13 nøklar til Det kvite huset

Denne modellen har pekt ut rett vinnar av presidentvalet i USA sju av sju gonger.

Det fin­nast ei rek­ke model­lar for å pre­di­ke­re utfal­let av ame­ri­kans­ke pre­si­dent­val. Ein av dei som mer­ker seg ut både med tan­ke på fram­gangs­måte og suk­sess er Allan Licht­man sine «13 nøk­lar til Det kvi­te huset». Licht­man gjer vur­de­rin­gar av tret­ten uli­ke påstan­dar, og der­som fem eller fær­re av dei blir klas­si­fi­sert som usan­ne, blir kan­di­da­ten til par­ti­et som sit med mak­ta spådd gjen­val. Om seks eller flei­re påstan­dar er feil, vil kan­di­da­ten til utford­rar­par­ti­et vin­ne. Sidan nøk­la­ne vart intro­du­sert i 1981, har fram­gangs­må­ten pre­di­kert den ret­te pre­si­den­ten i alle dei sju for­sø­ka frå 1984–2008.

Licht­man har no vore ute med sine vur­de­rin­gar for pre­si­dent­va­let i år, og han endar på Oba­ma som vin­nar. Under føl­ger dei tret­ten påstan­da­ne, og dei som per i dag blir vur­dert som usan­ne for 2012 er utheva:

  1. Parti­man­dat: Etter mel­lom­vala har den sit­tan­de pre­si­den­ten sitt par­ti flei­re seter i Repre­sen­tan­ta­nes hus enn det had­de ved før­re mel­lom­val.
  2. Kon­kur­ran­se: Pre­si­dent­kan­di­da­ten til par­ti­et som sit med mak­ta har ingen seriø­se utford­ra­rar frå eig­ne rek­ker.
  3. Posi­sjon: Kan­di­da­ten til par­ti­et som sit ved mak­ta er pre­si­dent.
  4. Tredje­par­ti: Det fin­nast ingen tred­je pre­si­dent­kan­di­dat av sær­leg stor­leik.
  5. Øko­no­mi på kort sikt: Den nasjo­na­le øko­no­mi­en er ikkje i rese­sjon under val­kam­pen.
  6. Øko­no­mi på lang sikt: Veks­ten i brutto­na­sjo­nal­pro­dukt per inn­byg­gar er lik eller stør­re enn gjen­nom­snit­tet for dei to fore­gå­an­de pre­si­dent­pe­rioda­ne.
  7. End­rings­po­li­tikk: Den sit­tan­de pre­si­den­ten gjer sto­re poli­tis­ke end­rin­gar.
  8. Sosi­al uro: Det er ingen lang­va­rig sosi­al uro i løpet av peri­oden.
  9. Skan­da­le: Admi­ni­stra­sjo­nen i Det kvi­te huset er ikkje involvert i nokon stør­re skan­da­le.
  10. Utanriks/militær fias­ko: Den sit­tan­de admi­ni­stra­sjo­nen opp­lev ikkje nokon stør­re utan­riks eller mili­tær fias­ko.
  11. Utanriks/militær suk­sess: Den sit­tan­de admi­ni­stra­sjo­nen opp­når stør­re utan­riks eller mili­tær suk­sess.
  12. Karis­ma: Kan­di­da­ten til det sit­tan­de par­ti­et er karis­ma­tisk eller nasjo­nal­helt.
  13. Karis­ma (utford­rar): Kan­di­da­ten til utford­rar­par­ti­et er ikkje karis­ma­tisk eller nasjo­nal­helt.

Som ein kan sjå er dei fles­te punk­ta over ikkje objek­ti­ve. Det vil seie at ein må gje­re vur­de­rin­gar av i kva grad påstan­den er sann eller usann, noko som kan gi rom for usem­je. Model­len har også fått kri­tikk for å inklu­de­re for man­ge fak­to­rar på for få obser­va­sjo­nar, og for å pre­di­ke­re val­vin­na­ren i sta­den for å pre­di­ke­re den nøy­ak­ti­ge opp­slut­na­den til kan­di­da­ta­ne (som er vans­ke­le­ga­re). Men for kvar gong model­len tip­par den ret­te kan­di­da­ten som vin­nar, mink­ar skep­si­sen mot Licht­man sine argu­ment.

Man­ge av nøk­la­ne sva­rar til fak­to­rar som også and­re pre­dik­sjons­mo­del­lar har med, blant anna øko­no­mi og for­de­len med å sit­te i posi­sjon. Det er inter­es­sant å mer­ke seg at ingen av nøk­la­ne tek for seg val­kam­pen. Licht­man har sjølv uttala at val ikkje er heste­vedde­løp der kan­di­da­ta­ne veks­lar på lei­in­ga frå den eine dagen til den and­re, slik ein kan få inn­trykk av i media. Ei alter­na­tiv tol­king av val­kamp­ef­fek­ten er at inn­sat­sen frå dei to par­tia nøy­tra­li­se­rer kvar­and­re, og at vi der­for had­de sett den ver­ke­le­ge effek­ten der­som eitt av par­tia ikkje had­de ført nokon val­kamp i det hei­le.

Kjel­de: Licht­man, Allan J. (2005): The Keys to the Whi­te House: A Sure­fire Guide to Pre­dic­ting the Next Pre­si­dent.Row­man & Little­field Pub­lish­ing Group, Inc.

TEMA

P

residen
tvalget
i USA
2012

20 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen