Essayføljetong 2:9 — Framtida er viktigare enn notida

Hans Jonas er djupt bekymra over den store påverkinga som moderne teknologi har på naturmiljøet, og dermed på vilkåra til menneske og dyr i framtida. Vi har fått langt større makt til å endre ting enn vi er i stand til å handtere. Samfunnet må verte flinkare til å ta ansvar for tilstandar i framtida, og undersøkinga av korleis dette kan skje kallar han futurologi eller enklare; framtidsetikk.

I denne delen fork­lar­er eg kva Jonas mein­er med ans­var ved å nær­lese forordet og del­er av kapit­tel 4 “The Good, the “Ought” and Being: A The­o­ry of Respon­si­bil­i­ty”. Jonas prøver å formi­dle at naturen har sub­jek­tivitet og målsetjin­gar som er prin­sip­ielt like det men­nes­ket har, og at vi difor lever i eit grunn­leg­gande fel­lesskap med naturen (t.d. s. 65). Han går grundig inn i det natur­filosofiske grunnlaget for ans­varsetikken i kapit­tel 3 “Con­cern­ing Ends and Their Sta­tus in Real­i­ty”. Dette stof­fet er svært vanske­leg, og dessu­tan mest rel­e­vant for miljøvern, så eg går ikkje dju­pare inn i det her.

Forel­dra sine kjensler over­for eit lite barn er arketypen på eit framtid­sori­en­tert ans­var, seier Hans Jonas. Mine forel­dre tok godt hand om meg og bror min i oppvek­sten, og vi hadde også beste­forel­dre, tan­ter, onklar og mange andre omsorgsper­son­ar som stelte for oss.

Essayføljetong i ni delar

Kva er ansvar?

Jonas byr­jar sin defin­isjon ved å minne oss på at det tradis­jonelt er tre vilkår for at eit men­neske har ans­var for noko. Det må finnast ein hand­lande agent som har “kausal makt, dvs. at han­dlin­gane ska­par kon­sekven­sar i ver­da”. Vidare må den hand­lande ha “kon­troll over han­dlin­gane sine” og må kunne “føresjå kon­sekven­sane til ei viss grad” (s. 90).  
For Hans Jonas er det vik­tig å framheve at det ikkje nød­vendigvis er enkelt­per­son­ar som hand­lar, men også “sam­fun­net”, “fel­lesskapen” og i aukande grad også “teknolo­gien”.

            På 1940-talet skapte amerikanske forskarar atom­bom­ba utifrå ein fan­tastisk detal­jert kon­troll over den kausale mak­t­di­men­sjo­nen, og dei hadde dermed stor kon­troll over han­dlin­gane sine. Det er også klart at dei kunne føresjå dei destruk­tive kon­sekven­sane av å lage atom­bom­ba, og såleis må kunne set­jast til ans­var for den.

            Eit ganske anna døme er Google Maps. Dette tek­nol­o­giske verk­tøyet har kausal makt ved å føre bilis­ten gjen­nom trafikken med sine nav­i­gasjon­sruter, og forslaget er kon­trollert av algo­rit­mer som forheld seg til diverse typar infor­masjon om omg­jev­nadene og trafikksi­tu­asjo­nen. Google Maps kan også føresjå kon­sekven­sane av å føre trafikan­tar inn på ei viss rute, og til dømes sig­nalis­ere til bilis­ten at det no er stilleståande kø fem kilo­me­ter lenger framme på vegen.

Fortidsorientert ansvar

Når dei tre vilkåra for å ha ans­var er til­fredsstilt kan den hand­lande agen­ten vere involvert i to typar ans­var; for­tid­sori­en­tert og framtid­sori­en­tert ansvar.

            Den fyrste typen består i at den hand­lande enkelt og gre­itt er ans­var­leg for dei han­dlin­gane som har vorte utført (s. 90). Dette ans­varet er godt etablert i sam­fun­net, og lovverk og dom­sto­lar for­val­tar det til dømes ved å straffe folk som har gjort for­bodne handlingar.

            Jonas er ikkje sær­leg oppteken av slikt ans­var. Det peikar mot han­dlin­gar i for­ti­da som ein kan verte tilgitt for ved å sone sin straff, eller som ein kan forsvare ved å gje gode grun­nar for dei. I mange til­felle finst det ikkje noko lovverk som kan straffe folk, og det går uansett ikkje an å gjere om han­dlin­ga. For­tid­sori­en­tert ans­var er natur­leg nok ikkje sær­leg ori­en­tert mot han­dlin­gar som enno ikkje er utført. Framtid­sori­en­tert ans­var er difor myk­je vik­ti­gare i Jonas sitt moral­filosofiske prosjekt.

Isb­jør­nen har vorte eit sym­bol på dei mange dyreartane som er utryd­ningstrua på grunn av aukande tem­per­atur. Der­som men­nes­ka allereie for 60–70 år sidan hadde tatt faren for kli­maen­dringar på alvor ville isb­jør­nen tru­leg ikkje vore trua på denne måten. (Illus­trasjons­fo­to: Shutterstock).

Ansvar for at liv og ting klarer seg i framtida

Set­ningane til Jonas dirrar av engas­je­ment når han skil­drar det framtid­sori­en­terte ans­varet. Dette hand­lar om å ta vare på liv og ting. Eg brukar den litt tungvin­dte for­mu­leringa “liv og ting” for­di ans­varet omfat­tar både eksis­terande liv, ufødt liv, eksis­terande ressur­sar, atmos­færen og alle dei forhol­da som på noko vis kan vere rel­e­vante for vilkåra i framtida.

            Slikt ans­var “peikar framover mot noko som må verte gjort; dette fram­peiket kom­man­der­er meg til å han­dle, og eg føler meg ans­var­leg ikkje fyrst og fremst for mi eiga åtferd og dens kon­sekven­sar, men for denne tin­gen som har krav på at eg gjer noko” (s. 92). Den avhengige har ein innebygd rett som gjer meg både “objek­tivt ans­var­leg” og “kjenslemes­sig engas­jert” (s. 92).

            Denne typen ans­var for­p­lik­tar men­nes­ka på å stelle for desse tin­ga ved til dømes å sikre dei næringstil­førsel, verne dei mot vêr og vind og vise emosjonell omsorg, men også ved å ikkje øyde­legge dei og ikkje svekke krafta deira så myk­je at dei går til grunne og forsvinn (s. 90).

            Å ta ans­var for noko på denne måten peik­er innover i framti­da, og dette er heilt avg­jerande for Jonas sitt begrep om framtid­setikk. Jonas for­mulerer ein etikk som er ret­ta mot framti­das usikre vilkår og ikkje mot noti­das etablerte goder.

            I nokon saman­hen­gar er dette ans­varet automa­tisk til stades. Forel­dra sine kjensler over­for eit lite barn er som nem­nt arketypen på ein slik ans­var­leg relasjon. “Dette er eit ans­var som er etablert av naturen og det treng ikkje friv­il­lig tilslut­ning. Det er ugjenkalle­leg og altom­fat­tande, og kan ikkje endrast av deltakarane” (s. 95). Vi har eit vilkårslaust ans­var for bar­na våre, og dei fleste tek dette ans­varet og stre­var for at bar­na skal få det bra.

Stor makt skapar stort ansvar

Jonas knyter dette ans­varet til teknologiutviklin­ga. Han kallar tida vi lever i for “den tek­nol­o­giske tid­salderen” og skriv om den store mak­ta men­nes­ka har fått på grunn av vår hand­ter­ing av mod­erne teknolo­gi. Eg har allereie sitert fyrste set­ning i boka, men den tôler gjentaking:

            “Mod­erne teknolo­gi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig dju­pare gjen­nomtreng­ing av naturen og dri­ven framover av mark­nad­skrefter og poli­tikk, har auka men­neskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jor­da, og men­nes­ket sjølv, og den veks med aksel­ererande fart” (s. ix).

            Der­som han­dlin­gane dine har små imp­likasjonar for framti­da er det kan­skje ikkje så nøye kva du gjer, men der­som dei har store imp­likasjonar må du tenkje deg godt om før du gjer noko. Sidan teknolo­gi gjev oss svært stor makt føl­gjer det at framtid­sans­var er vik­ti­gare enn nokon­sinne før.

            Hans Jonas mein­er vi må verte myk­je meir med­vitne om behovet for dette framtid­sans­varet. Han set fram eit krav som gjeld både for enkelt­per­son­ar i deira pri­vatliv og tunge sam­funnsak­tørar i næringsliv og poli­tikk. “Ans­var sam­vari­er­er med makt og må vere pro­porsjon­al med omfanget og utøvin­ga av denne mak­ta. I vår tid trengst det difor ei langsik­tig og fram­synt tilnærm­ing; ein vit­skap­leg futur­olo­gi” (s. x). Denne futur­olo­gien eller framtid­setikken krev at vi oppfør­er oss slik at det ver råd for framti­das men­neske også å ha gode liv.

            Dei mek­tige instansane i sam­fun­net må difor stil­last til ans­var for til­stan­dar i framti­da som dei bidreg til å skape no; til dømes dår­lege materielle vilkår for enno ufødt liv, natur­miljøet og oss sjølve når vi har vorte 30 år eldre. Sett frå vår tid må poli­tikken utfor­mast for året 2050, ikkje for 2021 eller 2022.

            Det er vik­tig å merke seg at det ikkje fyrst og fremst er enkelt­per­son­ar Jonas stiller til ans­var. Han er meir oppteken av reg­jeringar og stat­sleiarar, pri­vate fir­ma og næringslivsleiarar, akademikarar og utviklarar. Viss han hadde skrive boka si på 2020-talet ville han garan­tert ha nem­nt tunge glob­ale aktørar som Face­book, Google og Apple.

Entusiasme for ansvar

Jonas under­strekar kor vik­tig det er å verte engas­jert i å kjenne ans­var for at liv og ting får gode vilkår. “Kjensla av ans­var binder dette sub­jek­tet til dette objek­tet og får oss til å han­dle på dets veg­ne. Eg vil hevde at det er denne kjensla meir enn noko anna som vil få oss til å han­dle slik at objek­tet kan fort­set­je å eksis­tere” (s. 90). Der­som folk ikkje involver­er seg er det jo lite tru­leg at ting vil endre seg til det betre, og dermed min­dre tru­leg at men­nes­ka og andre liv og ting vil få det godt i framtida.

            Jonas innser at det er eit kre­vande bod. Sidan det her ikkje dreier seg om det vilkårslause og udiskutable forel­dre-barn-ans­varet, men eit meir abstrakt ans­var for miljø og livsvilkår i framti­da, kan det vere svært vanske­leg for per­son­ar og sam­funn å oppar­bei­de ei slik ansvarskjensle.

            Dei fær­raste er jo viljuge til å ofre eigne gode i noti­da på veg­ne av gode for andre i framti­da. “Kva har framti­da nokon­sinne gjort for meg?”, spør Jonas iro­nisk (s. 39). Dei men­nes­ka som ikkje eksis­ter­er kan jo ikkje krevje noko, og kan enno ikkje lide under uret­tferd. Sjølv om vi kan forestille oss at våre ufødte tip­polde­barn kan lide for våre val, så klarar dei fær­raste likev­el å endre åtfer­da si. Kva då med sam­funns­mes­sige forhold som vi strengt tatt berre har eit pro­fesjonelt forhold til?

Inn­føringa av 5G vil føre til at teknolo­giak­tørar får endå større makt utan eit kor­re­spon­derande ans­var for å ta vare på ting/liv som vert påver­ka av denne mak­ta. Kva om det ville vere betre for framtidsvilkåra å ikkje bygge ut 5G i det heile tatt? (Illus­trasjon: Coun­ter­point Research https://www.counterpointresearch.com/5g-network-slicing-versus-private-networks-benefits-drawbacks/).

Objektorientert etikk

Det er vik­tig å under­streke kor materiell Jonas sin etikk er. Han er ikkje opp­tatt av dyder og plik­ter i seg sjølv. “Den posisjo­nen som ligg til grunn for dei føl­gande reflek­sjo­nane om ans­var kan uttrykkast ganske enkelt: Det som gjeld er ting og ikkje til­stan­dar i min vil­je” (s. 89).

            Forel­dre-barn-ans­varet må tolka­st om slik at det også kan prege sam­funnsin­sti­tusjo­nane, seier Jonas. Den vilkårslause omsor­gen for framti­das liv/ting vil måtte operasjon­alis­erast og byg­gast opp som eit ans­var for teknologiutviklin­ga. For at forskarar og stu­den­tar, teo­retikarar og prak­tikarar skal kunne oppleve dette som eit reelt ans­var trengst det ei hald­ningsendring over lang tid.

            For medievit­skap og infor­masjonsvit­skap betyr dette at vi må opp­fat­te teknologiut­formin­ga som det aller vik­ti­gaste, medan folks notidi­ge opplev­ing og forståing er min­dre vik­tig. Dette kan høyrast rart ut, men er ein av dei mange imp­likasjo­nane av den “strenge” etikken som Jonas formulerer.

            Måten vi for­val­tar den enorme meng­da av plat­tfor­mar, grens­es­nitt og nettverk på vil påverke framti­da mest, medan den enkelte per­so­n­ens åtferd og kjensler over­for andre men­neske her og no vil få svakare påverk­nad. Det trengst eit par­a­digmeskifte i forsk­inga på medi­er og kom­mu­nikasjon der­som denne liv/t­ing-omsor­gen skal kunne verte sentral.

Berre ein ting er heilt sikkert, nem­leg at debat­ten ikkje er fer­dig. Det føregår intense diskusjonar av poli­tikk, iden­titet og moral i sosiale medi­er, på 24-timars nyheit­skanalar og andre offentlege are­naer. Utifrå Jonas sitt reson­nement har offent­leg debatt for stort fokus på noti­da, og er ei avs­poring frå det samar­bei­det om framtids­forhol­da som verke­leg trengst. Foto: NRK.

Mediene skapar eit fokus på notida som hemmar ansvarsetikken

Medi­ene pro­duser­er nyhende og aktu­alitet, og engas­jer­er oss i diskusjon av vik­tige sam­funns­forhold slik dei utspelar seg akku­rat no. Dette har alltid vore den vik­ti­gaste grun­nen til å skru på radioen, opne Face­book-appen eller gå inn på ei net­tavis. I lys av Jonas sin etikk betyr det at medi­ene ska­par eit sys­tem­a­tisk, per­ma­nent og svært kraft­fullt fokus på hendin­gar i noti­da, og såleis skug­gar for det endå vik­ti­gare fokuset på å ta ans­var for liv/ting i framtida. 

            Det fram­står som moral­sk rik­tig å fokusere på å forstå noti­das prob­lem og gje skuld og ans­var til dei rette instansane. Sam­funnsak­tørane må jo få høyre kva kon­sekven­sar deira han­dlin­gar skaper for andre. Som­maren 2020 er det sterke mot­set­nad­er i offentleghei­ta, og den er knytt til hånd­teringa av koron­aviruset, woke ver­sus lib­er­al, for og imot vin­d­kraft, etc.

            Frå dette notid­sori­en­terte per­spek­tivet er det nesten uråd å anerk­jenne det større tek­nol­o­giske prob­lemet som Jonas peik­er ut. For ein per­son som er engas­jert i woke-debat­ten vil det fram­stå som ned­la­tande å få beskjed om at engas­je­mentet ditt er for ori­en­tert mot noti­da og ans­vars­fordel­ing blant dei aktørane som dominer­er no.

            Det poli­tiske engas­je­mentet for noti­da gjer det vanske­leg å tenkje på framti­da. Dei aktivite­tane som vert akta høgast; debatt og kri­tikk basert på ytrings­fridomen, er sam­tidig dei som er far­legast for tin­gas fram­tidi­ge til­stand. Dette dilem­maet fram­står som nær­mast uløyseleg.

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni delar. Tred­je del heit­er “Tradis­jonell etikk har gått ut på dato”. Her pre­sen­ter­er eg Hans Jonas sin his­toriske analyse av forhold­et mel­lom teknologiutvikling og etikk. I tidle­gare tider var det rime­leg at etikken var knytt til kort­sik­tige behov i noti­da, men det fun­ger­er ikkje når kraft­full teknolo­gi har ført til at han­dlin­gane våre strekker seg langt inn i framtida.

TEMA

H

ans Jon
as

8 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen