Tekst-TV — massemediet som alle gløymde

Stygt, utrendy og døyande. Elska av mange, men gløymd av fleire. Trass i at dei vart møtt med både latter og vantru har medieforskarar sett tekst-TV under lupa.

Det er over 40 år sidan den fyrste tekst-TV-ten­es­ta i ver­da vart lansert, og meir enn 30 år sidan Noreg fekk det fyrste verke­leg store dig­i­tale masseme­di­et. Mil­lionar bruk­te tekst-TV, likev­el ser det ut til at dei fleste har gløymd det i dag.

Tekst-TV har vore ein del av euro­pear­ars kvardagsliv i over før­ti år. Trass i at medi­et i peri­o­dar hadde like høge lesar­tal som dei største papi­ravisene, har medieforskarane knapt bry­dd seg om medi­et. Men i feb­ru­ar kom boka Tele­text in Europe – from the Ana­log to the Dig­i­tal Era ut. Boka gjer, gjen­nom 15 ulike artik­lar, ein vit­skape­leg intro­duk­sjon til tekst-TV. Tek­stane er redi­gert av Hal­l­vard Moe og Hilde Van den Bul­ck, som høvesvis forskar på media ved Uni­ver­sitetet i Bergen og Uni­ver­sitetet i Antwerpen.

I NRK går det fortsatt gjetord om den gangen Dagsrevyen ringde politiet for oppdaterte ulukkestal, og vakthavande oppgav tala han fann på Tekst-TV.

I NRK går det fort­satt gje­tord om den gan­gen Dagsrevyen ringde poli­ti­et for opp­daterte ulukkestal, og vak­tha­vande opp­gav tala han fann på Tekst-TV.

Tele­text in Europe er ein god­bit til medi­ener­dar som likar å mim­re. Ho er òg ei nyt­tig opp­sum­mer­ing av opp- og ned­turen til det fyrste dig­i­tale masseme­di­et vårt. Likev­el, som tidli­gare redak­tør i NRK Tekst-TV, og med ein stor porsjon god­hug for medi­et, opplever eg at boka ikkje doku­menter­er heile his­to­ria til tekst-TV i Europa. Til det er ho for pre­ga av at redak­tørane har slitt med å finne forskarar som hadde lyst til å bidra. Dette har for­fat­tarane reflek­tert over sjølv, i innlei­ingskapit­let. Her skriv Moe og Van den Bul­ck om kor over­ras­ka dei var då dei byr­ja under­søk­je kva som har vore skrive om tekst-TV tidle­gare. Når dei spurde kol­le­gaer om dette, fekk dei stad­fes­ta ikkje berre at det hadde vore lite inter­esse for det, men også at deira inter­esse for fenomenet blei møtt med vantru og latter.

At Moe og Van den Bul­ck likev­el ikkje vart avskrek­ka av reak­sjo­nane frå kol­le­gar, er eg glad for. Dei har klart å lage ei vik­tig og lærerik sam­ling artik­lar om tekst-TV før medi­et forsvinn ut av historia.

Digitale signal i analog innpakking

Tele­text in Europe er utg­jeve på Nordi­com for­lag, er på 250 sider, og inneheld bidrag frå 15 for­fat­tar med ulik tilnærm­ing til tekst-TV. Den fyrste delen av boka gjev ulike per­spek­tiv på medi­et frå ein vit­skap­leg stås­tad. Redak­tørane forsøk­er å fork­lare kvi­for medieforskarar ikkje har bry­dd seg om tekst-TV, og lanser­er fleire teo­ri­ar: Medi­et var ingeniørstyrt og opp­stod nær­mast til­feldig; det var lite kon­tro­vers kring medi­et; det er nær­mast umog­leg for ein forskar å gjere «opp­tak» av sidene og medi­et er ikkje minst – som redak­tørane med rette peikar på – svært kjedeleg.

Den andre delen av boka gjev pre­sen­tasjonar av tekst-TV i fleire europeiske land: Sveits, Fin­land, Sverige, Island, Noreg, Kroa­t­ia, Italia og Frankrike. Utvalet verkar å vere litt til­feldig, og eg sak­nar kan­skje spe­sielt ein artikkel om Storbri­tan­nia: At tekst-TV vart opp­funne av BBC er rett nok nem­nt fleire stad­er i boka, men dei fyrste store ten­estene Ceefax og Ora­cle (BBC og ITV) hadde for­tent eigne artiklar.

Sjølve opphavet til tekst-TV er så vidt nem­nd i innlei­ingskapit­let, men redak­tørane har ikkje teke sjansen på å ta med ein eigen tekst om kor­leis medi­et opp­stod. Det er litt synd, for det er rel­a­tivt sjel­dan at eit massemedi­um bok­stave­leg talt opp­står i eit hôl.

Tekst-TV-fak­ta
Tekst-TV vart lansert i Storbri­tan­nia i 1974 og i Noreg i 1983.

Tekst-TV i Noreg nådde pop­u­lar­itet­stop­pen så seint som i 2005 – då bruk­te 62 pros­ent av nord­menn NRK Tekst-TV kvar veke.

I dag ligg bruken av Tekst-TV jam­nt med dei største papi­ravisene, rundt 20 pros­ent av folket bruk­er Tekst-TV kvar veke.

Tekst-TV opp­stod nær­mast til­feldig: Då stan­dar­d­en for over­føring av TV-sig­nal vart utfor­ma på 1930-tal­let, var ingeniørane som stod bak stan­dar­d­en urolege for at sig­nala kunne bli så sterke at dei kunne lage hôl i TV-røyra om det ikkje var eit rel­a­tivt langt opphald mel­lom kvart bilete. Etter kvart viste det seg at tom­rom­ma var myk­je større enn dei måtte vere, og ein byr­ja bruke dei til å sende testsig­nal til TV-apparat.

I 1972 oppda­ga BBC at tom­rom­met kunne nyt­tast til å sende tekst direk­te til TV-appa­ratet. Analoge TV-sig­nal blir sendt som eitt og eitt bilde, med eit kort opphald mel­lom kvart bilete. Tekst-TV blir over­ført ved å bruke desse tom­rom­ma i dei van­lege TV-bile­ta. Sig­nala er dig­i­tale, og om ein forstør­rar bile­ta kraftig kan ein sjå tekst-TV som små kvite prikkar i kan­ten av biletet. Det tok to år å utvikle stan­dar­d­en, og i 1974 vart BBCs tekst-TV Ceefax lansert. Den fyrste ver­sjo­nen var veldig enkel: Rein tekst i åtte ulike far­gar. Seinare kom andre ver­sjon av stan­dar­d­en, som opna for enkel grafikk, bok­stavar i dobbel høgd, skjult tekst og nokre få andre funksjonar.

Brutalistisk form

Mi eiga erfar­ing med tekst-TV star­ta i 2009, då eg, nok­så motvil­lig, fekk redak­tørans­var. NRK Tekst-TV ver­ka ikkje akku­rat som ein bran­sje å byg­gje kar­riere i. Men, det tok ikkje veldig lang tid før eg oppda­ga kor fascinerande medi­et er, i sin bru­tal­is­tisk enkle og raske form. Det er det mest avgren­sa medi­et eg nokon sinne har arbei­dd med: Nyheitssak­ene er avgren­sa til 550 teikn, tit­lane maks 39 teikn. Ingres­sane er om lag like lange som ei Twitter-melding.

Tekst-tv har i det siste blitt opna for kunst.

Tekst-tv har i det siste blitt opna for kunst.

Det kan­skje mest under­hal­dande bidraget i Tele­text in Europe er Is It Just Text?, der Raquel Mey­ers skriv om tekst-TV som kun­st. Mey­ers argu­menter­er for at det fyrst er no, når medi­et er i avs­lut­nings­fasen av livet, at det verke­leg blir opna for kun­st. Ho saman­lik­nar tekst-TV med bru­tal­isme i arkitekturen:

Text is used unadorned and rough-cast, like con­crete. Bru­tal­ism has an unfor­tu­nate rep­u­ta­tion of evok­ing a raw dystopia and tele­text evokes an “object of nos­tal­gia” (…). Tele­text and bru­tal­ism has more in com­mon than the raw aspect and unpre­ten­tious hon­esty. Both her­ald­ed a new age, a chang­ing socio-eco­nom­ic soci­ety, and cap­tured the spir­it of their time and contradictions.

“Utopia is on its way”

Fleire av artik­lane i Tele­text in Europe gjev innblikk i his­to­ria bak tekst-TV. Den store rev­o­lusjo­nen medi­et stod for ved inn­føringa på 70-talet er likev­el i liten grad omtalt. Det var utan tvil rev­o­lusjonerande. NRK har eit rel­a­tivt stort arkiv med avisklipp og omtale av tekst-TV-utviklin­ga, nokre av artik­lane er ganske fornøyelege å lese i dag. I 1977 skreiv for eksem­pel mag­a­sinet Radio Times i Storbritannia:

Utopia is on its way. Touch a few but­tons … and your tele­vi­sion screen will throw up, in writ­ten form, the lat­est news, the cur­rent sports score, the most recent weath­er fore­cast, exact­ly when you want it and for as long as it takes you to read it. Ceefax is the name of the sys­tem. So far only a lim­it­ed num­ber of sets can receive it. But soon it will be as com­mon as colour.

Tekst-TV vart raskt pop­ulært, og vart rul­la ut i dei fleste vesteu­ropeiske land på 1970- og 80-talet. I 1983 ved­tok Stortinget at NRK kunne starte sendin­gar, og NRK Tekst-TV vart off­isielt lansert 2. feb­ru­ar 1983.

I løpet av det fyrste året vart Noreg vis­st­nok lan­det i Europa med høgaste tekst-TV-bruk per innbyggjar.

Bruken steig jam­nt utover 80- og 90-talet, og ved årtusen­skiftet hadde NRK Tekst-TV omtrent like mange lesarar som Dag­bladet og Aften­posten. 2005 vart top­påret, då var det like mange som las nyheit­er på NRK Tekst-TV som det var lesarar av papir-VG.

Kjapt, trygt og billig

I Europa har tekst-TV fyrst og fremst vore eit nyheitsmedi­um. Nyheit­sten­estene er omtalt i fleire av lan­dar­tik­lane i Tele­text in Europe, men det manglar ein gjen­nom­gri­pande analyse av nyheitsme­di­et tekst-TV: Hadde «nyheit­er når du vil» innverk­nad på publikum?

Medi­ets frem­ste kjen­nemerke er at det er raskt. Heilt fram til 2012 vart NRK Tekst-TV pub­lis­ert med ter­mi­nalko­dar i eit grens­es­nitt som såg like prim­i­tivt ut som det tekst-TV gjer for lesarane. Men kjapt var det: Det tok omtrent eitt sekund frå pub­lis­er­ing til artik­lane var dyt­ta ut til alle TV-sendarane i heile lan­det. Ein fryd for ein net­tjour­nal­ist som på den tida var vand med lange cache­tider på nettsidene.

I Nor­den, kan­skje i resten av Europa òg, hadde pub­likum enormt høg tiltru til tekst-TV. Ikkje berre pub­likum, for­resten: I NRK går det fort­satt gje­tord om den gan­gen Dagsrevyen ringde poli­ti­et for opp­daterte ulukkestal, og vak­tha­vande opp­gav tala han fann på tekst-TV.

Minimalisme-erotikk og skandalar

Men tekst-TV har ikkje berre blitt brukt til nyheit­er: I 1992 la dei britiske styres­mak­tene ut tele­text-lisensen på ITV og Chan­nel 4 på anbod. Som eit resul­tat av dette vart ITVs pop­ulære Ora­cle-ten­este lagt ned, til store protes­tar frå brukarane. Ten­es­ta vart erstat­ta av Tele­text Ltd, som m.a. lanserte nokre av ver­das fyrste sex- og dat­ingsider på tekst-TV.

Tekst-TV har ikkje berre blitt brukt til nyheiter.

Tekst-TV har ikkje berre blitt brukt til nyheiter.

Frankrike fyl­gde tett etter. Her var tekst-TV sup­plert med Mini­tel, ein slags for­lø­par til inter­nett, men med same grafiske utsjå­nad som tekst-TV. I kapit­let Tele­text and Video­text in France beskriv Lyombe Eko mel­lom anna Mini­tel som «the cra­dle of online sex­u­al cap­i­tal­ism». Han skriv og om kor­leis Mini­tel utvikla «min­i­mal­isme-erotikk». Pornoin­dus­trien viste tydelegvis veg, òg når medi­et var avgren­sa til tekst i åtte fargar:

One of the most notable fea­tures of the his­to­ry of the French Mini­tel video­tex sys­tem is that sec­tions of it were quick­ly trans­formed into spaces of online sex­u­al cap­i­tal­ism known as Mini­tels ros­es. These sex-themed online ser­vices were com­mer­cial enter­pris­es whose stock-in-trade was sex, and sex-themed prod­ucts and ser­vices. (…) Many French entre­pre­neurs made a for­tune on the Mini­tel Rose (which, iron­i­cal­ly they sub­se­quent­ly invest­ed in the up-and-com­ing Internet).

Erotikken forsvann rel­a­tivt kjapt frå medi­et då plat­tfor­mar som rett og slett hadde betre porno kom på banen. Rekla­men hadde der­i­mot gode dagar: 90-talet var dei kom­mer­sielle glans­da­gane for tekst-TV, med mil­lionom­set­ning på annonsesal.

Kor mange år står att?

Tekst-TV har vore eit stort dilem­ma for dei fleste europeiske kringkas­tarane. I fleire år har alle visst at medi­et var over mid­dagshøg­da. Sam­tidig har lesar­ta­la vore så høge at ein ikkje kunne ignorere ten­es­ta heller.

Hausten 2001 la BBC ned tekst-TV-ten­estene sine. Protes­tane vart enorme, og etter å ha tenkt seg litt om, lap­pa dei saman ten­estene og relanserte dei nokre månad­er seinare. I Skan­di­navia var det tilsvarande diskusjonar, og i 2009 var NRK eigent­leg klare til å skru av heile Tekst-TV, men éin mil­lion daglege brukarar gjorde at vi ikkje tok sjansen. Løysin­ga vart å automa­tis­ere store delar av Tekst-TV, og i løpet av eit par år skalerte vi ned beman­ninga frå 15 medar­bei­darar til én.

Medi­et kan umog­leg ha mange år att før dei siste ten­estene blir skrudd av. Eg er difor veldig glad for at Moe og Van den Bul­ck har skrive om tekst-TV, og eg vonar vi kjem til å sjå fleire slike forsk­ing­spros­jekt i åra som kjem: Medi­er vil kome og gå, og vi bør prøve å lære det vi kan av dei før dei forsvinn.

Kjelder:

Moe, Hal­l­vard og Hilde Van den Bul­ck (red.) (2016): Tele­text in Europe. Göte­borg, Nordicom.

Bol­stad, Erik og Brit Hen­schien (2011, upub­lis­ert): NRK Tekst-TVs his­to­rie. Oslo, NRK.

Kirch­n­er, Lau­ren (2012): “Tele­text Lives On in Scan­di­navia”, Colum­bia Jour­nal­ism Review. 

New­comb, Horace (2014): Ency­clo­pe­dia of Tele­vi­sion (Muse­um of Broad­cast Com­mu­ni­ca­tions). New York, Routledge.

TEMA

M

ediehis
torie

27 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen