Svekka europeisk vern for rasistiske og hatefulle ytringar

I avvisinga av ein klage frå komikaren Dieudonné M'Bala M'Bala held Den europeiske menneskerettsdomstolen fast på at fornektingar av Holocaust ikkje er verna av ytringsfridommen i EMK artikkel 10. Avgjerda inneber også i realiteten ei svekking av det folkerettslege vernet til rasistiske og hatefulle ytringar.

Den franske komikaren Dieudon­né M’Bala M’Bala vart i okto­ber 2009 dømt til å betale ei bot på 10 000 euro, eller om lag 100 000 norske kro­ner, for å ha brote ei føre­segn i fran­sk lovg­jev­ing som gjer det straff­bart å fram­sette krenkande eller fornær­mande ytringar ret­ta mot per­son­ar eller grup­per av per­son­ar på grunn av deira rase, religiøse over­ty­d­ing, eller nasjon­alt eller etnisk opphav. Den omstrid­de hendin­ga skjed­de i sam­band med eit under­hald­ningsshow i Paris i desem­ber 2008.

Mot slut­ten av dette showet hadde M’Bala M’Bala invitert den kjente Holo­caust-fornek­taren Robert Fau­ris­son opp på sce­na for å tildele han ei utmerk­ing (“a prize for unfre­quentabil­i­ty and inso­lence”). Prisen, som bestod av ein trear­ma lyses­take med eit eple fes­ta på kvar av dei tre armane, vart utdelt av ein skode­spelar som var iført ein stripete pyja­mas. På pyja­masen var det fes­ta ei gul stjerne med ordet jøde (“Jew”) påskrive, og det er ikkje tvil­samt at skode­spelaren skulle gestalte rol­la som jødisk deportert i dette opptrinnet.

M’Bala M’Bala meinte at straffe­dom­men frå dei franske dom­stolane var ufor­eine­leg med ver­net av ytrings­fridom­men i den europeiske men­neskerettskon­ven­sjo­nen (EMK) artikkel 10, og han kla­ga den franske stat­en inn for Den europeiske men­neskeretts­dom­stolen i Stras­bourg (EMD) med pås­tand om at EMK artikkel 10 var krenka. 

I ei avvis­ningsavg­jerd av 20. okto­ber 2015 (pressemeld­ing) kom EMD til at dei omstrid­de ytringane ikkje var omfat­ta av ver­net i EMK artikkel 10, og denne avg­jer­da er heilt på lin­je med tidle­gare prak­sis frå EMD i sak­er der nasjonale dom­sto­lar har dom­felt for lik­nande ytringar.

Krenkande ytringar har også eit konvensjonsvern

Men­neskeretts­dom­stolen i Stras­bourg har opp gjen­nom åra utvikla eit sterkt vern av ytrings­fridom­men. Allereie i dom­men Handy­side mot Storbri­tan­nia frå desem­ber 1976 slo EMD fast at ver­net av ytrings­fridom­men i EMK artikkel 10 ikkje berre omfat­tar infor­masjon og idear som er “favourably received or regard­ed as inof­fen­sive or as a mat­ter of indif­fer­ence, but also to those that offend, shock or dis­turb the State or any sec­tor of the pop­u­la­tion” (avs­nitt 49 i dommen). 

Dette utgangspunk­tet blir regelmes­sig framhe­va av EMD i sak­er som gjeld inngrep i ytrings­fridom­men, og det fram­står som nok­så sjølvsagt for dei fleste: Det er dei krenkande og omstrid­de ytringane som først og fremst treng eit men­neskeretts­leg vern. Det er likev­el ikkje slik at ver­net av ytrings­fridom­men er utan grenser, og i prak­sis frå EMD ser ein at desse grensene er utvikla med grunnlag i to prin­sip­ielt sett svært ulike tilnærmingsmåtar.

I dei aller fleste klage­sak­ene under EMK artikkel 10 har EMD fast­lagt grensene for ver­net av ytrings­fridom­men med utgangspunkt i ei tolk­ing av uttrykket “nec­es­sary in a demo­c­ra­t­ic soci­ety” i EMK artikkel 10 nr. 2. Dette er eitt av tre vilkår som må vere opp­fylt for at inngrepet i ytrings­fridom­men ikkje skal vere ei krenk­ing av kon­ven­sjo­nen. Dei to øvrige vilkåra – at inngrepet må ha eit tilstrekke­leg grunnlag i nasjon­al rett, og at inngrepet må vere eigna til å verne ei eller fleire av dei inter­essene som er opprek­na i EMK artikkel 10 nr. 2 – er av min­dre inter­esse i denne samanhengen.

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Foto: Dominic Doylecb

Den europeiske men­neskeretts­dom­stolen i Strasbourg.

Vur­deringa av om det er naudsynt i eit demokratisk sam­funn å gripe inn mot dei omstrid­de ytringane, er nok­så samansett, og den sam­la prak­sisen frå EMD gjer nok­så sikre haldepunkt for kva moment som er rel­e­vante å vek­t­legge i denne vur­deringa. Likev­el kan utfal­l­et i den enkelte sak vere usikkert; dei rel­e­vante momen­ta kan trekke i ulike ret­ningar. Nyare prak­sis frå EMD kan tyde på at den inter­nasjonale kon­trollen med nasjonale dom­sto­lar er i endring: Ein ser stadig fleire eksem­pel på at EMD nøy­er seg med å vur­dere om nasjonale dom­sto­lar har vur­dert dei rel­e­vante momen­ta, men over­let til nasjonale dom­sto­lar å trekke den endelege kon­klusjo­nen om det er for­eine­leg med kon­ven­sjonsver­net å gripe inn mot ytringane. 

Sagt med andre ord: EMD over­let i større grad til nasjonale dom­sto­lar å bruke den kon­ven­sjon­srettslege rege­len på det fak­tum som er funne bevist. Etter mitt syn er dette i all hov­ud­sak ei pos­i­tiv utvikling. 

Nærmare om yttergrensene for vernet av ytringsfridommen

For nokre kat­e­go­ri­ar av ytringar er situ­asjo­nen der­i­mot grunn­leg­gande annleis. Det er gjerne i desse sak­ene ein klarast ser at ytrings­fridom­men i EMK artikkel 10 har visse abso­lutte grenser. Det er i første rekke ytringar som fornek­tar Holo­caust som ikkje er omfat­ta av ver­net i EMK artikkel 10 nr. 1, og at slike ytringar står i ei særstill­ing i Europa, har sine open­berre his­toriske grunnar.

Hate­fulle ytringer i Norge
Les også: Rett til ikke å bli kren­ket?. Om den norske reg­jerin­gens arbeid mot hate­fulle ytringer og norsk rettstilstand.

Stand­punk­tet kom klart fram allereie i avvis­ningsavg­jer­da Garaudy mot Frankrike frå juni 2003. Roger Garaudy, ein fran­sk filosof og for­fat­tar, og tidle­gare poli­tikar, pub­lis­erte i 1995 boka “The Found­ing Myths of Israeli Pol­i­tics”, og i kjøl­vat­net av dette vart han i fleire rettspros­es­sar for franske dom­sto­lar dømt til betinga fengsel og bøtes­traf­fer for utseg­n­er i boka som dels vart tol­ka som fornek­tin­gar av Holo­caust, og dels som rasis­tiske ytringar og ytringar som opp­for­dra til rasis­tisk og religiøst motivert hat og vald. 

Garaudy meinte at straffe­sanksjo­nane innebar ei krenk­ing av ver­net av ytrings­fridom­men i EMK artikkel 10, og han kla­ga saka inn for dom­stolen i Stras­bourg, men her møtte han langt på veg stengte dør­er. EMD såg det slik at Garaudy i boka stilte spørsmål ved realiteten i, og omfanget av, jødeu­try­d­din­gane under andre verd­skri­gen. Han fornek­ta sys­tem­a­tisk brotsver­ka mot men­neskeslek­ta som nazi-regimet gjen­nom­førte mot det jødiske folket. Dom­stolen pei­ka vidare på at ytringar som dette under­grev dei ver­diane som kam­p­en mot rasisme og anti-semi­t­tisme er bygd på, og at dei rep­re­sen­ter­er ein alvor­leg trugsel mot offent­leg ro og orden. Ytringane er ufor­einelege med demokrati og men­neskerettar for­di dei tek sik­te på å krenke andres men­neskerettar, og då føl­gjer det av mis­bruks­føre­seg­na i EMK artikkel 17 at dei som ytrar seg på denne måten, heller ikkje sjølv kan påberope seg men­neskerettsver­net som ligg i kon­ven­sjo­nen. EMD avviste denne delen av kla­gen på denne måten:

“Accord­ing­ly, the Court con­sid­ers that, in accor­dance with Arti­cle 17 of the Con­ven­tion, the appli­cant can­not rely on the pro­vi­sions of Arti­cle 10 of the Con­ven­tion regard­ing his con­vic­tion for deny­ing crimes against human­i­ty. It fol­lows that this part of the com­plaint is incom­pat­i­ble ratione mate­ri­ae with the pro­vi­sions of the Con­ven­tion ” (s. 23–24 i avgjerda) 

Kon­sekvensen av denne tilnær­m­ingsmåten var at EMD ikkje trengte å vur­dere om dei nasjonale straffe­sanksjo­nane opp­fylte dei tre inngrepsvilkåra som er ned­felt i EMK artikkel 10 nr. 2: lovskravet, kravet om legit­imt føremål, og kravet om at inngrepet må fram­stå som naudsynt i eit demokratisk samfunn. 

Ein vik­tig kon­sekvens av at ytringane ikkje er omfat­ta av EMK artikkel 10 nr. 1, er at nasjonale dom­sto­lar ikkje er bundne av kravet i EMK artikkel 10 nr. 2 om at inngrepet må vere forholdsmes­sig. Med andre ord: EMD vil ikkje vur­dere om dei idømte straffe­sanksjo­nane er for strenge. Her står nasjonale dom­sto­lar fritt, sjølvsagt med dei begrensin­gar som føl­gjer av nasjon­al straffelovgjeving. 

Når det så gjaldt dei øvrige ytringane som Garaudy var dom­felt for i franske dom­sto­lar, kom EMD under sterk tvil til at desse var omfat­ta av ver­net i EMK artikkel 10 nr. 1, men at det var naudsynt i eit demokratisk sam­funn å straffe­sanksjonere desse ytringane. Heller ikkje for denne delen av kla­gen fekk alt­så Garaudy med­hald i Stras­bourg. Nokre nyare avvis­ningsavg­jerder kan også tyde på at ytringar som gjer uttrykk for etnisk og religiøst hat kan utelukkast heilt frå ver­net i EMK artikkel 10 nr. 1 på grunn av dei omsy­na som ligg til grunn for mis­bruks­føre­seg­na i EMK artikkel 17, men eg går ikkje nær­mare inn på desse her.

Dieudonné M’Bala M’Bala: Ei viktig rettsavklaring

Avvis­ningsavg­jer­da i Dieudon­né M’Bala M’Bala mot Frankrike frå okto­ber i fjor føy­er seg fint inn i det argu­men­tasjon­s­møn­steret som låg til grunn for avvis­ninga av kla­gen frå Roger Garaudy i 2003, og som EMD har prak­tis­ert også i seinare avg­jerder. Dom­marane i Stras­bourg kom til at det aktuelle opp­trin­net i showet til M’Bala M’Bala var klart revisjon­is­tisk og anti-semi­t­tisk, og at ytringane alt­så ikkje i det heile teke hadde eit kon­ven­sjon­sretts­leg vern. Slikt sett til­før­er avg­jer­da lite nytt til den rettstil­standen eg har gjort greie for ovanfor.

Dieudonné M'Bala M'Bala i 2007.
Foto: Alexan­dre Her­vaudcbna

Dieudon­né M’Bala M’Bala i 2007.

På eitt punkt er denne avg­jer­da likev­el avk­larande, sjølv om ein skal vere varsam med å legge alt­for stor vekt på det som kan utleiast av ei avvis­ningsavg­jerd: M’Bala M’Bala påberopte seg nem­leg ver­net for kun­st­nar­leg fridom, både for franske dom­sto­lar og for EMD, men utan å bli høyrt med dette. Franske dom­sto­lar såg det slik at showet til M’Bala M’Bala endra karak­ter til å bli eit poli­tisk møte då Robert Fau­ris­son vart invitert opp på sce­na. EMD slut­ta seg til dette. Elles pei­ka dom­stolen på at dei tidle­gare sak­ene der ytringar hadde vorte uteluk­ka frå det kon­ven­sjon­srettslege ver­net i EMK artikkel 10 nr. 1 med tilvis­ing til mis­bruks­føre­seg­na i EMK artikkel 17, hadde knyt­ta seg til ytringar der det revisjon­is­tiske innhaldet hadde kome eksplisitt til uttrykk. Den omstrid­de delen av showet til M’Bala M’Bala hadde ikkje eit eksplisitt revisjon­is­tisk innhald. At ytringane ga uttrykk for hat og anti-semi­t­tisme bygde der­i­mot på ei tolk­ing av dei ulike ele­men­ta i opp­trin­net, nem­leg at eit offer for jød­ede­por­tasjo­nane under andre verd­skri­gen hei­dra ein av dei mest kjente Holo­caust-fornek­tarane i Frankrike med å tildele han ein pris.

Denne avvis­ningsavg­jer­da kan difor vanske­leg tolka­st på anna vis enn at EMD ikkje finn grunn til å opp­stille eit krav om at det revisjon­is­tiske bud­skapet eller fornek­tin­ga av Holo­caust eksplisitt må kome til uttrykk for at ytringane kan utelukkast frå det kon­ven­sjon­srettslege ver­net med tilvis­ing til mis­bruks­føre­seg­na i EMK artikkel 17. Legg ein dette til grunn som eit tolk­ing­sprin­sipp i sak­er der spørsmålet er om ytringar heilt skal utelukkast frå ver­net i EMK artikkel 10 nr. 1, må det same tolk­ing­sprin­sip­pet etter mitt syn også gjelde i sak­er om andre for­mer for rasis­tiske og hate­fulle ytringar. Også i desse sak­ene må det vere rom for ei tolk­ing av ytringane, og det må vere gre­itt at tolk­ingsre­sul­tatet går ut over det som eksplisitt føl­gjer av ord­ly­den i dei omstrid­de ytringane. 

Etter mitt syn inneber difor denne avg­jer­da i realiteten ei svekking av det folk­erettslege ver­net til rasis­tiske og hate­fulle ytringar. Dei som ønskjer å fram­sette slike ytringar, har med denne avg­jer­da fått tron­gare ram­mer for sin ytringsfridom.

TEMA

H

atefull
e ytrin
ger

7 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen