Den røde fare

Er småpartia på venstresida berre eit blaff, eller eit skot for baugen for AP?
Toppkandidatane i Oslo for SV, Raudt og MDG samla under Fagforbundet sine raude faner (foto: Rolf Øhman, NTB Scanpix).

Dei ser så nøgde ut. Kari Elis­a­beth Kas­ki (SV), Bjørnar Moxnes (Raudt) og Une Aina Bastholm (MDG), der dei står smi­lande i eit hav av far­gen raudt. Fotografi­et illus­tr­erer ein sak i Aften­posten med tit­te­len “Arbei­der­par­ti­et spis­es opp av små­par­tiene”. Vidare: “Ven­stres­i­den spis­er Arbei­der­par­ti­et lev­ende for tiden”.

Det får ikkje Jonas Gahr Støre til å gå i seg sjølv. Tvert om analy­ser­er han saka som at protest­stem­mer har kome til Noreg, ei analyse han kro­ner ved å seie: “Dette er situ­asjo­nen fem dager før val­get, men jeg tror mange på vei inn i val­glokalet tenker litt mer på helheten”.

Me treng hjelp av tekst og kon­tekst for å tolke bilete. Her kjen­ner vi umid­del­bart igjen dei tre topp­kan­di­datane (i alle fall Moxnes), og raud­far­gen har sin klare og kjente sym­bo­l­ikk. Sam­stun­des er det noko forstyrrande i måten denne gjen­gen blir avbil­da på, i kon­trast til måten dei blir omtalt i artikke­len. Her hand­lar det mest om kor dår­leg det ser ut for Arbei­der­par­ti­et — og Gahr Støre gjev desse par­tia skul­da. Dei er ein raud fare. Men dei tre topp-kan­di­datane ser ikkje akku­rat ut som rovdyr. Dei smil­er, til trass for reg­net, og verk­er som om dei er ven­ner og vel for­lik­te, klare for både ein øl og for kon­struk­tivt samar­beid etter valet. Slik me vil at ein poli­tik­er skal vere.

Om me les bilde­tek­sten, finn me dessu­tan ut dei blei fotografert på eit fag­foren­ings-arrange­ment. Arbei­der­par­ti­ets heimeare­na. Val av foto for denne saka for­tel ei anna his­to­rie enn det AP prøver å gjere i sitt tilsvar, nem­leg at desse små­par­tia ikkje er protest­stem­mer, men den nye ven­stresi­da. Og å gje tilsvar til eit fotografi er myk­je vanskelegare.

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen