Fascismens nye drakt

Identitarismen har eit ungdommeleg og akademisk preg, og freistar å gje nye svar på modernitetens problem. Men røtene ligg hjå fascismen.

Dei hev­dar å rep­re­sen­tere noko nytt, ein “fjerde veg” vekk frå gam­le poli­tiske kat­e­go­ri­ar. Dei står for eit nytt verdssyn, ein ny kul­tur og ei poli­tisk rørsle som både avvis­er den gam­le orde­nen med glob­alis­er­ing og røverkap­i­tal­isme, sam­stun­des som dei tek vare på dei beste ideane og ver­diane den vestlege sivil­isas­jo­nen har skapt. Dei mein­er å vere Europa si red­ning.

Iden­ti­taris­men star­ta i Frankrike under nam­net Bloc Iden­ti­taire, og seinare i den langt meir aktive ung­dom­sor­gan­isas­jo­nen Généra­tion Iden­ti­taire. Dei har erk­lært krig mot 68-arane, noko som vert uttrykt i klartekst i det auster­rikske man­i­festet Généra­tion Iden­ti­taire av Markus Will­inger og den pop­ulære franske videoen Généra­tion Iden­ti­taire – A Dec­la­ra­tion of War From the Youth of France. Og det er lett å forstå kvi­for. Man­i­festet og videoen rekkjer ein fordøm­mande peikefin­ger mot styres­mak­tene og kul­ture­liten i Europa for å ha over­sett beho­va til folket, og anklager dei for å ha for­rådt europeiske og nasjonale ver­diar for å leg­gje til rette for storkap­i­tal­en og mas­sein­nvan­dring. Det er litt som å henge i kom­men­tar­fel­tet til Face­book-sida til enkelte Frp-poli­tikarar, berre meir velfor­mulert og reflek­tert retorikk, og antikap­i­tal­is­tisk.

Den førnem­nte krigserk­læringsvideoen etter­let liten tvil [forf. omsetjing]:

Vi er Gen­erasjon iden­titær (den iden­titære gen­erasjon)
Vi er gen­erasjo­nen som vert drepen for å sjå på feil per­son, for å nek­te nokon ein sigarett eller ha ei “hald­ning” som irriter­er nokon.
Vi er gen­erasjo­nen av etnisk splin­tring, av samek­sis­tensens full­s­tendi­ge kol­laps og tvun­gen rase­b­land­ing.
Vi er gen­erasjo­nen som er dobbelt straf­fa:
Dømd til å betale for eit sosialt sys­tem som er så gen­erøst mot fra­mande at det ikkje lenger kan bere vårt folk.
Vår gen­erasjon er ofra til 68-arane som ville frig­jere seg frå tradis­jon, kunnskap og autoritet i utdan­ning.
Vi forkas­tar dykkar his­to­riebøk­er for å forme våre min­ner på ny.
Vi trur ikkje lenger at “Khad­er” nokon gong kunne bli vår broder, vi har stog­ga å tru på den “glob­ale lands­byen” og “men­neske­fam­i­lien”.
Vi har oppda­ga at vi har røter, ei arv og difor ei framtid.
Vår arv er vårt land, vårt blod, vår iden­titet.
Vi er arvin­gane av vår eiga framtid.
Vi skrud­de av fjern­synet for å marsjere i gatene.
Vi malte slagord på veg­gane, og ropte gjen­nom høg­ta­larane etter “ung­dom i makt” og lòt våre Lamb­da-fan­er fly høgt.
Lamb­daen, malt på stolte Spar­ta­narars skjold, er vårt sym­bol.
Forstår du ikkje kva dette tyder?
Vi vil ikkje rykkje attende, vi vil ikkje gje etter.
Vi er lei og trøytt på dykkar feigheit.
Dykk kjem frå åra av etterkrig­sopp­gang, pen­sjons­forde­lar, SOS rasisme, “mang­fald”, sek­suell frig­jer­ing og ein sekk med ris frå Bernard Kouch­n­er.
Vi er 25 pros­ent arbei­d­sløyse, sosial gjeld, mul­ti­kul­turelt kol­laps og ein eksplosjon av anti-kvit rasisme.
Vi er knuste famil­iar, og unge franske sol­datar som døyr i Afghanistan.
Du kjøper oss ikkje med eit ned­la­tande blikk, ein elendig jobb i det offentlege og ein klapp på skul­dra.
Vi treng ikkje dykkar ung­dom­spoli­tikk.
Ung­dom ER vår poli­tikk.
Tru ikkje at dette er eit ringe man­i­fest.
Dette er ei krigserk­læring.
De er av gårs­da­gen, vi er av mor­gonda­gen.
Vi er Généra­tion Iden­ti­taire.

