Dei ser så nøgde ut. Kari Elisabeth Kaski (SV), Bjørnar Moxnes (Raudt) og Une Aina Bastholm (MDG), der dei står smilande i eit hav av fargen raudt. Fotografiet illustrerer ein sak i Aftenposten med tittelen “Arbeiderpartiet spises opp av småpartiene”. Vidare: “Venstresiden spiser Arbeiderpartiet levende for tiden”.
Det får ikkje Jonas Gahr Støre til å gå i seg sjølv. Tvert om analyserer han saka som at proteststemmer har kome til Noreg, ei analyse han kroner ved å seie: “Dette er situasjonen fem dager før valget, men jeg tror mange på vei inn i valglokalet tenker litt mer på helheten”.
Me treng hjelp av tekst og kontekst for å tolke bilete. Her kjenner vi umiddelbart igjen dei tre toppkandidatane (i alle fall Moxnes), og raudfargen har sin klare og kjente symbolikk. Samstundes er det noko forstyrrande i måten denne gjengen blir avbilda på, i kontrast til måten dei blir omtalt i artikkelen. Her handlar det mest om kor dårleg det ser ut for Arbeiderpartiet — og Gahr Støre gjev desse partia skulda. Dei er ein raud fare. Men dei tre topp-kandidatane ser ikkje akkurat ut som rovdyr. Dei smiler, til trass for regnet, og verker som om dei er venner og vel forlikte, klare for både ein øl og for konstruktivt samarbeid etter valet. Slik me vil at ein politiker skal vere.
Om me les bildeteksten, finn me dessutan ut dei blei fotografert på eit fagforenings-arrangement. Arbeiderpartiets heimearena. Val av foto for denne saka fortel ei anna historie enn det AP prøver å gjere i sitt tilsvar, nemleg at desse småpartia ikkje er proteststemmer, men den nye venstresida. Og å gje tilsvar til eit fotografi er mykje vanskelegare.