Kven følgjer med på #metoo?

Kampanjen har raskt vorte eit globalt fenomen. Men det er vesentlege skilnader mellom kven som følgjer saka, både etter alder, kjønn og partipolitisk tilhøve.

Emnek­naggen #metoo opp­stod i sosiale media i okto­ber i fjor, etter avs­løringane av Hol­ly­wood-pro­dusen­ten Har­vey Wein­steins sek­suelle trakasser­ing av kvin­ner, som ei opp­mod­ing om å avdekkje omfanget av dette som samfunnsproblem.

I Noreg har skode­spelarar, legar, akademikarar, fag­for­einingar og andre grup­per hatt eigne opprop. Kam­pan­jen har til dømes vorte kopla til avs­løringar om ukul­turen i TV 2 i novem­ber, saka om Ap-nestleiar Trond Giske frå midten av desem­ber, og no seinast til avgan­gen til Unge Høgre-leiaren og mang­lande hand­ter­ing av varsel i partia.

Ein kan, som med mange store sak­er i mediebiletet, undrast på om dette er ein tem­atikk som engas­jer­er folk flest, eller om dette noko først og fremst jour­nal­is­tar og deira like er opptekne av. For #metoo er dette spørsmålet påtreng­jande, all den tid kam­pan­jen har vorte drøf­ta som eit tidsskil­je i sam­fun­net når det gjeld sek­suell trakassering.

#metoo har engasjert svært mange

I MeCIn-pros­jek­tet ved Insti­tutt for infor­masjons- og medievit­skap ved Uni­ver­sitetet i Bergen arbei­dar me med kor­leis nord­menn på ulike vis knyt seg til offentleghei­ta gjen­nom media og på andre måtar.

Inter­es­sa for #metoo står fram tyde­leg sterkare hjå dei yngre, spe­sielt hjå tred­veåringane, og tyde­leg svakare hjå dei over seksti

I novem­ber og desem­ber gjen­nom­førte me ei rep­re­sen­ta­tiv spør­je­gransk­ing til 2064 nord­menn. Eit av spørsmåla var kva nyheitssak­er ein hadde føl­gd med på den siste tida, og #metoo var ei av 32 sak­er folk kunne vel­je, i til­legg til å kunne nemne eigne sak­er. Slik kan me nok­så pre­sist sjå kven som føl­gde saka, og kor­leis inter­es­sa skil seg frå andre sak­er i same tid.

Her må merkast at våre data vart sam­la inn før Giske-saka vart sle­gen stort opp, og slik sett før #metoo vart del av ei stor nasjon­al poli­tisk sak.

68 pros­ent av dei spurde sa at dei føl­gde med på #metoo. Det gjer den til ei av dei oftast føl­gde av sak­ene ein kunne vel­je mellom.

Om lag like mange føl­gde #metoo-saka som saka mot Eirik Jensen, SSB-bråket, kom­mune­samanslåin­ga, uroa i Cat­alo­nia og den rus­siske innblandin­ga i den amerikanske valkam­p­en. Berre situ­asjo­nen i Nord-Korea var føl­gd av tyde­leg fleire.

Grafikk: Håvard Legreid / Kilde: UiB

Slik har #metoo engas­jert svært mange. Den har også engas­jert bre­itt. Saka er føl­gd av litt fleire kvin­ner enn menn, men saman­lik­na med mange andre sak­er er skil­jet nok­så lite.

SSB-bråket, reg­jer­ings­forhan­dlin­gane med sen­trumspar­tia, Støres pri­vatøkono­mi og Nord-Korea er nokre av mange dømer på meir kjønns­delte sak­er – men då i menns favør.

#metoo er heller ikkje tyde­leg meir pop­ulær i Oslo enn i andre del­er av lan­det. Der­i­mot er den noko meir pop­ulær blant dei med høgare utdan­ning. At fleire høgt utdan­na føl­gjer med på #metoo treng likev­el ikkje å bety at dei er spe­sielt inter­esserte i temaet. Det kan òg spe­gle at det er ei gruppe med høgt nyheits­bruk (dei eldre er ei anna slik gruppe), som difor føl­gjer med på dei fleste store sakene.

Høgresidas veljarar minst interessert

Gjen­nom sta­tis­tiske prosedyrar – i dette til­fel­let regresjon – kan ein likev­el til ein viss grad ta høgde for prob­lemet med å forstå kor­leis slike skil­je heng saman. Saman­lik­nar me «like for like» – folk med om lag same nyheitsin­ter­esse og elles like eigen­ska­par – trer dei sosiale skil­ja i inter­esse for saka tydle­gare fram. Då ser me at kvin­ner har om lag dobbelt så stor sjanse som menn – med same nyheitsin­ter­esse, same alder, same utdan­ning og så bortet­ter – til å føl­gje med på #metoo.

Inter­es­sa for #metoo står fram tyde­leg sterkare hjå dei yngre, spe­sielt hjå tred­veåringane, og tyde­leg svakare hjå dei over sek­sti. Der­i­mot er det ingen klår saman­heng med kor myk­je folk ten­er eller lands­de­len dei bur i, og effek­ten av utdan­ning er òg svak.

Grafikk: Håvard Legreid / Kilde: UiB

Tala syn­er også at høgresi­da er minst inter­essert. Utover kjønn og alder, er det mest slåande den poli­tiske pro­filen til dei #metoo-inter­esserte. Så å seie alle SV-vel­jarar føl­gjer med på saka, mot berre litt over halv­parten av Frp-vel­jarane. Ap og Høgre plasser­er seg i mel­lom desse, men etter same høgre-venstre-akse.

At #metoo engas­jerte sterkt blant ven­stresi­da allereie før saka mot Giske er nok ei av årsak­ene til at den er ekstra betent for dette par­ti­et, og at lik­nande sak­er kan­skje er min­dre tru­gande for høgrepartia.

Om artikke­len
Artikke­len ble først pub­lis­ert i Bergens Tidende 22. jan­u­ar 2018.

Dette må ikkje misty­dast til at #metoo-saka er for spe­sielt interesserte.

Som allereie påpeikt, er #metoo ei av sak­ene flest var inter­esserte i, og inter­es­sa er bre­itt fordelt i befolkninga. Og om dei inter­esserte i #metoo har ein viss sosial pro­fil, er dette ikkje spe­sielt for denne saka: Det gjeld alle nyheitssak­er – og all mediebruk.

Me lever i same offentlegheit, men det er høgst ulikt kva sak­er som engas­jer­er oss.

Uansett er #metoo ei sak som har engas­jert breiare enn dei fleste.

Gatekun­st til støtte for #metoo-kam­pan­jen i Lon­don i novem­ber 2017.

TEMA

#

metoo

2 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen