Essayføljetong 4:9 — Teknologiane vert sterkare av seg sjølv

Moderne teknologiutvikling er prega av sin eigen automatiske vekst, seier Hans Jonas. Det tekniske framskrittet fortset av seg sjølv fordi menneskas ynskje om vekst og velstand har vorte ein del av den energien som driv utviklinga vidare. Vi var frie til å ta det fyrste skrittet, men er slave av det andre og det tredje.

No er vi ved kjer­nen i Jonas si fork­lar­ing av dei eigen­ska­pane ved mod­erne teknolo­gi som gjer at tradis­jonell etikk og ans­varskjensle ikkje fun­ger­er. Mod­erne teknolo­gi er utan­for men­neske­leg kon­troll, og har difor kraft til å påverke oss på måtar vi ikkje er etisk skodd for. Men­nes­ka er under­lagt teknolo­giens behov, men nek­tar å innsjå det.

            Jonas kjem inn på dette temaet stadig vekk i The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty (1984), og eg nær­leser difor diverse avs­nitt frå alle kapit­la i boka. Mar­tin Hei­deg­gers teknologi­filosofi er eit vik­tig grunnlag for Jonas sin posisjon, så eg bruk­er ein del plass på å beskrive den fyrst.

Lars køyrer traktor
Trak­toren var eit fan­tastisk fram­skritt for bøn­der. Den erstat­ta myk­je tungt manuelt arbeid, og det ville vore uråd å vende tilbake til eit land­bruk utan trak­tor. Far min kjøpte ein flott ny Massey Fer­gu­son tid­leg på 1980-talet. Eg hugsar enno den kjensla av kraft eg hadde då eg byr­ja å øvelseskøyre i 15-årsalderen.

Essayføljetong i ni deler

Teknologisk determinisme

Hans Jonas si fram­still­ing kan lesast som tek­nol­o­gisk deter­min­isme. Denne posisjo­nen til­seier at teknologiutviklin­ga har sitt eige momen­tum som trum­far men­neskas forsøk på å tilpasse den til sine sosiale behov og interesser.

            Jonas såv­el som andre tenk­jarar i denne tradis­jo­nen peikar på at naturvit­skapen gjev mod­erne teknolo­gi ein stadig aukande kap­a­sitet og stadig breiare bruk­som­råde som føl­gje av ei stadig meir sofistik­ert utfor­dring av naturen.

            Jonas går inn i ein lang tradis­jon for kri­tiske analysar av forhold­et mel­lom men­neske, teknolo­gi og mod­erne vit­skap. Sjølv om dei fær­raste er “harde” deter­min­istar, finn vi “mjuke” deter­min­is­tiske posisjonar hjå Mar­tin Hei­deg­ger, som eg ref­er­erte til i del 3 og går grundig inn på nedan­for, og også hjå Jacques Ellul, Mar­shall McLuhan, Ray Kurzweil og andre.

            Eg har sjølv drøf­ta teknologiutviklin­ga på denne måten blant anna i inn­legget “Teknolo­gi tek over” i Bergens Tidende (2020) og “Ung­dom­mar er tek­nol­o­giske deter­min­istar” i Vox Pub­li­ca (2013).

Datamaskiner og kunstig intelligens

Det beste eksem­pelet på at Hans Jonas er inne på noko finst i Moore’s lov. Denne seier at pros­es­sorhastighei­ta til data­mask­in­er vil dobla seg omtrent kvar 18–24 månad­er. Dette har nem­leg stemt på ein prikk i mange tiår.

            Utviklin­ga av data­mask­in­er frå 1940-talet har hatt net­topp den kumu­la­tive dynamikken som Jonas føre­set, og som eg kjem grundig inn på nedan­for. Dataverk­tøy har fått både sterkare yteevne, større mobilitet, betre infor­masjon­sop­pløys­ing, og fleire kon­tak­t­punkt mot andre dataverk­tøy og men­neske. Inter­net­tet dekkjer heile plan­eten, og geografisk avs­tand betyr ikkje lenger noko for kom­mu­nikasjo­nen mel­lom menneske.

            iHu­man (Ton­je Hes­sen Scheier, 2019) ein dystopisk doku­men­tarfilm om kun­stig intel­li­gens, sosial kon­troll og makt. Fil­men vis­er kor­leis AI-teknolo­gi veks seg stadig sterkare, og kan komme til å styre livs­førse­len, sam­fun­net og framti­da til men­nes­ka i ret­ningar som ingen ynskjer. “Du får lyst til å logge av. For godt”, skriv NRK i sin intro­duk­sjon. Fil­men eignar seg godt til å illus­trere Jonas sin kri­tiske analyse.

Doku­mentaren iHu­man har skapt stor merk­semd det siste året. Fortel­jestilen i denne fil­men er sterkt pre­ga av tek­nol­o­gisk deter­min­isme, og den er med respekt å melde langt min­dre sofistik­ert enn Hans Jonas sin.

Vitskapen lagar teknologi av naturen

For å forstå den vek­sautomatikken Jonas snakkar om må vi gå dju­pare inn i kon­trasten mel­lom hand­verk­ste­knolo­gi og mod­erne teknolo­gi. Igjen er det Mar­tin Hei­deg­ger som set tonen. Mod­erne teknolo­gi kjem med ei utfor­dring som stiller naturen til veg­gs, seier han i “Spørsmålet om teknikken” (eg brukar den norske omsetjin­ga frå 1973).

            Naturvit­skapen har ein utrek­nande tenkjemåte som gjer naturen til ein generelt tilgjen­ge­leg ressurs for teknologiutvikling. Medan hand­verk avdekker ved å “bringe fram”, avdekker mod­erne teknolo­gi ved “tvinge fram”. Hei­deg­ger seier det slik: «Den mod­erne teknikks form for avdekking er en utfor­dren, som krev­er av naturen at den lev­er­er ener­gi der hvor sådan kan utvinnes og lagres» (Hei­deg­ger 1973, s. 73).

            Der hand­verkaren bringer fram eit objekt, så tvinger mod­erne teknolo­gi fram eit objekt. Mod­erne teknolo­gi ord­nar alt utifrå ei utrek­nande tenk­ing som men­nes­ka tileignar seg ved å forstå naturen stadig betre gjen­nom naturvit­skap. «Utfor­drin­gen skjer derved at den ener­gi som skjules i naturen, legges åpen, det åpen­lagte omformes, det omformede lagres, det lagrede forde­les, det fordelte sjaltes om på nytt» (Hei­deg­ger 1973, s. 75).

Alle deler er utskiftbare

Mod­erne teknolo­gi er pre­ga av den kvaliteten Hei­deg­ger kallar “ståande bered­skap”. Den vit­skaplege ord­ninga av naturen ska­par pro­dukt som pr. defin­isjon er byggesteinar i eit større sys­tem. Eit pas­sas­jer­fly på rulle­ba­nen er eit godt døme på ståande beredskap.

            «Det er bestilt for å sikre muligheten for trans­port. For dette må det selv i hele sin kon­struk­sjon, i enhver bestand­del, være bestill­bart, dvs. startk­lart» (Hei­deg­ger 1973, s. 76). Eitk­vart fysisk fly kan skif­tast ut med eit anna fly, og det vert i prak­sis defin­ert ved å kunne til­fredsstille bestill­inga “å vere startklart”.

            Fly­et består for sin del av ei rekkje utskift­bare kom­po­nen­tar og del­sys­tem, t.d. seter, dør­er, motordel­er og instru­ment. Dette at kvar kom­po­nent på alle nivå er utskift­bare er eit vesen­strekk ved mod­erne teknolo­gi, seier Heidegger.

Eitk­vart fly i Nor­we­gian sin flåte kan utføre fly­gin­ga så lenge det er startk­lart, og viss eit fly har tekniske van­skar kan det erstat­tast av kva som helst slags anna fly som er startk­lart. (Presse­fo­to frå Norwegian).

Mennesket kan også verte ståande beredskap

“Den største fare” er i følge Hei­deg­ger at men­nes­ket også vert ein del av den ståande bered­skapen. Då vil men­nes­ket også verte utskift­bart i forhold til ei gitt bestill­ing, og vil berre ha ver­di så lenge det kan bidra til å til­fredsstille ei gitt slik bestill­ing. Då vil det knapt vere forskjell på men­neske og teknologi.

            “Atom­a­lderens frem­rul­lende tekniske rev­o­lusjon vil kunne trell­binde, forhekse, blende og for­blende men­nes­ket, slik at den bereg­nende tenkn­ing en dag gjelder og blir utøvet som den eneste” (Hei­deg­ger 1973, s. 31).

            Dette er eit skrekksce­nario ikkje berre for Hei­deg­ger, men i høg­ste grad også for Jonas. I vår tid er vare­la­gra til Amazon.com eit myk­je brukt døme på kor­leis men­neske kan verte ein del av ei “utrek­nande tenk­ing”, men poten­sialet har funnest heilt sidan fab­rikken vart oppfunnen.

            Både utdan­ning og arbei­d­sliv er innret­ta på dei fer­digheit­ene som mest effek­tivt styrkar teknologiutviklin­ga. Glob­alt er det no mil­lion­vis av job­bar som består i å pro­gram­mere algo­rit­mer, designe og tilret­te­legge grens­es­nitt, organ­is­ere penge­transak­sjonar, utføre trans­port og ikkje minst trans­portere varene som vert kjøpt og selt.

            Den IKT-kom­petansen som poli­tikarane ynskjer å dyrke hjå norsk ung­dom, og den tekniske kunnskapen som trengst for hus­byg­ging, oljeutvin­ning, kun­stig intel­li­gens-utvikling og ikkje minst det grøne skiftet, er fun­da­men­talt pre­ga av den utrek­nande tenkjin­ga. Same kva men­nes­ka gjer vil vi bidra til å styrke vek­stau­tomatikken, er Hans Jonas sitt perspektiv.

Vi er avhengige av framskritt

Mod­erne teknolo­gi er det vik­ti­gaste sym­bo­l­et på fram­skritt, og fram­skritt er nesten syn­onymt med auka materiell vel­stand. “Den stadig meir avanserte teknolo­gien vert for­ven­ta å auke men­neskeslek­tas materielle vel­stand ved å auke pro­duk­tiviteten i den glob­ale økonomien, skape mange forskjel­lige goder som kan bidra til at vi kan nyte livet, og sam­stun­des lette byr­den ved arbei­det” (s. 163).

            Jonas framhe­var stadig at gode mod­erne teknolo­giar gjev oss tek all merk­sem­da vår, og vi føl­gjer etter dei omtrent som hus­dyra føl­gjer etter ei bøtte med kraft­for. Og før vi merkar det har vi gått inn i innheg­ninga og grin­da er stengt.

            “Det at teknolo­gien har tatt over mak­ta er ein rev­o­lusjon som ingen har plan­lagt, full­s­tendig anonym og uimot­ståe­leg, og med ein dynamikk som ingen tidle­gare teo­ri­ar har inklud­ert eller forut­sett” (s. 127). Denne pros­essen har eit tem­po “med ein skrem­mande ekspo­nen­siell aksel­erasjon som ser ut til å vere utan­for einkvar kon­troll” (s. 128).

Irreversibelt momentum

Fram­skrit­tet har det Jonas kallar ein “stign­ingskvalitet” som inneber at “det som kjem seinare alltid er betre” (s. 166). Mod­erne teknolo­gi ska­par “ein stadig auke i kap­a­sitet og bruk­som­råde i alle tenkjelege ret­ningar i ube­gren­sa framtid” (s. 187). Det er denne pros­essen som gjer at men­nes­ka mis­tar kon­trollen. Jonas fork­lar­er poenget ved å vise til ingeniørens situasjon.

            “Erfaringa vis­er oss at utvikling­spros­jekt som vart sett i gang med kort­sik­tige mål har ein ten­dens til å gjere seg uavhengige og tileigne seg sin eigen tvin­gande dynamikk, sitt eige sjølvgåande momen­tum, som gjer at den vert irre­versibel og pres­sar ting framover på ein måte som over­styr­er ynsk­ja og planane til dei som sette i gang pros­essen” (s. 32).

            Vi er frie til å ta det fyrste skrit­tet, men slavar av det andre, seier Jonas. “Tek­nol­o­gisk dri­vne utviklingstrekk gjev ikkje rom for sjølv-kor­riger­ing” (s. 32).

