Polen, Aust-Agder og starten på Berlinmurens fall

9. november var det 20 år sidan Berlinmuren fall. Det er grunn til å sende ein særleg takk til polakkane.

Utan­for Sol­i­daritets kon­tor­bygg i Gdan­sk står ein rest av Berlin­muren saman med ein del av muren rundt Lenin-verftet. Berre 100 meter unna star­ta Lech Wale­sa og Sol­i­daritet det som mange har omtalt som starten på slut­ten for kom­mu­nis­tisk dik­tatur i Polen og Aust-Europa. Det var spen­nande og far­leg i Polen frå om lag 1980 til Berlin­muren blei åpna 9. novem­ber 1989. Før det hadde det også vore far­leg, for alle dei som ville leve eit heilt nor­malt liv i demokrati og fridom.

Lech Wale­sa blei fag­for­ein­ingsleiar, pres­i­dent i Polen og nå kjem­par han aktivt for å få størst mog­leg støtte for å utvikle EU vidare, seinast med sol­id innsats i Irland i sam­band med Lis­boa­trak­tat­en. I 1982 kunne Agder­posten og Tvedestrand­sposten vise bilde av ein av sønene til Danu­ta og Lech Wale­sa, — med ein genser det stod ”Lyn­gmyr skole, Tvedestrand” på. 

Aksjon Polens venner

Hausten 1981 var vi ei gruppe som star­ta Aksjon Polens ven­ner for å forsøke å sende mat, medisin­er og klær til folk som sul­ta, som mangla mat, som mangla medisi­nar, som mangla stort sett alt bort­sett frå poli­ti, mil­itære, kom­mu­nist­par­ti­et og bil­lig vod­ka. Ein pol­skgift nord­mann tok ini­tia­tivet og på få vek­er var vi eit lite styre som fekk enorm støtte både frå enkelt­men­neske, friv­il­lige lag, pri­vate nærings­dri­vande, spon­tane løyvin­gar frå kom­munestyra og rike­leg med spal­teplass i region­av­isa Agder­posten kvar einaste dag.

Berlinmur møter Leninverftets mur i Gdansk (foto: Jan Kløvstad)

Gdan­sk 2009: Berlin­mur møter Lenin­verftets mur (foto: Jan Kløvstad)

Kjer­na i aksjo­nen vår var polakkar som hadde fly­k­ta, aktive Amnesty-medle­mer, ung­dom­slags­folk og Ven­stre-medle­mer. Vi var opprørte over rap­por­tane om vald og under­trykking, og vi fekk raskt kon­tak­tar i trans­port­bran­sjen som meinte dei kunne kome inn i Polen med trailar­laster. Vi trud­de vi var vel opti­mistiske, men så viste det seg at vi — og andre i andre delar av Norge — fak­tisk klarte å kome oss inn i Polen og klarte å få hjelpe­sendin­gane fram dit vi ville ha dei. Aksjon Polens Ven­ner besøk­te rundt ti byar, alltid med nøyak­tige adress­er vi hadde fått frå polske flyktningar.

Folk i Polen sul­ta. Kvar vak­sen polakk hadde ei månad­skvote på 1,5 kg kjøt. I dag er det stort pro­duk­sjonsover­skot, og land­bruket forhand­lar med ener­giver­ka om å levere korn til energipro­duk­sjon. Den første trailar­las­ta hadde vi sendt av garde 5. desem­ber, og dei kom tilbake like før det blei unntak­stil­stand i Polen.

Sovjetisk intervensjon?

Eg var med den andre trailaren frå Aust-Agder til Szcecin heilt nord­vest i Polen. Tor Bor­gen, Eivind og Olav Brat­te­land og eg reiste 2. juledag 1981 med to traila­rar. Vi reiste midt i unntak­stil­standen, i håp om at det ville vere role­gare i sjølve jule­høgti­da. Men mens vi var av garde hadde Agder­posten to typer opp­slag om Polen, ofte på førstesi­da. Den eine typen opp­slag var å føl­gje ”eks­pedis­jo­nen” vår frå dag til dag, dei andre opp­sla­ga hadde over­skrifter som ”Mil­itærstyrk­er på kjøt­t­jakt”, ”-Faren for en direk­te sov­jetisk inter­ven­sjon kan der­for være større nå , sier USAs uten­riksmin­is­ter”, ”Utren­skninger er i full gang i Polen”, ”1100 streik­ende gru­vear­bei­dere innestengt i gru­vene” og ”Harde fengsel­straf­fer for medlem­mer av Solidaritet”. 

