Då Noreg blei kåra til verdas beste mødreland i 2015, rykka statsminister Erna Solberg ut til ei barselgruppe, og blei fotografert av VG. Komposisjonen etterlet ingen tvil: Dette biletet er arrangert. Borna blir anten haldt av statsministeren sjølv eller haldt inn fra sidene, slik at Erna, solbrun, smilande og så klart større enn borna, blir eit tydeleg midtpunkt.
Samstundes veit alle som har prøvd å få born til å posere at nettopp det ikkje er så lett. Eit barn ser ut som om han prøver å krabbe vekk, vi har ein som ser særs misnøgd ut, og berre ein av dei fire ser faktisk inn i kamera. Det skjer mykje i andleta til babyane — me har den triste, den tankefulle, den distraherte, den nysgjerrige. Så kanskje har ikkje fotografen og Erna full kontroll likevel — eller har dei det?
Kontrasten mellom den stramme grunn-komposisjonen og dei mangfaldige barneandleta, det me kan og det me ikkje kan kontrollere, er nemleg viktig. Tankeeksperiment: Sjå for dykk to versjonar av det “perfekte” biletet. Anten at dei fire borna hadde sett rett inn i kamera, eller at dei alle hadde sett på Erna. Då hadde me fått ein statsminister-mor av ein heilt annan karakter.