å inspir­era bor­garane til å vera skep­tiske mot tvil­same alliansar. Natur­leg nok er jour­nal­is­tikken sjølv ei av dei mak­tene som kan mis­brukast, og dermed vert det slik at sam­stun­des som den inspir­erer til sam­funnskri­tikk, så må den møtast med skep­sis. Forhold­et mel­lom pos­i­tiv og neg­a­tiv vari­er­er heile tida, og dét gjer at bor­garen må vera vak­t­sam mot media heile tida.

Det vert stadig gjort målin­gar av bor­garane sin tillit til jour­nal­is­tikk, poli­ti, lærarar og andre yrkesgrup­per og insti­tusjonar i sam­fun­net. I mai 2014 pre­sen­terte Dinamo PR si årlige tillit­sun­der­søk­ing gjen­nom­ført av analy­se­byrået YouGov. Her kom det fram at 60 pros­ent av alle nord­menn har tillit til at myn­digheit­ene hand­lar til sam­fun­nets beste, mens 57 pros­ent har tillit til at friv­il­lige organ­isas­jonar gjer det. Tilliten til at media har ei sam­funnsnyt­tig rolle er berre på 35 pros­ent, og for næringslivet er den 33 pros­ent. Men kva betyr tillit i dette til­fel­let? Dei infor­man­tane som svar­er pos­i­tivt, stol­er på at det som vert pub­lis­ert i jour­nal­is­tiske medi­er er sant, og at det som vert pub­lis­ert er rel­e­vant for sam­fun­net og ein sjølv.

Mis­til­lit kan omset­jast til kri­tisk tillit

Men det er endå meir inter­es­sant å ta for seg dei 65 pros­ent som svar­er neg­a­tivt på spørsmålet om tillit til jour­nal­is­tikk. Dei har ei eller anna form for mis­nøye, tvil, mist­il­lit eller kva slags ord ein ville vel­ja. Dei har nok ulike grad­er av bevis­s­theit om skep­sis, men har ikkje nød­vendigvis for­mulert den tyde­leg. Eg mis­tenkjer at folk er svært forvir­ra i sine kjensler over­for media, og at dei har vanske­leg for å set­ja ord på ting. Dette essayet er difor meint å ha ein ter­apeutisk funksjon, der lesaren vona­leg får nye knag­gar å hen­ga frus­trasjo­nen på, og kanalis­er­er den inn i ei form for forståing. Mist­il­lit kan omset­jast til kri­tisk tillit.

Mot slut­ten diskuter­er eg også ein meir prob­lema­tisk relasjon, nem­leg dei til­fel­la der folk har grun­ng­jeven mist­il­lit til media, og der det ikkje er moge­leg eller ynskje­leg å utvisa kri­tisk tillit. I 2011 vart det avs­lørt at News of The World dreiv med hem­me­leg avlyt­ting; denne avs­løringa førte til ein akutt og uop­pret­te­leg mist­il­lit til redak­sjo­nen, og avisa vart lagt ned kort etter­på.

Tillitsteori og media

No skal eg gå meir sosi­ol­o­gisk til verks, og defin­era fenomenet tillit i forhold til per­son­ar og insti­tusjonar i media, blant anna med hjelp frå Skir­bekk og Gri­men Tillit i Norge (2012). Deretter nyt­tar eg denne teorien på jour­nal­is­tiske medi­um og den generelle mediesi­tu­asjo­nen i Noreg i 2014, og går gjen­nom sunne og usunne grun­nar til ikkje å sto­la for myk­je på journalistikken.

Presse og media er ein stor sak i sam­fun­net. Media er men­neskas vik­ti­gaste verk­tøy til å forstå kvaran­dre og sam­fun­net me lever i, og til å forstå vår eiga rolle som deltakar i denne gal­skapen. I tusen­vis av år har avanserte sig­nal­sys­tem vore i bruk for kom­mu­nikasjon, og dei har sine eigne sanse­lege og tekniske særtrekk. Dei har også eit insti­tusjonelt aspekt, med ulike normer og reglar. Det er eit stort sosi­ol­o­gisk land­skap med alt frå hermeneu­tikk til ratio­nal choice-teori, og det spen­ner frå Jon Elster til Bruno Latour.

Med min­kande til­lit vil me få eit far­le­gare og meir bru­talt samfunn

Medi­ene er ein alvor­leg sak for­di det ikkje er garan­tert at kom­mu­nikasjo­nen er god, sjølv om det vert stadig meir av den. Det er til dømes ikkje innlysande at dei dig­i­tale medi­ene har gjort oss til betre men­neske enn me ville vore utan dei. Ein av dei store frus­trasjo­nane i folks kvardag, og som kan utløysa alt frå rase­ri­an­fall til ugjen­nomtenkt rasisme, er net­topp kjensla av at kom­mu­nikasjon­shan­dlin­ga er ein eksis­ten­siell byrde i staden for å vera ein effek­tiv formidlingskanal for nyheit­er og anna nyt­tig stoff.

Det har vore myk­je snakk om tillit i den offentlege debat­ten dei siste åra. Då dreier det seg ofte om graden av det sosi­olo­gen Rus­sell Hardin (2006: 2) kallar “coop­er­a­tive­ness” eller samar­bei­dsvil­je. Rikssyn­sarane er bekym­ra for at folk får svek­ka tiltru til helse­byråkrati­et etter Ahus-skan­dalen, og ikkje sto­lar på at poli­ti­et tak­lar ein lik­nande ter­ro­rak­sjon som 22. juli, og heller ikkje sto­lar på rettsp­syki­a­trien lenger. Med minkande tillit vil me få eit far­legare og meir bru­talt sam­funn. Det vert fleire tvis­tar, fleire advokatar og eit myk­je meir tungvint liv.

Men så gale er det ikkje. Redak­tørane av Tillit i Norge skriv: “Det høye tillit­snivået er den vik­tig­ste fork­larin­gen på at velferdsstatene kan være så omfat­tende som de er” (2012: 16). For­fat­tarane vis­er at tilliten vår fak­tisk er sterk både til per­son­ar rundt oss, og over­for statlege insti­tusjonar. Sosi­olog Dag Wolle­bæk & co stud­erte den gen­er­alis­erte tilliten før og etter 22. juli. På kort sikt med­førte ter­roren ein tyde­leg auke i tillit i alle sam­funns­grup­per. Ter­roren fungerte sam­lande i staden for split­tande, og bidrog til å dem­pa utviklin­ga av frykt. Hausten 2012 var tilliten på same høge nivå som før 22. juli (Wolle­bæk et al. 2012).

Skiljet mellom persontillit og institusjonstillit

Eg vil i framhaldet skil­ja mel­lom to nivå av tillit; per­son­til­lit og insti­tusjon­stil­lit. Me har eit omgrep­sprob­lem på norsk, for­di me ikkje har noko etablert skil­je mel­lom vendin­gar som ha tillit til, lita på, sto­la på eller ha tiltru til. I kvardagsspråket betyr dei omtrent det same, og kan brukast på alle slags gjen­stan­dar for tillit.

Skil­jet mel­lom å forhol­da seg til insti­tusjonar eller per­son­ar kjem myk­je betre fram i engel­skspråk­leg faglit­ter­atur. Der har dei eit skil­je mel­lom orda “con­fi­dence” og “trust” som me ikkje har på norsk. “Con­fi­dence” er knytt til sta­bile og føre­seielege forhold, medan “trust” er knytt til risiko­fylte, uføre­seielege og oftast ganske per­son­lege forhold. Vi har “con­fi­dence in insti­tu­tions” og “trust in per­sons”. Blant teo­retikarar som oper­erer med dette skil­jet finn me filosofen Niklas Luh­mann (1979) og sosi­olo­gen Adam Selig­man (1997). Den omtalte boka Tillit i Norge intro­duser­er skil­jet i forordet, og det vert brukt nokol­unde sys­tem­a­tisk etterpå.

Eg vil bidra til å etablera skil­jet mel­lom insti­tusjon­stil­lit og per­son­til­lit i norsk tillit­ste­ori, men eg er ikkje nøgd med dei omgrepa me har funne på så langt. Eg håpar å finna noko som beskriv opplevin­ga av tilliten meir nyansert, for no vert jo ordet “tillit” brukt i begge til­felle. Der er “con­fi­dence” og “trust” min­dre forvirrande.

Per­son­til­lit (trust) er ein relasjon der du aksepter­er å vera sår­bar for andre men­neske sine han­dlin­gar i forhold til eit visst utkome. Luh­mann opp­fat­tar “trust” som vil­ligheit til å risik­era noko, og dette gjeld for både gje­varen og mot­takaren av tillit (Luh­mann 1979: 69). Her vert avg­jer­da om å vera tillits­full gjort bevisst, utifrå ein eval­uer­ingsskala for kva slags gode kvalite­tar det er rime­leg å til­leg­ga andre aktørar. Du sto­lar på at bror din vil hjel­pa deg med eit naudlån for å dra til Syden, men ville ikkje spurt ein kol­le­ga. Folk er meir bevis­ste på slike nære relasjonar enn relasjo­nen til institusjonar.

San­ning er jour­na­lis­tik­kens frem­ste våpen i avslø­ringa av kref­tene som svek­kjer demokratiet

Forskarane Wiese et al. (2011) har vist at folk si opp­fat­ning av nær­leik til ein viss per­son er den vik­ti­gaste fak­toren for å bestem­ma om me kan sto­la på denne per­so­n­en. Der­som me føler oss like nært knytt til to per­son­ar der den eine er fam­i­lie og den andre ikkje, vil me vera meir tilbøyelege til å sto­la på familiemedlemmen.

Insti­tusjon­stil­lit (con­fi­dence) er ein føre­seie­leg relasjon basert på tidle­gare erfar­ing med at ting går som dei skal. Gid­dens (1990) skriv at det er gode grun­nar til å sto­la på abstrak­te sys­tem som ’pen­gar’. Folk kan vera nesten sikre på at eit visst utkome vert realis­ert, til dømes at mini­banken fak­tisk gir ut pen­gar når du vert reg­istr­ert med eit kontotrekk.

Visse forhold er sta­bile og vert haldne ved like kon­tin­uer­leg, og det er ikkje grunn til å reflek­tera over risiko i kvart enkelt til­felle. Har­ald Gri­men seier, sitat: “Gode insti­tusjon­er gjør det for­nuftig for men­nesker å unnlate å ta visse forhold­sre­gler, som det ellers ville ha vært rasjonelt for dem å ta” (Gri­men 2012: 89). Når det gjeld fly­to­get i Oslo er insti­tusjon­stil­liten tydelegvis svært høg, for det kom øvst på ei “omdøm­memåling” no nyleg.

Her pas­sar også omgrepet “gen­er­alis­ert tillit” godt inn. På fly­plassen treng du kan­skje å spør­ja ein med­pas­sas­jer om å pas­sa på kof­fer­ten din mens du er ein rask tur på toalet­tet. Er det nokon her du kan sto­la på? Jo meir gen­er­alis­ert tillit det er i sam­fun­net, jo større sjanse er det for at du spør nokon. Gen­er­alis­ert tillit lik­nar mest på det som eg her kallar institusjonstillit.

Analy­sen byr­jar med ein klas­sisk sam­funnsvit­skap­leg firefelt­sta­bell der eg skil mel­lom sunn og usunn mist­il­lit, og skil mel­lom å ret­ta denne hald­ninga mot enten insti­tusjon eller per­son. Då vert tabellen slik:

Kri­tisk tillitMist­il­lit
Insti­tusjonFor­tel san­ninga, har dag­sor­den­makt, er relevantRå mark­nad­skap­i­tal­isme, man­gel på rel­e­vans, dia­log og realisme
Per­sonHar integritet, er prin­sipp­fast, har ide­ol­o­gisk truEigen­in­ter­esse, verdi­b­lind­skap, oli­garkiske bindingar

Eg vil bru­ka tabellen til å hal­da orden på argu­men­tasjo­nen vidare her. I bok­sane har eg plassert åtferd­sty­par som kor­re­spon­der­er med den typen tillit og mist­il­lit eg påpeikar i forhold til journalistikken.

Kritisk tillit

Det finst klart pos­i­tive grun­nar til ikkje å sto­la på jour­nal­is­tikken. Viss jour­nal­is­tikken set tillits­forhol­da sys­tem­a­tisk i tvil, vil dei kun­na avs­løra kam­er­aderi og mak­t­mis­bruk i sen­trale insti­tusjonar. Den vil vera far­leg for mak­t­mis­brukarar. Slik sett har ikkje jour­nal­is­tikken som sam­funnsop­p­drag å alliera seg med andre aktørar for å inspir­era til tillit, men å vera så kri­tisk at den heller inspir­erer til vak­t­semd mot sjølv å hand­la i strid med normer og reglar.

Opp­draget går ut på å fortel­ja san­ningar som kan vera svært ube­hagelege, og som vil ska­pa sterk gjen­sidig for­sik­tigheit, kan­skje også direk­te kon­flikt, mel­lom ein redak­sjon og dei berørte par­tane. Mang ein bedrift­sleiar på Vest­landet har lagt Bergens Tidende for hat etter avs­lørande opp­slag. Alle dei utru­leg mange tin­ga som er sanne kan i prin­sip­pet formid­last på ein legit­im måte av jour­nal­is­tikken. San­ning er jour­nal­is­tikkens frem­ste våpen i avs­løringa av kreftene som svekkjer demokratiet.

Difor er det gode struk­turelle grun­nar til ikkje å ha tillit til jour­nal­is­tar. Der­som du er i posisjon til å sto­la på at media trykker sak­er slik du vil, så er jour­nal­is­tikken inhab­il eller direk­te kor­rupt, og du sjølv like så. Vak­t­semd eller usikker­heit hjå mek­tige aktørar er eit kvalitet­steikn i seg sjølv.

Dag­sor­den­funksjo­nen er ei vik­tig side ved medias makt. Media bestem­mer ikkje kva folk skal meina, men dei bestem­mer kva folk skal meina noko om. Redak­sjo­nen tenkjer: Kva bør den poli­tiske offentleghei­ta ver­ta opplyst om i dag? Det gam­le slagordet “All the news that’s fit to print” er reklame for avisa si gode døm­mekraft og ans­var­lege hald­ning. Media set dag­sor­den for kvardags­de­bat­ten heime i stovene, sær­leg når det gjeld nyheit­er. Media bestem­mer i realiteten kva det vil seia å vera ein opp­datert bor­gar. Poli­tikarar og andre fram­skotne aktørar er endå meir påver­ka av dag­sor­den­mak­ta. Dei får ofte sine strate­giske val bestemt av emnevala og vin­klin­gane som vert gjort.

Jour­na­lis­tar har stor makt anten dei veit om det eller ikkje

Mak­ta til å set­ja dag­sor­den for offent­leg debatt har vore i medi­ene sine hen­der i fleire hun­dre år. Jour­nal­is­tar og redak­tørar fekk etterk­vart så stor inn­fly­telse at dei blei opp­fat­ta som ei fjerde stats­makt. Dei over­vakar dei tre stats­mak­tene reg­jer­ing, stort­ing og dom­sto­lar på veg­ne av sivil­sam­fun­net. Me har vorte opplærde til å tru at medi­ene si dag­sor­den­makt er noko natur­leg og sjølvsagt, men det er berre på grunn av deira tilsvarande kri­tiske rolle at dei forten­er denne mak­ta. Det er bra at medi­ene har denne for­p­lik­tin­ga på san­ning. John Dewey har prisa den, og Wal­ter Lipp­mann endå meir. Kri­tisk jour­nal­is­tikk er eit gode for­di den føre­byg­ger mak­t­mis­bruk i alle sek­torar av sam­fun­net, og sørgjer for at moral­sk svake men­neske jam­leg vert rein­s­ka ut av statsapparatet.

Det er natur­leg at eg også tar inn enkelt­per­so­n­ane i denne analy­sen, og ikkje berre snakkar om det prin­sip­ielle. Kvar jour­nal­ist er jo eit men­neske av kjøt og blod, med høg eller låg utdan­ning, sterk eller svak moral, og med ulik utstråling, integritet, og så bortet­ter. Dette er ein emosjonell dimen­sjon som påverkar oss alle i opp­byg­gin­ga av tillitsbånd.

Integritet. Det vik­tige er at desse per­so­n­ane del­er jour­nal­is­tikkens ver­diar. Då går det an å ha kri­tisk tillit til per­son­ar som arbei­der innafor jour­nal­istyr­ket. Den gode jour­nal­is­ten opp­fat­tar mak­ta si som ein per­son­leg kvalitet. Det er eg som har denne kunnskapen, og denne kom­pro­miss­løysa og integriteten, og eg utfør­er funksjo­nen min i sys­temet på ein spe­sielt god måte.

Jour­nal­is­tar har inn­fly­telse over sosiale og poli­tiske stemningar i pub­likum­met sitt net­topp på grunn av per­son­leg­domen sin. Dei har denne mak­ta, sjølv om dei er under­lagt ein streng redak­sjon­ss­jef, og sjølv om all­slags kon­ven­sjonar kan gjera han­dlingsrom­met avgren­sa. Jour­nal­is­tar har stor makt anten dei veit om det eller ikkje, og om dei bryr seg eller ikkje. Nokon lever så intenst i denne rol­la at dei ikkje ser mak­ta si, og dermed endar opp med å mis­bru­ka henne. Dei som held mas­ka i ei offent­leg rolle av denne typen er van­legvis for­nuftige folk med integritet. Ingen nem­nde, ingen gløymde.

Prin­sipp­fast. Denne typen jour­nal­ist tonar bevisst ned det fak­tum at han har makt. Det ved­kjem ikkje saka. Han er ein dyk­tig avs­lørar, og skriv sjel­dan noko feil. Og same kva som skjer som føl­gje av jour­nal­is­tikken hans, bekla­gar han aldri noko. Kvar gong han får kri­tikk eller truslar om søksmål, vis­er han til ytrings­fridomen, og redak­sjo­nen sine advokatar går i stri­den for han. Så lenge målet er heilagt, må ein også tola nokre vådeskot mot uskuldige.

Ide­ol­o­gisk. Den ide­ol­o­giske eller ide­al­is­tiske jour­nal­is­ten er enklare å forstå seg på. Han driv poli­tisk kri­tikk mot styres­mak­ter og andre mek­tige aktørar, sys­tem­a­tisk og med eit jamt trykk. Han trur så sterkt på saka at han set til side alle andre omsyn. Den ide­ol­o­giske jour­nal­is­ten brukar medi­et som verk­tøy eller brekkstong til å få ei løys­ing på eit poli­tisk prob­lem. Han nær­er ikkje urime­leg tillit til nokon aktørar.

Mistillit

Det jour­nal­is­tiske fel­tet har nær omgang med dei mak­tene den er sett til å over­va­ka, og vert no til dags i stor grad eigd av tunge mark­nad­sak­tørar som Schib­st­ed, Ame­dia, Egmont, etc. Viss redak­sjo­nen har tette relasjonar til vik­tige insti­tusjonar i sam­fun­net så vat­nar den ut si frem­ste kjelde til tru­verde, nem­leg det (prin­sip­ielt) kom­plette fråveret av tillitsrelasjonar.

Eksem­pelet med News of the World vis­er kor­leis det kan opp­stå akutt mist­il­lit hvis bor­garane opp­fat­tar at ei mediev­erk­semd bryt med den moralske hald­ninga som er føre­sett i sam­funnsop­p­draget. Her er det lite å repar­era, og vanskel­e­gare å kanalis­era den neg­a­tive energien i pos­i­tiv retning.

Rå mark­nad­skap­i­tal­isme. Det er store pen­gar knytt til mediev­erk­semd. Det har både TV 2, VG, Google og Face­book til dømes nytt godt av. Det finst ingen meis­ter­hjerne som trekkjer i trå­dane, berre mark­nad, aktu­alitet og intertek­stu­alitet i ei hys­terisk bland­ing. Desse ukon­troller­bare trek­ka gjer at medi­ene vert dår­legare verk­tøy enn dei kunne vore.

Kap­i­tal­is­men gjev ikkje grunnlag for kri­tisk tillit, men er ein slags med­født ska­vank ved den jour­nal­is­tiske insti­tusjo­nen. Den britiske medieforskaren Col­in Sparks seier at “you can’t tame the tiger” og Paul Bjerke seier at du ikkje må ver­ta for­bausa over at tigeren har striper. Tigeren brasar gjen­nom jun­ge­len utan ret­ning eller strategi.

Ting vert ikkje for­midla på ein måte som er rele­vant for folks sosiale og poli­tiske kvardag

Nokon vil meina at det også er pos­i­tivt at mediev­erk­semd gjev grunnlag for store pen­gar og sen­tralis­ert makt. Det tillet medi­ene å byg­ga opp sterke insti­tusjonar som ikkje så lett let seg pres­sa av dei endå mek­ti­gare aktørane dei skal overvå­ka. Ein kan fryk­ta kva som vil skje der­som dei store avisene går dukken og me får eit mylder av min­dre redak­sjonar i staden­for. Det beste er ei bland­ing av eigar­former, med både børsnoterte sel­skap, lisens­fi­nan­sier­ing, filantrop-finan­sier­ing og familieselskap.

Man­gel på rel­e­vans. Paul Bjerke (2013) peikar på at engelske avis­er brukar store jour­nal­is­tiske ressur­sar på ting som har liten sam­funns­mes­sig rel­e­vans. Det kan vera ei grundig og kost­bar graves­tudie som avs­lør­er at fot­ball­spelar X har vore utru med kona til fot­ball­spelar Y. Då vert dei jour­nal­is­tiske ressur­sane heilt klart brukt på feil ting.

Man­gel på dia­log. Medi­ene kan gjera ein van­leg tilsko­dar til ein aktiv deltakar ved hjelp av toveg­s­me­dia som SMS, e‑post, chat­tesider, innring­ing, debattpro­gram og lik­nande. Men inter­ak­sjon vert i liten grad brukt til å for­be­tre dialo­gen mel­lom heim og offentlegheit. Inter­ak­sjo­nen vert i hov­ud­sak brukt til konkur­ransar, avstem­min­gar og andre kom­mer­sielle for­mat, og har som føremål at stasjo­nen skal kunne tena mest mog­leg pen­gar. Den ekspert­baserte offentlege debat­ten er ikkje myk­je betre. Her er det ei ende­laus rit­uell posisjoner­ing der ingen av syn­sarane skif­tar stand­punkt, men blir meir og meir kjente for stand­punk­tet sitt. Slike for­mat har heller ikkje ein spe­sielt pos­i­tiv innverk­nad på den offentlege sam­tal­en. Redak­sjonar som lever av å føre offentlege sam­ta­lar må stre­va etter å finna fram til gode prosedyrar, og prø­va å laga god kommunikasjon.

For svak audio­vi­suell real­isme. Jour­nal­is­tikken er så hardt redi­gert at det er vanske­leg å kjen­na igjen røyn­da slik me ser den omkring oss til dag­leg. Me skjø­nar myk­je for­di me er vel­skulerte i medi­et sine eigne kon­ven­sjonar, og tak­lar både høg klip­perytme og sound­bite-redi­ger­ing. Men dette er ikkje røyn­da utan­for vin­dau­ga, det er røyn­da inne i media. Ting vert ikkje formid­la på ein måte som er rel­e­vant for folks sosiale og poli­tiske kvardag.

Igjen må me hugsa den meir emosjonelle relasjo­nen til men­neske av kjøt og blod, jour­nal­is­tikkens sterkaste iden­titetsmes­sige fak­tor. Det går an å skil­ja mel­lom fleire for­mer for usunn mist­il­lit; ei snikande kjensle av at sam­fun­net ikkje fun­ger­er som det bør, og at net­topp desse fol­ka har ein del av skul­da for det.

Eigen­in­ter­esse. Mist­il­lit kan skul­dast arro­ganse, eigen­in­ter­esse eller ned­laten­heit. Slike dår­lege eigen­ska­par vis­ar igjen i skrift og på TV, og ska­par eit kon­stant tillit­sprob­lem. Jour­nal­is­ten og pro­gram­leiaren er flink fram­for kam­era, og gjer seg til eit anker­feste for iden­ti­fikasjon og beun­dring. Men har han gjort seg for­tent til dét på bak­grunn av livet utan­for medi­ene? Tja. Enkelt­per­son­ar blant jour­nal­is­tane har til dels lågt tru­verde og driv uhem­ma til­fredsstill­ing av sine eigne mate­ri­al­is­tiske behov. Slapp åtferd gjev bor­garen eit neg­a­tivt inntrykk av jour­nal­is­tikken, og dét kan forster­ka ei vag opp­fat­ning av at andre trekk også er neg­a­tive. Då vert det ein vond spi­ral av dår­leg renom­mé for både per­son og institusjon.

Byråkratisk, verdi­b­lind pro­fesjon­alitet. Jour­nal­is­tane sin stadig aukande pro­fesjon­alitet gjer at ein heil gen­erasjon jour­nal­is­tar er sosialis­erte inn i ei åtferd utan poli­tiske ide­olo­giar, og utan andre ide­al enn å laga gode pro­gram og gode artik­lar. Alle er sofis­tar! Denne prag­ma­tis­men vert føl­gt av ein funksjonær­men­tal­itet. Redak­sjo­nen kan ver­ta slø­va av det ruti­nemes­sige i arbei­det sitt. Viss noko går gale, ligg ans­varet hjå redak­tøren, som også har funksjonær­men­tal­itet og rap­porter­er vidare til eigarane, som fork­lar­er alt som ein nød­vendig kon­sekvens av mark­nad­slogikken. I ver­ste fall appellerer dei sam­la til ytrings­fridomen og ans­varet som den fjerde stats­mak­ta, og vat­nar ut forhold­et til ide­olo­gi, poli­tikk og mark­nad. Der­som det ikkje er noko ret­ning, så er det heller ikkje nokon grunn til å anta at funksjo­nen deira er pos­i­tiv for samfunnet.

Oli­gar­ki. Det finst ein eksklu­siv krets av folk som styr­er dei insti­tusjo­nane som set dag­sor­den, og dei beskyt­tar sine mak­t­mid­lar og forsøk­er å utvi­da rekkje­v­id­da si. Dette gjeld aksjeeigarar, styremedlem­mer, medieråd­gi­varar, spin doc­tors, kjendis­ar, reklame­folk, PR-folk og lob­by­is­tar. Alle desse yrkesgrup­pene er opne for over­gan­gar, og kar­ri­eren kan byr­ja på ein stad og slut­ta ein heilt annan stad. Det dei treng for å kom­ma vidare er at media sin dom­i­nans i sam­fun­net vert oppret­thalden, og man­gel på innsyn.

Konklusjon: Vêr vaktsam!

Rundt 65 pros­ent av folke­set­naden i Noreg har ikkje tillit til at jour­nal­is­tikken har ei sam­funnsnyt­tig rolle, og eg har forsøkt å tol­ka kva dette kan skul­dast. Eg har for­mulert ei hugseliste over trekk ved jour­nal­is­tikken som bør møtast med kri­tisk tillit, og nokre punkt som kan føra til uop­pret­te­leg mistillit.

Bor­garen er ikkje ein uskuldig tred­jepart i offentleghei­ta. Det er ei fordømt plikt for bor­garen å ha ei kon­struk­tiv tilnærm­ing til mak­ta frå media, og sjølv gjera sitt beste for at offentleghei­ta kan fungera godt. Der­som bor­garen vert meir med­viten på grun­nane til sin eigen skep­sis, kan dei neg­a­tive kjens­lene omset­jast til noko meir kon­struk­tivt, nem­leg ei kon­tin­uerlig vur­der­ing av tillitsverdighei­ta til medi­ene. Det er berre du sjølv som kan iden­ti­fis­era det som er sant og rel­e­vant. Ingen andre kan tenk­ja for deg! Vêr vaktsam!

Litteraturliste

Bis­gaard, Anders B. (2014) “Dinamo PR vur­der­er navneen­dring”, i Kam­pan­je 27. mai 2014.
Bjerke, Paul (2013) “Et forsvar for papi­rav­isa” i Klassekam­p­en 10. mai 2013.
Enjol­ras, B., Karlsen, R., Steen-Johnsen, K. og Wolle­bæk, D. (2013) Lik­er – lik­er ikke. Sosiale medi­er, sam­funnsen­gas­je­ment og offent­lighet. Oslo: Cap­pe­len Damm Akademisk.
Gid­dens, A. (1990) The Con­se­quences of Moder­ni­ty. Cam­bridge: Poli­ty Press
Gri­men, Har­ald (2009) Hva er tillit. Oslo: Universitetsforlaget.
Gri­men, Har­ald (2012) “Gode insti­tusjon­ers betyd­ning for tillit”, i Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Tillit i Norge. Oslo: Res Publica.
Hardin, Rus­sell (2006) Trust. Cam­bridge, UK: Poli­ty Press.
Luh­mann, N. (1979) Trust and Pow­er. New York: John Wiley.
Selig­man, A. B. (1997) The Prob­lem of trust. Prince­ton: Prince­ton Uni­ver­si­ty Press.
Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Tillit i Norge. Oslo: Res Publica.
Wiese, Jason, Patrick Gage Kel­ley, Lor­rie Faith Cra­nor, Lau­ra Dab­bish, Jason I. Hong, John Zim­mer­man (2011) Are you close with me? Are you near­by?: inves­ti­gat­ing social groups, close­ness, and will­ing­ness to share. Ubi­comp 2011: 197–206.
Wolle­bæk, Dag, Ber­jard Enjol­ras, Kari Steen-Johnsen og Guro Ødegård (2012) “Tillit i Norge etter 22. juli”, i Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Tillit i Norge. Oslo: Res Publica.

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen