Duellen

Erna og Jonas er klare til drakamp, flankert av Trygve og Siv. Men kva fortel eit slikt bilete oss?
Erna Solberg og Jonas Gahr Støre under Arendalsukas partileiardebatt. (Foto: Tor Erik Schrøder/NTB Scanpix).

Valkam­p­en har blitt spar­ka i gang med par­tileiarde­bat­ten under Aren­dal­su­ka. Natio­nen omdøypte debat­ten til ein “drakamp om norske verdier”, og illus­tr­erer saka si med eit bilete der berre fire av dei ni par­tileiarana er avbil­da. Statsmin­is­terkan­di­datane, Jonas Gahr Støre og Erna Sol­berg, er midt i ein opphei­ta diskusjon, medan deira frem­ste støtte­spelarar, Trygve Slagsvold Vedum og Siv Jensen, står stoisk på kvar si side av debat­tan­ta­ne. Sam­stun­des er alle auge ret­ta mot dei to: Vi ser bakhovu­da på debat­tens pro­gram­leiarar, og ikkje minst eit fjern­syn­skam­era i bakgrunnen.

Artikke­len gjev lesaren litt infor­masjon om poli­tikken til dei ulike par­tia, men først og fremst får vi vite at Siv Jensen gjekk til åtak på Vedum, at Vedum slo tilbake, at Gahr Støre ret­ta harde åtak mot Jensen. Par­tileiarde­bat­ten har blitt innram­ma, eller fra­ma, som ein duell, poli­tikken har blitt defin­ert som ein kamp.

Poli­tikarar sjølv driv med slik innram­ming heile tida for å skape ei forståing av røyn­dom­men som ten­er deira eigen sak, men medi­ene sjølv driv også slik innram­ming. Natio­nen sin artikkel er eit flott døme på poli­tikk innram­ma som ein kamp, der målet først og fremst er å vinne. Dette er ganske van­leg, men tenker vi oss litt om, er det vel få av oss som ynskjer oss ein poli­tikk der siger er endemålet.

Kor­leis bidreg så biletet til denne innram­min­ga? Eit bilete er noko vi opp­fat­tar umid­del­bart, men sam­stun­des er det mangety­dig og treng hjelp frå tek­sten og kon­tek­sten for å bli retorisk effek­tivt. Når me ser ordet “drakamp” i over­skrif­ta, og Jonas og Erna i heftig diskusjon, forstår me straks kva artikke­len hand­lar om og innram­min­ga av poli­tikk som kamp blir straks etablert. Biletet forsterkar alt­så innram­min­ga ved å intro­dusere den før lesaren rekk å byr­je på artikkelen.

Dessu­tan er dette eit bilete som innsnevrar og spe­si­fis­er­ar den ganske vide “poli­tikk er ein kamp”-innramminga. For kven er det vi ser her? Jonas og Erna i duell, med Vedum og Jensen som sekun­dan­tar. Der­som vi rekn­er med kam­er­aet, er fire av fem blikk-ret­ningar i biletet ret­ta mot dei — det er desse to alt eigent­leg hand­lar om. Dette er infor­masjon me ikkje finn i artikke­len, der får andre par­tileiarar like myk­je plass. Fotografi­et kan alt­så skape ei forståing av par­tileiarde­bat­ten som først og fremst ei styrkeprøve om kven som bør bli statsmin­is­ter. I blant blir det hev­da at norske valkam­par blir meir pres­i­den­tak­tige, alt­så meir fokuserte på statsmin­is­terkan­di­datane, og dette biletet er i alle fall eit døme på det.

Spørsmålet er kva me mis­ter når valkam­p­en i eit fleir­par­tisys­tem hand­lar meir og meir om statsmin­is­terkan­di­datane, og når debatt blir fram­stilt som noko ein skal vinne heller enn som eit høve til å oppl­yse veljarane.

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen