Obama vinn presidentvalet 2012

Det er gode grunnar til å forvente at Obama vinn presidentvalet i haust. Splittande nominasjonskamp i Det republikanske partiet er ein av dei.

Eg skal i ein minis­erie vur­dere dei amerikanske pres­i­den­tkan­di­datane sine sjansar for å vinne valet som kjem til hausten i år. Kon­klusjo­nen er i tit­te­len, medan nyansane og grun­ng­jevin­gane for pås­tanden blir pre­sen­tert undervegs. 

For nokon kan det oppl­ev­ast som ei fes­t­brems at vinnaren blir “avs­lørt” allereie no, og til det er å seie det open­berre: ingen sit på fasiten. Kan­skje vis­er spå­dom­men seg å vere grundig feil. Det er like fullt fleire gode grun­nar til at Oba­ma har store sjansar for attval, og det er desse momen­ta det blir pei­ka på i denne serien. Mange av argu­men­ta spring ut frå val­forsk­ing­ste­ori og ‑empiri, medan andre er eigne kon­tek­stuelle vur­deringar. Det første som talar for at Oba­ma sigrar er ståa i Det repub­likanske par­ti­et om dagen, og det ser vi nærare på i denne første delen.

Splittande nominasjonsprosess er negativt

Der­som nom­i­nasjon­spros­essen i eit par­ti blir lang­varig, har den som til slutt blir par­ti­ets kan­di­dat dår­legare sjansar for å bli pres­i­dent .[1] Blant anna blei Wal­ter Mon­dale grundig slått i 1984-val­get etter å ha måt­ta kjempe hardt for nom­i­nasjo­nen. Det same gjeld Gold­wa­ter og McGov­ern. Også sit­tande pres­i­den­tar som har måt­ta gå ekstrarun­dar før valet har fått det tøft: Pres­i­den­tane Ger­ald Ford og Jim­my Carter måtte ned­kjempe interne rivalar før hov­ud­slaget, og lukkast ikkje å vinne gjenvalg.

Intern kiving

To fork­laringar peikar seg ut tanke på kvi­for lang­varige nom­i­nasjon­spros­es­sar slår uheldig ut for presidentkandidatane. 

Den eine er at vel­jarane i løpet av nom­i­nasjon­skam­p­en byg­ger opp interne mot­set­nad­er som er vanske­leg å legge bak seg. Jo lenger tid kan­di­datane må bruke på intern kiv­ing, dess større risiko er det for at nom­i­nasjon­spros­essen utviklar seg i den skitne ret­nin­gen. Det vil kunne ret­tast pås­tan­dar som kan falle mein­ingsmot­stan­darane tungt for brys­tet, og dei som har støt­ta taparkan­di­datane kan miste moti­vasjo­nen til å stemme på par­ti­et sin endelege kandidat.

Svake kandidatar

Den andre grun­nen til at lang­varige pri­maries er et dårlig utgangspunkt for pres­i­dent­valet kan vere at ingen kan­di­dat utmerkar seg som spe­sielt sterk. Der­som ein sit­tande pres­i­dent får ein reell utfor­drar frå sitt eige par­ti, er det uttrykk for stor mis­nøye mot pres­i­den­ten. For repub­lika­narane i år er det ikkje eit kvalitet­steikn at ein sliten gamal sirkush­est som Newt Gin­grich har halde koken såpass langt ut i løpet. Mange amerikanske vel­jarar vil huske han frå hans tid på 1990-tal­let som speak­er i Rep­re­sen­tan­thuset, der han var ein split­tande fig­ur. Av mange blei han opp­fat­ta som lunete, og han blei endatil forsøkt detro­n­is­ert av sine eigne par­tifel­lar. Det lukkast dei ikkje med, men Gin­grich har det siste tiåret sirk­la utan­for dei inner­ste kret­sene av Det repub­likanske par­ti­et, og sør­ga for liv­sop­phald gjen­nom lob­byverk­semd og bok­skriv­ing. Når det viste seg at han heldt stand i primær­vala og seilte opp som ein reell utfor­drar til Mitt Rom­ney, duk­ka hans par­ti­in­terne mot­stan­darar igjen opp og advarte mot å velge det dei mein­er er ein kan­di­dat med små sjansar for å vinne mot Obama. 

Der Rom­ney er ein per­son som kan trekke uavhengige røys­ter til seg, er Gin­grich ein kon­ser­v­a­tiv kan­di­dat med ei broket poli­tisk his­to­rie. Gin­grich på si side peikar på at repub­lika­narane valde ein mod­er­at kan­di­dat både i 1996 (mot sit­tande pres­i­dent Clin­ton), og sist i 2008, utan hell. Inter­vju med Gin­grich kan du sjå her.

Rick San­to­rum sprang opp som troll av eske like før dei første cau­cus­es i Iowa. Med eit ube­sud­la medi­arulle­blad forkynte han ein sosialkon­ser­vatisme som fan­ga inter­es­sa til den grup­pa av repub­likanske vel­jarar som er oppteken av slikt. Dei er det mange av i USA, og verken Rom­ney (mor­monar) eller Gin­grich (seriemonogam, i beste fall) vekker begeistring hjå desse vel­jarane. Åtte­barn­faren San­to­rum vann i Iowa, Min­neso­ta, Col­orado og Mis­souri, og er i skri­vande stund fram­leis ein poten­siell vin­nar. Det skal likev­el over­raske om han stikk av med seieren i nom­i­nasjonsvalet. Dei sosialkon­ser­v­a­tive hadde si tid då George Bush Jr. var pres­i­dent, og fleir­talet av amerika­narar leng­tar ikkje tilbake til den tida, heller ikkje fleir­talet av repub­lika­narane om ein skal tru predik­sjon­s­mark­nadane (sjå gra­far under).

Mitt Rom­ney har allereie vore i ein nom­i­nasjon­skamp tidle­gare, og verkar som den sterkaste kan­di­dat­en. Han er ein vel­luk­ka for­ret­nings­mann, han har mod­er­ate poli­tiske meiningar med eit stort ned­slags­felt hjå vel­jarane, og han har pen­gar å svi av. Men til liks med andre spør han seg kan­skje kvi­for han enno ikkje har rista av seg motkan­di­datane. Det er nok ikkje for­di han er mor­monar, for Kennedy var kato­likk og Oba­ma var svart, og det hin­dra dei ikkje i å nå heilt til topps. Meir sannsyn­leg er det at han ikkje har den karis­maen som dei beste kan­di­datane i tidle­gare pres­i­dent­val har hatt. Vi nemde to av dei net­topp, Rea­gan og Clin­ton er to andre. Rom­ney er kan­di­dat av eit min­dre for­mat. Vi skal hugse at han tapte nom­i­nasjon­skam­p­en i 2008 mot ein kan­di­dat som seinare buk­ka under for Oba­ma. Denne gongen kan det sjå ut som han får opp­draget med å fronte Oba­ma i pres­i­dent­valet, og tvekam­p­en vil bli ei for­mi­da­bel utfor­dring for Romney.

På Intrade kan ein spekulere i kven som vinn nom­i­nasjon­skam­p­en, og grafen under vis­er Rom­ney sine estimerte vin­nars­jansar. Per 16. feb­ru­ar var dei omkring 75%. Resten er fordelt med cir­ka 15%for San­to­rum og 5% kvar for Gin­grich og Paul.  New York Times vis­er også ein opp­datert over­sikt over kor mange del­e­gatar kan­di­datane har vunne til no.

Kvileskjer

2012 kan for­tone seg som eit kvileskjer for repub­lika­narane. Dei hadde ei sterk røyrsle i dei neokon­ser­v­a­tive, lei­dd av dyk­tige folk med ein mis­jon. Richard Per­le, Don­ald Rums­feld, Dick Cheney og kom­pani søk­te makt, vann makt og bruk­te makt med George Bush Jr. ved roret. Dei tærde også på omdømet til Det repub­likanske par­ti­et ved å køyre kom­pro­miss­laust på i kri­gen mot ter­ror og i penge­poli­tiske spørsmål. Etter at Bush si doble pres­i­dent­pe­ri­ode var over, var USA djupt involvert i ein upop­uler krig i Irak, og stod sam­stun­des innan­lands opp til halsen i råtne pen­gar og finan­siell sys­temkrise. Då Bush gjekk av som pres­i­dent hadde han den lågaste standin­ga hjå vel­jarane av alle amerikanske pres­i­den­tar sidan Gallup star­ta målin­gane på midten av 1930-talet.

McCain forsøk­te å dis­tansere seg frå den avgåande pres­i­den­ten ved for­rige pres­i­dent­val i 2008, men det synkande skipet stod ikkje til å red­de, og med Lehman Broth­ers-kol­lapsen berre vek­er før valet kom skud­det for bau­gen på par­ti­et og kan­di­dat­en. [2]Dei siste fire åra har dei kon­ser­v­a­tive kreftene omgrup­pert seg, men dei er foreløpig ikkje i stand til å gå i takt. Tea Par­ty-røyrsla kunne ei stund virke som den nye vinen på den kon­ser­v­a­tive sida, men då Wash­ing­ton Post gjorde eit heil­h­jar­ta forsøk på å få over­sikt over gras­rotrøyrsla, viste det seg at den var svakare enn ein kunne ha inntrykk av. Stor­leiken var inflatert, meiningane deira spri­ka, og flesteparten av medlem­mane var ikkje inter­essert i poli­tikk(!).  Det var ei protestrøyrsle som spar­ka oppover mot det etablerte poli­tiske etab­lisse­mentet, men den spar­ka både opp til høgre og opp til ven­stre. Alle poten­sielle kan­di­datar som var kopla til røyrsla er i prak­sis ute av nom­i­nasjon­skam­p­en i 2012: Her­man Cain og Michelle Bach­man hadde sine min­utt i ram­pel­y­set, men måtte ganske tid­leg gje seg. Sarah Palin stilte aldri off­isielt som kan­di­dat. Ron Paul er fram­leis med, men hans kan­di­datur heng i ein alt for tynn tråd.

Det repub­likanske par­ti­et er for tida i ei ide­ol­o­gisk og strate­gisk bøl­gjedal, og det er vanske­leg å spore verken intern eller ekstern entu­si­asme omkring par­ti­et sine kan­di­datar. Ein valkam­pvet­er­an for demokratane sitt råd til den sit­tande pres­i­den­ten er å “pre­serve radio silence and let a par­ty bent on sui­cide go about its business”.

Fordel Oba­ma.

Kjelder

[1] Ken­ney, Patrick J. and Rice, Tom (1987): The Rela­tion­ship between Divi­sive Pri­maries and Gen­er­al Elec­tion Out­comes. Amer­i­can Jour­nal of Polit­i­cal Sci­ence. 31(1) 31–44.

[2] Arne­sen, Svei­n­ung (2011): “How pre­dic­tion mar­kets help us under­stand events‘ impact on the vote in US Pres­i­den­tial Elec­tions”. The Jour­nal of Pre­dic­tion Mar­kets.5(3) 42–63.

TEMA

V

algkamp

48 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen