Protestane i Burma 2007

Kronologisk oversikt over opprøret i Burma hausten 2007.

Sidan 1962, då eit mil­itærkupp leia av Ne Win gjorde ende på demokrati­et i Bur­ma, har lan­det stag­n­ert under lei­ing av den under­trykk­jande mil­itær­jun­taen. Eit over­raskande fritt val i 1990 gav The Nation­al League for Democ­ra­cy (NLD), med den seinare vinnaren av Nobels fred­spris Aung San Suu Kyi i spis­sen, ein overvel­dande siger. Men i staden for å respek­tere resul­tatet, annullerte mil­itæret valet, og tilheng­jarar av demokrati­et har vore bannlyst sidan. Opprøret i 2007, med bud­dhist­munkar i spis­sen, byr­ja som ein protest mot den ekstreme auken i bensin­pris­ar som mil­itær­regimet inn­førte i august i år, men gikk etter kvart over til å bli ein kamp for demokrati.

Sidan Bur­ma vert styrt med jern­hand av mil­itæret, er infor­masjon­sstrau­men ut av lan­det svært avgren­sa, noko som har ført til stor usikker­heit rundt tru­verdet til kjelder som opp­dat­er­ar oss om protes­tane. Det tek lang tid å få bekref­ta infor­masjon, og når media fyrst får sak­er bekref­ta, kan ein spekulere i kor myk­je som er styrt av mil­itær­jun­taen. Difor kan ein ikkje med hun­dre pros­ent nøyak­tigheit seie at det har gått føre seg som beskrive under, men dette er nokre av dei vik­ti­gaste hendin­gane i Bur­ma slik resten av ver­da har fått dei stadfesta.


15. august: 

Mil­itær­jun­taen auka prisen på dri­vstoff med 500 pros­ent for å finan­siere byg­gin­ga av den nye hov­ud­staden Naypyidaw.

19. august:

Ran­goon blei åstaden for den fyrste protesten mot mil­itær­jun­taen. 400 men­neske del­tok og bud­dhist­munkar tok etter kvart på seg ei leiande rolle.

5. september: 

Tre munkar blei ska­da då mil­itæret bruk­te makt mot ein demon­strasjon i Pakokku.

6. september:

Munkar tok medlem av mil­itær­jun­taen til fange og kravde ei offent­leg unnskyld­ing innan 17. sep­tem­ber. Gis­lane blei sette fri etter nokre timar.

17. september:

Mil­itæret nek­ta å føl­gje munkane si opp­for­dring, noko som førte til at munkane nek­ta å gjen­nom­føre religiøse ser­e­mo­ni­ar for det mil­itære. I til­legg heldt tusen­vis av munkar fre­delege demon­strasjonar i Pakokku, Man­dalay, Sit­twe og den gam­le hov­ud­staden Rangoon.

21. september:

Munkar som demon­str­erte i Ran­goon marsjerte for­bi huset kor Aung San Suu Kyi sit i husar­rest. Ho viste seg i porten og mot­tok vel­sign­ing frå munkane. Sam­tidig erk­lærte dei at mil­itæret er ”fiende av folket”.

22. sep­tem­ber:
10.000 munkar demon­str­erte i Man­dalay og 2.000 i Rangoon.

23. sep­tem­ber:
Alliansen av burme­siske munkar erk­lærte at dei skulle fort­sette opprøret heilt til jun­taen gav frå seg mak­ta. 150 bud­dhist­non­ner slut­ta seg til demon­strasjo­nane i Ran­goon, kor 15.000 munkar allereie deltok.

24. sep­tem­ber:
Munkar forsøk­te å ta seg inn til Aung San Suu Kyi, men trakk seg då poli­ti­et hin­dra dei ved hjelp av sperringar.
Det blei gjen­nom­ført protes­tar i 25 burme­siske byar. Vitne for­tel at det del­tok mel­lom 30.000 og 100.000 i demon­strasjo­nen i Rangoon.
Thu­ra Myint Maung, som er mil­itær­jun­taen sin reli­gion­s­min­is­ter, gjekk ut og åtvara munkane mot å gå ut over sine ”reglar og retningsliner”.
Dei inter­nasjonale reak­sjo­nane mot jun­taen eskalerte då George W. Bush bad alle land om å inn­føre strenge økonomiske sanksjonar over­for Burma.
Den 14. Dalai Lama, Ten­zin Gyat­so, gav sin fulle støtte til det burme­siske opprøret.

25. sep­tem­ber:
Mil­itære styrkar sam­la seg ved Shwedagon-pago­den, som er eit vik­tig knutepunkt for bud­dhist­munkane. Jun­taen trua med mak­t­bruk mot dei som opp­for­dra til eller del­tok i protes­tar. 2.000–5.000 munkar og van­lege bor­garar trossa åtvaringane, og demon­str­erte i gatene i Rangoon.

26. sep­tem­ber:
Mil­itær­jun­taen inn­førte port­for­bod frå skum­ring til dag­gry i Man­dalay og Ran­goon, samt eit for­bod mot sam­lin­gar av meir enn fem men­neske på dagtid.
Opprør­spoli­ti og mil­itære styrk­er blei demon­stra­tivt kjørt inn i Rangoon.
Etter å ha delt ut vatn og mat til munkar, blei demokrat­i­fork­jem­paren Win Naing arrestert. Han blei sett fri etter ei natt i arresten.
700 demon­stran­tar blei angrip­ne med tåre­gass og baton­gar utan­for Shwedagon-pago­den, og poli­ti­et bar­rikaderte bygnin­gen og sper­ra av området rundt.
5.000 munkar pro­test­erte i gatene i Ran­goon. Minst fem munkar blei skote ned og drep­ne av sikker­heitsstyrkar. 300 per­son­ar blei arresterte.

27. sep­tem­ber:
To høgt­ståande medle­mer av Aung San Suu Kyi sitt oppo­sisjon­spar­ti, NLD, blei arrestert i Bur­ma. Mil­itær­jun­taen aksjon­erte mot fleire kloster og arresterte 850 munkar.

28. sep­tem­ber:
USA fraus kon­toane til Bur­ma-top­par og bad Kina om å legge press på Burma.
Mil­itæret stengte inter­net­til­gan­gen i lan­det og alle infor­masjon­skanalar blei kon­trollerte av juntaen.
Ein omfat­tande raud-skjorte-aksjon, sett i gong av tyske stu­den­tar, blei gjen­nom­ført i mange land for å vise den inter­nasjonale støt­ta til demokrat­i­fork­jem­para­ne. Den raude far­gen sym­bol­is­erte dei raude kut­tene til buddhistmunkane.

29 sep­tem­ber:
Ibrahim Gam­bari, visegen­er­alsekretær i FN, reiste til Naypyi­daw for å sam­tale med dei mil­itære leiarane.
Nokre hun­dre men­neske demon­str­erte i Ran­goon. Desse blei angripe av mil­itærstyrt bor­garvern utstyrt med knivar.
Mil­itær­jun­taen hin­dra 500.000 men­neske å ta imot den daglege FN-lever­ansen av mat.

30. sep­tem­ber:
Ibrahim Gam­bari sam­ta­la med Aung San Suu Kyi, etter å ha snakka med militærjuntaen.

1. okto­ber:
4.000 munkar blei fengsla nord i Bur­ma og mange meinte at opprøret var over. Opp­fat­tin­ga var på dette tid­spunk­tet at mil­itær­jun­taen hadde lukkast i å igjen ta total kon­troll over landet.

4. okto­ber:
Jun­taleiaren, Than Shwe, sa seg viljug til å møte Aung San Suu Kyi, mot at ho måtte ta avs­tand frå sine kon­fron­terande hald­ningar. Oppo­sisjo­nen avviste føresetnaden.

7. okto­ber:
Kjelder hev­da at burme­siske under­grunnsak­tivis­tar plan­la nye protes­tar saman med buddhistmunkar.

17. okto­ber:
Mil­itær­jun­taen hev­da at dei hadde pågripe 3.000 aktivis­tar og at ein måtte under­skrive eit løfte for å sleppe ut. Dei sa og at dei fram­leis jak­ta på opprørarar som er på frifot.

20. okto­ber:
Port­for­bodet i Ran­goon blei opphe­va, men diplo­matar hev­da at fleire tusen demon­stran­tar fram­leis er bak lås og slå.

25. okto­ber:
Aung San Suu Kyi fekk for­late arresten for å sam­tale med ein tidle­gare gen­er­al i mil­itær­jun­taen som har blitt opp­nem­nt av sin tidle­gare arbei­ds­g­je­var for å opprette kon­takt med opposisjonen.

26. okto­ber:
100 bud­dhist­munkar pro­test­erte i Pakokku nord i Bur­ma. Ti per­son­ar blei skotne og drep­ne under demonstrasjonen.

19. novem­ber:
Aung San Suu Kyi møtte ein jun­taleiar, men det vart ikke opplyst kva som vart diskutert.

Kjelder:
Aften­posten, Net­tavisen, Econ­o­mist, BBC, Times Online, Demo­c­ra­t­ic Voice of Bur­ma, CNN.

Artikkelfor­fat­teren stud­er­er jour­nal­is­tikk ved Uni­ver­sitetet i Bergen.

TEMA

B

urma

23 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen