Eg skal i ein miniserie vurdere dei amerikanske presidentkandidatane sine sjansar for å vinne valet som kjem til hausten i år. Konklusjonen er i tittelen, medan nyansane og grunngjevingane for påstanden blir presentert undervegs.
For nokon kan det opplevast som ei festbrems at vinnaren blir “avslørt” allereie no, og til det er å seie det openberre: ingen sit på fasiten. Kanskje viser spådommen seg å vere grundig feil. Det er like fullt fleire gode grunnar til at Obama har store sjansar for attval, og det er desse momenta det blir peika på i denne serien. Mange av argumenta spring ut frå valforskingsteori og ‑empiri, medan andre er eigne kontekstuelle vurderingar. Det første som talar for at Obama sigrar er ståa i Det republikanske partiet om dagen, og det ser vi nærare på i denne første delen.
Splittande nominasjonsprosess er negativt
Dersom nominasjonsprosessen i eit parti blir langvarig, har den som til slutt blir partiets kandidat dårlegare sjansar for å bli president .[1] Blant anna blei Walter Mondale grundig slått i 1984-valget etter å ha måtta kjempe hardt for nominasjonen. Det same gjeld Goldwater og McGovern. Også sittande presidentar som har måtta gå ekstrarundar før valet har fått det tøft: Presidentane Gerald Ford og Jimmy Carter måtte nedkjempe interne rivalar før hovudslaget, og lukkast ikkje å vinne gjenvalg.
Intern kiving
To forklaringar peikar seg ut tanke på kvifor langvarige nominasjonsprosessar slår uheldig ut for presidentkandidatane.
Den eine er at veljarane i løpet av nominasjonskampen bygger opp interne motsetnader som er vanskeleg å legge bak seg. Jo lenger tid kandidatane må bruke på intern kiving, dess større risiko er det for at nominasjonsprosessen utviklar seg i den skitne retningen. Det vil kunne rettast påstandar som kan falle meiningsmotstandarane tungt for brystet, og dei som har støtta taparkandidatane kan miste motivasjonen til å stemme på partiet sin endelege kandidat.
Svake kandidatar
Den andre grunnen til at langvarige primaries er et dårlig utgangspunkt for presidentvalet kan vere at ingen kandidat utmerkar seg som spesielt sterk. Dersom ein sittande president får ein reell utfordrar frå sitt eige parti, er det uttrykk for stor misnøye mot presidenten. For republikanarane i år er det ikkje eit kvalitetsteikn at ein sliten gamal sirkushest som Newt Gingrich har halde koken såpass langt ut i løpet. Mange amerikanske veljarar vil huske han frå hans tid på 1990-tallet som speaker i Representanthuset, der han var ein splittande figur. Av mange blei han oppfatta som lunete, og han blei endatil forsøkt detronisert av sine eigne partifellar. Det lukkast dei ikkje med, men Gingrich har det siste tiåret sirkla utanfor dei innerste kretsene av Det republikanske partiet, og sørga for livsopphald gjennom lobbyverksemd og bokskriving. Når det viste seg at han heldt stand i primærvala og seilte opp som ein reell utfordrar til Mitt Romney, dukka hans partiinterne motstandarar igjen opp og advarte mot å velge det dei meiner er ein kandidat med små sjansar for å vinne mot Obama.
Der Romney er ein person som kan trekke uavhengige røyster til seg, er Gingrich ein konservativ kandidat med ei broket politisk historie. Gingrich på si side peikar på at republikanarane valde ein moderat kandidat både i 1996 (mot sittande president Clinton), og sist i 2008, utan hell. Intervju med Gingrich kan du sjå her.
Rick Santorum sprang opp som troll av eske like før dei første caucuses i Iowa. Med eit ubesudla mediarulleblad forkynte han ein sosialkonservatisme som fanga interessa til den gruppa av republikanske veljarar som er oppteken av slikt. Dei er det mange av i USA, og verken Romney (mormonar) eller Gingrich (seriemonogam, i beste fall) vekker begeistring hjå desse veljarane. Åttebarnfaren Santorum vann i Iowa, Minnesota, Colorado og Missouri, og er i skrivande stund framleis ein potensiell vinnar. Det skal likevel overraske om han stikk av med seieren i nominasjonsvalet. Dei sosialkonservative hadde si tid då George Bush Jr. var president, og fleirtalet av amerikanarar lengtar ikkje tilbake til den tida, heller ikkje fleirtalet av republikanarane om ein skal tru prediksjonsmarknadane (sjå grafar under).
Mitt Romney har allereie vore i ein nominasjonskamp tidlegare, og verkar som den sterkaste kandidaten. Han er ein vellukka forretningsmann, han har moderate politiske meiningar med eit stort nedslagsfelt hjå veljarane, og han har pengar å svi av. Men til liks med andre spør han seg kanskje kvifor han enno ikkje har rista av seg motkandidatane. Det er nok ikkje fordi han er mormonar, for Kennedy var katolikk og Obama var svart, og det hindra dei ikkje i å nå heilt til topps. Meir sannsynleg er det at han ikkje har den karismaen som dei beste kandidatane i tidlegare presidentval har hatt. Vi nemde to av dei nettopp, Reagan og Clinton er to andre. Romney er kandidat av eit mindre format. Vi skal hugse at han tapte nominasjonskampen i 2008 mot ein kandidat som seinare bukka under for Obama. Denne gongen kan det sjå ut som han får oppdraget med å fronte Obama i presidentvalet, og tvekampen vil bli ei formidabel utfordring for Romney.
På Intrade kan ein spekulere i kven som vinn nominasjonskampen, og grafen under viser Romney sine estimerte vinnarsjansar. Per 16. februar var dei omkring 75%. Resten er fordelt med cirka 15%for Santorum og 5% kvar for Gingrich og Paul. New York Times viser også ein oppdatert oversikt over kor mange delegatar kandidatane har vunne til no.
Kvileskjer
2012 kan fortone seg som eit kvileskjer for republikanarane. Dei hadde ei sterk røyrsle i dei neokonservative, leidd av dyktige folk med ein misjon. Richard Perle, Donald Rumsfeld, Dick Cheney og kompani søkte makt, vann makt og brukte makt med George Bush Jr. ved roret. Dei tærde også på omdømet til Det republikanske partiet ved å køyre kompromisslaust på i krigen mot terror og i pengepolitiske spørsmål. Etter at Bush si doble presidentperiode var over, var USA djupt involvert i ein upopuler krig i Irak, og stod samstundes innanlands opp til halsen i råtne pengar og finansiell systemkrise. Då Bush gjekk av som president hadde han den lågaste standinga hjå veljarane av alle amerikanske presidentar sidan Gallup starta målingane på midten av 1930-talet.
McCain forsøkte å distansere seg frå den avgåande presidenten ved forrige presidentval i 2008, men det synkande skipet stod ikkje til å redde, og med Lehman Brothers-kollapsen berre veker før valet kom skuddet for baugen på partiet og kandidaten. [2]Dei siste fire åra har dei konservative kreftene omgruppert seg, men dei er foreløpig ikkje i stand til å gå i takt. Tea Party-røyrsla kunne ei stund virke som den nye vinen på den konservative sida, men då Washington Post gjorde eit heilhjarta forsøk på å få oversikt over grasrotrøyrsla, viste det seg at den var svakare enn ein kunne ha inntrykk av. Storleiken var inflatert, meiningane deira sprika, og flesteparten av medlemmane var ikkje interessert i politikk(!). Det var ei protestrøyrsle som sparka oppover mot det etablerte politiske etablissementet, men den sparka både opp til høgre og opp til venstre. Alle potensielle kandidatar som var kopla til røyrsla er i praksis ute av nominasjonskampen i 2012: Herman Cain og Michelle Bachman hadde sine minutt i rampelyset, men måtte ganske tidleg gje seg. Sarah Palin stilte aldri offisielt som kandidat. Ron Paul er framleis med, men hans kandidatur heng i ein alt for tynn tråd.
Det republikanske partiet er for tida i ei ideologisk og strategisk bølgjedal, og det er vanskeleg å spore verken intern eller ekstern entusiasme omkring partiet sine kandidatar. Ein valkampveteran for demokratane sitt råd til den sittande presidenten er å “preserve radio silence and let a party bent on suicide go about its business”.
Fordel Obama.
Kjelder
[1] Kenney, Patrick J. and Rice, Tom (1987): The Relationship between Divisive Primaries and General Election Outcomes. American Journal of Political Science. 31(1) 31–44.
[2] Arnesen, Sveinung (2011): “How prediction markets help us understand events‘ impact on the vote in US Presidential Elections”. The Journal of Prediction Markets.5(3) 42–63.