I Markus Will­inger si krigserk­læring kan vi høyre ekkoet av klagesongen frå ytre høgre; “Dei har forder­va flag­ga våre, knust våre grenser, og vridd på sjølve nam­net åt ting. Med dei [68-arane. Forf. merk­nad] er heim­lan­det ikkje lenger lan­det av eins fedre! Det er ein tåkete idé, ein abstrak­sjon, ein kon­struk­sjon.” Vidare skriv han at eit folks iden­titet er biol­o­gisk, og at det er denne som gjer alle folk uer­stat­telege: “Eit folks iden­titet, minne og “pros­jek­tar” kjem frå eit særskilt nedar­va utgangspunkt.” Will­inger sin pås­tand er at 68-arane (det andre vil kalle kul­tur­marx­is­tar) har opna dørene for mas­sein­nvan­dring av fra­mande folk, og at Europa etter tuse­nar av år med stolt his­to­rie no står for fall. Ikkje for­di dei fra­mande er sterkare, men for­di vi er for red­de for å fryk­te. Vi er indok­trinert og kua av 68-arane, og fryk­ter å verte omta­la som rasis­tar, og gjev etter for anti-europeisk rasisme i staden. “68-arane sin ide­olo­gi har infis­ert Europa. Det er ein sjuk­dom som vil drepe oss, om vi ikkje finn ein kur.”

Desse utdra­ga illus­tr­erer kva desse iden­titære ønskjer. Det van­lege omkvedet om at dei er “etno­plu­ral­is­tar” og berre opp­tatt av å verne om kul­turell eige­nart let fal­skt. Deira kamp er ikkje ein for å utjamne sosiale eller økonomiske ulik­skaper, eller for å styrke rettvisa i sam­fun­net, men for å reinske lan­det, nasjo­nen, kul­turen og rasen for fra­mand påverk­nad, anten det no er “kul­tur­marx­is­tar” eller innvan­drarar frå andre delar av ver­da. Dei opplev desse kreftene som ein trugsel mot sin etniske eige­nart. Mot blod og jord.

Om det er noko som skil dei frå klas­sisk fas­cisme, så er det nett fokuset på etnisitet og biol­o­gisk opphav. Fas­cis­men i sin opphavelege ital­ienske form var ikkje rasis­tisk på same vis som nasjon­al­sosial­is­men. Men medan fleire av medlem­mane av det iden­titære miljøet har bak­grunn frå nynazis­tiske miljø, er det lettare å spore tankegod­set via tenk­jarar ein van­legvis omta­lar som fascis­tiske.

Den fascistiske arva

Fas­cis­men er ikkje ein enkel ide­olo­gi å opp­sum­mere, det er difor heller ikkje open­bert kor­leis iden­ti­taris­men pas­sar inn. Ein gøymer seg gjerne bak idear som etno­plu­ral­isme og før-fascis­tiske filoso­far. Det er likev­el fram­leis mog­leg å spore iden­ti­taris­men til fire hov­udin­spi­rasjonar, iføl­gje det iden­titære opp­slagsver­ket Meta­pe­dia:

1. Det nye høgre, eller Nou­velle Droite, ei nytenk­ing av høgr­eradikalis­men ført an av Alain de Benoist og hans forsk­ings­gruppe Groupe­ment de recherche et d’é­tudes pour la civil­i­sa­tion européenne eller GRECE.

2. Tradis­jon­al­is­men, ein filosofi inspir­ert av franske René Guénon og hans tilheng­jarar, som søk­te den opphavelege reli­gion, filosofi og tradis­jon. Tradis­jon­al­is­men har fleire vari­antar, inklud­ert ein mys­tisk-religiøs, vit­skap­leg (saman­lik­nande reli­gionsvit­skap) og ein poli­tisk, òg kjend som radikal tradis­jon­al­isme. Den poli­tiske tradis­jon­al­is­men er nær knytt til fas­cis­men gjen­nom sin opphavs­mann Julius Evola som ikkje berre ten­estegjorde for Mus­soli­ni, men og for SS under kri­gen, og som var inspi­rasjon­skjel­da til myk­je av den fascis­tiske ter­roren i Italia i etterkrigsti­da.

3. Arke­o­fu­tur­is­men til Guil­laume Faye, som er ein kom­bi­nasjon av tradis­jon­al­is­mens arkaisme og for­tid­snos­tal­gi med futur­isme og omfamn­ing av mod­erne teknolo­gi. Futur­is­men er som kjend fas­cis­mens føre­trek­te kun­st­form.

4. Metapoli­tikk, etter kom­mu­nis­ten Anto­nio Gram­sci sine idear om kor­leis ein vinn hege­monisk og poli­tisk makt ved først og fremst å endre kul­turen. Ein vinn ikkje i poli­tikken ved å kjempe poli­tisk, men å endre den kul­turelle pre­mis­sen for poli­tikken. Metapoli­tikk inneber å jobbe gjen­nom kul­turin­sti­tusjonar og dra dei i ei ret­ning som ein finn ønskje­leg.

Dette er med andre ord eit med­vite pros­jekt for å omdanne fas­cis­men. Bloc Iden­ti­taire og seinare Généra­tion Iden­ti­taire springer direk­te utifrå Nou­velle Droite og GRECE i Frankrike. Andre miljø på ytre høgre har latt seg inspirere ikkje berre av retorikken, men av ham­skiftet.

Den fjerde veg

Ved sida av Alain de Benoist og Julius Evola er det få namn som vert nem­nt så ofte som Alexan­dr Dug­in, rus­sisk fas­cist og akademikar som nyleg vart sagt opp frå uni­ver­sitetet i Mosk­va. Han har lang fart­stid på ytre høgre, og var medlem av fascis­tiske miljø allereie før Sov­jet fall. Gjen­nom nit­ti­talet og 2000-talet var han aktiv i fleire ulike miljø, og sen­tral for nasjon­al­bol­sje­vikane og seinare det nyeurasi­atiske miljøet. Kor stor påverk­nad han har hatt på Kreml er uvisst, men han har bygd seg eit ryk­te som ide­olog og geopoli­tisk ana­lytikar. Myk­je av rus­sisk poli­tikk i seinare år har spegla Dug­in sine forslag om å vende attende til Rus­s­lands autoritære og religiøse arv, samt å ekspan­dere mot Ukraina.

I The Fourth Polit­i­cal The­o­ry legg han fram sin nyaste ver­sjon av sin ide­olo­gi. Boka er utg­jeven på engel­sk av det iden­titære for­laget Ark­tos, og prøver å fork­lare kvi­for desse nye tankane ikkje berre står i kon­trast til lib­er­al­isme, kap­i­tal­isme og sosial­isme, men òg fas­cisme. Noko den ikkje gjer så over­ty­dande. Dug­in hev­dar at ideen om den fjerde poli­tiske teorien vart fødd i eit møte mel­lom han og Alain de Benoist i Rus­s­land, men så langt har ikkje omgrepet slått an utan­for iden­titære kret­sar. Og Dug­in ser ut til å slå betre an i utlandet enn heime i Rus­s­land – hjå dei iden­titære.

Lik klas­sisk fas­cisme har iden­ti­ta­ris­men fleire møte­punkt med ytre ven­stre

I sitt for­fat­tarskap utviklar Dug­in sine eurasi­atiske idear, der Austen skal fun­gere som mot­pol mot den atlantiske sivil­isas­jo­nen – det vil seie dei lib­erale demokra­tia i Vest-Europa og Ameri­ka. Den føres­låtte eurasi­atiske alliansen vil bestå av land som omfam­nar tradis­jonelle styre­sett, og avfeiar lib­er­al­is­men, som Iran, Kina og Syr­ia. Gjerne ispedd litt ortodokse og tradis­jon­al­is­tiske religiøse forestill­inger. Rus­siske anti-homo-lover pass­er veldig godt inn i sist­nem­nte.

Allierte på venstresida

Via Dug­in og Rus­s­land har iden­ti­taris­men opna dørene til å rekrut­tere frå­falne ven­str­eradikalarar som har anti-amerikanisme og anti-israelisme som lei­etrå­dar. Fas­cis­men vart defin­ert av kom­mu­nis­ten Geor­gi Dim­itrov som eit uttrykk for den reak­sjonære kap­i­tal­is­men og impe­ri­al­is­men. Marx­is­men ser fas­cis­men for å vere kap­i­tal­is­men, impe­ri­al­is­men og bor­garskapen som synar sitt sanne andlet når dei vert pres­sa. Ei rev­o­lusjonær anti-kap­i­tal­is­tisk rørsle, med appell til arbei­dark­lasse, som det fas­cis­men eigent­leg er og alltid har vore, vert difor ikkje kjend att som fascis­tisk av dei gam­le dog­matikarane på ven­stresi­da. Og slik verkar sjølv iden­ti­taris­men som eit mog­leg svar på spørsmåla som har pla­ga den radikale ven­stresi­da etter kom­mu­nis­mens fall, ein mot­pol til lib­er­al­isme og kap­i­tal­isme, og ein plat­tform for ein slags iden­titet i nasjo­nen og folket.

Om artikke­len
Denne artikke­len er ein ned­ko­r­ta ver­sjon av “Fas­cis­mens unge andlet”, pub­lis­ert i Samti­den 4/15. Mate­r­i­al er òg hen­ta frå bokessayet “Iden­titærane kjem!” i Human­ist 3/14. For å lese om eit beslek­ta ital­ien­sk alter­na­tiv tilrå­dast “The New Fas­cists” pub­lis­ert via Hate Speech Inter­na­tion­al om ital­ienske nyfascis­tar i Cas­a­Pound Italia som har inspir­ert fleire iden­titære.

Denne type lefling med det iden­titære og fas­cisme finn vi blant ein del kjende tidle­gare AKP/Raudt-medlem­mar som sam­lar seg på Face­book (desse er gjerne eksklud­erte eller utmelde over “jøde­spørsmålet”, m.a.o anti­semit­tisme). Dei har funne seg ein alliert i kam­p­en mot vest­leg impe­ri­al­isme og «jøde­mak­ta» rep­re­sen­tert av Israel. I Face­book-grup­pa “Vi som bryr oss om avisa Klassekam­p­en”, er refer­ansar til Dug­in og støtte til Putins Rus­s­land ikkje sjel­dan kost. Steget til å støtte opp om det iden­titære pros­jekt er heller ikkje langt, om ein ikkje kjen­ner att fas­cis­men som eit rev­o­lusjonært anti-kap­i­tal­is­tisk fenomen.

Men lik klas­sisk fas­cisme har iden­ti­taris­men fleire møtepunkt med ytre ven­stre, ikkje berre i kraft av å vere rev­o­lusjonær og anti-kap­i­tal­is­tisk, men òg i sin valte strate­gi og fokus på iden­titet. Gram­s­cian­sk metapoli­tikk over­lap­par med evo­lian­sk apo­liteia — ein trekk seg unna nor­malpoli­tikken, til fordel for å jobbe kul­turelt. I staden for å endre poli­tikken, endrar ein pre­mis­sen poli­tikken vert drøf­ta på. Ein job­bar seg sak­te, men sikkert, gjen­nom insti­tusjo­nane og erver­var påverk­ingskraft på dette viset. Dei iden­titære vender 68-arane sin strate­gi imot dei. Anklager om fascis­tiske sym­pa­tiar kan snøgt avfeiast med at ein er ikkje poli­tisk, ein har berre inter­esse for europeisk kul­tur.

Ytre ven­stre­side har lenge heg­na om iden­titet­spoli­tikk. Poli­tikk dri­ven fram av særin­ter­essene til under­tryk­te grup­per som homofile, kvin­ner, ikkje-euro­pear­ar og lik­nande. Motivet er å styrke desse grup­pene og jam­stelle dei med resten av sam­fun­net, og ein gjer det gjen­nom å krevje særskilte ret­ter som skal bidra til dette. Her ligg det diverre eit prob­lem. Det er lett å sym­pa­tis­ere med minorite­tar som kjem­per for like ret­tar, men kva om desse ret­tane dei vil ha utelukker andre sine ret­tar?

Og kor­leis skal ein skil­je mel­lom denne iden­titet­spoli­tikken og den poli­tikken som vert ført av Ku Klux Klan og andre “white pride” og rasis­tiske, høgreek­streme organ­isas­jonar? Intu­isjo­nen for­tel oss jo at dette er noko heilt anna for­di vi veit kvar denne type poli­tikk ender opp, men kor­leis skal ein fork­lare det intellek­tuelt?

I Skan­di­na­via har iden­ti­ta­ris­men hovud­sak­leg slått rot på ytste høgre­fløy i Sve­rige

Det er dette prob­lemet dei iden­titære utnyt­tar i dag når dei pre­sen­ter­er sin etnosjåvin­isme og nasjon­al­isme som iden­titet­spoli­tikk. Deira iden­titet er den (kultur)kristne euro­pear, nominelt kvit (frå papir­far­ga til oliv­en). Dei er ikkje rasis­tar, seier dei, men dei vil kjempe for sin kul­tur og iden­titet, heller enn andre sin. Med andre meinast her jødar, mus­li­mar og folk med fleire pig­menter i huden enn det som ein rek­nar som europeisk. Som med alle nasjon­al­is­tar, så er det sjølvsagt eit fokus på den iden­titære sin eigen kul­tur og etnisitet som står sen­tralt. Dei har oppda­ga sine røter, seier dei, og dei er europeiske, dei er franske, tyske, rus­siske, ned­er­landske og så bortet­ter. Dei føler at forel­dregen­erasjo­nen har frårø­va dei deira rettmes­sige band til for­ti­da og forfe­drane deira, og slik til deira iden­titet. Dei søk­jer difor å opprette gam­le band til blod og jord.

Dei iden­titære er ikkje minst opp­tatt av å oppl­yse om den urett som vert gjort mot euro­pear­ar, såkalla anti-kvit rasisme som dei mein­er råkar dei. Dei mein­er at deira inter­ess­er vert satt til side til fordel for andre ikkje-europeiske inter­ess­er, og at dette ikkje berre er diskrim­iner­ing, men rasisme og at det er eit resul­tat av ein hov­ud­laus kul­tur­rel­a­tivisme satt ut i liv av 68-arane og tilheng­jarane av Frank­furter­skulen.

Nordisk identitet

I Skan­di­navia har iden­ti­taris­men hov­ud­sak­leg slått rot på ytste høgre­fløy i Sverige, der mel­lom anna Nordiska för­bun­det og seinare SDU har vore påver­ka av tankegod­set. Nordiska för­bun­det var ein rein nazior­gan­isas­jon som prøvde å finne legit­imitet i ein rebrand­ing som iden­titær organ­isas­jon. Dei hadde mange avleg­g­jarar som Nordiska fes­ti­valen, Nordiska för­laget (vart star­ta nokre år før i 2001, og gjekk inn i for­bun­det) og, ikkje minst, den tradis­jon­al­is­tiske blog­g­por­tal­en, og no iden­titær tenkje­tank, Mot­pol. Då organ­isas­jo­nen vart ned­lagt i 2010, hadde dei klart å etablere tradis­jon­al­is­men og iden­ti­taris­men som rel­e­vante omgrep for nordiske nyfascis­tar. Nordiska fes­ti­valen, som hadde gitt scene til David Duke og andre kjende nazis­tar, vart avløyst av Iden­titär ide, der mel­lom anna Alexan­dr Dug­in har talt. Nordiska för­laget gjekk inn i det danske tradis­jon­al­is­tiske for­laget Inte­gral Tra­di­tion Pub­lish­ing og heit­er no Ark­tos, som har gjeve ut fleire iden­titære tek­star, deri­blant Généra­tion Iden­ti­taire av Markus Will­inger. Nyleg vart ung­doms­fylkinga til Sverigedemokra­ter­na, SDU, skilt frå mod­er­par­ti­et på grunn av iden­titære sym­pa­tiar. Dei har tidle­gare pro­dusert ein eigen sven­sk ver­sjon, Salute to the Euro­pean Youth, av Généra­tion Iden­ti­taire si krigserk­læring.

Når dei iden­ti­tære erklæ­rer krig mot 68-arane, er det for­di det fin­nes ei gro­botn for det

I Noreg har miljøet vore lite. Eit forsøk på å etablere sida Iden­titær Bergen på Face­book klarte aldri å vekke noko sær­leg engas­je­ment. Mest aktivitet finn ein rundt tidsskriftet Kul­tOrg og organ­isas­jo­nen med same namn — eller Kul­tur­or­gan Skad­in­au­jo. Organ­isas­jo­nen spring ut frå miljøet i den ned­lagte nazis­tiske organ­isas­jo­nen All­ger­man­is­che Hei­d­nis­che Front eller Heden­sk front grunnlagd av “Greven” Varg Vikernes. Kul­tOrg har alltid hatt ein klar tradis­jon­al­is­tisk pro­fil, med vek­t­leg­ging av skan­di­navisk kul­tur, natur og his­to­rie. Dei tradis­jon­al­is­tiske og seinare iden­titære ele­men­ta er kry­dra inn her og der. Tidsskriftet får sel­skap av høg­norsk­tidsskriftet Mål­man­nen som i til­legg til språk- og kul­turstoff, har lagt seg på det dei vil kalle ei “nasjon­alsin­na” lin­je. Nettma­gasinet Kul­turverk har ein vid pro­fil, som i til­legg til lange artik­lar om kul­tur, motkul­tur, his­to­rie og djupøkolo­gi server­ar omsetjin­gar av Dug­in og anna tradis­jon­al­is­tisk og iden­titært stoff. Desse sist­nem­nte rea­ger­er ofte kraftig på å verte satt i sam­band med iden­ti­taris­men.

Avvising av demokratiet

Der iden­ti­taris­men har hatt høve til å vekse seg langt større enn her heime, har vi sett kor­leis dei iden­titære kan gjen­nom­føre store aksjonar som press­er innvan­drarar ut av det offentlege rom. Iden­titære etablerer ein nasjon­al­sjåvin­is­tisk iden­titet som knytt herkomst til stad, blod til jord. Dei fornek­tar kan­skje å vere rasis­tiske, men etter­let ingen tvil om kven som høyr­er heime “her” på “vår jord og vårt land”. Det er ditt blod og din etnisitet som avg­jer kven du er og kvar du høyr­er heime. Dei som skil seg ut i ein slik saman­heng er fra­man­dele­ment som må skil­jast ut og i beste fall deporterast.

Det spel­er ingen rolle i ei slik saman­heng om du snakkar om kul­tur, etnisitet eller rase. Rasis­men var kan­skje ikkje ein sen­tral bestand­del i klas­sisk ital­ien­sk fas­cisme, men har med tida blitt ein sen­tral del av nasjon­stanken som dominer­er i ulike nyfascis­tiske ret­ningar. Slik òg i iden­ti­taris­men, trass protes­tar mot dette. Gjen­nom Putins poli­tikk ser vi denne nasjon­al­sjåvin­is­men, og søken etter for­ti­da og eit his­torisk Stor-Rus­s­land har ført til ei avvis­ing av det lib­erale demokrati­et og aggres­siv ekspan­sjon inn i nabolan­da. Her spel­er ein sterkt på iden­titet­spoli­tikk, og på rus­siske minorite­tars kjensle av å vere i ein utan­forskap eller for­føl­gd av majoriteten av Ukraina og andre land som med tida er tenkt innlem­ma i Stor-Rus­s­land.

Dagens ung­dom fryk­tar dei ikkje vil kunne nyte dei same godane som forel­dregen­erasjo­nen nyter godt av. Når dei iden­titære erk­lær­er krig mot 68-arane, er det for­di det finnes ei gro­botn for det. Dei avvis­er demokratiske pros­es­sar til fordel for aksjon­isme og metapoli­tikk. Dette appellerer til ein desil­lusjon­ert gen­erasjon som ser aukande arbei­d­sløyse, innvan­dring, gjeld­skris­er og for­fall av sosiale ten­ester i ein saman­heng, og som ser at dei demokratisk valte leiarane er lam­ma og ute av stand til å gjere noko. For dei er iden­ti­taris­men eit alter­na­tiv til oppsmul­drande kul­turell iden­titet og impo­tent demokrati:

“Vi hev­dar at folket kan gjere tusen gonger betre vur­deringar i avg­jerande sak­er enn dine valte rep­re­sen­tan­tar som lever i ide­ol­o­giske bobler.” (Markus Will­inger)

Omtalt litteratur

Will­inger, Markus (2014): Généra­tion Iden­ti­taire. Ark­tos.
Dug­in, Alexan­dr (2012): The Fourth Polit­i­cal The­o­ry. Ark­tos.
Hild­yard, Nicholas (1999): “Blood” and “Cul­ture” — Eth­nic Con­flict and the Autori­tar­i­an Right”. Cor­ner­House Brief­ing 11.

***

Tilsvar og replikk

TEMA

F

ascisme

1 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

3 KOMMENTARER

  1. Moterett mein­ingskon­troll

    Under tite­len “Moterik­tig fas­cisme” kjem Kris­t­ian Bjørke­lo med eit inn­legg i UiB-tid­skriftet Vox Pub­li­ca. Inn­legget vert pre­sen­tert som ein “ned­ko­r­ta ver­sjon av «Fas­cis­mens unge andlet», pub­lis­ert i Samti­den 4/15”. Det er det ikkje: Det er ein umar­bei­dd ver­sjon av det upphavlege Samti­den-stykkjet — der so godt som alt det eg kri­tis­erte i mitt refuserte tilsvar er vorte stroke eller umfor­mulert. Slik demon­str­erar Bjørke­lo at han ikkje er inter­essert i debatt og sam­stun­des syn­er han ufriv­iljugt at han fak­tisk hev vore nøy­dd å taka kri­tikken min ser­iøst. Det refuserte tilsvaret hev no vorte prenta i Mål­man­nen nr 1 2016 under tite­len “Tal no eller tei for alltid, Bjørke­lo”.

    Bjørke­lo her­mar frå den iden­titære krigslysin­gi, der dei iden­titære hev­dar at “Nous sommes la généra­tion de la frac­ture eth­nique, de la fail­lite totale du vivre-ensem­ble, du métis­sage imposé.” Dette kann umset­jast med at “Me er ættle­den av etnisk upp­kløyv­ing, det mis­luk­ka mangkul­turelle sam­fun­det og den påprak­ka upp­b­landin­gi”. Bjørke­lo vel der­i­mot å umset­ja det til at “Vi er gen­erasjo­nen av etnisk splin­tring, av samek­sis­tensens full­s­tendi­ge kol­laps og tvun­gen rase­b­land­ing”.

    “Métis­sage imposé”: Dei iden­titære kon­stat­er­ar eit fak­tum
    Det franske ordet “métis­sage” tyder fak­tisk ikkje noko anna enn upp­b­land­ing, men Bjørke­lo vel å umset­ja det til “rase­b­land­ing” — med alle dei assosi­asjo­nane til nazis­men som dette før­er med seg. I framhaldet av reson­nementet so meinte han i Samti­den at dei iden­titære med dette ord­valet var avs­lørte, og at dei stod for “rein­spik­ka rasisme” og “rase­hy­giene” — men dette hev han alt­so stroke frå den nye ver­sjo­nen i Vox Pub­li­ca. Vart grunnlaget for tynt, jamv­el for Bjørke­lo?

    I røyn­di gjer ikkje dei iden­titære anna enn å kon­stat­era eit fak­tum: Mangkul­tur­al­is­men hev mis­lukkast, men i staden for å taka lær­dom av dette, so vil styres­mak­tene føra hon­om vidare med tvang. Dette hev me den franske pres­i­den­ten sine eigne ord på. I ei tala på den poly­tekniske skulen, den 17. desem­ber 2008, so seg­jer pres­i­dent Sarkozy ende ut at “métis­sage” er noko som skal tvin­gast igjenom:

    “Kva er målset­naden? Det kjem til å vekk­ja upp­s­tuss, men målet er å løysa den utb­jodin­gi me hev med upp­b­land­ing (métis­sage). Den upp­b­land­ing­sut­b­jodin­gi (défi du métis­sage) som det 21. hun­dradåret gjev oss. Det er ikkje eit val, det er noko me plik­tar. Det er eit imper­a­tiv. Ein kann ikkje gjera det på annan måte. Med fåre for å ham­na i store prob­lem. Me lyt endra oss, alt­so skal me endra oss. Me kjem til å endra oss yver­alt, i pri­vate verk­semder, i admin­is­trasjo­nane, i utdan­ingsstel­let, i dei poli­tiske par­tii. Og me skal for­p­lik­ta oss på at det skal gje­va resul­tat. Um den repub­likanske vol­un­taris­men ikkje funger­ar, so er det naudsynt at repub­likken gjeng vidare med meir tvin­gande meto­dar.”

    Um det verkelegt er slik at det er “tvun­gen rase­b­land­ing” som Sarkozy her tek til ords for — både i pri­vate verk­semder, i admin­is­trasjo­nane, i utdan­ingsstel­let og dei poli­tiske par­tii — er ikkje dette noko som ein hev lov til å prob­lema­tis­era utan å ver­ta mis­tenkje­leg­gjord for å vil­ja dri­va med “rase­hy­giene”?

    Kor som er: I staden for å spin­na vidare på sitat­fus­ket sitt um “tvun­gen rase­b­land­ing”, slik Bjørke­lo gjorde i Samti­den, so polemis­er­ar Bjørke­lo denne gongen mot den iden­titære tenk­jaren Markus Will­inger. Will­inger er tyde­leg på at han mein­er nasjo­nen hev ein biol­o­gisk kom­po­nent, ikkje berre ein reint kul­turell. Dette gjer at dei iden­titære ikkje berre er fascis­tar, men jamv­el knyter seg upp mot reint nazis­tisk tankegods, vil Bjørke­lo ha det til no.

    Etnonasjon­al­isme er ikkje nazisme
    At nasjo­nen hev ein biol­o­gisk sub­stans er ikkje nazis­tisk, det er snarare fyrestellingar som gjeng heilt attende til dei fyrste nasjon­al­statane på 1700- og 1800-talet. Nasjon kjem frå “nais­sance”, fød­sel, det er eit hope­hav ein er fødd inn i. Nett som fam­i­lien so hev nasjo­nen eit biol­o­gisk utgangspunkt: Adop­sjon og innvan­dring hev vore undan­ta­ki som stad­fester rege­len, men i dag er upp­kløyvde famil­iar og mas­sein­nvan­dring med på å knusa desse tradis­jonelle struk­tu­rane.

    At nasjo­nen hev ein biol­o­gisk sub­stans, det er sjølve grunnlaget for den demokratiske nasjon­al­is­men der suv­eren­iteten gjeng ut frå folket og ikkje ut frå styres­mak­tene. Når den prøys­siske kon­gen, Fredrik IV, i 1849 nek­ta å taka imot tilbodet frå Frank­furter-par­la­mentet um å ver­ta konge i eit sam­la Tysk­land, so var det med nett denne grun­ng­jevin­gi. Han vilde ikkje “pluk­ka upp ei kruna frå rennesteinen”, som han for­mulerte det.

    Den repub­likanske, franske nasjon­al­is­men vert gjerne sett upp som mot­stykkjet til den roman­tiske, tyske nasjon­al­is­men, men då er det verdt å mer­ka seg kor­leis “Mar­seil­lasen” rått og bru­talt vert avs­lut­ta med “Qu’un sang impur abreuve nos sil­lons” (“Måtte eit ure­int blod vat­na åkrane våre”. Med “ure­int blod” meinte dei franske rev­o­lusjonære i dette høvet ein utan­land­sk monark)…

    I mot­set­nad til dei iden­titære, so finst det andre som heilt eksplisitt hev tala um rase. Den 5. mars 1959, so sagde ein viss Charles de Gaulle dette:

    “Det er fram­ifrå at det finst gule fran­skmen­ner, svarte fran­skmen­ner, brune fran­skmen­ner. Det syn­er at Frankrike er ope for alle rasar og at det svarar til eitk­vart uni­verselt. Men det er på vilkår at dei vert verande ein liten minoritet. Elles kjem ikkje Frankrike lenger til å vera Frankrike. Under alle ums­tende so er me fram­for alt eit europeisk folk som er runne or den kvite rasen, or gresk og latin­sk kul­tur og or kris­te­leg reli­gion.”

    Dette er ordi åt den fran­skman­nen som lei­d­de dei frie franske styrkane og som frigjorde Frankrike frå den nazis­men og fas­cis­men som Bjørke­lo vil kny­ta dei iden­titære upp mot. Slik sett so er det tankevekk­jande å sjå kor­leis gren­sone for aksept­able ytringar langsamt er vortne flutte. I 2016 vert ein sle­gen i jam­brei­dd med nazis­men der­som ein hev syns­må­tar som lik­nar dei til lei­daren for den anti-nazis­tiske mot­stand­skam­p­en under kri­gen…

    Det iden­titære trik­løveret i Noreg: Ein sub­stanslaus kon­spir­asjon­ste­ori
    På same måten som i tidle­gare stykkje i Human­ist (“Iden­titærane kjem”) og i Samti­den (“Fas­cis­mens unge andlet”), so tek Bjørke­lo upp att kon­spir­asjon­ste­orien sin um at det kring pub­likasjo­nane Kul­torg, Mål­man­nen og Kul­turverk skal finnast eit “iden­titært” miljø. Bjørke­lo hev fenge atten­de­visande tilsvar kvar einaste gong han hev komme med desse pås­tan­dane, og det er ingen andre enn Bjørke­lo og miljøet kring Human­ist som hev freista frem­ja denne teorien i offentlegt norskt ord­skifte. No er det tid for at Bjørke­lo endelegt kjem med noko sub­stan­sielt som kann under­byg­g­ja pås­tan­dane. Er han ikkje i stand til det, so bør han vera ærleg og san­na at han ikkje hev grunnlag for pås­tan­dane som han freis­tar utbrei­da um andre.

    Det same gjeld for­resten ogso for dei kalkulert upre­sise og insin­uerande pås­tan­dane som han kjem med um Face­book-grup­pa “Vi som bryr oss om avisa Klassekam­p­en”, ei grup­pa som sam­lar meir enn 4000 men­neske og som er vorte ein av dei mest inter­es­sante diskusjon­sare­naene i dagsens Noreg.

    I inn­legget sitt vert Kris­t­ian Bjørke­lo tit­ulert som “stipen­di­at ved Insti­tutt for infor­masjons- og medievit­skap”. I mot­set­nad til under­skrivne so hev Bjørke­lo enno ingen ret­te­leg vit­skap­leg titel frå UiB å slå i bor­det med. Kor som er so spelar det min­dre rol­la: Styr­ketil­høvet mil­lom oss i dag er slik at Bjørke­lo kann nyt­ta arbei­d­s­ti­di si til å skri­va um oss — medan me risik­er­ar vårt eige arbeid av di me nyt­tar fri­ti­di vår på skribentverk­semd. Ei skribentverk­semd som Bjørke­lo og venene hans freis­tar stem­pla med nemningar som einast er eigna til å støy­ta folk ut i kulden, både poli­tisk og sosialt. So lenge det er slik, so skal det like fullt få vera vårt priv­i­legium å stå uppreiste i stor­mvin­den frå dei moterette mein­ingsvak­tarane.

    Olav Torheim,
    Redak­tør for tid­skriftet Mål­man­nen og med dok­tor­grad i fysikk frå Uni­ver­sitetet i Bergen.

  2. Artig å lese litt kon­spir­asjon­ste­ori­er fra nymarx­is­tiske aktivis­ter som ikke har formell kom­petanse innen sak­er de uttaler seg som angivelige «ekspert­er» om. Mer av dette takk. Det er god under­hold­ning.

  3. Takk til Olav Torheim for et godt tilsvar.

    Her et inter­vju med en rep­re­sen­tant fra GI i forbindelse med dere ikkevold­elige demon­strasjon ved Calais.

    http://newobserveronline.com/well-fight-vow-french-militants/

til toppen