Sensur og subsidiar i trykkefridomens grenseland

Historia om kong Carl Johans pressepolitikk syner fram trykkefridomens grenser i unionstidas Noreg.

To hun­dre år etter 1814 er trykke­fridomen og infor­masjons­fridomen trygt innbakt i kon­sti­tusjo­nen, og press­es­tøt­ta fun­ger­er som eit sikringsnett for ei fri og dif­fer­en­siert presse. Stat­en skal vere pres­sas støtte­spelar, men på ei arm­lengds avs­tand: Støt­ta må byg­g­jast på reint objek­tive forhold, og skal ikkje fram­stå favoriserande eller diskriminerande.

Det vak­te difor ei viss opp­sikt då Fram­stegspar­ti­ets Ib Thom­sen i fjor haust varsla kutt i press­es­tøt­ta, og deretter kom med ei trugsmål­s­lik­nande spå­dom om Dagsavisens dys­tre framtid: Dei “bør skjelve i buk­sene”.

Sannsyn­legvis ville Thom­sens utspel pas­sa betre inn i 1800-talets medie­of­fentlegheit og i debat­tane om por­to­mod­erasjo­nen. Press­es­tøt­tas tidle­gaste for­lø­par utvikla seg nem­leg til å verte eit tre­ff­sikkert poli­tisk vapen, og dei norske avis­makarane skalv utvil­samt i buksene.

«Uden Portomoderation kan neppe Aviis i Norge bestaae»

Sjølv om 1969 van­legvis blir rek­na som start­punk­tet for den norske press­es­tøt­ta, har norske avis­er og tidsskrift i realiteten mot­teke særeigen og livsvik­tig statsstøtte heilt sidan den såkalla por­to­mod­erasjo­nen opp­sto ved lov i 1796.

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Karl Johan som kro­n­prins. Malt i 1811 av Fran­cois Gerard.

Med denne nye ord­ninga kunne ein sende avis­er og tidsskrift med kraftig reduserte eller ingen por­tokost­nadar, fram­for å sende dei i posten som brev. Rabat­tord­ninga blei utover 1820-åra nyt­ta sær­leg aktivt av kong Carl Johan, som delte den ut til kvar enkelt redak­sjon «inntil vidare». Såleis ver­ka den både som eit føre­byg­g­jande og eit sanksjonerande mid­del: For å opp­nå por­to­mod­erasjon måtte utg­je­varane oppar­bei­de ei viss grad av tillit og velvil­je hos kon­gen, og der­som tilliten forsvann, vart den økonomiske straf­fa hard å overleve.

«Thi uden Por­to­mod­er­a­tion kan neppe Avi­is i Norge bestaae.» Det var kon­klusjo­nen til redak­tør Soelvold i oppo­sisjon­sav­isa Stats­borg­eren etter at den blei fråteken sin por­to­mod­erasjon i 1834. Årsa­ka var enkel: Stats­borg­eren hadde gjort seg skuldig i å prente «løg­nak­tige» og «fornærmelige» pås­tan­dar i to smededikt om finans­min­is­ter Jonas Col­lett. Om pås­tan­dane ikkje var fornærmelege, var dei utvil­samt kon­fron­terande: Dik­tets hov­ud­per­son blei skul­da i å «råde under­gang», og demor­alis­ere folket ved «skjendig pral». Før han «skal vor fri­het søn­derknuge», opp­mo­da for­fattaren til å jage hans slekt ut av lan­det («Af Lan­det jage vi hans Æt»). I avs­lut­ninga blir det stilt eit høgst retorisk spørsmål: «Hvad Nytte har vel C‑let gjort For Stat­en i det hele? Mon andet ædelt, Godt og Stort, End egen Kage mælet.»

Avisen Statsborgeren med Collett-diktet på førstesiden. Klikk på bildet for å laste ned hele avisutgaven i pdf.

Avisen Stats­borg­eren med Col­lett-dik­tet på førstes­i­den. Klikk på bildet for å laste ned hele avi­sut­gaven i pdf.

Stats­borg­eren, som var blant lan­dets mest oppo­sisjonelle røys­ter, mista ikkje por­to­mod­erasjo­nen utan kamp. Avisa tryk­ka fleire innsendte brev (som sannsyn­legvis var for­fat­ta av redak­tør Soelvold sjølv), kor den såkalla despo­tiske reg­jeringa vart skul­da i å spøke med kon­sti­tusjo­nens hov­ud­prin­sipp: «Saav­el den norske, som svenske Reg­jer­ing have i den senere Tid taget saa alvorlige Forhold­sre­gler mod Tryke­fri­he­den, at man næsten kunde fristes til at troe, de have svoret den Undergang».

Systemkritikk under press

I det famøse dik­tet (pdf) blei Jonas Col­lett rett nok ikkje nam­n­gitt, men vart der­i­mot omta­la ved den lite kryp­tiske omskrivin­ga «C‑let». Slike grep var ikkje uvan­lege i dåti­das avis­er og nyheits­blad, og skulle nok verke som ei sikring mot kon­ge­leg unåde og retts­leg tiltale. Stats­borg­eren gjekk langt i å nek­te for at denne C‑let var iden­tisk med stat­sråd Col­lett. På trykk hev­da ein at «Ingen, uden den meest vilka­arlige For­tolkn­ing» kan fork­lare at finans­min­is­teren var dik­tets hovudperson.

Kon­gens aksjon mot Stats­borg­eren viste likev­el at satiren og den indi­rek­te sys­temkri­tikken var under sterkt press. Når kri­tikaren ikkje lenger kunne gøyme seg bak omskrivin­gar, alle­go­ri­ar og ironi, blei det umog­leg å legge sine ord på vek­t­skåla utan at rab­u­lis­ten ga dei ei ny mein­ing, hev­da Soelvold: «…naar det til Exem­pel skulde falde Nogen ind at tale om Reg­jerin­gens dybe Ind­sigter og mageløse Viis­dom, med mere Godt, som en Reg­jer­ing bør være i Besid­delse af, saa kunde det jo blive udty­det til Spot». Til og med ros og smiger kunne føre til poli­tisk forfølging!

1821: Trykkefridomens «nesten-død»

Norsk offent­lighets historie

  • Fritt Ord løy­va i vår 1,5 mil­lionar kro­ner til bokpros­jek­tet Norsk offent­lighets historie.
  • Ini­tia­tiv­takarane er ei gruppe forskarar ved Insti­tutt for infor­masjons- og medieviten­skap, UiB, med pro­fes­sor Jostein Grip­srud som leiar.
  • Målet for pros­jek­tet er eit stort og rikt illus­tert bokverk, med plan­lagt pub­lis­er­ing i utgan­gen av 2016.
  • Arbei­det vil bli formid­la under­vegs i form av artik­lar og blog­ginn­legg på Vox Publica.

Fire år etter union­sav­tal­en med Sverige i 1814, fores­lo kong Carl Johan eit til­legg til rik­sak­ta som i prak­sis ville innskrenke trykke­fridomen: Alle prenta ytringar som enten direk­te eller indi­rek­te fornær­ma unio­nen og broder­folket, skulle kunne straf­fast med fengsel. Dette uavhengig av om fornær­min­ga var «iklædte i Fortællinger, Fabler og over­hovedet i Alle­gori­er». For­fattaren eller utgi­varen av slike verk skulle også for all tid tape ret­ten til å utg­je offentlege publikasjonar.

Først i 1821 blei saka tatt opp i Stortinget, og ein gjekk ein­stem­mig mot propo­sisjo­nen. Frå talarstolen blei det hev­da at for­mu­leringa «indi­rek­te» ville gi anled­ning til svært vage og vilkårlige for­tolkingar, og at forslaget ville «tilin­tet­gjøre det i Grundlovens §. 100 givne Bud, “at Trykke­fri­het bør finde sted”, og saaledes gjøre en Foran­dring i Grundloven, der stod i Strid med et af dens Principer».

Carl Johan oper­erte utvil­samt i ei grå­sone. Sjølv om Stortinget ver­na om trykke­fridomens opphavlege form, kunne para­grafen juridisk sett ikkje hin­dre Carl Johans makt over avisenes lev­evilkår. I prin­sip­pet var mod­erasjon­sor­d­ninga ei økonomisk godt­g­jer­sle, og utgjorde i seg sjølv ikkje noko eksplisitt for­bod av mak­tkri­tiske og andre skadelege ytringar.

På veg mot ein stortingsregulert portomoderasjon

At por­to­mod­erasjo­nen likev­el utgjorde eit brot på trykke­fridomen i prak­sis, var der­i­mot kon­sen­sus i dei oppo­sisjonelle pressekret­sane. Redak­tør for avisa Patroullen, Lud­vig Mari­boe, var blant dei mest markante stemmene i saka. Sjølv fekk han avs­lag på sin søk­nad om mod­erasjon i 1824, og karak­teris­erte ord­ninga som eit reint sensurmiddel.

Ludvig Mariboe (1781-1841), avisredaktør.

Lud­vig Mari­boe (1781–1841), avisredaktør.

Patroullen har i etter­tid blitt omta­la som det grundi­gaste oppo­sisjon­sor­ganet i Noreg før 1830, og det er enkelt å skjøne at avisa kunne vur­derast som ei fare for stat­sap­pa­ratet. Bladets tit­tel spelte net­topp på avisas rolle som eit patrul­jerande og granskande organ, og gjorde seg anerk­jend gjen­nom sine detal­jerte og kri­tiske refer­at frå stort­ings­forhan­dlin­gane. Finans­de­parte­mentet, som hand­sama Mari­boes søk­nad om por­to­mod­erasjon, grun­na avs­laget i avisas «upassende Ytringer og Personaliteter».

I 1827 fores­lo Mari­boe ein lovbestemt og stort­ingsreg­ulert avis­porto som skulle likestille alle avis­er og blad, fram­for at den utø­vande makt delte ut mod­erasjo­nen enkeltvis. Først i 1837 blei lova om stort­ingsreg­ulert por­to ved­tatt, og kon­gen mista sitt høve til å indi­rek­te dri­ve sen­sur av oppo­sisjonelle og kri­tiske ytringar. Den norske grunnlo­va av 1814 stad­fes­ta i sin opphavlege hun­drede para­graf at «trykke­fridom bør finde sted» og at «Frimodi­ge Yttringer om Statsstyrelsen og hvilken­somhelst anden Gjen­stand ere Enhver tilladte». Det tok dermed lang tid før slike ide­al blei hand­sama i praksis.

Opportunisten Niels Wulfsberg

Forhold­et mel­lom konge­makt og presse var ikkje berre pre­ga av oppo­sisjon og fiend­skap. Niels Wulfs­berg, som i etter­ti­da står fram som vår første store avis­pi­oner, bygde langt på veg sin kar­riere på kon­gelege alliansar og tenestebyter.

I førs­teut­gåve av avisa Tiden 28. jan­u­ar 1808 (pdf) prenta Wulfs­berg det første av mange hyllingsvers til danskeprin­sen og stattholdaren Chris­t­ian Fred­erik. Tiden, som var lan­dets første eigentlege nyheit­savis, lova i si pro­gramerk­læring «At drage frem for Lyset man­gen nyt­tig Idee, der elles blev skjult i Mør­ket; at forøge den inden­landske Com­mu­ni­ca­tion til Landsmænds Nytte». Slik skulle ein også han­dle overe­ins med «deres Kongl. Høi­heds Ønsker, Deres gode Vil­lie». Den svært så aud­mjuke og under­danige støt­teerk­læringa hadde sannsyn­legvis saman­heng med prin­sens økonomiske ytin­gar, som etter kvart viste seg å bli ein vik­tig føre­set­nad for at avisa i det heile kunne overleve.

Førsteutgaven av avisen Tiden fra 28. januar 1808. Klikk på bildet for å laste ned hele utgaven som pdf.

Førs­teut­gaven av avisen Tiden fra 28. jan­u­ar 1808. Klikk på bildet for å laste ned hele utgaven som pdf.

Chris­t­ian Fred­erik fekk sjølvsagt val­u­ta for pen­gane, og Tiden utvikla seg til å bli hans off­isielle organ. Den nære koplin­ga mel­lom Wulfs­berg og det danske konge­huset er kan­skje på sitt mest påfal­lande i det sterkt poli­tisk far­ga ekstranum­meret etter Kiel-trak­tat­en i 1814. Utgå­va var tin­ga av kro­n­prin­sen sjølv, og Tiden kunne som første offentlege organ melde om fred i Nor­den. «Om Fredsvilka­arene kan Udgiv­eren Intet til­føie, da han ikke kjen­der dem», skreiv Wulfs­berg. Det gjorde der­i­mot Chris­t­ian Fred­erik, som bevisst hadde heldt tilbake infor­masjo­nen om at Noreg var avstått til Sverige. I til­legg redi­gerte han bort Wulfs­bergs aller mest entu­si­astiske for­mu­leringar om (den påståtte) fre­den, tru­leg i eit forsøk på å dempe folkets forventningar.

1814 blei eit merkeår i Wulfs­bergs flek­si­ble kar­riere som avisen­tre­prenør. Frå først å føre eit hyl­lande forsvar av norsk sjølvs­tende og grunnlovskon­gen Chris­t­ian Fred­erik i Tiden, snud­de han raskt kap­pa etter vin­den då union­sav­tal­en med Sverige vart under­teik­na. Dette kom til syne ved etab­leringa av Den Norske Rigsti­dende (nam­neen­dringa kom på ini­tia­tiv frå dåverande kro­n­prins Carl Johan, då nam­net vis­st­nok var meir sven­skven­leg enn Tiden). Etter kort tid fekk Wulfs­berg einerett til å pub­lis­ere reg­jeringas kun­ng­jeringar, og bladet blei raskt eit infor­masjon­sor­gan med ein endå meir off­isiell stil enn forgjen­garen. I tida etter union­sav­tal­en var Rigsti­dende fak­tisk lan­dets einaste ikkje-oppo­sisjonelle avis – og Wulfs­berg mot­tok «Naades­be­vi­is­ninger og Grat­i­fi­ca­tion­er» frå Carl Johan gjen­nom heile sitt verke i bladet.

Skjebnene

Stortingets ved­tak om ein lovbestemt por­to­mod­erasjon var ikkje til hjelp for Stats­borg­eren og avisas aktørar. Utg­je­var Ped­er Soelvold gav seg i avisa året etter prentin­ga av Col­lett-dik­ta, og sat seinare ein kort peri­ode i fengsel. Ti år etter, i 1845, vart han observert i Chris­tia­nias gater; fat­tig, hus­laus og forkom­men. Han vart over­lat­en til Aker­shus fat­tigvesen, og døy­dde av kold­brann to år seinare.

Stort betre gjekk det ikkje med for­fattaren bak smededik­tet. Jens Johan Van­gen­steen, som raskt tok på seg ans­varet, blei stilt for ret­ten og dømt til tuk­thus for ytringane. I etter­tid omgjorde stiftover­ret­ta ved­taket, då det viste seg at for­fattaren i realiteten var løyt­nant Jens Hen­rik von Hadeln. Då Van­gen­steen blei fri­fun­nen, var han allereie død.

Trass i ei forhis­to­rie fylt med stat­leg kon­troll og sen­sur – ofte i sterk kon­trast til kon­sti­tusjo­nens ide­al om trykke­fridom – kan forteljin­ga om union­sti­das presse­poli­tikk til­by ei vik­tig påmin­ning: Press­es­tøt­ta har eksis­tert heilt sidan avisenes barn­dom­sår, og vår presse har til alle tider vore avhengig av statlege sub­sidiar for å overleve.

Kjelder

De Norske Rigsti­dende, årgang 1814.
Eide, Mar­tin (red) (2010): Norsk press­es his­to­rie 1660–2010, bind 1
Johan­nessen, Finn Erhard (1997): Alltid under­veis: Postver­kets his­to­rie gjen­nom 350 år
Patroullen, årgang 1825.
Stats­borg­eren, årgang 1834.
Store Norske Lek­sikon (net­tut­gåve)
Stort­ings­forhan­dlinger, 1818
Stort­ings­forhan­dlinger, 1969
Tiden, årgang 1813 og 1814

TEMA

O

ffentli
ghet

91 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen