Valkampen har blitt sparka i gang med partileiardebatten under Arendalsuka. Nationen omdøypte debatten til ein “drakamp om norske verdier”, og illustrerer saka si med eit bilete der berre fire av dei ni partileiarana er avbilda. Statsministerkandidatane, Jonas Gahr Støre og Erna Solberg, er midt i ein oppheita diskusjon, medan deira fremste støttespelarar, Trygve Slagsvold Vedum og Siv Jensen, står stoisk på kvar si side av debattantane. Samstundes er alle auge retta mot dei to: Vi ser bakhovuda på debattens programleiarar, og ikkje minst eit fjernsynskamera i bakgrunnen.
Artikkelen gjev lesaren litt informasjon om politikken til dei ulike partia, men først og fremst får vi vite at Siv Jensen gjekk til åtak på Vedum, at Vedum slo tilbake, at Gahr Støre retta harde åtak mot Jensen. Partileiardebatten har blitt innramma, eller frama, som ein duell, politikken har blitt definert som ein kamp.
Politikarar sjølv driv med slik innramming heile tida for å skape ei forståing av røyndommen som tener deira eigen sak, men mediene sjølv driv også slik innramming. Nationen sin artikkel er eit flott døme på politikk innramma som ein kamp, der målet først og fremst er å vinne. Dette er ganske vanleg, men tenker vi oss litt om, er det vel få av oss som ynskjer oss ein politikk der siger er endemålet.
Korleis bidreg så biletet til denne innramminga? Eit bilete er noko vi oppfattar umiddelbart, men samstundes er det mangetydig og treng hjelp frå teksten og konteksten for å bli retorisk effektivt. Når me ser ordet “drakamp” i overskrifta, og Jonas og Erna i heftig diskusjon, forstår me straks kva artikkelen handlar om og innramminga av politikk som kamp blir straks etablert. Biletet forsterkar altså innramminga ved å introdusere den før lesaren rekk å byrje på artikkelen.
Dessutan er dette eit bilete som innsnevrar og spesifiserar den ganske vide “politikk er ein kamp”-innramminga. For kven er det vi ser her? Jonas og Erna i duell, med Vedum og Jensen som sekundantar. Dersom vi rekner med kameraet, er fire av fem blikk-retningar i biletet retta mot dei — det er desse to alt eigentleg handlar om. Dette er informasjon me ikkje finn i artikkelen, der får andre partileiarar like mykje plass. Fotografiet kan altså skape ei forståing av partileiardebatten som først og fremst ei styrkeprøve om kven som bør bli statsminister. I blant blir det hevda at norske valkampar blir meir presidentaktige, altså meir fokuserte på statsministerkandidatane, og dette biletet er i alle fall eit døme på det.
Spørsmålet er kva me mister når valkampen i eit fleirpartisystem handlar meir og meir om statsministerkandidatane, og når debatt blir framstilt som noko ein skal vinne heller enn som eit høve til å opplyse veljarane.