Mad Hox: The Sea Warrior

Iblant blir politikken til ei filmplakat.
Bård Hoksrud køyrer vannscooter frå Drøbak til Oslo. Foto: NRK

Det er ikkje alle poli­tikarar som del­tek i protes­tak­sjonar. Bård Hok­srud er ein slik poli­tikar. Med utropet “Det­ta blir gøy!” gjekk han i juli 2016 ombord i ein vannscoot­er for å køyre frå Drøbak til Oslo, saman med femti andre frå Norges Vannscooter­for­bund. Målet var å likestille fritids­bå­tar og vannscooter­ar — fram til no har det ikkje vore lov å køyre vannscoot­er nær­mare enn 400 meter frå land.

NRK dek­te saka, og lagde ein video av Hok­srud durande inn gjen­nom Oslofjor­den. Når ein ser videoen, ser ein tyde­leg det Hok­srud sjølv uttalte: At han er nervøs for­di han ikkje har køyrd vannscoot­er før.

Biletet har ingen slik nervøs stemn­ing. Jour­nal­is­ten har klart å fange det per­fek­te still­biletet: Hok­srud midt i for­grun­nen, plassert nesten i det gyldne snitt, med resten av vannscootergjen­gen bak seg i ein tri­an­gelkom­po­sisjon. Vannscooteren hans er dels i ljoset, dels i skuggen, og den er svart medan dei andre scooter­ane er raude eller gule. Det er også myk­je rørsle bak han: Nokon aksjon­istar sit, andre står på vannscooter­ane, og dei ser i ulike ret­ningar. Sjøen er skum­mande kvit, him­me­len og land­skapet bak mørkt. Biletet oser dynamikk og kraft.

Det min­ner litt om ei film­plakat — ein bik­ergjeng til sjøs — ein gjeng piratar fra Water­world, som skal til å utfor­dre Kevin Cost­ner. Eller ein mar­itim Mad Max. Mad Hox: The Sea Warrior.

Det inter­es­sante med eit slikt bilete, med så åpen­bart fil­ma­tiske kvalite­tar, er at de mest tru­leg kan slå begge veg­ar hjå pub­likum. Som eit prov på han­dlekraft for Hok­srud-tilhenger­ar — her er ein poli­tikar me ser gjer noko! Og som ein par­o­di for dei som ikkje har poli­tisk sym­pa­ti for han — Hok­srud som ein teikneseriefigur.

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen