Duellen

Erna og Jonas er klare til drakamp, flankert av Trygve og Siv. Men kva fortel eit slikt bilete oss?
Erna Solberg og Jonas Gahr Støre under Arendalsukas partileiardebatt. (Foto: Tor Erik Schrøder/NTB Scanpix).

Val­kam­pen har blitt spar­ka i gang med parti­leiar­de­bat­ten under Aren­dal­s­uka. Natio­nen omdøyp­te debat­ten til ein «dra­kamp om nors­ke ver­di­er», og illust­re­rer saka si med eit bile­te der ber­re fire av dei ni parti­leia­ra­na er avbil­da. Stats­mi­nis­ter­kan­di­da­ta­ne, Jonas Gahr Stø­re og Erna Sol­berg, er midt i ein opp­hei­ta dis­ku­sjon, med­an dei­ra frems­te støtte­spe­la­rar, Tryg­ve Slags­vold Ved­um og Siv Jen­sen, står sto­isk på kvar si side av debat­tan­ta­ne. Sam­stun­des er alle auge ret­ta mot dei to: Vi ser bak­ho­vu­da på debat­tens pro­gram­leia­rar, og ikkje minst eit fjern­syns­ka­me­ra i bakgrunnen.

Artik­ke­len gjev lesa­ren litt infor­ma­sjon om poli­tik­ken til dei uli­ke par­tia, men først og fremst får vi vite at Siv Jen­sen gjekk til åtak på Ved­um, at Ved­um slo til­ba­ke, at Gahr Stø­re ret­ta har­de åtak mot Jen­sen. Parti­leiar­de­bat­ten har blitt inn­ram­ma, eller fra­ma, som ein duell, poli­tik­ken har blitt defi­nert som ein kamp.

Poli­ti­ka­rar sjølv driv med slik inn­ram­ming hei­le tida for å ska­pe ei for­stå­ing av røyn­dom­men som tener dei­ra eigen sak, men medie­ne sjølv driv også slik inn­ram­ming. Natio­nen sin artik­kel er eit flott døme på poli­tikk inn­ram­ma som ein kamp, der målet først og fremst er å vin­ne. Det­te er gans­ke van­leg, men ten­ker vi oss litt om, er det vel få av oss som yns­kjer oss ein poli­tikk der siger er endemålet.

Kor­leis bidreg så bile­tet til den­ne inn­ram­min­ga? Eit bile­te er noko vi opp­fat­tar umid­del­bart, men sam­stun­des er det mange­ty­dig og treng hjelp frå teks­ten og kon­teks­ten for å bli reto­risk effek­tivt. Når me ser ordet «dra­kamp» i over­skrif­ta, og Jonas og Erna i hef­tig dis­ku­sjon, for­står me straks kva artik­ke­len hand­lar om og inn­ram­min­ga av poli­tikk som kamp blir straks etab­lert. Bile­tet for­ster­kar alt­så inn­ram­min­ga ved å intro­du­se­re den før lesa­ren rekk å byr­je på artikkelen.

Dess­utan er det­te eit bile­te som inn­snev­rar og spe­si­fi­se­rar den gans­ke vide «poli­tikk er ein kamp»-innramminga. For kven er det vi ser her? Jonas og Erna i duell, med Ved­um og Jen­sen som sekun­dan­tar. Der­som vi rek­ner med kame­ra­et, er fire av fem blikk-ret­nin­gar i bile­tet ret­ta mot dei — det er des­se to alt eigent­leg hand­lar om. Det­te er infor­ma­sjon me ikkje finn i artik­ke­len, der får and­re parti­leia­rar like mykje plass. Foto­gra­fi­et kan alt­så ska­pe ei for­stå­ing av parti­leiar­de­bat­ten som først og fremst ei styrke­prø­ve om kven som bør bli stats­mi­nis­ter. I blant blir det hev­da at nors­ke val­kam­par blir meir pre­si­dent­ak­ti­ge, alt­så meir foku­ser­te på stats­mi­nis­ter­kan­di­da­ta­ne, og det­te bile­tet er i alle fall eit døme på det.

Spørs­må­let er kva me mis­ter når val­kam­pen i eit fleir­parti­sys­tem hand­lar meir og meir om stats­mi­nis­ter­kan­di­da­ta­ne, og når debatt blir fram­stilt som noko ein skal vin­ne hel­ler enn som eit høve til å opp­ly­se veljarane.

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
til toppen