Det er ikkje alle politikarar som deltek i protestaksjonar. Bård Hoksrud er ein slik politikar. Med utropet “Detta blir gøy!” gjekk han i juli 2016 ombord i ein vannscooter for å køyre frå Drøbak til Oslo, saman med femti andre frå Norges Vannscooterforbund. Målet var å likestille fritidsbåtar og vannscooterar — fram til no har det ikkje vore lov å køyre vannscooter nærmare enn 400 meter frå land.
NRK dekte saka, og lagde ein video av Hoksrud durande inn gjennom Oslofjorden. Når ein ser videoen, ser ein tydeleg det Hoksrud sjølv uttalte: At han er nervøs fordi han ikkje har køyrd vannscooter før.
Biletet har ingen slik nervøs stemning. Journalisten har klart å fange det perfekte stillbiletet: Hoksrud midt i forgrunnen, plassert nesten i det gyldne snitt, med resten av vannscootergjengen bak seg i ein triangelkomposisjon. Vannscooteren hans er dels i ljoset, dels i skuggen, og den er svart medan dei andre scooterane er raude eller gule. Det er også mykje rørsle bak han: Nokon aksjonistar sit, andre står på vannscooterane, og dei ser i ulike retningar. Sjøen er skummande kvit, himmelen og landskapet bak mørkt. Biletet oser dynamikk og kraft.
Det minner litt om ei filmplakat — ein bikergjeng til sjøs — ein gjeng piratar fra Waterworld, som skal til å utfordre Kevin Costner. Eller ein maritim Mad Max. Mad Hox: The Sea Warrior.
Det interessante med eit slikt bilete, med så åpenbart filmatiske kvalitetar, er at de mest truleg kan slå begge vegar hjå publikum. Som eit prov på handlekraft for Hoksrud-tilhengerar — her er ein politikar me ser gjer noko! Og som ein parodi for dei som ikkje har politisk sympati for han — Hoksrud som ein teikneseriefigur.