Den nasjonale skattkista NRK ikkje vil låse opp?

Kva er lyden av Noregs historie? Og korleis kan den kome fellesskapet til gode? NRKs radioarkiv er ei skattkiste som rommar 90 år med vår felles kulturarv, men å få bruke den er lettare tenkt enn gjort.

Lyden av nasjonsbygginga

Føtene freis­tar å finne feste mel­lom snublerøter og sleipe steinar. Eg går på Dovre­f­jell ein reg­n­tung sein­som­mardag. Hov­udet har tatt ei tid­sreise attende til 1943. Tankane er ein annan stad, men likev­el her. 

  • Og det er den set­ning som burde ha vært vår hov­ed­set­ning: Enig og tro til Dovre faller!

Han hadde fly­k­ta frå heim­lan­det sitt i 1941. Det må ha vore ei stra­basiøs reise, via Sov­je­tu­nio­nen og Japan til Cana­da. Ver­da var i krig. Oberst Ole Reis­tad leia Fly­våpenet sin tren­ingsleir i Lit­tle Nor­way i Toron­to. 17.mai 1943 siterte han riks­for­sam­lin­ga på Eidsvoll i 1814. Ropa orda ut for å moti­vere sol­datane til kamp.

Ekkoet av stem­ma hans gjal­lar mel­lom øyre­gan­gane. Fram­for meg er det berre fred. Eit ver­na land­skap der sjeldne artar har slått rot på dyre­graver frå jar­nalderen. Som om ingent­ing har skjedd. 

Kvi­for har Ole Reis­tad si røyst fes­ta seg i hjer­nen min? Søke­ordet Dovre gjev 87 tre­ff i NRKs radioarkiv. I fleire av dei, som tal­en frå 1943, er ordet brukt i sym­bol­sk for­stand:. For Dovre­f­jell er myk­je meir enn geografi, det har spela ei sen­tral rolle i nasjons­byg­gin­ga heilt frå dei fyrste opphavs­mytene om lan­det Noreg. Reli­gion­shis­torikar Gro Steins­land greier ut om dette i boka «Dovre­f­jell i tusen år» frå 2014. 

Rebec­ca Nedregot­ten Strand vil under­søke kor­leis ein kan bruke NRKs radioarkiv til dig­i­tal formidling av kul­tur- og naturhis­to­rie på Dovre­f­jell. FOTO: Helene Vass­bot­ten Lervik

Fortidas lyd møter notidas landskap

Kva skjer der­som ein lyf­tar fram utvalde klipp frå NRKs radioarkiv og brukar dei som eit formidlings­grep ute i det fysiske land­skapet dei ref­er­er til? I mitt PhD-pros­jekt er målsetjin­ga å ta lyd­ma­te­ri­alet ut av arkivet og revi­talis­ere det i eit mod­erne formidlingskon­sept. Omlag 100 000 av klip­pa ligg dig­i­talt tilgjen­gelege på Nasjon­al­bib­lioteket sine nettsider, men der får ein berre lytte til dei. Det er ikkje løyve til å laste dei ned. Kva moglegheit­srom opnar seg der­som ein løyser opp på denne restriksjonen? 

Tenk deg at du sjølv går ein tur på Dovre­f­jell, kan­skje over Hjerkinnhø med utsikt mot Snøhet­ta og Hjerkinn. Du let auga gli over tilsynela­tande urøyvd natur. Tele­fo­nen din vibr­erer i lom­ma. Ei mobiltil­pas­sa nett­side vis­er deg bilete frå 1970-talet. Der det no berre er vier og vid­de, ser du store mask­in­er, eit fly­tårn og mil­itær aktivitet. Ein tekst for­tel at Hjerkinn skyte­felt låg her frå 1923 til 2005, men etter Noregshis­to­rias største natur­restau­rering er alle spor borte. 165 kvadratk­ilo­me­ter er ryd­da for 4 666 blindgan­garar, 540 tonn met­allav­fall og 5200 dekar veg­ar og anlegg er fjer­na (https://www.forsvarsbygg.no/hjerkinn/ ). Så høyr­er du stemmene frå for­ti­da på øyret. To menn ser same utsikt, men året er 1969. Land­skapet dei skil­drar er øyde­lagt. Ikkje berre av våpen, men også av aktiviteten ved gru­vene på Tver­rf­jel­let som var i drift frå 1968 til 1993. Her­ifrå hen­ta dei ut 15 mil­lionar tonn med malm (https://folldalgruver.no/historie ). Det opphavlege radioinnslaget er ikkje klipt om, men kuratert. Det vil seie at nokon har hen­ta det ut frå arkivet, plassert det i ein kon­tekst og pre­sen­ter­er delar av det orig­i­nale pro­gram­met, «Sted­er i Norge», som eigent­leg er nesten 19 min­utt langt. 

Du går vidare, har fått ny innsikt og kan­skje endra syn på land­skapet som omg­jev deg. Lenger framme ven­tar nye mul­ti­me­di­ale opplevin­gar, meir lær­dom og andre tolkingar av Dovrefjell.

Dovre­f­jell med det karak­ter­is­tiske Snøhet­ta-mas­sivet har spela ei sen­tral rolle i norsk nasjons­byg­ging. FOTO: Rebec­ca Nedregot­ten Strand

Kva samfunnsnytte har det?

Mange av insti­tusjo­nane som skal for­valte Noregs kul­tur- og nat­u­rarv har tronge økonomiske ram­mer og få men­neskelege ressur­sar. Det vis­er mel­lom anna Kul­tur­rådets muse­um­sun­der­søk­ing frå 2018. Myk­je his­to­rie som kunne gitt pub­likum auka kunnskap, innsikt og forståing blir ikkje formid­la. Dig­i­tale løysin­gar kan gjere det mog­leg å nå folk på fleire stadar også utan at det treng å vere formid­larar fysisk til stades, men å utvikle innhald til desse løysin­gane er ofte meir kost­bart og ressurskrev­jande enn insti­tusjo­nane har kap­a­sitet til. 

Mediear­ki­va er ein allereie eksis­terande ressurs med eit stort, men i liten grad utnyt­ta formidlingspoten­siale. Dei rom­mar alt ifrå nasjonale trau­ma til lokale milepålar. Ei overord­na målsetjing med dette pros­jek­tet er å syn­leg­gjere kor­leis ein med enkle grep kan lyfte fram allereie eksis­terande stoff frå arki­va og gje dei ny rel­e­vans i vår samtid. I teorien vil ein insti­tusjon enkelt kunne søke fram rel­e­vant lyd frå NRKs radioarkiv og imple­mentere denne i dig­i­tale formidlingsløysin­gar. Ein kan tre­ffe brukarar på stadar der ein tidle­gare har vore avhengig av skilt for å nå fram med infor­masjon. Lat meg konkre­tis­ere: Eit ver­neom­råde kan møte utfor­dringar med kul­tur­minne som blir øyde­lagde, t.d. at folk brukar steinar frå fre­da murar for å bygge seg le mot vin­den i fjel­let. I radioarkivet finst det ein repor­tas­je med ein arke­olog som for­tel kvi­for desse eldgam­le stein­hau­gane er verd å bevare. Med dig­i­tal teknolo­gi kan ein oppl­yse turgåarar om at dei nær­mar seg muren, dei får høyre på lyden og blir motiverte til å ta vare på den utan å ha møtt eit einaste for­manande forbodsskilt. 

Men skal ein gjere det enkelt for insti­tusjo­nane å nytte seg av desse moglegheit­ene, er det fyrst ein heilt annan mur ein må ta hand om. For NRK vil helst at du skal lytte, ikkje røyve.

Nøkkelen til skattkista

Fekk du lyst til å høyre ober­sten sitere riks­for­sam­lin­ga på Eidsvoll sjølv? Ole Reis­tad si røyst er tilgjen­ge­leg for deg også, men i skri­vande stund godt skjult. Nasjon­al­bib­lioteket (NB) har store ambisjonar for sitt mediear­kiv, noko direk­tør Aslak Sira Myhre gav ei grundig ori­en­ter­ing om i Kringkast­ingsrådet 22.10.20. Førebels ligg ikkje NRKs radioarkiv i NBs net­tbib­liotek, men inne på dei gam­le nettsi­dene. Der ligg det ei åtvar­ing om at ten­es­ta er under avvikling. I ein e‑post fork­larar direk­tør for dig­i­tal formidling, Trond Myk­le­bust, at nytt radioarkiv i net­tbib­lioteket vil bli ei pri­or­itert oppgåve for Nasjon­al­bib­lioteket i 2021. Filene skal kon­vert­erast frå mp3 til mp4-for­mat og meir mate­ri­ale gjerast tilgjen­ge­leg, men det er ikkje plan­lagt annan til­gang enn strøyming. Der­som ein vil laste ned fil­er, må ein kon­tak­te NRKs avdel­ing for innhalds­dis­tribusjon og deling. 

Eg sender e‑post, for­tel at eg ynskjer å bruke lyd­klipp til eit forsk­ing­spros­jekt med målsetjing om å under­søke poten­sialet for etter­bruk av mediear­kiv og utforske kva rolle dei kan spele i for­valt­ning og formidling av vår felles nasjonale kul­tur- og nat­u­rarv. Er det mog­leg å få til­gang til å laste ned filene til forsk­ing? NRK svarar at dei kan kopiere ut mate­ri­ale i ful­lk­valitet til forsk­ings­føremål, det kostar 850 kro­ner timen. Svaret på kor lang tid dei brukar på å kopiere ut ei fil, ven­tar eg fram­leis på. 

Ein kan søke Nasjon­al­bib­lioteket om til­gang til kringkast­ingsarkivet gjen­nom Fei­de; den nasjonale løysin­ga for sikker innlog­ging og datadel­ing i utdan­ning og forsk­ing. Eit skje­ma med opplysin­gar om mel­lom anna forsk­ings­føremål og kor lenge ein ynskjer til­gang, må fyl­last ut. Til­gan­gen gjev rett til å sitere direk­te frå pro­gram­ma skrift­leg og å bruke lyd­klipp i føre­lesin­gar. «For bruk til andre for­mål enn forskn­ing eller doku­men­tasjon må det gjøres konkret avtale med ret­tighet­shav­erne», står det i kontraktsteksten. 

Frig­jer­ing av ret­tar knytte til radio- og tv er kom­plis­ert og kost­bart. Frå jan­u­ar 2020 mista pub­likum til dømes til­gang til fleire tusen pro­gram i NRKTV  for­di NRK  ikkje vart samde med rettshavaror­gan­isas­jo­nen Norwa­co. Noko mel­lom anna Dag & Tid har skrive om: https://www.dagogtid.no/samfunn/kulturarven-vart-for-dyr‑6.3.17184.5d0f7d01c8. Når det gjeld dei delane av NRKs radioarkiv som er gjort tilgjen­gelege via Nasjon­al­bib­lioteket, er dette innhald der alle opphavs‑, utø­var- og pro­dusen­tret­tar ligg hjå NRK åleine. I pub­lis­er­ingskon­trak­ten for­p­lik­tar Nasjon­al­bib­lioteket seg mel­lom anna til å ikkje redi­gere i pro­gram­ma, og å ikkje gje pub­likum til­gang utover strøyming; «uten lagringsmu­lighet for sluttbrukerne».

Eg tillet meg å kome med eit forslag

Kva om NRK og Nasjon­al­bib­lioteket utvi­da denne avtal­en? Slik at ein kunne søke om løyve til lagring av klipp for ikkje-kom­mer­siell bruk. Det er ikkje ful­lver­sjo­nen av filene som ligg ute. Eg kan til dels forstå at ein tek seg betalt for arbei­det med å hente ut desse, men vil ikkje det lette arbei­ds­meng­da og bidra til at NRK i større grad opp­fyller si sam­funnsrolle, der­som dei gjev utvalde brukarar moglegheit til å laste ned mp3/m­p4-ver­sjon av klip­pa? Og er ikkje det også meir i tråd med NRK-plakatens § 37 om plik­ta til å formi­dle kul­tur­ar­ven? https://www.nrk.no/informasjon/nrk-plakaten‑1.12253428

Det er flott å kunne lytte til hun­dretusen­vis av timar med gam­le radiok­lipp, men etter mitt syn er det eit enormt poten­siale i dette innhaldet som ikkje blir realis­ert. Ei meir lib­er­al frig­jer­ing vil kunne bidra til å styrke mediear­ki­va sin sam­funnsrel­e­vans, styrke for­valt­ninga av nasjon­al kul­tur- og naturhis­to­rie og bidra til meir berekraftig for­valt­ning av desse. Så kjære NRK, ver så snill å gje oss nøkke­len til skat­tek­ista. Då vil skat­ten også bli myk­je meir verd enn den er i dag.

Om for­fattaren: Er stipen­di­at ved Høgskulen i Vol­da. Ho har job­ba ei årrekke som jour­nal­ist og pro­gram­ska­par i NRK, har ho mas­ter­grad i kul­tur­min­nefor­valt­ning frå NTNU, har job­ba med for­valt­ning og formidling for muse­um og ver­neom­råde og skrive bøkene “52 opplevin­gar på Sun­n­møre” og “Bom­tur”, utg­jevne på Skald forlag.

TEMA

N

RK

96 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

  1. Dette er TO vik­tige prob­lem­still­ingar i ein smekk:
    — Eit framtid­sret­ta syn på poten­sialet i dig­i­tal formidling av imma­teriell kulturarv,
    — Ei syn­leg­gjer­ing av kor­leis den suv­er­ent største sam­lin­ga av imma­teriell kul­tur­arv i Noreg — nem­lig NRKs radioarkiv — er util­jen­ge­leg for slik formidling.
    Det er ein svært vik­tig kul­tur­poli­tisk debatt Rebec­ca Nedregot­ten Strand reis­er i denne bloggposten!

til toppen