Raftostiftinga — kastar lys over dei gløymde sakene

Med sin årlege pris til arbeid for undertrykte og forfølgde vil Raftostiftinga rette verdas merksemd mot ukjente og gløymde konfliktar.

— Vi vil vere ein lys­kas­tar for gløym­de saker i ver­da, sei­er pro­sjekt­ko­or­di­na­tor Gun­ta Ven­geRaft­o­stif­tin­ga.

Med stor entu­si­as­me og eit bren­nan­de øns­ke om å gje­re sitt for rett­fer­da i ver­da, tek ho seg av diver­se og varier­te opp­gå­ver i stif­tin­ga. Orga­ni­sa­sjo­nen sitt arbeid er i Tho­rolf Rafto sin ande. Då pro­fes­sor ved Noregs Han­dels­høg­sku­le og men­neske­retts­for­kjem­par Rafto døyd­de i 1986, vart stif­tin­ga opp­ret­ta. Ho består av eit sty­re på 7 per­son­ar, ei stu­dent­grup­pe på 12 og ein pro­sjekt­ko­or­di­na­tor. Stif­tin­ga mot­tek ingen fast stat­leg støt­te og er avhen­gig av pen­gar frå orga­ni­sa­sjo­nar og enkelt­per­son­ar.

Raft­ohel­ga: pris­ut­de­ling og fest­fram­sy­ning
— Det er vik­tig for Ber­gen å ha eit stort arran­ge­ment som set fokus på men­neske­ret­ta­ne.

Ven­ge ver­kar stolt over å få ver­da sine auge ret­ta mot arbei­det til den lit­le, men aner­kjen­te ber­gens­ke orga­ni­sa­sjo­nen. Raft­o­stif­tin­ga er ei sterk merke­vare innan­for norsk og inter­na­sjo­nalt men­neske­retts­ar­beid.

Årets mot­ta­kar av Raft­opri­sen er Natio­nal Cam­paign on Dalit Human Rights. Orga­ni­sa­sjo­nen job­bar for ret­ta­ne til dei indis­ke dali­ta­ne, som blir stemp­la som urei­ne og kaste­lau­se.

Raft­ohel­ga går føre seg i den førs­te hel­ga i novem­ber. Her skjer mel­lom anna Raft­opris-utde­lin­ga og ei fest­fram­sy­ning med kjen­te artis­tar. Det er stu­dent­grup­pa som står for den prak­tis­ke gjen­nom­fø­rin­ga av den­ne hel­ga. Med Raft­opri­sen får vin­na­ren og saka ver­da si merk­semd. Penge­gåva på 10.000 ame­ri­kans­ke dol­lar er sym­bolsk. Ved hjelp av stif­tin­ga tek vi ansvar for ver­da, sei­er pro­sjekt­ko­or­di­na­tor Ven­ge.

Fra Bur­ma-demon­stra­sjon i Lon­don okto­ber 2007 (foto: lewis­ham­drea­m­er, CC: by-nc)

Dei sis­te åra har det blitt meir og meir pre­sti­sje i å få pri­sen. Ven­ge mei­ner det­te har saman­heng med dei vala som er tek­ne og påver­kings­kraf­ta dei uli­ke pri­sa­ne har hatt. Mel­lom anna José Ramos-Hor­ta og Aung San Suu Kyi har fått Nobels Freds­pris etter å ha blitt til­del­te Raft­opri­sen.

Raft­o­stif­tin­ga sine pro­sjekt
— Vi gløy­mer ikkje dei som får pri­sen, under­stre­kar Ven­ge.

Raft­o­stif­tin­ga er svært opp­tek­ne av å føl­gje opp dei uli­ke sake­ne. Mel­lom anna utvik­lin­ga i Bur­ma og Vest-Saha­ra blir nøye over­va­ka. Sidi Moham­med Dad­dach fekk pri­sen i 2002 for sitt arbeid med sjølv­sten­de og laus­ri­ving av Vest-Saha­ra frå Marok­ko. I 2005 vart ein norsk dele­ga­sjon frå Raft­o­stif­tin­ga og Støtte­ko­mi­te­en for Vest-Saha­ra send­te til nett­opp det­te områ­det nord­aust i Afri­ka. Dele­ga­sjo­nen skul­le over­va­ke ein retts­sak, men vart raskt kas­ta ut.

Stif­tin­ga held seg opp­da­tert ved å ha nær kon­takt med ymse orga­ni­sa­sjo­nar som har inn­side­in­for­ma­sjon om for­hol­da i dei uli­ke områ­da som i sym­bolsk for­stand har blitt til­delt pri­sen. Øns­ket om at Vest-Saha­ra skal få gjen­nom­føre ei folke­av­stem­ming er ei sak som står sterkt hos stif­tin­ga. Det­te er ber­re eitt eksem­pel på at sake­ne som har vun­ne pri­sen blir følg­de opp i lang tid.

Ven­ge sei­er at dei lan­da som opp­le­ver ein sta­bil situa­sjon og bet­ring etter å ha fått ver­da sine auge ret­ta mot seg, ikkje vil bli følg­de opp like tett som and­re kon­flikt­om­rå­de. Det­te har òg å gje­re med kapa­si­tets­pro­blem hos stif­tin­ga. Men ho under­stre­kar at vik­ti­ge saker ikkje på nokon måte blir gløym­de.

I sam­band med Raft­o­stif­tin­ga sitt 20-års jubi­le­um i fjor vart det satt i gong eit foto­do­ku­men­ta­sjons­pro­sjekt. Foto­gra­fen Hans Jør­gen Brun har teke på seg opp­gå­va med å foto­gra­fe­re alle tid­le­ga­re Raft­opris-vin­na­rar. Målet er å gje ut ei bok.

Den vik­ti­gas­te hen­din­ga for stif­tin­ga er den årle­ge pris­ut­de­lin­ga. Alle kan kome med nomi­na­sjo­nar. Dei aktu­el­le kan­di­da­ta­ne skal vere akti­ve del­ta­ka­rar i kam­pen for men­neske­ret­ta­ne; enten dei har kjem­pa for ideal og prin­sipp som ligg til grunn for men­neske­ret­ta­ne eller del­tek på meir sym­bolsk vis. Det er eit vik­tig prin­sipp at all form for kamp skal ha skjedd utan bruk av vald og våpen. Som pro­sjekt­ko­or­di­na­tor mot­tek Ven­ge alle nomi­na­sjo­na­ne og vidare­sen­der des­se til sty­ret, som tek den ende­le­ge avgjers­la. Sty­ret job­bar òg med å fin­ne aktu­el­le kan­di­da­tar; dei som fell utan­for media sitt søke­lys og er blant dei gløym­de og ukjen­de kon­flik­ta­ne.

Med men­neske­ret­ta­ne som driv­kjel­de fort­set Raft­o­stif­tin­ga sitt vik­ti­ge arbeid med å få men­nes­ke sin kamp for eigen og and­res fri­dom høga­re opp på ver­das agen­da.

Artik­kel­for­fat­ta­ren stu­de­rer jour­na­lis­tikk ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen.

TEMA

B

urma

23 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen