Obama vinn presidentvalet 2012 (II)

Det andre argumentet for at Obama vinn gjenval i 2012 er kort fortalt at han er den sittande presidenten. Historisk har Demokratane fått nesten 10 prosentpoeng fleire røyster når dei sit med presidenten enn når Republikanarane gjer det.

Stats­vi­ta­ren James Camp­bell lis­tar opp ei rek­ke grun­nar til at par­ti­et som sit med pre­si­den­ten har ein for­del i høve til motkandidaten(-ane). Opp­sum­mert kan vi seie at for­kla­rin­ga­ne drei­er seg om at pre­si­den­ten alle­reie har skaf­fa seg posi­sjo­nen og med det viser at han har det som skal til for å vin­ne eit pre­si­dent­val, sam­stun­des som den bes­te sta­den å vere på for å føre­bu seg til eit pre­si­dent­val er Det kvi­te huset. Den som har vun­ne eit val tid­le­ga­re har alle­reie fått saum­fa­ra si per­son­lege his­to­rie, og det er lite tru­leg at det skal fal­le nye skje­lett ut av ska­pet i and­re omgang. Det som even­tu­elt skul­le fel­le ein sit­tan­de pre­si­dent er kor­leis han har skjøt­ta seg i den førs­te peri­oden. Poli­ti­ka­rar og par­ti som sit ved mak­ta blir ofte skul­da for det vel­ja­ra­ne mei­ner er galt med sam­fun­net, og her i Noreg er omgre­pet regje­rings­sli­ta­sje vel­kjend. Som regel er for­vent­nin­ga­ne til pre­si­den­ten høga­re enn han kla­rer å inn­fri, og man­ge vert skuf­fa over man­ge­len på end­rin­ga­ne dei vart lova.

Hel­ler ikkje Barack Oba­ma har klart å luk­ke gapet mel­lom for­vent­nin­gar og utkome, og approval­ra­tin­gen som syner kor stor del av vel­ja­ra­ne som er til­fred­se med job­ben han gjer som pre­si­dent har dala etter­kvart som kveite­brøds­da­ga­ne grå­na og glei over i kvar­da­gar.

Den­ne utvik­lin­ga er typisk for ein pre­si­dent, og ofte gjer par­ti­et hans det dår­le­ga­re i mel­lom­vala som finn stad midt i pre­si­den­ten si peri­ode. Kon­gress­va­let i 2010 var ikkje noko unna­tak i så måte: Demo­kra­ta­ne tap­te 63 dele­ga­tar i Repre­sen­tant­huset, og mis­ta med det fleir­ta­let der. I Sena­tet sik­ra dei seg fort­satt majo­ri­tet, men måt­te sjå fem sete gå til Repub­li­ka­na­ra­ne.

Oba­ma har pole position i pre­si­dent­va­let

Opp­slut­na­den om pre­si­den­ten fell nær­ast lov­be­stemt etter valet, men har ei nes­ten like stor tendens til å sti­ge att etter kvart som det nye gjen­va­let kjem på trap­pa­ne. Den aner­kjen­de stats­vi­ta­ren James Stim­son gjor­de oss merk­sam på den­ne tren­den, og eg skal refe­re­re saman­dra­get frå artik­ke­len han skreiv i 1976:

The approval accor­ded to Pre­si­dents by the Ame­ri­can pub­lic is found to follow a cycli­cal pat­tern over time. All Pre­si­dents begin their terms with great popu­larity, expe­ri­en­ce para­bo­lic decli­nes, ste­ad­i­ly lose popu­lar sup­port for about three years, and then recover some at the ends of their terms. These dis­tinc­ti­ve cyc­les, it is argued, reflect regu­lar expectation/disillusionment cyc­les among the less well-infor­med seg­ments of the pub­lic and are tied to the four-year election calen­dar. The extra­or­di­na­ry fit of para­bo­lic cur­ves to actu­al pre­si­den­ti­al approval leads to the sus­pi­cion that pre­si­den­ti­al approval may be almost whol­ly inde­pen­dent of the President’s beha­vior in office, a func­tion large­ly of ine­vi­tab­le for­ces associa­ted with time.

Den syk­lis­ke tren­den i mei­nings­må­lin­ga­ne er vel verd å bite seg mer­ke i når vi ser på opp­slut­nin­ga om Oba­ma i dag. Ber­re eit lite pro­sent­po­eng meir av vel­ja­ra­ne er posi­ti­ve enn neg­a­ti­ve til Oba­ma, men ein skal ikkje sjå seg blind på kva dei sva­rar så langt unna val­da­gen. Som sitan­de pre­si­dent har han pole position, og opp­slut­nin­ga så langt i peri­oden føl­gjer runde­ti­de­ne til det syk­lis­ke skje­ma­et.

Kjel­der:
Camp­bell, James E. (2000). The Ame­ri­can Cam­paign: U.S. Pre­si­den­ti­al Elections and
the Natio­nal Vote.
Col­le­ge Sta­tion: Texas A&M Uni­ver­sity Press.

Weis­berg, Her­bert (2002): «Par­ti­sanship and Incum­bency in Pre­si­den­ti­al Elections.» Poli­ti­cal Beha­vior
Volu­me 24, Num­ber 4. 339–360, DOI: 10.1023/A:1022558810957

Stim­son, James A. (1976): «Pub­lic Sup­port for Ame­ri­can Pre­si­dents A Cycli­cal Model». Pub­lic Opi­nion Quar­ter­ly, Volu­me 40, Issue 1, pp.1–21.

TEMA

P

residen
tvalget
i USA
2012

20 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen