Det finnast ei rekke modellar for å predikere utfallet av amerikanske presidentval. Ein av dei som merker seg ut både med tanke på framgangsmåte og suksess er Allan Lichtman sine «13 nøklar til Det kvite huset». Lichtman gjer vurderingar av tretten ulike påstandar, og dersom fem eller færre av dei blir klassifisert som usanne, blir kandidaten til partiet som sit med makta spådd gjenval. Om seks eller fleire påstandar er feil, vil kandidaten til utfordrarpartiet vinne. Sidan nøklane vart introdusert i 1981, har framgangsmåten predikert den rette presidenten i alle dei sju forsøka frå 1984–2008.
Lichtman har no vore ute med sine vurderingar for presidentvalet i år, og han endar på Obama som vinnar. Under følger dei tretten påstandane, og dei som per i dag blir vurdert som usanne for 2012 er utheva:
- Partimandat: Etter mellomvala har den sittande presidenten sitt parti fleire seter i Representantanes hus enn det hadde ved førre mellomval.
- Konkurranse: Presidentkandidaten til partiet som sit med makta har ingen seriøse utfordrarar frå eigne rekker.
- Posisjon: Kandidaten til partiet som sit ved makta er president.
- Tredjeparti: Det finnast ingen tredje presidentkandidat av særleg storleik.
- Økonomi på kort sikt: Den nasjonale økonomien er ikkje i resesjon under valkampen.
- Økonomi på lang sikt: Veksten i bruttonasjonalprodukt per innbyggar er lik eller større enn gjennomsnittet for dei to foregåande presidentperiodane.
- Endringspolitikk: Den sittande presidenten gjer store politiske endringar.
- Sosial uro: Det er ingen langvarig sosial uro i løpet av perioden.
- Skandale: Administrasjonen i Det kvite huset er ikkje involvert i nokon større skandale.
- Utanriks/militær fiasko: Den sittande administrasjonen opplev ikkje nokon større utanriks eller militær fiasko.
- Utanriks/militær suksess: Den sittande administrasjonen oppnår større utanriks eller militær suksess.
- Karisma: Kandidaten til det sittande partiet er karismatisk eller nasjonalhelt.
- Karisma (utfordrar): Kandidaten til utfordrarpartiet er ikkje karismatisk eller nasjonalhelt.
Som ein kan sjå er dei fleste punkta over ikkje objektive. Det vil seie at ein må gjere vurderingar av i kva grad påstanden er sann eller usann, noko som kan gi rom for usemje. Modellen har også fått kritikk for å inkludere for mange faktorar på for få observasjonar, og for å predikere valvinnaren i staden for å predikere den nøyaktige oppslutnaden til kandidatane (som er vanskelegare). Men for kvar gong modellen tippar den rette kandidaten som vinnar, minkar skepsisen mot Lichtman sine argument.
Mange av nøklane svarar til faktorar som også andre prediksjonsmodellar har med, blant anna økonomi og fordelen med å sitte i posisjon. Det er interessant å merke seg at ingen av nøklane tek for seg valkampen. Lichtman har sjølv uttala at val ikkje er hesteveddeløp der kandidatane vekslar på leiinga frå den eine dagen til den andre, slik ein kan få inntrykk av i media. Ei alternativ tolking av valkampeffekten er at innsatsen frå dei to partia nøytraliserer kvarandre, og at vi derfor hadde sett den verkelege effekten dersom eitt av partia ikkje hadde ført nokon valkamp i det heile.
Kjelde: Lichtman, Allan J. (2005): The Keys to the White House: A Surefire Guide to Predicting the Next President.Rowman & Littlefield Publishing Group, Inc.