Vi var spente. Ville vi kome inn i Polen, eller var lan­det heilt stengt? I traila­rane hadde vi, for å sitere Agder­posten 28. desem­ber 1981: ”Flere tusen peni­cillintablet­ter og vit­a­m­in­piller, flere hun­dre sprøyter og operasjon­shansker, flere tusen ster­ilis­erte ban­das­jer. Av mat­var­er 2 tonn mar­garin, 800 kg tør­rmelk, 400 kg buljong, 50 kg her­metisk makrell, 50 kass­er her­metisk kjøtt og 30 kass­er lev­er­postei. Det er også fun­net plass til 20 000 fyrstikkesker, 5000 sun­light­såper, 3000 tuber tannkrem, 5000 pakker vaskepul­ver og 5000 toalettsåper.” Resten av las­ta var klær, sam­la inn av mange omsorgs­fulle men­neske i heile Aust-Agder. Heile las­ta var på 35 tonn.

Ambas­sadøren spurte diskret om vi kunne ta med pakker til fam­i­lien hans

Under­vegs blei førarhuset nær­mast ende­vendt av tol­larar, det var stadi­ge tungt væp­na kon­troll­postar langs veg­en til Szcecin. Men vi fekk lov til å køyre både til ei kyrk­je i byde­len Pogod og ein barne­heim. Der tømte vi alt vi hadde i traila­rane saman med folk som arbei­d­de i kyrk­ja og i barne­heimen. Mat­lageret i barne­heimen var eit rom med ein del gamal her­metikk hist og her og elles tomme hyller. Vi lem­pa inn kass­er med mat, og vi hadde også hatt såpass omtanke at vi hadde fått byt­ta ut noen kass­er med tran­flasker med tilsvarande mengder Sana­sol. Vi trur ungane sette pris på det byttet. 

Tol­larane og poli­ti­et i Swinou­j­scie ville nek­te meg å fotografere, men vi blei til slutt samde om at eg kunne få ta inntil 14 bilde og berre vise dei fram i luk­ka møte i Polens ven­ner. Eg tok mange fleire bilde. Eg gøymte fil­mane i under­buk­sa og gjekk til tol­laren ved utreise og viste fram fotoap­pa­ratet der tel­laren viste at eg hadde tatt 14 bilde på turen. Han lot som han trud­de på meg.

Meir enn 20 traila­rar blei sendt her frå fylket mel­lom desem­ber 1981 og to-tre år framover. Den polske ambas­sadøren spurte diskret om vi kunne ta med pakker til fam­i­lien hans: ”Også dei manglar mat og klede”, sa ambas­sadøren til meg. Fleire polske fly­k­t­ningar kom hit og busette seg her.

Det frie og demokratiske Polen

Nå har eg vore tilbake i Polen. Eg har sett Gdan­sk, Gdy­nia og Sopot (der Putin og Merkel i sep­tem­ber mintest starten på andre verd­skri­gen, og Lil­le­gaards Trad Band og Inger Marie Gun­der­sen har hatt kon­ser­tar nyleg). Dette området fekk fleire trailar­laster frå Aust-Agder i 1982. Nå møtte vi velfylte butikkar med stort vareut­val, nyrestau­r­erte og nybygde hus, inter­nasjonale butikkjed­er, eit fan­tastisk bade­land, museer, fleire mon­u­ment til minne om kam­p­en mot kom­mu­nis­men, bokhand­lar, film- og plate­bu­tikkar som fritt kan formi­dle det frie ordet og den frie musikken. Dei gam­le helse­far­lege grå blokkene med gjen­nomtrekk og fukt er/blir erstat­ta med nye bygg med vari­asjon i far­gar, høgder og takvin­klar. Det his­toriske bysen­teret i Gdan­sk er gjen­reist etter at 90% av det var bom­ba like ille som Dres­den. Visst er det prob­lem i Polen i dag også. Men det er Polen — ikkje Norge — som har sett seg råd til å hjelpe Island med støtte og lån i desse finanskrisetider. 

2. verd­skrig star­ta ved tysk angrep på Gdan­sk. Den avg­jerande starten for kam­p­en for eit fritt sam­funn utan kom­mu­nisme og Berlin­mur star­ta i og ved Lenin­verftet. Der kan vi nå sjå min­nes­merke og utstill­ingar, og også kunne glede oss over at Lech Wale­sa seier at Nobel­prisen i 1983 var heilt avg­jerande for at Sol­i­daritet mak­ta å stå løpet ut. 9. novem­ber var det 20 år sidan Berlin­muren fall. Det er grunn til å sende ein sær­leg takk til polakkane.

TEMA

P

olen

3 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen