Statsvitaren James Campbell listar opp ei rekke grunnar til at partiet som sit med presidenten har ein fordel i høve til motkandidaten(-ane). Oppsummert kan vi seie at forklaringane dreier seg om at presidenten allereie har skaffa seg posisjonen og med det viser at han har det som skal til for å vinne eit presidentval, samstundes som den beste staden å vere på for å førebu seg til eit presidentval er Det kvite huset. Den som har vunne eit val tidlegare har allereie fått saumfara si personlege historie, og det er lite truleg at det skal falle nye skjelett ut av skapet i andre omgang. Det som eventuelt skulle felle ein sittande president er korleis han har skjøtta seg i den første perioden. Politikarar og parti som sit ved makta blir ofte skulda for det veljarane meiner er galt med samfunnet, og her i Noreg er omgrepet regjeringsslitasje velkjend. Som regel er forventningane til presidenten høgare enn han klarer å innfri, og mange vert skuffa over mangelen på endringane dei vart lova.
Heller ikkje Barack Obama har klart å lukke gapet mellom forventningar og utkome, og approvalratingen som syner kor stor del av veljarane som er tilfredse med jobben han gjer som president har dala etterkvart som kveitebrødsdagane gråna og glei over i kvardagar.
Denne utviklinga er typisk for ein president, og ofte gjer partiet hans det dårlegare i mellomvala som finn stad midt i presidenten si periode. Kongressvalet i 2010 var ikkje noko unnatak i så måte: Demokratane tapte 63 delegatar i Representanthuset, og mista med det fleirtalet der. I Senatet sikra dei seg fortsatt majoritet, men måtte sjå fem sete gå til Republikanarane.
Obama har pole position i presidentvalet
Oppslutnaden om presidenten fell nærast lovbestemt etter valet, men har ei nesten like stor tendens til å stige att etter kvart som det nye gjenvalet kjem på trappane. Den anerkjende statsvitaren James Stimson gjorde oss merksam på denne trenden, og eg skal referere samandraget frå artikkelen han skreiv i 1976:
The approval accorded to Presidents by the American public is found to follow a cyclical pattern over time. All Presidents begin their terms with great popularity, experience parabolic declines, steadily lose popular support for about three years, and then recover some at the ends of their terms. These distinctive cycles, it is argued, reflect regular expectation/disillusionment cycles among the less well-informed segments of the public and are tied to the four-year election calendar. The extraordinary fit of parabolic curves to actual presidential approval leads to the suspicion that presidential approval may be almost wholly independent of the President’s behavior in office, a function largely of inevitable forces associated with time.
Den sykliske trenden i meiningsmålingane er vel verd å bite seg merke i når vi ser på oppslutninga om Obama i dag. Berre eit lite prosentpoeng meir av veljarane er positive enn negative til Obama, men ein skal ikkje sjå seg blind på kva dei svarar så langt unna valdagen. Som sitande president har han pole position, og oppslutninga så langt i perioden følgjer rundetidene til det sykliske skjemaet.
Kjelder:
Campbell, James E. (2000). The American Campaign: U.S. Presidential Elections and
the National Vote. College Station: Texas A&M University Press.
Weisberg, Herbert (2002): “Partisanship and Incumbency in Presidential Elections.” Political Behavior
Volume 24, Number 4. 339–360, DOI: 10.1023/A:1022558810957
Stimson, James A. (1976): “Public Support for American Presidents A Cyclical Model”. Public Opinion Quarterly, Volume 40, Issue 1, pp.1–21.