Forsker ved UNI Rokkansenteret Følg meg på Twitter: @sveinungarnesen
Denne modellen har pekt ut rett vinnar av presidentvalet i USA sju av sju gonger.
Det finnast ei rekke modellar for å predikere utfallet av amerikanske presidentval. Ein av dei som merker seg ut både med tanke på framgangsmåte og suksess er Allan Lichtman sine «13 nøklar til Det kvite huset». Lichtman gjer vurderingar av tretten ulike påstandar, og dersom fem eller færre av dei blir klassifisert som usanne, blir kandidaten til partiet som sit med makta spådd gjenval. Om seks eller fleire påstandar er feil, vil kandidaten til utfordrarpartiet vinne. Sidan nøklane vart introdusert i 1981, har framgangsmåten predikert den rette presidenten i alle dei sju forsøka frå 1984-2008.
Lichtman har no vore ute med sine vurderingar for presidentvalet i år, og han endar på Obama som vinnar. Under følger dei tretten påstandane, og dei som per i dag blir vurdert som usanne for 2012 er utheva:
Som ein kan sjå er dei fleste punkta over ikkje objektive. Det vil seie at ein må gjere vurderingar av i kva grad påstanden er sann eller usann, noko som kan gi rom for usemje. Modellen har også fått kritikk for å inkludere for mange faktorar på for få observasjonar, og for å predikere valvinnaren i staden for å predikere den nøyaktige oppslutnaden til kandidatane (som er vanskelegare). Men for kvar gong modellen tippar den rette kandidaten som vinnar, minkar skepsisen mot Lichtman sine argument.
Mange av nøklane svarar til faktorar som også andre prediksjonsmodellar har med, blant anna økonomi og fordelen med å sitte i posisjon. Det er interessant å merke seg at ingen av nøklane tek for seg valkampen. Lichtman har sjølv uttala at val ikkje er hesteveddeløp der kandidatane vekslar på leiinga frå den eine dagen til den andre, slik ein kan få inntrykk av i media. Ei alternativ tolking av valkampeffekten er at innsatsen frå dei to partia nøytraliserer kvarandre, og at vi derfor hadde sett den verkelege effekten dersom eitt av partia ikkje hadde ført nokon valkamp i det heile.
Kjelde: Lichtman, Allan J. (2005): The Keys to the White House: A Surefire Guide to Predicting the Next President.Rowman & Littlefield Publishing Group, Inc.
Det andre argumentet for at Obama vinn gjenval i 2012 er kort fortalt at han er den sittande presidenten. Historisk har Demokratane fått nesten 10 prosentpoeng fleire røyster når dei sit med presidenten enn når Republikanarane gjer det.
Statsvitaren James Campbell listar opp ei rekke grunnar til at partiet som sit med presidenten har ein fordel i høve til motkandidaten(-ane). Oppsummert kan vi seie at forklaringane dreier seg om at presidenten allereie har skaffa seg posisjonen og med det viser at han har det som skal til for å vinne eit presidentval, samstundes som den beste staden å vere på for å førebu seg til eit presidentval er Det kvite huset. Den som har vunne eit val tidlegare har allereie fått saumfara si personlege historie, og det er lite truleg at det skal falle nye skjelett ut av skapet i andre omgang. Det som eventuelt skulle felle ein sittande president er korleis han har skjøtta seg i den første perioden. Politikarar og parti som sit ved makta blir ofte skulda for det veljarane meiner er galt med samfunnet, og her i Noreg er omgrepet regjeringsslitasje velkjend. Som regel er forventningane til presidenten høgare enn han klarer å innfri, og mange vert skuffa over mangelen på endringane dei vart lova.
Heller ikkje Barack Obama har klart å lukke gapet mellom forventningar og utkome, og approvalratingen som syner kor stor del av veljarane som er tilfredse med jobben han gjer som president har dala etterkvart som kveitebrødsdagane gråna og glei over i kvardagar.
Denne utviklinga er typisk for ein president, og ofte gjer partiet hans det dårlegare i mellomvala som finn stad midt i presidenten si periode. Kongressvalet i 2010 var ikkje noko unnatak i så måte: Demokratane tapte 63 delegatar i Representanthuset, og mista med det fleirtalet der. I Senatet sikra dei seg fortsatt majoritet, men måtte sjå fem sete gå til Republikanarane.
Oppslutnaden om presidenten fell nærast lovbestemt etter valet, men har ei nesten like stor tendens til å stige att etter kvart som det nye gjenvalet kjem på trappane. Den anerkjende statsvitaren James Stimson gjorde oss merksam på denne trenden, og eg skal referere samandraget frå artikkelen han skreiv i 1976:
The approval accorded to Presidents by the American public is found to follow a cyclical pattern over time. All Presidents begin their terms with great popularity, experience parabolic declines, steadily lose popular support for about three years, and then recover some at the ends of their terms. These distinctive cycles, it is argued, reflect regular expectation/disillusionment cycles among the less well-informed segments of the public and are tied to the four-year election calendar. The extraordinary fit of parabolic curves to actual presidential approval leads to the suspicion that presidential approval may be almost wholly independent of the President’s behavior in office, a function largely of inevitable forces associated with time.
Den sykliske trenden i meiningsmålingane er vel verd å bite seg merke i når vi ser på oppslutninga om Obama i dag. Berre eit lite prosentpoeng meir av veljarane er positive enn negative til Obama, men ein skal ikkje sjå seg blind på kva dei svarar så langt unna valdagen. Som sitande president har han pole position, og oppslutninga så langt i perioden følgjer rundetidene til det sykliske skjemaet.
Kjelder:
Campbell, James E. (2000). The American Campaign: U.S. Presidential Elections and
the National Vote. College Station: Texas A&M University Press.
Weisberg, Herbert (2002): “Partisanship and Incumbency in Presidential Elections.” Political Behavior
Volume 24, Number 4. 339-360, DOI: 10.1023/A:1022558810957
Stimson, James A. (1976): “Public Support for American Presidents A Cyclical Model”. Public Opinion Quarterly, Volume 40, Issue 1, pp.1-21.
Det er gode grunnar til å forvente at Obama vinn presidentvalet i haust. Splittande nominasjonskamp i Det republikanske partiet er ein av dei.
Eg skal i ein miniserie vurdere dei amerikanske presidentkandidatane sine sjansar for å vinne valet som kjem til hausten i år. Konklusjonen er i tittelen, medan nyansane og grunngjevingane for påstanden blir presentert undervegs. For nokon kan det opplevast som ei festbrems at vinnaren blir “avslørt” allereie no, og til det er å seie det openberre: ingen sit på fasiten. Kanskje viser spådommen seg å vere grundig feil. Det er like fullt fleire gode grunnar til at Obama har store sjansar for attval, og det er desse momenta det blir peika på i denne serien. Mange av argumenta spring ut frå valforskingsteori og -empiri, medan andre er eigne kontekstuelle vurderingar. Det første som talar for at Obama sigrar er ståa i Det republikanske partiet om dagen, og det ser vi nærare på i denne første delen.
Dersom nominasjonsprosessen i eit parti blir langvarig, har den som til slutt blir partiets kandidat dårlegare sjansar for å bli president .[1] Blant anna blei Walter Mondale grundig slått i 1984-valget etter å ha måtta kjempe hardt for nominasjonen. Det same gjeld Goldwater og McGovern. Også sittande presidentar som har måtta gå ekstrarundar før valet har fått det tøft: Presidentane Gerald Ford og Jimmy Carter måtte nedkjempe interne rivalar før hovudslaget, og lukkast ikkje å vinne gjenvalg.
To forklaringar peikar seg ut tanke på kvifor langvarige nominasjonsprosessar slår uheldig ut for presidentkandidatane. Den eine er at veljarane i løpet av nominasjonskampen bygger opp interne motsetnader som er vanskeleg å legge bak seg. Jo lenger tid kandidatane må bruke på intern kiving, dess større risiko er det for at nominasjonsprosessen utviklar seg i den skitne retningen. Det vil kunne rettast påstandar som kan falle meiningsmotstandarane tungt for brystet, og dei som har støtta taparkandidatane kan miste motivasjonen til å stemme på partiet sin endelege kandidat.
Den andre grunnen til at langvarige primaries er et dårlig utgangspunkt for presidentvalget kan vere at ingen kandidat utmerkar seg som spesielt sterk. Dersom ein sittande president får ein reell utfordrar frå sitt eige parti, er det uttrykk for stor misnøye mot presidenten. For republikanarane i år er det ikkje eit kvalitetsteikn at ein sliten gamal sirkushest som Newt Gingrich har halde koken såpass langt ut i løpet. Mange amerikanske veljarar vil huske han frå hans tid på 1990-tallet som speaker i Representanthuset, der han var ein splittande figur. Av mange blei han oppfatta som lunete, og han blei endatil forsøkt detronisert av sine eigne partifellar. Det lukkast dei ikkje med, men Gingrich har det siste tiåret sirkla utanfor dei innerste kretsene av Det republikanske partiet, og sørga for livsopphald gjennom lobbyverksemd og bokskriving. Når det viste seg at han heldt stand i primærvala og seilte opp som ein reell utfordrar til Mitt Romney, dukka hans partiinterne motstandarar igjen opp og advarte mot å velge det dei meiner er ein kandidat med små sjansar for å vinne mot Obama. Der Romney er ein person som kan trekke uavhengige røyster til seg, er Gingrich ein konservativ kandidat med ei broket politisk historie. Gingrich på si side peikar på at republikanarane valde ein moderat kandidat både i 1996 (mot sittande president Clinton), og sist i 2008, utan hell. Intervju med Gingrich kan du sjå her.
Rick Santorum sprang opp som troll av eske like før dei første caucuses i Iowa. Med eit ubesudla mediarulleblad forkynte han ein sosialkonservatisme som fanga interessa til den gruppa av republikanske veljarar som er oppteken av slikt. Dei er det mange av i USA, og verken Romney (mormonar) eller Gingrich (seriemonogam, i beste fall) vekker begeistring hjå desse veljarane. Åttebarnfaren Santorum vann i Iowa, Minnesota, Colorado og Missouri, og er i skrivande stund framleis ein potensiell vinnar. Det skal likevel overraske om han stikk av med seieren i nominasjonsvalet. Dei sosialkonservative hadde si tid då George Bush Jr. var president, og fleirtalet av amerikanarar lengtar ikkje tilbake til den tida, heller ikkje fleirtalet av republikanarane om ein skal tru prediksjonsmarknadane (sjå grafar under).
Mitt Romney har allereie vore i ein nominasjonskamp tidlegare, og verkar som den sterkaste kandidaten. Han er ein vellukka forretningsmann, han har moderate politiske meiningar med eit stort nedslagsfelt hjå veljarane, og han har pengar å svi av. Men til liks med andre spør han seg kanskje kvifor han enno ikkje har rista av seg motkandidatane. Det er nok ikkje fordi han er mormonar, for Kennedy var katolikk og Obama var svart, og det hindra dei ikkje i å nå heilt til topps. Meir sannsynleg er det at han ikkje har den karismaen som dei beste kandidatane i tidlegare presidentval har hatt. Vi nemde to av dei nettopp, Reagan og Clinton er to andre. Romney er kandidat av eit mindre format. Vi skal hugse at han tapte nominasjonskampen i 2008 mot ein kandidat som seinare bukka under for Obama. Denne gongen kan det sjå ut som han får oppdraget med å fronte Obama i presidentvalet, og tvekampen vil bli ei formidabel utfordring for Romney.
På Intrade kan ein spekulere i kven som vinn nominasjonskampen, og grafen under viser Romney sine estimerte vinnarsjansar. Per 16. februar var dei omkring 75%. Resten er fordelt med cirka 15%for Santorum og 5% kvar for Gingrich og Paul. New York Times viser også ein oppdatert oversikt over kor mange delegatar kandidatane har vunne til no.
2012 kan fortone seg som eit kvileskjer for republikanarane. Dei hadde ei sterk røyrsle i dei neokonservative, leidd av dyktige folk med ein misjon. Richard Pearl, Donald Rumsfeld, Dick Cheney og kompani søkte makt, vann makt og brukte makt med George Bush Jr. ved roret. Dei tærde også på omdømet til Det republikanske partiet ved å køyre kompromisslaust på i krigen mot terror og i pengepolitiske spørsmål. Etter at Bush si doble presidentperiode var over, var USA djupt involvert i ein upopuler krig i Irak, og stod samstundes innanlands opp til halsen i råtne pengar og finansiell systemkrise. Då Bush gjekk av som president hadde han den lågaste standinga hjå veljarane av alle amerikanske presidentar sidan Gallup starta målingane på midten av 1930-talet.
McCain forsøkte å distansere seg frå den avgåande presidenten ved forrige presidentval i 2008, men det synkande skipet stod ikkje til å redde, og med Lehman Brothers-kollapsen berre veker før valet kom skuddet for baugen på partiet og kandidaten. [2]Dei siste fire åra har dei konservative kreftene omgruppert seg, men dei er foreløpig ikkje i stand til å gå i takt. Tea Party-røyrsla kunne ei stund virke som den nye vinen på den konservative sida, men då Washington Post gjorde eit heilhjarta forsøk på å få oversikt over grasrotrøyrsla, viste det seg at den var svakare enn ein kunne ha inntrykk av. Storleiken var inflatert, meiningane deira sprika, og flesteparten av medlemmane var ikkje interessert i politikk(!). Det var ei protestrøyrsle som sparka oppover mot det etablerte politiske etablissementet, men den sparka både opp til høgre og opp til venstre. Alle potensielle kandidatar som var kopla til røyrsla er i praksis ute av nominasjonskampen i 2012: Herman Cain og Michelle Bachman hadde sine minutt i rampelyset, men måtte ganske tidleg gje seg. Sarah Palin stilte aldri offisielt som kandidat. Ron Paul er framleis med, men hans kandidatur heng i ein alt for tynn tråd.
Det republikanske partiet er for tida i ei ideologisk og strategisk bølgjedal, og det er vanskeleg å spore verken intern eller ekstern entusiasme omkring partiet sine kandidatar. Ein valkampveteran for demokratane sitt råd til den sittande presidenten er å “preserve radio silence and let a party bent on suicide go about its business”.
Fordel Obama.
[1] Kenney, Patrick J. and Rice, Tom (1987): The Relationship between Divisive Primaries and General Election Outcomes. American Journal of Political Science. 31(1) 31-44.
Jeg er overbevist om at en mer seriøs skoledebattkultur vil føre til at flere engasjerer seg i politikken.
De siste ti årene har jeg deltatt aktivt i alle valgkamper, både lokalvalgkamper og stortingsvalgkamper. Det betyr også at jeg ikke har telling på hvor mange skoler jeg har besøkt i forbindelse med skolevalg. Min erfaring er at mange politikere undervurderer ungdommer, og at potensialet i skolevalgene blir begrenset av politikerne.
I forkant av valg er det tradisjon for at de politiske partiene sender representanter til valgdebatter på videregående skoler. Selve debatten går for seg i en gymsal, kantine eller aula, ledes enten av lærere eller elever, og varer i mellom halvannen time og to timer. I etterkant arrangerer skolen et prøvevalg med resultater som blir publisert og gitt en del oppmerksomhet i mediene. I 2011 ble ordningen med debatter satt på vent til fordel for valgtorg med stands på skolene, som et forsøk på å skape en roligere valgkamp etter grusomhetene 22. juli. Julie Ane Ødegaard skrev i Vox Publica at ”Valgtorg istedenfor skoledebatt kan senke terskelen for unge til å ta kontakt med politikere og gjøre politikk mer relevant”. Det er ikke til å legge skjul på at skoledebattene har et frynsete rykte.
Hersketeknikker, latterliggjøring og andre skitne knep er kjente ingredienser i skoledebatter, og mange politikere har uttrykt skepsis mot ordningen:
Det er trist at debattene har blitt oppfattet slik når skolevalgene for mange ungdommer er det første skikkelige møtet med politikere. Da er det forvirrende når partienes representanter bruker vel så mye tid på å forvrenge andre partiers budskap enn å legge frem egen politikk. Jeg mener også at det er respektløst overfor ungdommene som overværer debattene. Slik deler jeg innvendingene Ropstad, Trettebergstuen og Pedersen har mot debattenes form, men det gjør meg ikke til en motstander av debattene som sådan.
Les hele innlegget »
Forsøket med e-valg var teknisk vellykket, men det grunnleggende spørsmålet er ikke besvart.
Kommunal- og regionaldepartementet har nettopp gjennomført et forsøk som kanskje representerer det mest banebrytende aspektet ved valget i år. Fredagen før valgdagen avsluttet de forsøket med å kunne stemme over internett, et forsøk som 10 kommuner rundt om i landet har deltatt i. Fra å ha blitt unnfanget som en sped idé blant enkelte politikere, har departementets folk leiet ideen gjennom utredninger og vekslende regjeringer, ut i ukjent farvann og forbi skumle skjær. Det er ikke til å stikke under en stol at skeptikerne har vært mange, og underveis har nok kanskje troen på gjennomførbarheten av internettvalg også vært tøff å holde fast ved. Når de så den 11. september, dagen før valget, holdt en konferanse i Oslo hvor de kunne vise til et internettvalg som forløp uten store komplikasjoner, er det mange som fortjener ros for innsatsen. Det er et omfattende arbeid som ligger bak dette forsøket, og den tekniske gjennomføringen har vært vellykket. Noen titalls velgere i Sandnes hadde fått feil bekreftelseskode på deres avgitte stemmer og noen stemmer i Ålesund måtte telles manuelt, men forøvrig bar rapportene bud om tøvær. De som har uttalt seg på kommunenes vegne i avisene framstår også tilfredse med forsøket. Fremdeles gjenstår mye analysearbeid av e-valget, men noen data ble presentert den 11.9.:
• 16,6% av velgerne i forsøkskommunene hadde stemt over internett.
• Dette utgjør 73,2% av forhåndsstemmene
• Avgitte stemmer var noenlunde like for alle aldersgrupper under 70 år, mens den sank betydelig etter det. (Èn velger over hundre år stemte elektronisk.)
• Den siste dagen velgerne kunne stemme var den enkeltdagen flest velgere stemte.
Den tekniske gjennomføringen må så langt jeg vet altså kunne betegnes som en suksess. Men kritikerne har fremdeles ikke stilnet. Om undertegnede kanskje ikke er en av dem, er jeg i alle fall avventende skeptiker. De viktigste ankepunktene mot internettvalg er 1) sikkerhet, 2) fravær av anonymitet og 3) formål.
Les hele innlegget »
Forklaringen på endringene fra forrige lokalvalg bør heller søkes i blokkpolitikken enn i terrorangrepene.
Med unntak av at Frp sleit med å finne tonen med velgerne i det politiske klimaet etter 22/7, virket terrorhendelsene å ha liten virkning på lokalvalget i år. Blokkpolitikken i Stortinget, derimot, forklarer mesteparten av endringene fra forrige lokalvalg.
Hovedtrekket i de norske kommunestyre- og fylkestingsvalgene er på nasjonalt nivå at Høyre går mye fram og Fremskrittspartiet tilsvarende tilbake. Det kan virke som at det også er disse to partiene som har vekslet velgerne seg i mellom. Tilbakegangen til Frp kan skyldes to momenter. For det første var partiet i svært lang tid ført av en karismatisk leder, men det er de ikke lenger. Lederskifter i slike typer organisasjoner er ofte kritiske, og dagens leder Siv Jensen har nok ikke klart å videreføre engasjementet rundt partiet i like stor grad. Det ville sannsynligvis ikke noen andre etterkommere av Hagen heller ha gjort, for det er fraværet av Hagen som partileder og ikke tilstedeværelsen av Jensen som er problemet. Partiet har de siste årene vært den nye vinen i norsk politikk, men engasjementet rundt dem har stilnet, og velgere som har håpet at partiet kan tilføre norsk politikk noe nytt har i det store og det hele blitt skuffet. Noen var skuffet fordi de ikke klarte å samle et slagkraftig alternativ til den rødgrønne regjeringen i 2009. Andre var skuffet fordi Frp har opphørt å være det protestpartiet som gjorde dem til favoritter blant anti-establissement-orienterte velgere.
Les hele innlegget »
Mange nye AUF-ere med da partiets gode resultat i skolevalget ble feiret i Bergen.
På AUFs valgvake på Scandic hotell i Bergen var det god stemning tirsdag kveld. Rundt 70 ungdommer hadde funnet veien i regnet for å samles til valgvake. Hvilket parti ville gå av med seieren i årets skolevalg?
Flere stoler og bord måtte stadig settes frem for å få plass nok til alle. Mange nye — og gamle — medlemmer var samlet til å følge med på hvordan skolevalget hadde gått. Foruten offentliggjøring av skolevalgresultatene vanket det klapp på skulderen til alle etter vel blåst innsats på rundt 50 videregående skolers valgtorg. Det var kake, roser, sjokolade og brus, og latteren satt løst i den store salen.
— Det er mange nye AUF-ere her, sier Natalie Milde (19) entusiastisk.
Hun forteller at kvelden skal bestå av bli kjent-leker, quiz og mye moro for å bli bedre kjent med alle de nye AUF-medlemmene.
Sosialt, politisk, jobbmessig — utbyttet av ungdomspolitisk arbeid har vært over all forventning, skriver Eirik Løkke.
Det er mulig det er en overdrivelse å påstå at det ikke finnes mennesker som angrer på at de meldte seg inn i et politisk ungdomsparti. Men jeg er rimelig sikker på at de tilhører unntakene. Det er en rekke gode (og noen dårlige) grunner til å bli aktiv politisk, min egen beslutning om å melde meg inn i Unge Høyre er definitivt et av de valgene jeg er mest fornøyd med. Utbyttet sosialt, politisk og jobbmessig har vært over all forventning.
Unge Høyre var ikke et opplagt valg for min del. Jeg var ikke enig i alle standpunktene, men lot meg overbevise av det stoltenbergske etos om at man må finne det partiet man er minst uenig med. En av de tingene som overrasket positivt var den korte veien fra innmelding til innflytelse — gjennom deltakelse i formelle besluttende fora, samt deltakelse i råd og utvalg hvor politiske spørsmål ble drøftet. Men enda viktigere; bidrag fra ungdommen ble så vel oppmuntret til som tatt til etterretning. Som ungdomspolitisk aktiv er veien til å påvirke politikken kort — kortere enn mange tror. Enten gjennom å være folkevalgt eller rådgiver for utøvende politikk; det er ikke tilfeldig at rådgiverne i byrådet i Bergen befinner seg i 20-årene. Valgkampmedarbeiderne til Bergen Høyre er enda yngre.
Ungdomspolitisk innflytelse fungerer heldigvis på lignende vis i andre partier, eksempelvis AUF. Ønske om å påvirke, delta i sosiale fellesskap, samt få med seg nyttige erfaringer, tror jeg er en fellesnevner på tvers av partipolitiske skiller. Jeg tror også opplevelsen av å bli tatt på alvor og få reell innflytelse er en felles erfaring i det politiske miljøet. Hvis du spør Erna Solberg eller Jens Stoltenberg, er jeg sikker på at de vil fremheve (og virkelig mene det) betydningen av ungdomsorganisasjonenes arbeid i den politiske hverdagen generelt og valgkampen spesielt.
Å rekruttere nye medlemmer er åpenbart noe av (om ikke DET) viktigste et ungdomspolitisk parti driver med. Rekrutteringen etter 22. juli har skutt i været. Det er for så vidt ikke overraskende, all den tid de grufulle hendelsene har gjort klisjeer om demokrati og deltakelse til spørsmål om liv og død. Faktum er at de unge AUF-erne ble henrettet utelukkende fordi de var politisk aktive — at så mange ungdommer velger å svare på angrepet med å bli nettopp aktive i et politisk ungdomsparti, er svært oppløftende. Kan hende man når ungdom som ikke har vært spesielt politisk interessert og som etter 22. juli ser betydningen av å engasjere seg, men jeg mistenker at en vesentlig andel av de nyinnmeldte er over gjennomsnittet politisk interessert. For dem er Utøya blitt beveggrunn for å melde seg inn. Intet galt i det, snarere tvert imot, men det kan naturligvis være en fare for økt klasseskille mellom aktiv og inaktiv ungdom, som fort kan bli samfunnsmessig uheldig.
Her har naturligvis ungdomspartiene en stor utfordring i form av å vekke politisk interesse og påfølgende kunne levere et interessant tilbud. Bruken av nettet og sosiale medier kan nok i noen grad fungere som et godt verktøy for å legge forholdene til rette for rekruttering og deltakelse, men vil neppe løse de underliggende utfordringer med hensyn til å vekke politisk interesse. Det har sannsynligvis mer med politikkens form og budskap å gjøre.
Hvorvidt skoledebattene fungerer som en katalysator for politisk interesse er høyst diskutabelt. Beskyldningene om at formatet minner mer om sirkus enn god debatt, er valgårvisse gjengangere. Som debattant ved flere anledninger er jeg lite imponert over kritikken. Polemikk nær det useriøse er sannsynligvis mer mobiliserende enn rolig samtale, hvor det knapt er mulig å finne forskjeller. Min entydige erfaring fra skolevalgkampene er at elevene er smartere enn hva mange av kritikerne tror, og har man lite å fare med av substans, blir man lett avslørt. I tillegg er det skolene og elevene som setter premissene for debatten, kritikken av formatet burde i så måte rettes til disse og ikke ungdomspolitikerne. I år er skoledebattene av åpenbare grunner erstattet med såkalte valgtorg. Hvordan dette vil slå ut vites ikke, men til stortingsvalget i 2013 bør skoledebattene tilbake på plakaten.
En ting som har irritert meg mer enn kritikk av skoledebatter er den såkalte broilerkritikken, som går ut på å mistro unge menneskers motivasjon for å ta på seg verv og ansvar. Jo visst har du eksempler på personer som er mer opptatt av egen karriere, men i de fleste tilfeller er motivasjonen genuint engasjement, hvor et ønske om å påvirke politikken er det mest sentrale. Jeg tror slik kritikk kommer til å bli nedtonet etter terrorangrepet, faktisk tror jeg respekten for politikere, særlig de frivillige, kommer til å øke som følge av angrepet 22. juli. Forhåpentligvis vil det også kunne lede til økt deltakelse blant et bredere spekter av norsk ungdom.
Det er selvfølgelig flere måter å være aktiv på enn gjennom ungdomspolitiske partier, men utbytte sosialt og politisk gjør at de færreste av oss som har vært aktive angrer på beslutningen. Man får venner og kontakter på tvers av partigrensene, man får et solid fundament som er uvurderlig i en kunnskapsbasert økonomi. Sist, men ikke minst — man får muligheten til å realisere engasjement i et sosialt fellesskap, hvilket er noe av det mest menneskelige jeg kan tenke meg. Det er mange fordeler og få ulemper knyttet til det å være politisk aktiv. Mitt inntrykk — og min erfaring — er at partiene legger forholdene til rette. Så er det opp til den enkelte å benytte muligheten!
Poll of polls samler flere målinger i ett.
Vi har tidligere berømmet TV2 for sine nettsider med oversikt over nasjonale partimålinger. Denne gangen ønsker vi å rette oppmerksomheten mot det frivillige initiativet Poll of Polls. Nettsiden samler lokale meningsmålinger fra hele landet, og aggregerer dem til nasjonalt nivå. Om man ønsker kan man finne målinger fra enkeltvise kommuner også. Der finnes også en del historiske data, slik som valgresultat, tidligere oppslutning og lignende. Nå under valgkampen gir de daglige oppdateringer med nye målinger, så denne siden er det vel verdt å følge med på i dagene framover.
Hvis partiene tar godt vare på ungdommene som engasjerer seg i politikk nå, kan det skapes et vedvarende engasjement, mener forsker Frode Berglund.
Etter terrorangrepene den 22. juli i år er det betimelig å spørre seg hvordan ungdomspolitikkens kår er her i Norge. Vox Publica retter i høst søkelyset på dette temaet, og vil blant annet invitere unge politikere til å komme med sine tanker omkring ungdom og politisk engasjement. Vi ønsker å høre hva som engasjerer ungdommen, og hvordan dette engasjementet blir uttrykt. Vi lurer på hvordan de etablerte partiene arbeider for å tiltrekke seg nye generasjoner, og i hvilken grad de er organisert slik at de er attraktive for unge mennesker. Og ikke minst; politiske partier opplever i kjølvannet av angrepene en økt tilstrømming av medlemmer. Men hvordan vil de langsiktige virkningene fortone seg? Hvordan er neste generasjons politikere påvirket av å ha blitt offer for målrettet terrorvirksomhet?
Vi starter med å stille noen spørsmål til Frode Berglund. Han er forsker ved Statistisk sentralbyrå, og har tidligere vært tilknyttet Institutt for samfunnsforskning og Norsk institutt for by- og regionforskning. Hans akademiske arbeid finner du her.
VP: Er ungdom like engasjert i politikken i dag som for eksempel for en generasjon siden? Og på hvilken måte er ungdom annerledes interessert i politikk enn voksne?
FB: Det er vanskelig å svare på, men hvis du ser på valgdeltakelse, så har ungdom siden 70-tallet i mindre grad enn voksne brukt stemmeretten sin. Dette henger sammen med utdanningseksplosjonen: Ungdom bruker lengre tid på å utdanne seg, og det tar lengre tid før de etablerer seg. Sosialiseringshypotesen hevder at integrering i samfunnet øker valgdeltakelsen, det vil si at å ha en jobb og være gift teller øker sannsynligheten for at man bruker stemmeretten sin. Når tiden man ikke er etablert strekker ut, kan dette påvirke valgdeltakelsen for de unge.
Politikken var mer kategorisk før, knyttet til yrker eller sosiale grupper. Var man arbeider, så var det forventet at man stemte på Arbeiderpartiet. Var man aktiv i bedehuset, så var det forventet at man stemte på Kristelig Folkeparti. Mange fulgte da også disse føringene. I dag er ikke politiske preferanser knyttet til sosiale grupperinger i like stor grad, og derfor blir det lettere å engasjere seg i enkeltsaker. Man er lengre på leiting etter ”sitt” parti enn man var før.
Men generelt politisk engasjert er de fremdeles, også i dag. Ungdom er gjerne mer opptatt av ideologi og prinsipielle spørsmål enn andre aldersgrupper. De ønsker å diskutere de store spørsmålene, og engasjerer seg i debatter á la kapitalisme vs. sosialisme, miljø og klima, og andre overordnete spørsmål. Vi så i 1989 at valgdeltakelsen var ganske sterk blant unge, for da var miljø høyt oppe på agendaen. Detaljpolitikk som budsjettforhandlinger og liknende er ikke like interessant.
Ungdom er også i høyere grad engasjert i demonstrasjoner og andre aksjonspregede ytringsformer. Denne typen aktiviteter dabber av etter man har fylt 30.
VP: Hvordan skal partiene sikre rekruttering av fremtidens politikere?
FB: Det finnes et segment blant unge som er svært interessert i politikk, og som tidlig gjør seg bemerket i partiorganisasjonene. Dette segmentet er ganske stort, og det finnes mye talent der. Utfordringen kan være å få med seg de andre ungdommene, slik at det ikke blir for stort skille mellom de som er og ikke er interessert i politikk.
Lokalpolitikken er fremdeles den viktigste rekrutteringsarenaen, og det er også der ungdom kommer inn. Andelen ungdom i kommunestyrene er egentlig akseptabel. De kommer dit enten ved å markere seg i partiet, eller de blir lagt merke til i nærmiljøet og rekruttert av et politisk parti. De voksne kan av og til ha en nedlatende holdning til de unge, fordi de kan oppfattes som broilere uten livserfaring utenfor politikken. Det kan virke som at noen er mer interessert i å vise dem frem enn å høre på hva de sier. Men hvor mye livserfaring kan man forvente at ungdom skal ha?
VP: Tror du terrorhendelsene i Norge i år påvirker ungdommens politiske engasjement på lang sikt? I så fall, hvordan?
FB:Det er vanskelig å si noe om den langsiktige effekten, men grunnen til at mange melder seg inn nå er at demokratiet oppleves som truet. Dette er en ideologisk konflikt som ungdom kan engasjere seg i, og som er verdt å kjempe for. Det har nok foregått en vekkelse blant ungdom, og hvis de nyrekrutterte blir tatt godt vare på kan man potensielt skape et vedvarende engasjement.
VP: Bør 16-åringer ha stemmerett?
FB: Tja. Ett argument for å ha 16 år som nedre grense er at førstegangsvelgerne da har en fellesarena hvor man kan diskutere og lære om politikk og politisk engasjement, nemlig skolen. Man kommer tidligere i gang med politiseringen. Når man er 18 år har man ikke samme arenaen, og en del stemmer faller kanskje fra på grunn av det.
Et annet argument for stemmerett til 16-åringer er at valgdeltakelsen øker for hvert valg man har hatt mulighet til å stemme. Det er altså ikke nødvendigvis alderen i seg selv som påvirker valgdeltakelsen, men hvor lenge man har hatt rett til å delta i politiske prosesser. Gir man dette ansvaret tidligere, så modnes også borgerne tidligere.
Republikanske kandidater posisjonerer seg nå for nominasjonsprosessen, og sakte, men sikkert bygges valgkampmaskineriet opp i de ulike leirene. Vi har samlet en håndfull linker som kan være verdt å følge framover.
Den republikanske kandidaten som får i oppgave å tukte Obama i 2012 skal få slite i motvind. De strukturelle kreftene taler for gjenvalg av Obama, spesielt med tanke på at amerikanerne har en sterk tendens til å gjenvelge den sittende presidenten. Likvideringen av Osama bin Laden kom også på et gunstig tidspunkt: seint nok til at velgerne husker det ved valget i 2012, og tidlig nok til at velgerne ikke mistenker ham for å ha planlagt aksjonen med tanke på gjenvalg. Det finnes per i dag heller ikke en åpenbar kandidat som merker seg ut hos republikanerne. Men det er fremdeles langt fram til valget, så ting kan endre seg. Det er bare å minne om at det var få som trodde Barack Obama skulle ende opp i sjefsstolensamme tidspunkt ved forrige valg.
Vi har noen tips til linker for de som allerede nå ønsker å tune inn på politikkens Superbowl:
FiveThirtyEight fikk sitt gjennombrudd ved forrige valg, da nettsidens opphavsmann Nate Silver leverte treffende analyser og prediksjoner av valget. Nå er han innlemmet i New York Times, og bedriver tiden med å knuse tall og servere dem i passende porsjoner til politisk interesserte.
RealClearPolitics har full oversikt over alle meningsmålinger som publiseres, og fungerer også utmerket som samleside for artikler som publiseres i ulike nasjonale og regionale medier.
Iowa Electronic Markets (IEM) har ennå ikke åpnet markedet for valget i 2012, men når de gjør det kan vi følge med på hvor stor sjanse deltakerne der mener kandidatene har til å vinne valget, og hvor stor oppslutning de får på valgdagen. IEM har truffet godt siden de startet i 1988, så denne siden er vel verdt å klikke innom på jevnlig basis. Intrade har allerede åpnet sitt marked, og gir Obama i skrivende stund 61% sjanse for gjenvalg.
Naturligvis finnes det en rekke andre gode nettsider om amerikansk politikk, og flere vil sikkert komme til etter hvert. Dersom du som leser har noen å dele med andre, oppfordrer vi deg å poste tipsene i kommentarfeltet under.
Fem tiår med Gallup-tall viser at regjeringsmakt konsekvent svekker partienes oppslutning i meningsmålinger.
Vi har tatt for oss Gallup sine målinger for venstresiden siden Einar Gerhardsens dager og fram til nå, siden partiene til venstre for tiden sitter ved makten. Den viser at deres oppslutning blant velgerne i stor grad er avhengig av hvorvidt de er i regjering eller ei. Grafen under har samlet oppslutningen om venstresiden i norsk politikk (se tabell under for hvilke parti som er inkludert i denne definisjonen). Verdiene på den vertikale aksen viser hvor mye høyere eller lavere oppslutningen deres er i forhold til det sist avholdte valget. Med andre ord, hvis for eksempel verdien i november 1994 ligger på 1%, så betyr det at partiene hadde ett prosentpoengs høyere oppslutning da enn ved valget i 1993. Når linjen er rødfarget har venstresiden sittet i regjering, og når den er blå har den ikke sittet i regjering.
Forsøket med prediksjonsmarked i forbindelse med Stortingsvalget 2009 presenteres på UiB.
Forsøket med prediksjonsmarked før Stortingsvalget 2009 skal legges fram på Universitetet i Bergen sin samfunnsvitenskapelige eksperimentgruppe sitt seminar, torsdag 11. november kl 1415. Alle som ønsker å få det med seg er velkommen. Se eksperimentgruppen sin hjemmeside for flere detaljer.