            Vi er trua av ein katas­trofe som etterk­vart ligg innebygd i sjølve den his­toriske utviklin­ga, og kan difor ikkje stole på at fram­skrit­tet har ei ibuande for­nuft eller at “det er ei mein­ing med alle ting”. “Tvert imot”, seier Jonas, “må vi ta hand om denne framover-styr­tande pros­essen på ein heilt ny måte og utan ei kjent målsetjing” (s. 128).

iPaden er eit godt døme på Hans Jonas sin defin­isjon av per­ma­nent inno­vasjon: “mark­nad­ska­p­a­sitet for goder som ingen trengte på føre­hand, og heller ikkje vis­ste om” (s. 118). Illus­trasjo­nen er hen­ta frå Apple sine norske nettsider.

Permanent nyvinning som vi ikkje forstår

Det einaste som er sikkert med dynamikken i mod­erne teknolo­gi er at ting endrar seg heile tida, og at vår noverande etikk og våre verdisys­tem er dår­leg eigna til å handtere denne per­ma­nente endringstakten.

            Inno­vasjon kan utifrå Jonas sin tankemåte defin­erast som “ei kun­stig tilverk­ing av mark­nad­ska­p­a­sitet for goder som ingen trengte på føre­hand, og heller ikkje vis­ste om” (s. 146). Frå ein annan syn­stad kan denne pros­essen vere pos­i­tiv, for den ska­par jo nye pro­dukt som til dømes iPaden.

            For Jonas er denne man­ge­len på forut­sig­barheit ikkje over­raskande eit stort prob­lem. “Glob­al teknolo­gi har auka innsat­sen grense­laust og også auka gapet mel­lom den mak­ta som vert iverk­sett og forut­sig­barhei­ta i dens langtidsverk­nad­er” (s. 118). Apple-kon­ser­net har svært stor mark­nads­makt, og når dei lanser­er eit pro­dukt som iPaden vert langtidsverk­nadene svært lite forut­sig­bare. Jo større makt, jo min­dre forutsigbarheit.

            “Vi må rekne med nyvin­ningar utan å vere i stand til å forstå dei; endring er garan­tert, men ikkje kva endringa vil bestå av […] Denne per­ma­nente inno­vasjo­nen har ein ukjent X som for­purrar ei kvar utrekn­ing. Prog­nosar har blitt den reine kun­starten på grunn av analysar ved hjelp av data­mask­in­er, men dei skjer med dette atter­haldet” (s. 119–120). Analysane for­tel oss meir enn tidle­gare spå­dom­mar om framti­da kunne gjere, men dei syn­er også fram mange fleire ukjente fak­torar enn før.

Teknologioptimisme

Mod­erne inno­vasjon­ste­ori er pre­ga av eit pos­i­tivt syn på den same utviklin­ga som Jonas har eit neg­a­tivt syn på. Clay­ton Chris­tensens The Inno­va­tor’s Dilem­ma (1997), James McQuiv­eys Dig­i­tal Dis­rup­tion (2013) og ei rekkje lik­nande bøk­er hand­lar om kor­leis du som for­ret­ningsper­son kan tene pen­gar på den per­ma­nente innovasjonen.

            Peter Dia­man­dis er ein amerikan­sk inno­vasjon­s­gu­ru som har analy­sert det økonomiske poten­sialet i “expo­nen­tials” i mange år. Han seier omtrent det føl­g­jande: Så lenge men­nes­ka berre hadde hand­verk­ste­knolo­giar var det ei lineær utvikling i den krafta teknolo­giar hadde, men no har vi datate­knolo­giar som er pre­ga av ekspo­nen­siell utvikling.

Fig­uren vis­er Peter Dia­man­dis sin teori om “expo­nen­tials”. Han brukar fotografi som eit døme. Medan ana­log film knytt til Kodak og tilsvarande fir­ma hadde ei lineær utvikling har dig­i­tale bilete knytt til Insta­gram, Snapchat og tilsvarande sosiale medi­um ei ekspo­nen­siell utvikling.

Etter mange tiår med det Dia­man­dis kallar “com­pu­ta­tion­al growth”, og som igjen er basert på det Hei­deg­ger og Jonas kallar “den utrek­nande tenkjemåten”, har men­nes­ka no fått demokratisk til­gang til pro­duk­tet av denne vek­sten. Med ei rel­a­tivt låg invester­ing får du til­gang til ein poten­sielt glob­al mark­nad for ditt kom­mu­nikasjon­spro­dukt. Den jevne entre­prenør har såleis til­gang til “expo­nen­tials” som eit verkemid­del til mark­nads­makt, og kan få enorm suk­sess og rik­dom hvis han tre­ff blinken.

            Der Jonas ynskjer å bremse ned den per­ma­nente vek­sten i teknolo­gi ynskjer alt­så Dia­man­dis og dei andre teknolo­giop­ti­mis­tane å forsterke den endå meir. Dei gjev stu­den­tar og næringslivsak­tørar gode råd om kor­leis ein kan tene pen­gar på å forstå pros­essen. Sjå gjerne denne videoen “Dis­rup­tion Caused by Expo­nen­tials” (2017) hvis du vil ford­jupe deg i poenget og prøve å bli millionær.

Teknologipessimisme

Eg vender tilbake til Jonas sitt per­spek­tiv, som er pre­ga av sterk bekym­ring for men­neskas mang­lande evne til å handtere dei etiske imp­likasjo­nane av vek­sautomatikken. Pes­simis­men er knytt til at det verkar umo­ge­leg å snu utviklin­ga. Sam­fun­net rundt oss har akseptert sto­da, og bidreg vil­lig vekk til ytter­legare vekst. Eg avs­lut­tar med to ferske eksempel.

            Som­maren 2020 fekk 70 Ame­dia-avis­er støtte frå Google News Ini­tia­tive til å lage automa­tis­ert jour­nal­is­tikk basert på kvan­ti­ta­tive data. Kon­serndi­rek­tør for inno­vasjon, Pål Nedregåt­ten, seier til Jour­nal­is­ten: “Vi er allerede stor­for­brukere av Google-teknolo­gi. Uansett hvor­dan vi snur og vender på det vil vi være avhengige av teknolo­gi som leveres av de store aktørene, så vi tar imot de mulighetene vi får”. Dei er ikkje i posisjon til å utvikle uavhengige løysin­gar, og knyter seg berre sterkare og sterkare til Google.

            Som­maren 2020 var det debatt om bruken av amerikanske dataverk­tøy i norsk skule. Kunnskaps- og inte­greringsmin­is­ter Guri Mel­by skreiv i ein kro­nikk til NRK at net­tbrett som iPad skal “brukes til å tileg­ne seg ny kunnskap, og nye fer­digheter”. Dei bekym­ra røys­tene seier at vi ikkje veit nok om kor­leis slik teknolo­gi påverkar barns utvikling.

            Sjølv om lærings­forskarar arbei­der for å finne ut meir pre­sist kor­leis ny teknolo­gi påverkar barns læring vil min­is­teren imi­dler­tid ikkje vente på resul­ta­ta. Ho skriv: “Det er krevende for forsknin­gen å holde tritt med den tek­nol­o­giske utviklin­gen. Sam­tidig går den tek­nol­o­giske utviklin­gen sin gang, og den utviklin­gen kan ikke norsk skole melde seg ut av”.

            Desse to sita­ta vis­er at både mediebran­sjen og skulev­er­ket er grunn­leg­gande avhengige av dei verk­tøya som Face­book, Apple og Google har skapt. Og desse sel­ska­pa vis­er i sin tur kor pre­sist Hei­deg­ger og Jonas skil­drar dei overord­na utviklingstrek­ka i mod­erne teknolo­gi. Aksepten av denne vek­stau­tomatikken er Jonas si største bekym­ring for framtida.

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni del­er. Femte del heit­er “Men­nes­ka vil ha per­ma­nent inno­vasjon”. Medan del 4 hand­la mest om dei eigen­ska­pane ved teknolo­gi som ska­par per­ma­nent inno­vasjon hand­lar del 5 om nokre oppor­tunis­tiske trekk i men­nes­ket som bidreg til den same utviklin­ga. Det ligg i men­nes­kets natur å dyrke sine eigne muligheit­er, sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Vår kap­a­sitet for nyvin­ning er vår skjeb­ne, seier Jonas.

TEMA

I

nnovasj
on

21 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen