Kautokeino-opprøret og fornorsking i nord

Kautokeino-opprøret i 1852 markerte starten på ein langvarig fornorskingspolitikk av Nord-Noreg, og ei systematisk politisk undertrykking av den samiske befolkninga.

Opprøret i Kau­tokeino i 1852 ska­ka dei norske styres­mak­tene. Den 8. novem­ber gjekk 35 fly­ttsamar, som var læs­ta­di­a­narar (ei religiøs sekt), først til fysisk åtak på same­fa­mil­iar i området som ikkje hadde vil­ja late seg omvende og var syn­di­ge og ubot­fer­di­ge. Dinest gjekk fer­da til kyrk­jes­taden. Her slo dei i hel lens­mann Lars Johan Bucht og han­dels­mann Carl Johan Ruth. Dei sette fyr på huset og kram­buer som han­dels­man­nen hadde, og sokneprest Hvoslef og fleire andre vart mishandla.

To av opprørarane mista livet i sam­band med åtaket. Styres­mak­tene fekk raskt kon­troll over situ­asjo­nen og sette inn 50 sol­datar. I 1854 vart to av leiarane, Aslak Jacob­sen Hæt­ta og Mons Aslak­sen Som­by, dømde til døden av Høg­sterett og hal­shogde 14. okto­ber same år. Tre av opprørarane døy­dde før eller under rettssa­ka. Ni av dei fekk livs­varig fengsel, medan 15 slapp unna med fengselsstraf­fer på år eller månad­er. I til­legg måtte opprørarane svare til stat­en 3000 rein og opplevde med det økonomisk ruin. Med denne dom­men fekk dette opprøret store dimensjonar.

Kau­tokeino-opprøret og offentlegheita
His­to­ria om den norske offentleghei­ta er pre­ga av mange spen­nings­forhold langs ide­ol­o­giske, kul­turelle og geografiske lin­jer. I denne blog­gen pub­lis­er­er me med javne mel­lom­rom djupdykk i fleire av desse. I denne artikke­len tek his­torikar Knut Dørum for seg kjøl­vat­net av Kau­tokeino-opprøret i 1852, og drøfter hendin­ga si avg­jerande bety­d­ing for forhold­et mel­lom offentlegheitas sen­trum og per­iferi – og mel­lom samane og lan­dets styresmaktar.

Kvifor?

Kor­leis har så Kau­tokeino-opprøret blitt fork­lart? Ei fork­lar­ing lansert av etno­grafen Gutorm Gjess­ing er at det prof­itable bren­nevinssalet til han­dels­man­nen og presten og alko­holmis­bruket forder­va samane økonomisk og moral­sk, og at dette vart hov­udår­sa­ka til opprøret. Ei meir omfat­tande fork­lar­ing med fleire ele­ment er seinare lansert av sosi­olo­gen Per Otnes. Han mein­er opprøret var ein sosial protest ret­ta både mot fra­mande inntren­garar dri­vne av prof­itthunger og mot eit hard­hendt norsk rettsap­pa­rat. Dinest såg han ei religiøs motiver­ing i læs­ta­di­an­is­men, ei ny kris­ten­doms­forståing som den svenske presten Lars Levi Læs­ta­dius (1800–1861) hadde forkynt og gjen­nom det fått mange tilhen­garar blant norske og svenske samar. Læs­ta­dius mana folk til høgare moral og ville ha strenge for­bod mot det han såg på som syn­dig livs­førsel, og ikkje minst mana han fol­ka sine til hand­faste han­dlin­gar mot dei ure­ine, syn­di­ge og vantru. Både Gjess­ing og Otnes er samde om at det samiske opprøret gjekk ut frå ei rørsle som sosialt kjem­pa mot norsk over­makt, men som også fann næring i religiøs radikalisme som gjekk ut over dei som stod utan­for rørsla.

Myk­je av det same synet har den ned­er­landske his­torikaren Nelle­jet Zorgdrager. Ho mein­er i dok­toravhan­dlin­ga si at hov­ud­fork­laringa på opprøret er dei kolo­nial­is­tiske og ned­la­tande hald­ningane som embets­menn og han­dels­menn møtte dei med på kyrk­jes­taden, tingstaden og han­del­splassen. I den sterkt karis­ma­tiske rørsla som Læs­ta­dius hadde skipa, fann samane ei sterk over­ty­d­ing om at dei rep­re­sen­terte det heilage og rettvise i møte med nord­menn som ikkje levde etter den rette trua. Dei kjende ei gudg­jeven plikt til å straffe nord­mennene. Noko som kan ha forster­ka sin­net og mis­nøya, var grens­es­per­ringa mel­lom Noreg og Fin­land kort tid før opprøret som øydela for som­mar­beit­et i finske område for samane i Kautokeino-området.

Sosialt opprør og religiøs vekking

Tore Pryser sum­mer­er opp myk­je av forsk­inga når han ser opprøret som eit resul­tat av bry­tin­gar mel­lom samar og norske inn­fly­t­tarar, slik som prestar og lens­menn som var lite kval­i­fis­erte og synte lite forståing for samisk kul­tur. Den læs­ta­di­anske vekkinga som i forkyn­ninga si gjekk til åtak på alko­holmis­bruk og sedløyse, fekk sterk brodd mot presteskapet og dei verd­slege styres­mak­tene som utnyt­ta samane i bren­nevin­shan­de­len og var bru­tale mot dei. Vekkinga hadde i åra før 1852 utløyste religiøse demon­strasjon­er blant samane, og dei som hadde del­teke, var blitt straf­fa med inndrag­ing av rein.

ZjvbduB8IVgxaekSfOPaVQvXE6DAik-I08sD75-k9CYg

Fra Nils Gaups fil­ma­tis­er­ing av Kau­tokeino-opprøret (Foto: Erik Aavatsmark/Rubicon)

Pryser har vil­ja sjå opprøret også i saman­heng med Thrane-rørsla, sjølv om det ikkje var direk­te sam­band. Ikkje minst vil han vur­dere reak­sjo­nane til dei norske styres­mak­tene som ei føl­gje av at Thrane-rørsla hadde tru­ga sta­biliten i det norske sam­fun­net. I etter­tid såg styres­mak­tene mange spor av sam­band mel­lom samane og thranit­tane. Eitt indi­s­i­um var at den tysk­fødde Hein­rich Anders frå det kom­mu­nis­tiske for­bun­det hadde vit­ja sjøl­vaste Læs­ta­dius i 1847. Pryser finn også prov for at både Høg­sterett og statthal­dar Løven­ski­old i 1850-åra såg opprøret som ein trugsel mot stat og sam­funn på line med Thrane-rørsla, og at det måtte vere ei kopling mel­lom Kau­tokeino-opprøret, Thrane-rørsla og feb­ru­ar­rev­o­lusjo­nane omkring i Europa. Høg­sterett meinte samane hadde vil­ja tvinge fram ei sam­funns­mes­sig jam­still­ing mel­lom seg og dei sosialt høgareståande, noko som ville øyde­leg­gje sivil­isas­jo­nen. Rettssa­ka og dom­men spegla fryk­ta til styres­mak­tene for fleire opprør under inntrykket av rev­o­lusjons­forsø­ka rundt omkring i Europa i 1848. Hand­teringa av opprøret står fram som ein del av reak­sjo­nen som Thrane-rørsla alt hadde utløyst.

Men straf­fer­eak­sjo­nen vart myk­je hardare mot samane enn mot thranit­tane. Til dels hang dødsstraf­fa saman med at Kau­tokeino-opprøret var valde­leg og førte til drap, til dels speglar straf­fa at tilhøvet mel­lom norske styres­mak­tene og samane var blitt meir og meir kon­flik­t­fylt. Som Einar Nie­mi poengter­er, førte oppg­jeret med samane til at læs­ta­di­an­isme som ei kris­ten ret­ning for samane vart fordømd, og samane kunne ikkje lenger opent vere læs­ta­di­a­narar, sjølv om denne religiøse rørsla aldri braut med den norske statskyrk­ja. Iføl­gje Nie­mi hadde biletet av samane som dei edle ville slått sprekkar med det blodi­ge opprøret, og dei stod no fram som rå og fra­mande. Dette bidrog til at den norske stat­en meir og meir stram­ma inn minoritet­spoli­tikken sin i siste del av 1800-talet.

Frå edelt naturfolk til primitiv rase

Frå rundt 1860 og i 70–80 år framover dreiv dei norske styrings­mak­tene ein stadig meir sys­tem­a­tisk fornorsk­ingspoli­tikk andsynes kven­er og samar i Nord-Noreg. Ein ville plante sterkare norsknasjonale hald­ningar hos samar og kven­er nord­på. Nasjons­byg­gin­ga kom til å gå hand i hand med ei raselære som vur­derte slike folkeslag som under­leg­ne nord­menn i intel­li­gens og kul­tur. Det galdt å minske iden­titet­skjensla og samhaldet blant dei og under­grave språket og kul­turen deira. Fornorsk­ingspoli­tikken fekk sterkast utslag i språk- og skule­poli­tikken, og born og unge på skulebenken mer­ka mest til tilta­ka. Samar og kven­er skulle tvin­gast til å lære seg norsk, leve som nord­menn og ta i bruk norske skikkar. Det kom restrik­sjonar mot å tale anna enn norsk på skulen.

Vik­tig var det også at Finans­de­parte­mentet i 1848 innleia ein poli­tikk i Finn­mark som bety­dde at styres­mak­tene ikkje i same grad som tidle­gare god­tok dei gam­le bruks- og eige­dom­sret­tane til samane, som var kollek­tive, ikkje knytte til ein­skilde per­son­ar. No ville styres­mak­tene rekne grun­nen i Finn­mark som stat­leg og ta frå «nomade­folk, lap­perne» ret­tar, og nye og etablerte samar og kven­er skulle ikkje få sta­tus som eigarar. I 1863 kom lova om stat­leg jord­sal, føl­gd av ei ny lov i 1902. I 1869 kravde amt­man­nen at dei som kjøpte eller leigde seg jord i Sør-Varanger, måtte kunne snakke norsk eller sven­sk. Knut Einar Erik­sen og Einar Nie­mi ser den lang­varige fornorsk­ingspoli­tikken i stor utstrekn­ing som eit resul­tat av fryk­ta for fin­sk ekspan­sjon i nor­dom­rå­da. Førestill­inga om «den finske faren» i Noreg bot­na til ein viss grad i ten­den­sar i nabolan­det til å drøyme om eit Stor-Fin­land, der eit utan­rik­spoli­tisk mål kunne bli å innlemme finske område i andre land i Fin­land. Den kvenske befolkninga i Noreg kunne dermed bli ein trugsel. Sikring av ter­ri­to­ri­et mot Rus­s­land er også ein del av biletet. Det kom i stand avta­lar om grens­es­per­ringar mel­lom lan­da i nor­dom­rådet, og i 1860 vart Noreg og Rus­s­land samde om utlev­er­ing av uøn­sk­te ele­ment, som for norsk del drei­d­de seg om å kvitte seg med kvenske innvan­drarar som vart ein sosial og økonomisk byrde for det offentlege.

Fornorsk­ingspoli­tikken kom langt på veg til å umyn­dig­gjere samane poli­tisk og kul­turelt. Det norsk-etniske arbei­dark­lassen fekk aldri oppleve noko som kom i nær­leiken når det galdt under­trykking og ned­vur­der­ing. Ein ny oppo­sisjon nedan­frå reiste seg i 1860-åra.

Litteratur

Pryser, Tore 1982: Gesel­lar, rebel­lar og sver­marar. Om far­lege folk kring 1850. Oslo.

Erik­sen, Knut Einar og Einar Nie­mi 1981: Den finske fare. Sikker­het­sprob­le­mer og minoritet­spoli­tikk i nord 1860–1940. Oslo.

Nie­mi, Einar 2003: I nasjon­al­statens tid, 1814–1940, bd. 2, i Norsk innvan­dring­shis­to­rie.

Zorgdrager, Nelle­jet 1997: De ret­tfer­di­ges strid. Kau­tokeino 1852. Oslo.

Gjess­ing, Gutorm 1953: Trage­di­en i Kau­tokeino. Håløyg­minne.

Otnes, Per 1970: Den samiske nasjon. Inter­esse­or­gan­isas­jon­er i samenes poli­tiske his­to­rie. Oslo.

TEMA

N

orgeshi
storie

24 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen