Essayføljetong 3:9 — Tradisjonell etikk har gått ut på dato

Grunnlaget for etikken har endra seg fordi teknologiane si rolle i samfunnet har vorte så mykje større og sterkare. Tradisjonell etikk klarar ikkje å regulere vår åtferd med moderne teknologi. Dersom ein vil drive med ansvarleg teknologiutvikling går det difor ikkje an å bruke historia som rettesnor for kva ein bør gjere. Hans Jonas meiner fortida no i hovudsak lærer oss kva vi ikkje bør gjere.

I denne delen pre­sen­ter­er eg det his­toriske per­spek­tivet Jonas har på ans­varsetikken. Dette finst sær­leg i kapit­tel 1 “The Altered Nature of Human Action” og kapit­tel 5 “Respon­si­bil­i­ty Today: Endan­gered Future and the Idea of Progress”. Jonas går i dia­log med blant anna Immanuel Kants moral­filosofi for å danne eit sol­id grunnlag for sin ans­varsetikk, men dette stof­fet er for krev­jande til at eg inklud­er­er det her.

Eg vaks opp på ein gard på Voss på 1970- og 80-talet. Vi hes­ja graset slik bøn­der hadde gjort det i hun­drevis av år. Dette hand­ver­ket er no i prak­sis utry­d­da, og dei normene som var knytt slikt manuelt jord­bruk er også borte.

Essayføljetong i ni deler

Tre historiske fasar i teknologiutviklinga

I tusen­vis av år var teknolo­giar under­lagt men­nes­ka og vi kunne styre dei som vi ville. Men no er teknolo­giane sterkare enn oss og tvin­gar oss til å strebe etter stadig større vekst. Difor må også våre etiske pri­or­i­teringar endrast, skriv Jonas. Han ynskjer at vi skal nå eit tred­je nivå der vi kan gjen­vinne kon­trollen og bryte med vekstautomatikken.

            Denne his­toriske analy­sen er tyde­leg inspir­ert av Hei­deg­gers filosofi, og kan­skje sær­leg essayet “Spørsmålet om teknikk” frå 1954. Jonas går lenger enn Hei­deg­ger, og for­mulerer ein stor­felt moral­sk kri­tikk av men­neskeslek­ta. Vi må forstå kva vi har rota oss opp i, og ta etiske grep for å endre teknologi­forhol­da våre før det er for seint.

            Det tred­je nivået er eit utopisk nivå i his­to­rieforteljin­ga til Jonas. Det kan hende men­neske aldri kjem til å leve i ein til­stand der teknologiutviklin­ga er berekraftig, men det er høgst nød­vendig å sjå for seg ein slik situ­asjon og peike ut dei kvalite­tane den vil bestå av.

Fase 1: Vi lagar teknologi med hendene våre

“Gam­le dagar” vil her seie heile men­nes­kets his­to­rie frå steinalderen gjen­nom antikken og mid­de­lalderen fram til indus­tri­alis­eringa på 1700-talet. I alle desse titusen åra bruk­te men­nes­ket berre hand­verk­ste­knolo­giar. Verk­tøy og enkle mask­in­er vart laga “for å verte brukt i direk­te omgang med andre men­neske innafor ein avgren­sa stads- og tid­sho­risont” (s. x).

            Hei­deg­ger skil­dra dette forhold­et i nem­nte essayet “Spørsmålet om teknikken”. Ordet teknolo­gi vis­er opprin­ne­leg til dette ska­pande forhold­et, for det stam­mar jo frå det greske tech­né som betyr hand­verk eller kun­st. Det vis­er til dei kun­st­fer­di­ge aktivite­tane og fer­dighei­tane til hand­verkarar som til dømes sme­den, snekkaren og steinsetjaren.

            Gam­mal teknolo­gi er pre­ga av at hand­verkaren “bringer fram” eit objekt frå mate­ri­alet ho job­bar med enten det er ei steinøks, eit skip eller ei hes­je. Tech­né er ein måte å avdek­ka verkelegheit på, seier Hei­deg­ger, og det skjer ved ei utforsk­ing og avs­løring av poten­sialet i dei materielle forhol­da. Sme­den “ser” sverdet i met­al­let og utfor­mar det sak­te men sikkert i eit samar­beid med naturen.

            Kom­mu­nikasjo­nen var også hand­verks­basert. Teikningar, maleri, skrift og stat­uer er døme på ytringar som vart for­ma ved tech­né. Folk skapte språk­lege og kul­turelle uttrykk ved sjølv å forme om eit materielt råma­te­ri­ale. Pros­essen med å lage far­gar, blekk, ler­ret og skriveover­flater var oms­ten­de­leg, og det tok lang tid å oppar­bei­de seg dei nød­vendi­ge fer­digheit­ene. Poenget er ikkje å idyl­lis­ere dette sak­tegåande hand­ver­ket, men å få fram at det førte med seg etiske behov som vi ikkje lenger har.

Denne fire tusen år gam­le hel­lerist­ninga er den eld­ste kjente avbild­ninga av ein skilø­par. Hand­ver­ket knytt til å lage slike teikningar er irrel­e­vant i våre dagar, og det same er hand­ver­ket knytt til å lage sine eigne ski. Det er heller ikkje noko reelt behov for å bruke ski til trans­port. (Foto: Inge Ove Tysnes/Kulturarv.no.)

Etikken var ein del av situasjonen her og no

Jonas tek utgangspunkt i denne his­toriske fram­still­inga og seier at teknologi­bruken var samkøyrt med etiske normer knytt til notid og nær framtid. “Plan­leg­ging, målsetjing og ans­var hadde kort tid­sho­risont. Kor­rekt åtferd hadde umid­del­bare kri­terier og vart også gjen­nom­ført nesten umid­del­bart. Dei meir langsik­tige kon­sekven­sane var over­latt til til­feldigheit­er, skjeb­ne eller forsyn” (s. 5).

            Eg har allereie vist til bon­de­liv­et, som i tidle­gare tider var full­s­tendig dominerande som over­lev­ingsstrate­gi. Bon­den kan arbei­de hardt i åkeren, men naturen er alltid sterkast og men­nes­ket kan berre håpe at avlin­ga vert god. Der­som vêret er dår­leg over lengre tid vil avlin­ga døy på rot, og ingen tekniske reiska­par kan endre på dette. Bon­den må set­je si lit til Gud eller andre over­men­neskelege krefter.

            “Naturen var ikkje gjen­stand for men­nes­kets ans­var. Den tok hand om seg sjølv, og med litt god­snakking og uro tok den også hand om men­nes­ket. Ikkje etikk, men dyk­tigheit gjaldt for naturen […] Han­dlin­gar med ikkje-men­neskelege ting utgjorde ikkje ein gen­uin etisk sfære” (s. 4). Det var berre men­nes­ka sjølve som kunne handterast med etiske reglar. Naturen var alt­for sterk til å la seg styre, og hand­verk­ste­knolo­giane var alt­for svake til at det var grunn til å innrullere dei i etikken.

Fase 2: Lærdomen vi har frå erfaringa vert makteslaus

Etikken har ikkje foran­dra seg nem­n­everdig opp gjen­nom his­to­ria, men det har teknolo­gien. Men­nes­ka lagar no tek­nol­o­giske infra­struk­tu­rar som for­mar åtfer­da vår på usikre, stadig foran­der­lege måtar. “Det foregår ei kumu­la­tiv og sjølv­forsterkande tek­nol­o­gisk endring av ver­da, og den over­skrid­er stadig vilkåra for dei han­dlin­gane som bidreg til den og ska­par situ­asjonar utan presedens. Lær­domen vi har frå erfar­ing vert mak­tes­laus” (s. 7).

            Mod­erne maskin-dri­ven teknolo­gi er basert på fysikk som ein eksakt vit­skap. Men­nes­ka har laga damp­mask­in­er, for­bren­ningsmo­torar og vi har tem­ja den elek­triske krafta. Vi kan demme opp store elvar, bygge kun­stige øyer og enorme byar. Vi kan sende men­neske til månen og heimatt, og vi kan øyde­legge livsvilkåra på heile plan­eten med atombomber.

            Dei vit­skaplege og indus­trielle rev­o­lusjo­nane gjer at men­nes­ket kan manip­ulere naturen på eit utal måtar, og denne typen teknikk styr­er no all men­neske­leg aktivitet. Alle vit­skapens bragder kunne ram­sast opp her, til dømes mod­erne medisin og biok­je­mi, kjerne­fysikk, kvante-data­mask­in­er og kun­stig intel­li­gens basert på hjer­nens nevrale nettverk.

            Kunnskapen veks oss over hov­udet. Men­nes­ka har no større makt enn vi har kunnskap til å bruke denne mak­ta, seier Jonas (s. 119). “Den poli­tiske vis­domen frå antikken kan ikkje imit­erast eller assim­i­l­erast av oss mod­erne men­neske så lenge vår eksis­tens vert styrt av lova om ustop­pe­leg, sjølvskapt endring. Den bringer jo fram ting og til­stan­dar som er gen­uint nye og aldri har vore erfart tidle­gare” (s. 124).

            På denne måten byg­gjer Jonas opp eit grunnlag for pås­tanden om at tradis­jonell etikk er utdatert, og at vi må lage ein etikk som er meir pas­sande til den mak­ta vi har.

Atom­bom­ba er det ulti­mate sym­bo­l­et på at men­neskas tek­nol­o­giske kraft har over­stige våre moralske ram­mev­erk. Able var ei prøvespreng­ing av ei atom­bombe på Bikini­a­tollen i Stille­havet i 1946. Fotoet er hen­ta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Able

Vi har eit ansvar vi ikkje taklar

Teknolo­giens store makt gjev den også stor øyde­leg­gingskraft, seier Jonas (s. 23). “[Fran­cis] Bacons ide­al om makt over naturen gjen­nom vit­skap­leg teknolo­gi ska­par ein fare for katas­trofe som opp­står ikkje så myk­je frå begrensin­gar i kva teknolo­gien kan gjere som frå dens store suk­sess” (s. 140).

            Den har sær­leg skapt suk­sess i materiell pro­duk­sjon av goder og vekst i folke­set­naden. “Mod­erne teknolo­gi har gjeve men­neskerasen ei ende­laus framover­ret­ta dri­vkraft og vorte vårt vik­ti­gaste pros­jekt”. Dette gjer at “teknolo­gi, utover sine objek­tive for­mer, har fått ei etisk rolle på grunn av sin sen­trale posisjon i men­neskas føremål med seg sjølv” (s. 9).

            Det som allereie er bygd opp kan ikkje endrast så lett, og struk­tu­rane vi lagar no kas­tar lange skug­gar inn i framti­da (s. 124). Vi har allereie laga vik­tige ram­mevilkår for vår eiga framtid, men vi har alt­så ikkje ein etikk som hjelper oss å ta ans­var for denne makta.

            “For oss mod­erne let ikkje vis­domen til dei gam­le seg så lett tilpasse og anvende. Vår eksis­tens er under­lagt lova om evig­varande, sjølv-skapt endring, og som sitt naturlege pro­dukt bringer den fram ting og til­stan­dar som er gen­uint nye” (s. 124).

            I mediesaman­heng er det til dømes slik at jour­nal­is­tar og kjendis­ar lett kan få eit pub­likum på fleire mil­lionar men­neske utan at dei seier noko vik­tig. Det er ikkje ein velutvikla etisk relasjon mel­lom det å adressere store folke­mengder og det å ha ein alvor­leg og vik­tig bodskap.

Vi er vant med å vere grunnleggande usikre

Det er vanske­leg å spå, sær­leg om framti­da, seier vi ofte. I gam­le dagar var det lett å spå. Dei aller fleste saks­forhold ville gjen­ta seg gjen­nom sesongane, og hendin­gar ville utspele seg på same måte gong etter gong.

            Vilkåra for men­neske­leg han­dling har endra seg radikalt, og då må etikken endra seg radikalt også. Dette er kjer­nen i Jonas sitt his­toriske reson­nement. “Nokon av han­dlin­gane våre har fått kval­i­ta­tivt nye særtrekk og dette opnar opp ein heilt ny dimen­sjon av etiske relasjonar som det ikkje finst presedens for i våre etiske stan­dar­d­ar og tradis­jonar” (s. 1).

            I våre dagar kan sjølv ikkje dei dyk­ti­gaste og mest ressurssterke forsk­ingsmiljøa spå kva slags teknolo­gi som vil dominere om tre eller fem år. Denne grunn­leg­gande usikker­hei­ta er skapt av mod­erne teknolo­gi, og gjer oss makteslause.

            I gam­le dagar var teknolo­giane enkle nok til at vi i stor grad kunne styre dei, men så vart dei så kraft­fulle at dei istaden tok kon­troll over oss. Difor må vi utvikle ein ans­varsetikk som moral­filosofien så langt ikkje har sett behov for.

Månelandin­ga i 1969 vart opp­fat­ta som eit fan­tastisk uttrykk for det tek­nol­o­giske fram­skrit­tet, og fleire mil­liar­dar men­neske såg og høyrde denne hendin­ga i si eiga stove. Men frå Jonas sitt per­spek­tiv er månelandin­ga uttrykk for gen­uint nye forhold som den etablerte etikken ikkje kan brukast på, og vi sit fascin­erte, usikre og han­dlingslam­ma fram­for fjern­synet. Foto: AP/NTB Scanpix.

Fase tre: Vi forstår ansvaret og gjenvinn kontrollen

Fase 2 i teknologiutviklin­ga er eit mørkt kapit­tel i men­neskas his­to­rie, og Jonas argu­menter­er for at men­nes­ka må nå fram til eit tred­je nivå for vår kon­troll over teknolo­giar. Det tred­je nivået inneber ei “gjeninnsetjing av men­nes­ket — i siste øye­b­likk — så vi gjen­vinn kon­troll over denne mak­ta og bryt med dens tyran­niske automatikk”, s. 142. Men­nes­ket må lære seg å styre måten teknolo­giar styr­er men­nes­ket på, og sak­te gjere den meir berekraftig, mod­er­at og ansvarleg.

            Viss vi skal ha håp om å få kon­troll over den mod­erne teknologiutviklin­ga må vi organ­is­ere oss på sam­funnsnivå, seier Jonas. Heile boka hand­lar om ulike dilem­ma med å forsøke å få betre kon­troll, og bygge ned dei ver­ste utsla­ga av vek­sten. Jonas peikar ut prob­lem utan sjølv å ha klare løysin­gar på dei.

            Vi må lære oss betre kor­leis vek­stau­tomatikken fun­ger­er for å bek­jempe den, seier han. Vi må lære oss kor­leis vi kan endre teknologiutviklin­ga slik at den påverkar oss på måtar som er nærare vår erfar­ing­sho­risont som men­neskekrop­par, og vi må motverke at teknisk fram­skritt vert opp­fat­ta som eit mål i seg sjølv.

            Gjen­nom eit slikt metamed­vit om forhold­et mel­lom men­neske og teknolo­gi kan vi muli­gens klare å omforme framti­da og gjere den betre for dei som skal leve då (s. 141–42).

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni del­er. Fjerde del heit­er “Teknolo­giane vert sterkare av seg sjølv”. Her skil­drar eg Hans Jonas si opp­fat­ning av mod­erne teknologiutvikling i større detalj. Inspir­ert av Mar­tin Hei­deg­gers teknologi­filosofi hev­dar Jonas at teknolo­giane ska­par stadig auke i kap­a­sitet og bruk­som­råde som føl­gje av naturvit­skapens stadig meir sofistik­erte utfor­dring av naturen. Men­nes­ka er under­lagt teknolo­giens behov, men nek­tar å innsjå det.

TEMA

H

istorie

18 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen