Aggressiv debatt om innvandringskritikk

Temperaturen var høg då Studentersamfunnet i Bergen inviterte til debatt om «Innvandringskritikk i grenseland».

Audi­to­riu­met på Det aka­de­mis­ke kvar­ter var tors­dag 2. febru­ar fylt til ran­da og man­ge måt­te nøye seg med stå­plas­sar rundt om i loka­let.

Emnet for debat­ten skul­le ifyl­gje Stu­den­ter­sam­fun­net sine heime­si­der vera om islam­kri­ti­ka­rar som Stopp isla­mi­se­rin­gen av Nor­ge (SIAN) og HonestThin­king har vik­ti­ge poeng som for­te­ner merk­semd og debatt, eller om tanke­gan­gen bot­nar i fra­mand­hat. Debat­tan­ta­ne var for­mann Arne Tumyr i SIAN, kom­mu­ni­ka­sjons­an­svar­lig Rune Berg­lund Steen i Anti­ra­sis­tisk sen­ter, jour­na­list Mimir Kristjans­son i Klasse­kam­pen og lei­ar for Demo­kra­ta­ne i Ber­gen Atle Sti­en.

Utspel frå Tumyr som: «Muham­mad var ein sex­over­gri­par» og «Islam er ein bar­ba­risk og pri­mi­tiv ideo­lo­gi for­kledd som reli­gion» set­te tyde­leg kjens­ler i sving både hjå pane­let og pub­li­kum. Inn­legg vart hyp­pig avbrot­ne av buing og til­rop frå salen.

— Bra at folk kjem og reagerar

Møte­lei­ar Anna Mag­nus mei­ner like­vel at debat­ten gjekk over­ras­kan­de bra.

— Me var red­de det kun­ne bli sir­kus­lik­nan­de til­stan­dar, der tala­ra­ne ikkje kun­ne bli høyrd grun­na buing. Alt i alt synes eg stem­nin­ga i salen var god. Det er bra at folk kjem og rea­ge­rar.

Full­satt sal i Stu­den­ter­sam­fun­net (foto: Jør­gen Thu­ne John­sen)

Det var split­ta opp­fat­nin­gar i pub­li­kum om stem­nin­ga i salen. Jøran Thengs sei­er det utar­ta seg slik han for­ven­ta.

— Eg tyk­kjer det er sunt med buing og til­rop, men eg inn­røm­mer at det var ein del umod­ne folk i salen. Det vart lagt opp til stei­le fron­tar. Eg synes 90 pro­sent av det Tumyr sei­er er usak­leg, sam­stun­des vert lis­ta lagt der av Kristjans­son som flei­re gon­ger kal­lar Tumyr for «Tumor».

Ampert og aggressivt

Ven­in­ne­ne Maya Sun­de Singh, Åse Fad­nes og Maria B. Under­dal karak­te­ri­se­rar stem­nin­ga under debat­ten som amper, aggres­siv og med høg tem­pe­ra­tur.

Maya Sun­de Singh, Åse Fad­nes og Maria B. Under­dal tyk­te Arne Tumyr for­dum­ma debat­ten. (foto: Marit Mjølsne­set)

— Etter mi mei­ning er det unød­ven­dig av pub­li­kum å bue og koma med ukvems­ord, men eg skjø­nar at folk vert pro­vo­sert, sei­er Under­dal.

Ken­neth, som vil vera ano­nym då han såg kva reak­sjo­nar Tumyr vart møtt med, mei­ner at både debat­tan­ta­ne og til­sko­da­ra­ne lat­ter­leg­gjor­de og var respekt­lau­se ovan­for Tumyr, og tid­vis Sti­en.

— Det er ein skam for Stu­den­tar­sam­fun­net at dei let folk hal­de på slik. Vak­te­ne bur­de tatt ut bråk­ma­ka­ra­ne. Eg har vore på vel­dig man­ge debat­tar her før, men det­te er det ver­ste eg har vore borti.

Ken­neth sei­er han trur skjells­orda og buin­ga mot Tumyr kan få folk til å bli nyfik­ne på orga­ni­sa­sjo­nar som SIAN og HonestThin­king.

— Ein ten­kjer at det er ein grunn til at alle vil kneb­le Tumyr, at han kan­skje er inne på noko. Sjølv om eg ikkje er einig med han i alt tyk­kjer eg han har man­ge gode poeng. Eg skal gå heim og sjek­ke ut SIAN meir.

Artik­ke­len vart først pub­li­sert i nett­avi­sa Bro­stein.

TEMA

I

nnvandr
ingsdeb
att

5 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

4 KOMMENTARER

  1. Jeg synes det er mis­vi­sen­de å kal­le det­te «inn­vand­rings­de­batt» eller «inn­vand­rings­kri­tikk». Artik­ke­len omta­ler ikke inn­vand­ring med et ord så vidt jeg kan se.

    • Kon­rad: Artik­ke­len beskri­ver hvor­dan debat­ten i stor grad drei­de seg om Tumyr/SIANs syns­punk­ter, dess­uten had­de Stu­den­ter­sam­fun­net gitt arran­ge­men­tet tit­te­len «Inn­vand­rings­kri­tikk i grense­land». Der­for bruk­te vi det­te ordet også i vår over­skrift. Om over­skrif­ter tref­fer helt, kan all­tid dis­ku­te­res — tit­tel-making er intet lett hånd­verk.

      • Egent­lig ikke så mye kri­tikk av den­ne artik­ke­len, mer en obser­va­sjon av at «inn­vand­rings­de­batt/-kri­tikk» ender opp med dis­ku­sjon omkring påstan­der av typen «Islam er ein bar­ba­risk og pri­mi­tiv ideo­lo­gi for­kledd som reli­gion». Trist at Nor­ge ikke har kom­met leng­re enn det­te etter 22.juli.

  2. Christian Evandt says:

    Mot­stan­den mot isla­mi­se­rin­gen stik­ker dype­re enn en liten sekt ledet av Tumyr.
    Her på Oslos øst­kant har tusen­vis av etnis­ke nord­menn flyt­tet vekk fra byde­ler hvor mus­li­mer og and­re frem­me­de har over­tatt.
    Fin­nes litt sosialisering/kontakt mel­lom folke­grup­pe­ne på barn og ungdomstrinn,men blant voks­ne leter «vi» totalt adskilt fra hverandre,selv om vi bor i sam­me blokk.
    Ellers er det rart at inn­vand­rer til­hen­ge­re buker Utøya-tra­ge­di­en som et påskudd til et bed­re sam­hold mel­lom mus­li­mer og nord­menn.
    ABB drep­te dusin­vis av landsmenn,barn og unge.
    Hva har det med inn­vand­ring å gjø­re?

til toppen